onsdag 30. mai 2012

Acehfolket. Sumatra. Indonesia


         4 132 000.
         Bønder og fiskarar
         Strengt sunnimuslimske
         Etter mange års borgarkrig har dei oppnådd ein stor grad av       sjølvstende.
         Aggressive mot evangeliet
         Bibelen tilgjengeleg

 
 
 
 
 
  Herre Jesus, løys Acehfolket frå vantru, fiendskap, sjølvrettferd, løgn og hat. Møt dei i din herlegdom og makt, avslør syndene deira og kall dei til å venda om, bøya kne og sanna til Gud vår Fars ære at det er DU, Jesus Kristus som er Herre. Lær dei å elska deg av heile sitt hjarta, slik at dei legg engasjementet og viljekrafta si ned i spreiinga av evangeliet. Gjer kyrkja di sterk og innflytelesesrik i dette folket, og fyll dei kristne med ei sigrande tru. Amen.

mandag 28. mai 2012

Hausafolket i Nord-Nigeria


Hausafolket tel 25 391 000 menneske.
Islamisert på 1800-talet av fulaniane. 
Hausafolket er mistenksame og fiendtleg innstilt til evangeliet. Dei lever i eit område der det er mykje forfølging av kristne.   
Det er berre eit fåtal kristne hausaer. 
Bibelen er tilgjengeleg på hausaspråket. 

 
Kjære gode Gud! Hjelp alle kristne i Hausafolket å halda fast ved Jesus, nåden, bibelen og fellesskapet, mognast som kristne og veksa opp mot Kristus som er hovudet for kyrkja, og vera trufaste representantar for Jesus i familiane sine og mellom vener.
Løys hausafolket frå islams lenker, lat riket ditt koma til dei og lat dei bli fanga av Andens vindar og ført over frå døden til livet, frå mørkers makt og til Gud.  Fyll dei med tankar om Isa (Jesus) og ei djup lengsle etter å få vita meir om han. Send dine modige apostlar inn i områda deira for å grunnleggja di kyrkje der, ei kyrkje med stor vitalitet og eit kraftig lys. Amen!

fredag 11. mai 2012

Auka press på kristne i Kina

         Dei kinesiske styresmaktene har sett i gong ein 3 trinns plan for å utrydda huskyrkjene i landet. Først vil dei kartleggja alle dei uregistrerte kyrkjene, så vil dei oppmoda dei til å melda seg inn i Tre-sjølv kyrkja (som er eit statskontrollert kyrkjesamfunn), og dei som nektar, vil etter planen bli stengt ned innan dei neste 10 åra. Leiarane i huskyrkjene kan alle fortelja om aukande forfølging i laupet av 2012.

     Me ber om at dei kristne ikkje skal la seg skremma av press frå styresmaktene, men at dei skal stå faste i truskapen mot Jesus. Gjer dei ivrige til å dela evangeliet med sine medmenneske trass i fåremomenta. Hjelp dei truande å stå saman og støtta kvarandre når dei står ansynes forfølging, og me ber om at lokale styresmakter skal bli hindra i sine forsøk på å stoppa husmøtene.


Unådd folkeslag: Hindu machhi, India

Folketal: 679 000. Språk: Gujarati. Religion: Hinduisme.  Bibelen tilgjengeleg både i tekst og lyd, likeeins Jesusfilmen. Ingen registrerte kristne. Folket bur ved havet, og driv mykje med fiske.

 
         Gode Gud, me ser fram til den dagen då kvart kne skal bøya seg, og kvar tunge skal sanna til Gud Faders ære at Jesus Kristus er Herre.
          Lær dette folket at du er den eine sanne Gud som har skapt dei til samfunn med deg. Hjelp dei til å forstå at dei treng å bli frelst frå syndene sine, og ikkje frå karma og gjenføding. Grunnlegg ei modig og levande kyrkje i dette folket som kan bringa deg til dei og dei til deg. 

tirsdag 1. mai 2012

Shanyanfolket i Tibet

Shanyanfolket i Tibet tel berre 23000 menneske. Dei bur svært utilgjengeleg, er buddhistar og heilt unådde med evangeliet.


      Gode Gud! Lær Shanyanfolket å kjenna deg som Skapar og Far som elskar dei personleg. Lat ditt kongerike koma til heile folket slik at dei med glede vender om til Jesus. Kall og send misjonærar til shanyanfolket, personar som vil bu saman med dei, læra språket deira og gje dei det Ordet som har makt til å frelsa sjelene deira. Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...