mandag 26. desember 2011

Nigeria


Agence France-Presse/Getty Image

Midt i julefeirnga har den kristne kyrkja gjennom alle tider markert 2.juledag som den såkalla Stefanusdagen. Bakgrunnen for dette ligg i Herodes sitt barnedrap i Betlehem. Sjølv om Stafanus var den det første Jesusvitne som måtte døy for trua si, var likevel gutebarna i Betlehem dei første som måtte døy for Jesu skuld.
Denne markeringa har fått svært god meining dei siste åra. Det syner seg nemleg at juletida er vanskeleg for kyrkjer i mange land. I fjor var det dødelege åtak mot koptiske kristne i Egypt, året før skjedde det i India. I år var det kristne i Nigeria som fekk smaka lidingsskåla.  Aftenposten.no melder  at på 1. juledag vart minst 35 kristne vart drepne (nokre kjelder seier 39) av 5 bombeåtak retta mot kristne kyrkjer i landet.  30 av offera tilhøyrde den katolske kyrkja  St. Theresa i forstaden Madela like utafor delstatshovudstaden Abuja. Det er den islamistiske gruppa Boko Haram som står bak åtaka mot kristne også denne gongen.  Dei har eit definert mål å gjera Nigeria til ein islamsk stat styrt av sharialover. Det ser ut til at dei er viljuge til å føra landet ut i borgarkrig for å oppnå måla sine.
Av dei 160 millionar menneska som bur i landet, er 51,3% kristne, og den kristne kyrkja veks i følgje  boka Operation World med 2,7% årleg. Dei nordlegaste delstatane er muslimske medan dei i sør er kristne. Forfølginga mot dei kristne er størst langs eit belte som går frå aust til vest midt i landet der me finn ei blanding av kristne og muslimar.
Situasjonen i Nigeria kallar på kristne over heile verda til bøn både for den kristne kyrkja der og for landet generelt. 

Gode Gud og Far! Eg ber i dag om styrke for di kyrkje i Nigeria. Trøyst dei som no sit i sorg etter tap av sine næraste, og gje dei mange gongar attende for den og det dei no har mista. Eg prisar deg som let alt samverka til det gode for dei som elskar deg. 
Gje truande i Nigeria ditt sterke vern, og ver du ei fast borg for dei.
Du som har gjort kyrkja i Nigeria til eit fyrtårn på jorda. Vara ho i kjærleik til fiendane sine slik at dei kristne ikkje gjengjelder vondt med vondt, men overvinn det vonde med det gode.
Takk for all den frimot som denne kyrkja har demonstrert dei siste åra. Lat det som no skjer i landet berre føra til at dei kristne blir enno sterkare, enno ivrigare og enno tydlegare enn før.
Hjelp styresmaktene til å utøva sitt kall på ein effektiv måte.Syn dei korleis dei skal få kontroll over dei valdelege i landet, fengsla og straffa drapsmenn og hindra at slike ting som dette hender.  
Så ber eg om at Nigeria skal få eit rettferdig styre som fjernar korrupsjonen i landet, og som jobbar for å byggja nasjonen og fordela rikdomar og ressursar på ein rett og god måte. Amen!

torsdag 22. desember 2011

Jemen

I Jemen er nesten 100% av menneska muslimar, og det er fobode å konvertera til ei anna tru. Nord og sør vart sameinte til eitt land i 1990, og etter det har landet vore prega av borgarkrig. Norjemenittane er sunnimuslimar og dei i sør er shia. I nord har al-qaida eit sterkt fotfeste. Krisa i dagens nyheitsbilete må sjåast i denne samanhengen. Be saman med denne amerikanske misjonæren som jobbar i Jemen, og  som av tryggleiksgrunnar har fått stemma fordreid.

mandag 19. desember 2011

Firozokohi-folket i Afghanistan


Firozokohi aimaq- folket tel 282 000 menneske og snakkar aimaq, eit språk som er heilt utan nokon bibeldel. Det er truleg ingen firozokhoiar som har høyrt om Jesus. Dei lever som seminomadar, og har strenge stammelover som står over landlovene. Dei er muslimar som faktisk gjev kvinnene ein høg rang.

Herre Jesus, du døydde for alle, for at dei som lever ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for deg som døydde og sto opp for dei. Lat dei gode nyheitene om di frelse nå fram ti firozokohi folket.  Aus Anden din ut over dei slik at det vert lett og naturleg for dei å venda om og overgje seg til deg. Velsign dette folket slik at dei lever godt og fredeleg saman i familiane, og at barna deira godt på alle vis og får den utdanning og utrusting som er naudsynt for å kunna leva opp i ei moderne verd som stadig rykkjer dei nærare.

Kim Jong Il er død, be om grunnleggande endringar i Nord Korea

Nord Koreas leiar gjennom mange år, Kim Jong Il er død. Kim Jong Il har stått for det verste undertrykkingsregimet som vår generasjon har sett. Under han har Nord Korea degenerert på alle områder. Folket er i ein elendig forfatning, dei svelt, manglar medisinar for dei fleste sjukdomar og levealderen er sterkt synkande. Forfølginga av kristne er komplett. Det er strengt forbode både å tru på Gud og eiga ein bibel. Blir det oppdaga at du er kristen, er det rett i arbeidsleir der du må gå me bøygd hovud til du fråseier deg trua. Døyr du, og det gjer du ganske fort, vert du gravlagd med nasa ned. I nyheitsmeldingane seier dei at det er sonen hans Kim Jong Un som no skal ta over, og at millitæret støttar denne unge mannen som etter det eg har høyrt kan bli ein ny Nero. Må Gud forby.
Gode Far i himmelen! I dag må me be for Nord Korea og det nordkoreanske folket. Du har teke Kin Jong Il ut av soga og sendt han dit han høyrer heime. Styrk no di kyrkje og alle dine barn i Nord Korea, frels folket inn i ditt rike og fjern diktaturet. Gje alle nordkoreanarar gleda av å kunna nyta politisk og økonomisk fridom og oppleva at dei grunnleggande menneskerettane deira vert respekterte. Me ber også om nok mat og medisin til folket slik at dei kan reisa seg også fysisk.

søndag 18. desember 2011

Bhuyiafolket i India

Dette folket tel nærare 2 millionar menneske. Dei er kastelause, og har berre dei lågaste jobbane i samfunnet. Bhuyiafolket rt hinduar og  trur på mange gudar. Berre vel 4% kan lesa og skriva, og dei snakkar 30 ulike språk.  Dei må få evangeliet munnleg. Det ligg eit stort arbeid i det å gje dei ulike undergruppene Bibelen på deira eige språk, samt nødvendig lese og skriveopplæring. 

Herre Jesus! Sjå i nåde til bhuyiafolket, send dine åndsfylte vitner til dei og lat det bli etablert ei  livskraftig kyrkje mellom dei. Du som bar bort syndene deira på krossen, løys bhuyiane  frå djevelens makt og frå all falsk religion, og hjelp dei å tru på deg som Herre og Frelsar. Lat dei få erfara di mektige kraft i liva sine. Aus din Ande over dei slik at dei kjenner seg som ein del verdas viktigaste og høgaste kaste, læk sjukdomane deira, utrust dei me gåvene dine, løft dei opp på alle måtar og motiver dei til å læra seg å lesa og skriva og bli eit velfungerande folk som på alle områder bidreg til Indias utvikling.

42 kristen etiopiarar arrestert i Jiddah, Saudi Arabia

42 kristne etiopiske arbeidarar var samla til bøn i ein heim i Jiddah torsdag kveld då huset dei var i vart storma av Saudiarabisk politi. Etiopiarane vart banka opp og drapstruga før dei vart dregen med til ukjent destinasjon. Det er International Christian Concern (ICC) som melder dette. Gjennom dette åtaket på religionsfridomen syner Saudi Arabia enno ein gong at dei er mellom verstingane i klassen over land som har skrive under på Menneskerettsfråsegna, og som totalt gjev blaffen i innhaldet i henne. Islam og menneskerettar går rett og slett ikkje saman.

Herre Jesus! Du har ikkje lova oss anna enn kross og trengsle dersom me trufast følgjer deg. Sjå til kvar enkelt av dei 42 etiopiarane som no er arresterte. Styrk dei mektig i samsvar med ordet ditt, og ta på ein spesiell måte vare på barna deira medan dei er fengsla. Eg ber også om at du sender englane dine og fører dei ut av fangenskapet. Så ber eg om at du intervenerer i Saudi Arabia med di makt, di kraft, din rett og di sanning, og frir landet frå Satans grufulle grep og kontroll.

Bosniske muslimar

Bosniarane har gjennom hundreåra vore utsette for stygge overgrep og etnisk reinsing frå dei ”kristne” serberane. Dette gjer det ekstremt vanskeleg å nå dei med evangeliet. I Bosnia bur det 1,8 millionar muslimar. Vel 1,2 millionar flykta til andre land i laupet av den blodige krigen frå 1992 til 1995, ein krig som etterlet seg djupe sår og uløyste konfliktar. Det vil krevja uthaldande bøn, venskap og mykje konkret kjærleik for at dei skal kunna gripa og elska Jesus Kristus.


Herre Jesus Kristus! Du veit om all den liding dei bosniske muslimane har måtta bera, og kor mange av sine kjære dei den dag i dag  saknar. Eg ber om at du auser din evige kjærleik ut over dei og lækjer alle såra djevelen påførte dei gjennom alle massakrane og massevaldtektene dei vart utsette for under krigen på 90-talet. Reis opp ei levande og sann kristen kyrkje i Bosnia som kan bringa Jesu siger over all vondskap til sine etniske landsmenn.




lørdag 17. desember 2011

Gje oss fred og balanse i sinnet


Takk Herre Jesus for at du kom til vår verd og ved ditt offer tok bort alle våre synder, og at me ved trua på deg er rettferdige for Gud. Du er vår sol og vår einaste von. Hjelp oss å overgje alt i liva våre til deg, setja deg og ditt rike på første plass og stola på deg i alle ting. Gje oss fred og balanse i sinnet slik at me aldri let oss styra av aggressive kjensler, men av din gode Heilage Ande. Fyll oss med respekt og varme kjensler for våre medmenneske, slik at deira lukke er viktigare for oss enn vår eiga.  Herre, miskunna deg over oss. Amen.

fredag 16. desember 2011

Kone og 13 barn på Fillipinane i sorg etter drepen ektemann

MacArthur Arbado, ein av dei eldste i Bible Baptist Church i Carmen, Cotabato, Mindanao vart myrda den 10.november på vegen heim til farmen sin. Han vart skoten i foten, magen og ryggen før overfallsmennene halshogde han. Mac Arthur etterlet seg kona Lolita og 13 barn.  Dette melder Voice of the Martyrs i sitt siste nyheitsbrev.
Familien har mange muslimske naboar, men har alltid hatt eit godt og venleg høve til desse. Dei som drap han kjem truleg frå ei muslimsk seperatistgruppe i området. 

Herre Jesus, eg ber i ditt namn om at du gjev familien til MacArthur den trøyst og hjelp som berre du kan gje sørgande menneske. Du som er vår store forsørgar, gje denne familien alle den assistanse som dei treng for livsopphald. Må drapsmennene hans verta arresterte og pådømt rettferdig straff for ugjerninga, og må dei få møta din guddommelege kjærleik ogbli frelste frå sine synder.

27.november 2020

I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...