80% av befolkninga er leilendingar, som dei fleste bøndene i India er. Delstaten er prega av konfliktar mellom folkegrupper, og i dei djupe skogane har også den maoistiske geriljaen tilhald som har sørga for at mykje blod er blitt aust ut til inga nytte. Jharkhand er santalane sin heimstat, og Normisjon (tidlegare Santalmisjonen) har drive misjon her i over 100 år. Men dei er ikkje åleine. Den tyske Gossnermisjonen, Operasjon Mobilisering og Assemblies of God (pinsevener) er også der, for å nemna nokon. I dag er 4-6% av ei befolkning på totalt 32 millionar, kristne. I nokre grupper er prosenten kristne så stor som 30, medan me i andre ikkje finn nokon kristne i det heile. 68,5% er hinduar, 13,8% muslimar og 13% har ei eller anna folketru.
Også i denne delstaten bryt det jamt og trutt ut forfølging av dei som frimodig forkynner Kristus som einaste Gud og frelsar.
Bøn:
Far i himmelen! Du er den rette Far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord. Du har skapt oss alle til å leva i samfunn med deg som dine høgt elska barn,: Me ber for alle i Jharkhand at du skal ta dei inn i dette samfunnet gjennom Sonen din Jesus Kristus, vår Herre. Må kyrkja di utstråla din godleik og herlegdom og vera prega av Den heilage andens veldige kraft. Me ber om rettferd for dei fattige bøndene, at dei skal få sin rettkomne del av inntektene dei genererer, og at dei skal få sjansen til å læra seg å lesa og skriva og skaffa seg god og nyttig kunnskap. Løys menneska i Jharkhand frå all tyoe undertrykking, lær dei å elska kvarandre og gjer slutt på alle konfliktar som tappar dei for krefter og ressursar. Du Jesus er Fredsfyrsten, og me ber om at du skal involvera deg for alvor i denne statens liv.
Jharkhand er svært grøderikt. Her ser me kvinner som plantar ris. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar