Maharasjtra tyder "stort område", og er geografisk sett den største av delstatane i India. Hovudsstaden er Mumbai, og i denne byen blir alt i India som handlar om modernitet og nye trendar innafor politkk, økonimi, kultur og mote bestemt. Indarar i hopetal flyttar til Mumbay i håp om ei betre framtid, men hamnar fort i eitt av dei enorme slumområda der vonløysa rår. I denne byen er det 200 000 sex-slavar, 100 000 gatebarn og 300 000 aidssjuke. Av ei befolkning på 113 ,4 millionar menneske i Maharasjtra fordelt på 735 folkegrupper, er 2% kristne. Sidan 1980 har det vore ei massiv satsing på planting av nye huskyrkjer i delstaten, også i slummen i Mumbai. Målet for Love Maharasjtra, Operasjon Mobilisering og India Evangelical Mission, for nemna nokre få organisasjonar, er å nå ut til alle dei 40 000 landsbyane i delstaten som i dag ikkje har eitt einaste kristent vitne. Å satsa på huskyrkjer er ein nøkkel i India, som andre plassar, og resultata så langt er gode, men med veksten har det også kome auka forfølging frå folk som støttar det mektige nasjonalistiske hindutvapartiet.
Bøn:
Gode Far! Sjå i nåde til alle i Maharasjtra som lever i djup fattigdom, til sex-slavane, gatebarna og dei AIDS-sjuke. Kom til dei med framtid og von. Send arbeidsfolk ut til din haust mellom desse djupt ulukkelege. Gje verdigheit, frelse og lækjedom. Utrust kyrkja di til å tena desse menneska som er så viktige for deg at du sende Sonen din for å døy for dei. Må hans kjærleik bli kjent for dei, aust ut over dei og gje dei del i det eivge livet som berre er i han. Må alle som arbeider aktivt og målretta med å planta kyrkjelydar som fyrtårn på mørke plassar, lukkast i sitt arbeid. Blås også nytt liv i tradisjonelle kyrkjer som i dag har stivna i ritualisme, namnekristendom og konfliktar. Må alle truande i Maharasasjtra vera eitt, slik at menneska forstår at Jesus er din Son og verdas einaste frelsar. Amen!
|
Maharasjtra har ein rik natur og staten tildreg seg mange turistar frå heile verda |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar