lørdag 29. april 2017

195 skulejenter framleis sakna

For tre år sidan kidnappa Boko Haram 276 kristne skulejenter som låg og sov på romma i internatet dei budde i. Dette skjedde i buen Chibok i Bornoprovinsen i Nigeria. 60 av dei har klart å rømma, 21 er sette fri. Resten er tvangsgifta med muslimar eller  selde til sex-slaveri. Heime ventar foreldre og søsken i stor sorg og smerte. 23 av foreldra har i etterkant døydd av hjartesvikt.

  • Be om at Gud skal gripa mektig inn og setja fri desse ungdomane og fordriva og knusa Boko Haram. 
  • Be Gud om at han må ta vare på jentene og senda englar for å tena dei og verna dei mot alle typar overgrep. 
  • Be Gud om å trøysta foreldre og søsken ved å tala håp inn i liva deira.

fredag 28. april 2017

Misjonær med russisk statsborgarskap utvist frå Russland

Russia map and flag
VOM melder at den indiskfødde misjonæren Victor Immanuel Mani, gift med ei russisk kvinne og far til ei eitt år gamal jente, er blitt frådømt statsborgarskapet sitt og vil bli utvist frå Russland. Bakgrunn: Han annonserer gudsteneste og møter på sosiale medier, og han deler ut kristen litteratur til folk som ikkje er medlemmer av kyrkjelyden hans.
Mani og familien bur i republikken Tatarstan, sentralt sør i landet. Sjå kart under.
Denne domen er eit resultat av dei nye religionslovene som Vladimir Putin har fått gjennom i Dumaen, lover som i stor grad fordømmer misjonering.  Religionsfridomen er på full retur i Russland, som så mykje anna i dette landet.
Mani har anka domen, og saka skal opp til ny vurdering.

  • Be om at Gud tek vare på Mani og familien hans, at dei ikkje vert splitta på noko vis.
  • Be om at han held motet oppe hos dei, og trua sterk.
  • Be om at Gud må gjera seg sterkt gjeldande i rettssalen då ho skal opp til ny handsaming.
  • Be om Guds rikes framgang i Russland trass i demonisk motstand av alle slag.
Image result for Tatarstan
Tatarstan er ein republikk der islam har godt fotfeste. Hovudstaden Kazan er sentrum for islam i Russland, og 60% av befolkninga er shiittar.



Digitale biblar til Algerie

An Algerian woman reads the New Testament.
"Voice of the Martyrs" melder om at ei gruppe kristne for tida reiser rundt i Algerie og deler ut digitale biblar og annan kristen litteratur til folk, på lokalspråka. Nokre gonger møter teamet truande menneske som dei kan gje litteraturen til direkte, andre gongar må dei berre leggja han frå seg på strategiske plassar den folk vil finna han og plukka han opp. Ein mann hadde funne ein bibel liggjande i eit bussete, teke han med seg, lese og funne Jesus.

  • Be om beskyttelse for teamet som reiser rundt.
  • Be om at den kristne litteraturen må formidla frelse og nytt liv til ikkje kristne, oppmuntring og utrustning til dei kristne.

torsdag 27. april 2017

Hmong Bua i Kina

66 000 menneske som snakkar Miao og bur i dei vestlege provinssane av Kina. Det er animistar, og kjem opphaveleg frå Assam, det nord-austre hjørnet av India.  I følgje www.joshuaproject.net er 1,6% av dei kristne. Høg analfabetisme. Ingen deler av Bibelen er omsett til Miao-språket. Hmong Bua kom til Kina for 200 år sidan, og har gjennom åra utvikla sin eigen spesielle identitet. Nokre er vorten kristne gjennom nabofolket Hmong Daw som for få år sidan vart grepen av evangeliet gjennom kristne radioprogram.

God Gud! Me ber om at alle dei truande i Hmong Bua -folket skal halda saman som ein åndeleg familie, ei kyrkje, og me ber om at dei skal kjenna deg på djupet, ha tilgang på ditt ord, læra seg å lesa og skriva, vera fylte av Anden og bli mektig brukt for å bringa heile folket på kne til deg. Me ber i Jesu namn! Amen!




Den demokratiske republikken Kongo

A map of Congo-DRC class=
Kongo har nesten 70 millionar innbyggjarar fordelt på 2,345,410 km2. Tidlegare belgisk koloni.  Hovudstad: Kinshasa.
I følgje Operation World er 92,15% kristne. 18,7% evangeliske.
Frå naturen si side er Kongo eit uvanleg rikt land. Men ein langvarig og brutal borgarkrig, har gjort folk flest fattige. Meir enn 3 millionar menneske er blitt slakta ned dei siste 15 åra, og av dei som lever er mange, mange alvorleg traumatiserte, ikkje minst kvinner som er blitt utsette for fælslege valdtekter. Det er dagens orden i Kongo.
LRA og "Herrens motstandshær" rekrutterer hundretusenvis av barnesoldatar som vert trente til å utøva valt hinsides det me kan førestella oss. Her råder djevelen over menneska.
Folk flyktar i store mengder frå krig og vald, og landet har eit stort internt flyktningeproblem. Mange flyktar også til naboland.
Historisk sett skal det vera kong Leopold av Belgia som har starta valdsspiralen i Kongo.
Innbyggjarane i landet snakkar 217 ulike språk. Fransk er administrasjonsspråk.
Kyrkjene veks, men hekseri og avguderi av ulikt slag blir ofte blanda inn i folks trusliv.
  • Be om eit gjennombrot for Guds rike i Kongo.
  • Be om fred og forsoning mellom folkegrupper.
  • Be om eit rettferdig rettsoppgjer etter år med redsler.
  • Be om lækjedom for dei mange skadde og traumatiserte menneska
  • Be om ukorrupte, ærlege, kloke og rettsindige politiske leiarar
  • Be om at dei mange som har vore barnesoldatar skal få den hjelp dei treng for å ta att ein tapt barndom og ungdom.
  • Be om at internflyktningane skal få det livsnaudsynte, og at dei skal få venda attende til heimplassane sine.
  • Be om at namnekristne skal bli frelst og fødde på nytt ved Den heilage ande.
  • Be om ei djup Apg.19-vekkjing mellom dei kristne slik at dei vender om frå alle former for hekseri, avgudsdyrking, magi, horeri, bedrageriog annan vondskap.
  • Be om at dei kristne skal lesa Bibelen og lyda Gud i alle ting.
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle språk som har trong for ei oversetting.
  • Be om at kyrkjene skal få fromme, åndsfylte og karakterfaste leiarar som elskar Gud og folk, og som har eit solid bibelsk fundament for tenesta.
  • Be om at dei truande skal bli disippelgjort på skikkeleg måte, og at dei i alle ting skal likna på Jesus.
  • Be om ein ny misjonsvisjon i kyrkjene
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar der det er naudsynt.
  • Be om einskap og fred mellom kyrkjesamfunna.



onsdag 26. april 2017

Dagens unådde: Ghao-Xong. Kina

Det kinesiske folket Ghao-Xong tel i følgje joshuaproject.net 1 360 000 menneske, snakkar Miao og er å finna spreidd utover vest i Kina. mange i Hunan,  0,6% av dei er kristne. Men fleirtalet har aldri høyrt evangeliet. Dei vart neglisjerte av misjonærane i Kina før 1949. I dag tilber dei dragehunden Pan Hu. Ghao-Xong har ei lang soge som går attende til 500-talet etter Kristus. Gjennom historia har dei vore involvert i tallause krigar. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på språket deira. 

Herre Jesus! Sjå i nåde til Ghao-Xongfolket og lat dei få høyra og lesa om deg på sitt eige språk. Kall arbeidsfolk ut til din haust mellom dei.  
Aus Anden din  ut over dei, gjer gode under mellom dei, gje folket, og særleg leiarane deira, draumar og visjonar som syner dei den rette vegen, den einaste som fører til himmelen. Amen!  

Ghao-Xong, Western in China


lørdag 15. april 2017

Dagens unådde: Wakhi i Tadjikistan

Wahkifolket lever over eit stort område i Sentral-Asia. 33000 av dei i Tadjikistan. Dei er shiamuslimar og animistar. Deler av Bibelen er omsett til språket deira. Det er ingen kjende kristne frå dette folket.

Gode Far!
Også wakhifolket skal vera representert framfor din kongstol i himmelen, og me ber om at dine fredsbod skal nå fram til dei og gje dei evangeliet på ein måte som rører hjarta deira og openberrar Jesus som verdas frelsar for dei. Aus Anden din ut over dei slik at dei forstår at dei er syndarar som treng Jesu frelse, og skaper i dei ein djup kjærleik til Jesus og hans ord og grunnleggja ei varm, levande og kraftfull wakhikyrkje. Lat riket ditt koma til dei og din vilje skje i liva deira slik som han skjer i himmelen. Amen!

 

Bønnerop fra Egypt

Image result for Attack on Christians in Egypt 
Palmesøndag ble 49 mennesker ble drept og over 100 såret etter bombeattentat mot to kirker i Kairo og Alexandria.

Egypts kristne roper til Herren:

«Min sjel er bitter og min ånd gråter i smerte og pine.
Herre se i nåde til Egypt!
Herre avdekk de mørke kreftene av bedrag og vondskap og kom med ditt lys.
Herre se til dine barn, og hjelp oss å stå faste i troen og holde motet oppe.
Må ditt navn bli herliggjort også midt i død, smerte og ødeleggelse!
 
Vi elsker Egypt!
VI vil ikke forlate vårt land,
Vi vil stå imot fryktens ånd, i kraft av Hans kjærlighet.
Vi vil fylle krikene også denne påsken, og tilbe i Jesu navn.
Vi vil la lyset skinne i hver gate, bygd og by. Lyset Han ved sin nåde har tent.
Vi vil fortsette å be for alle egyptere, spesielt for dem som har et formørket og forført sinn, slik at vår Far kan rense deres sinn og deres hjerter.»
 
Kilde: Åpne Dører

fredag 14. april 2017

Kina

Areal: 9 573 000 km2
Folketal: 1 400 000 000
Kina er gamalt keisarrike med 831 folkeslag som snakkar 269 ulike språk. 90 % snakkar Han-kinesisk (mandarin), som då naturlegvis er det offisielle språket i Kina. Men også dette språket har 600 ulike dialektar. Heile Bibelen er omsett til 24 språk, 16 har NT 27 har deler av Bibelen.

Kina har ein uvanleg lang og rik politisk og kulturell historie som går 3000 år attende i tid. Mange ulike riker har oppstått og gått til grunne, for så å reisa seg att.

I dag er Kina politisk sett eit kommunistisk diktatur, men det økonomiske systemet er marknadskapitalistisk. Kulturrevolusjonen til Mao på 60-talet og "det lange steget framover" på slutten av 50-talet, førte millionar av menneske inn i sveltedøden. Denne vanvittige politikken vart reversert og ført i ein heilt ny retning i 1979 av Deng Xiao Ping. I dag har Kina verdas andre største økonomi. Store deler av verdas industriproduksjon føregår i landet, som dei siste åra er blitt leiande innan alt som heiter teknologi.

Kommunistane sette i gong målmedviten utrydding av dei kristne etter at dei tok makta i 1948. Det førte til ei vekkjing større enn verda nokon gong har vore vitne til, ei rørsle som berre har auka i kraft fram til i dag. Det skal vera 150 millionar kristne i Kina i dag (stipulert 85 millionar prostestantar), eit tal som aukar med mange tusen kvar dag. Kinesiske kristne er svært misjonale i sin måte å leva på. I 2030 reknar ein med at talet på kristne er 267 millionar. Veksten er eksponentiell.

Undergrunnskyrkja, som er den mest vitale delen av den kristne rørsla i Kina driv eit omfattande kyrkjeplantingsprogram over heile landet, og Gud har gjeve dei eit klårt mål om å bringa evangeliet attende til Jerusalem og evangelisera alle land mellom Kina og Israel, der alt i si tid starta.

Men forfølginga er på ingen måte over. Komministpartiet ser på den kristne rørsla som trugande for sin eigen eksistens, og har den siste tida strama grepet, rive ned kyrkjer, fjerna krossar frå kyrkjebygg  i stor stil (1700 den siste tida) og kristne vert stadig arresterte og trakasserte. Styresmaktene krev no at alle kyrkjer skal utstyrast med overvakingskamera, og at dei skal smykkast med det nasjonale flagget. Dei intensiverer kontrollen.

Vekkjinga er enorm, men Biblar og undervisningsmateriell er stor mangelvare. Difor er det mange avvikande læresystem ute og går, og synkretisme er vanleg.

Dei fleste kinesarane er ikkje-religiøse, ein arv frå den ateistiske kommunismen. Over 20% har tilknytning til tradisjonell kinesisk religion og 12 % er buddhistar (mahayana-versjonen).

Kjære gode Gud og Far!

Din plan for Kina går langt utover vår fantasi. Takk for dine veldige gjerningar i dette landet, og me ber i Jesu namn at du må halda elden levande i dei truande sine hjarto og i kyrkjelydane, ja, at du let det auka på dag for dag. Ta godt vare på dine barn, tal til dei, leid dei og utrust dei for di framtid. Må dei få tilgang på biblar og sunn kristen undervisning slik at dei kan vera grunnfesta i ditt jordsmonn. Så ber me i dag om at evangeliet skal finna godt fotfeste også i dei store byane, at det skal etablerast kyrkjelydar i blokker, på arbeidsplassar, på universitet og over alt der folk ferdast, og me ber i Jesu namn om at makteliten i kommunistpartiet også skal bli overrumpla av din Ande. Amen!




 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...