torsdag 30. juni 2011

Dødsdomen over Josef Nardarkhani stadfesta

Iransk rett har stadfesta dødsdomen over pastor Josef Nardarkhani. Han vart dømt til døden i 2009 for apostasi (fråfall frå islam) og for å ha protestert mot koranopplæringa som barna hans måtte gjennom på skulen. Kona hans, søster Tina, og mange andre i kyrkjelyden hans har vore fengsla og utsett for tortur. Dersom domen mot Josef vert eksekvert, er det første gang sida 1990 at dette skjer i Iran.

Kjære Jesus, i dag ber me om at du skal utrusta Josef Nardarkhani til å stå fast i trua trass i at dødsdomen er vorten stadfesta. Gje han ditt gode nærvær slik at han kan sjå ditt lys i det mørkret han no ser inn i. Gjer hjarta hans sterkt ved nåden i Jesus Kristus, og trua hans urokkeleg. Du som opnar fengselsdører så lett som ingenting: Gjer det også for Josef dersom det samsvarar med din plan for hans liv og for di kyrkje i Iran. Styrk også søster Tina og barna deira, og gjer dei stolte av å ha ein far som står opp for deg og som går for deg om det enn vil kosta han livet. Amen.

Belitung i Indonesia


Belitungfolket er muslimar, men har også mange animistiske trekk i trua si.
Dei bur på øya Belitung, ei øy det ikkje er så lett å koma seg fram til.
Det er nokre kjende kristne belitungar. Dei treng å bli grunnfesta og bli disippelgjort.

Herre Jesus! Rekk ut di hand til frelse for belitungfolket. Send dine arbeidarar ut for å grunnfesta og disippelgjera dei truande i folket. Gje dei ditt nærvær. Lat liva deira vera prega av at du bur i dei med di kraft. Lat Ordet lysa for dei og halda dei på ditt spor. Skap tru på deg mellom alle belitungar slik at dei sannar syndene sine og vender om til deg, du som er deira einaste von. Herre, miskunna deg. Amen.

tirsdag 21. juni 2011

Den indiske evangelisten Anjas i trøbbel

Mission India (missionindia.org) melder at ein av medarbeidarane deira, den ivrige evangelisten Anjas, i sist veke brutalt vart slått bevisstlaus av ein mobb på 50 hinduaktivistar. Anjas, som kvelden i førevegen hadde døypt 102 nyfrelste indarar, har i laupet av dei siste 5 åra nådd 15 landsbyar med evangeliet. Han konsentrerer seg særleg om barna, og i landsbyane rekrutterer han dei til Barnas Bibelklubb. Før mobben gjekk til fysisk åtak, spurde dei han kvifor han fortalde om Jesus og fekk folk til å venda seg frå hinduismen. "Kvifor bringer du desse programma til oss?" spurde dei, og så slo dei.

Anjas vart sendt til sjukehus etter at dei hadde gjort seg ferdig med han. Han er ute att no, og han kjem seg, men han er veldig prega av åtaket og er mentalt langt nede.

Herre Jesus! Du har ikkje lova oss å unngå kors og martyrium. Likevel er det hardt når det kjem. Sjå til Anjas slik at han vert fysisk og mentalt heilt frisk att. Gje han ditt nærvær, fyll han med din kjærleik, løft han opp og set nytt mot i han. Det ber me om i ditt gode namn. Takk for alle dei menneska denne mannen har vunne for himmelen. Hald dei fast i trua på deg, og lat dei få den opplæringa dei treng for å kunna leva erobrande kristenliv. Amen!

mandag 20. juni 2011

India 3

  • Be om at India sine leiarar må ha mot til å halda oppe religionsfridomen i landet. Den er under hardt presse frå hinduradikale si side. Be også om at styresmaktene må ha vilje og evne til å verna religiøse minoritetar.
  • Korrupsjonen i India er ekstrem. Be om at styresmaktene må ta eit oppgjer med dette i eigne kontor, og syna vilje til å rykka dette samfunnsvonde opp med rot.
  • 40% av befolkninga er råka av under og feilernæring. Be om politisk dugleik og mot til å gjera vedtak som sikrar fattige eit godt og variert kosthald.
  • Området frå Nepal til Andra Pradesh er kalla "den raude korridoren" der maoistar har stor sympati og skaper mykje uro i samfunnet. Desse infiltrerer også kristne kyrkjelydar. Be Herren om å ta hand om desse menneska.
  • India har flest lutfattige menneske i heile verda, og dei kjem på fjerde plass når det gjeld mangemillionærar. Kløfta mellom rike og fattige er enrom. Dette skaper grobotn for kommunisme. Be Herren om å ta kontroll over dei rikes livsfilosofi som er prega av karmatenking, at alle får som fortent, og læra dei å betala arbeidarane sine på ein skikkeleg måte.
  • Be om fred og sann gudstru i folks indre, og om at indarane lærer seg å tenkja på alle med respekt og at dei lærer seg å kjenna ansvar for kvarandre.

søndag 19. juni 2011

India 2

India

India er eit veldig land med over 1,2 milliarder menneske. Landet har ein lang og brokete historie prega av stor etnisk diversitet, det er over 2500 ulike etniske grupper og 456 ulike språk, og eit rigid kastesystem som har sementert samfunnet i lang tid. I dag er kastesystemet forbode ved lov, men levande likevel, noko som i særleg dei kastelause, dariane, opplever på kroppen kvar einaste dag.

Den indo-ariske innvandringa frå sentral-Asia for 3000 år sidan la føringa for utviklinga. Nokre av desse stammene vandra også vestover, og difor finn me hinduistiske førestellingar også i gamal persisk religion, og etterkvar også lenger vest. Gnostisimen, som var ein slik stor fare for kristendomen dei første hundreåra, høyrer med til denne åndsretninga. Europearen og indarane er faktisk av same opphav, etterkomarar etter Noa sin son Jafet, dei såkalla indoeuropeiske folkeslag.

Det er religionsfridom i India, men dei siste åra har det såkalla hindutvapartiet hatt stor framgang, og det har blussa opp alvorleg forfølging mot kristne i mange delstatar, særleg i Orissa og Karnatake. Hundrevis av kristne har måtta bøta med livet i åtak retta mot landsbyane deira.

Trass i dette har evangeliet hatt stor framgang mange stader i India, og indiske kristne meiner verkeleg alvor med trua si.

Kristendomen har vore i India frå den tidleg kristen tid, og mangt tyder på at apostelen Thomas var den første som forkynte evangeliet der. Det over 71 millonar kristne i landet, og kristendomen har ein vekst på rundt 4% årleg, som er uvanleg høgt. Den auka forfølginga er nok i stor grad knytt opp til denne veksten.

Trass i dette finn me i India også dei minst evangeliserte områda i verda, og det kviler eit djupt åndeleg mørkre over deler av Gangesdalen.

Gode Far! Me vil be for India. Takk for alle dei mange tusen som dagleg kjem til tru i dette landet no. Gje kyrkja di ny framgang i dag og heilt fram til du kjem att i herlegdom, og lat ho nå inn til alle folkeslag i landet med din godleik og ditt frigjerande ord. Sjå til kristne som er utsette for forfølging og grov urett, og gje dei styrke til å stå oppreiste i striden. Velsign di kyrkje i India med godt leiarskap, og gje dei innsikt og profetisk kraft til å riva ned all religiøs lygn, og forkynna Jesus som den einaste Sanninga om Gud, og einaste Vegen til Gud. Aus Anden din over heile India slik at menneska der vert frelste ved trua på Jesus, og landet løfta opp på eit langt høgare moralsk nivå enn tilfelle er i dag. Amen!

lørdag 18. juni 2011

Mwani frå Mosambique

Folketal: 107 000. Religion: Islam. Dei snakkar mwani heime, swahili når dei kjøper og sel medan dei lærer portugisisk på skulen. Mwani er mellom dei fattige i Mosambique, og det er berre ei handfull kristne mellom dei.

Herre Jesus! Me ber om at du skal senda vel kvalifiserte lærarar og pastorar til mwani som varmt og tydeleg kan læra dei opp i ditt ord og syna dei kven du er og kva du betyr for dei. Gje dei trua som ei gåve, grunnfesta dei i din nåde og hjelp dei å stå saman i tenesta for evangeliet. Løft dette folket opp av fattigdom og undertrykking og lat dei få erfara stor fridom på alle områder, og gje dei evne til å ta seg godt av barna og gje dei det beste. Amen!

Island

Folketal: 329 000, stort sett islendingar. Island har ei luthersk statskyrkje som femnar dei fleste, ei luthersk frikyrkje som tel 11 000 medlemmer og nokre pinsekyrkjelydar. Islendingan er stort sett nominelle kristne, men det er god vekst i det frikyrkjelege arbeidet som har hatt bra suksess med alphakursa sine.
Island er ein velståande nasjon, men dei to siste åra har den lånebaserte økonomien kollapsa, og mange islendingar har kome opp i formidable problem.

Gode Gud! Me ber om at evangeliet skal få skikkeleg tak på islendingane, at din Ande skal ausast ut over øyriket og forvandla samfunnet på ein grunnleggande måte. Gje landet leiarar som har autoritet, rettsinn og forstand til å føra nasjonen ut av det økonomisk uføret dei har kome i. Gjer di sanne kyrkje på Island vital og ekspansiv, og set mot i dine barn til å stå kraftig på for Jesus. Amen!

fredag 17. juni 2011

Bøn av Billy Graham

Ungarn

Ungarn har 8,7 millionar menneske, og folketalet er synkande. Etter kommunismens fall i 1990 var folket veldig opne for Gud, men dette er ikkje slik lenger. I dag er ungararane sekulære. Dei unge er åndeleg opne, men søkjer meir i New Age-retning. Etter 1. verdskrigen mista Ungarn 60% av arealet sitt, og difor finn me mange ungarar i nabolanda. Det er 90 000 jødar i ungarn (800 000 før krigen), som Den norske israelsmisjonen har arbeidd mellom i mange år. Ungarn er i hovudsak romersk katolsk. Det er 287 000 evangeliske i landet. Desse søkjer for tida Gud i bøn. Det har vakse fram 3 sterke bønenettverk mellom dei. Veldig lovande. Berre Gud kan gjera noko effektivt med ungararane sine hjarto. I Budapest er det 30 000 heimlause. Kristne er i ferd med å ta ansvar for desse.

Gode Gud og Far! Hjelp alle kristne i Ungarn å halda seg nær til deg, og dagleg oppleva den fornyande krafta i din kjærleik. Lat både protestantar og katolikkar melda seg på bønenettverka slik at heile landet etter kvart kan få erfara kor store ting som skjer når menneske ber. Hjelp dei truande å vinna jødane, sigøynarana og alle dei heimlause for deg. Miskunna deg over den oppveksande slekta og hjelp dei å orientera seg mot deg og ditt ord og ikkje mot tomme og falske gudar og ideologiar. Gje dette landet leiarskap av høg kvalitet, og det ber me om også for dei mange kyrkjene og teologiske institusjonane. Lat ditt vårvær koma over Ungarn, i Jesu namn. Amen!


torsdag 16. juni 2011

Honduras

Honduras har over 7 millionar innbyggjarar. Den katolske kyrkja er dominerande, likevel er det 23% evangelisk kristne der, og veksten mellom desse har vore enorm sidan 1960 då desse kyrkjene starta eit "djupevangeliseringsprogram". Då var det 32000 evangeliske der, i dag er dei 1,7 millionar med ein årleg vekst på 4,4 % , som er formidabelt same kor i verda du kjem. Likevel slit nasjonen med korrupsjon og med stor avstand mellom fattige og rike, og synda og uretten har festa seg i strukturane.


Himmelske Far, du har gjort og gjer forunderlege ting i Honduras. Det undrar oss, og me prisar deg for det. Fullfør ditt gode verk. Gje dette landet leiarar som jobbar for nasjonens beste og ikkje berre for dei priviligerte gruppene. Lat di kyrkje vera eit profetisk korrektiv til overklassen og kalla dei til å venda om frå å jobba for eigne interesser og privilegier, og begynna å løfta dei fattige slik at dei kan få skulegang, utdanning og gode jobbar. Amen

Manga kanuri i Niger

Det er 437 000 manga kanuri i Niger. Dei er svært mørke, høgreiste, stolte og flinke, og dei som bur i byane er gjerne involvert i politikk og finans. Mange av leiarane i Niger er mangafolk. Utanfor byane jobbar dei med jordbruk. Manga kanuri har vore muslimar sidan 1100-talet, men som elles i Afrika er religionen blanda opp med animisme, og dei er ivrige etter å gå med lukkeamulettar av ulike slag. Trongen for kristne arbeidarar mellom dei er skrikande.

Gode Gud! Din godhug for dette folket overgår alt me kan førestella oss. Likevel har ditt folk neglisjert dei gjennom hundrevis av år. Me ber: Gje oss ditt hjarta for "manga kanuri" slik at me verkeleg anstrenger oss for å gje dei evangeliet om Jesus. Førebu dei på at nye ting skal skje i liva deira, at det gamle står for fall og at ein ny fridom er i emning. Du som auser din Ande over alt kjøt, gjer det med manga kanuri, i Jesu namn. Amen!

Nytt utbrot av forfølging i India

Martyrenes Røst melder om eit nytt utbrot av forfølging i den indiske delstaten Jarkhand. Den 28. mai gjekk militante hinduar til åtak på 5 kristne familiar i Palamudistriktet. Veka før truga dei pastor Sanjay Choudary i Gospel Echoing Missionary Society med bank om han ikkje slutta med å halda gudsteneste. Pastor Sanjay melde forholdet til politiet som dukka opp 28. mai. Like etter at dei hadde forlate området, dukka dei militante mennene opp og begynte å slå folk. Ei kvinne fekk svært alvorlege skadar, og ein person er sakna. Som eit resultat av denne hendinga har dei kristne i området flykta frå heimane sine. Ei liknande hending er også rapportert frå ein nærliggjande område, noko som tyder på at det som skjer er organisert.


Herre Jesus Kristus! Først ber me om at den kvinna som er alvorleg skada skal få den hjelp ho treng, og at den som er sakna vert funnen. Så ber me om at du skal gje dei kristne i dette området effektivt vern mot overgrep, at djevelens makt over menneska i dette området skal brytast, at ditt rike skal gå fram, at dei truande skal erfara ein overjordisk fred og at dei modig skal samlast til gudsteneste og vedkjenna seg ditt namn midt i alle trugsmåla dei møter. Amen!

onsdag 15. juni 2011

Vatikanstaten

Den romersk katolske kyrkja er styrt frå Vatikanet i Roma. Vatikanet er ein eigen stat der paven er overhovud. historisk sett ein av dei sterkaste statsdanningane verda har sett. Her har det opp gjennom vore samla mykje politisk, åndeleg og økonomisk makt, og er det enno, ei frukt av den ulukksalege samrøra mellom kyrkje og stat som starta med keisar Konstantin i 325 e.Kr. Den romersk katolske kyrkja er verdas største kyrkjesamfunn, og det er difor overlag viktig at dei rette folka kjem inn i Vatikanet for å forma teologien for framtida. Etter dei store skandalane som har rysta katolisismen dei siste åra med avsløring av prestar og biskopar som har utnytta barn seksuelt, og mange tilfelle av homoseksuell praksis mellom dei geistlege, er mangt kome i støypeskeia.

Far i himmelen! Du har rysta den katolske kyrkja i hennar grunnvollar, og me ber deg: gje henne leiarar som elskar deg og ditt ord og som følgjer deg nøye og med glede, og reins kyrkja, ved ditt gjennomtrengande ord, frå ureinskap og urett. Løys henne frå all politisk og økonomisk makt slik at dei som tilhøyrer henne berre må stola på Deg den allmektige, og på Sonen din som du har delegert di allmakt til. Løys henne også frå alle dogmer som er vedtekne som ikkje har sine røter i Bibelen: helgendyrking, Mariadogmer, sølibat, læra om pavens overherredøme, hans ufelbarlegdom, frelse ved tru + gjerningar og mangt meir. Sjå til alle dei barn som er blitt skadelidne av vaksne menns simple begjær, og læk såra deira. Lat denne kyrkja bli ein tenleg reidskap for ditt rike på jorda og ikkje utvikla seg til å bli ei horekyrkje som lever av løn frå sine elskarar. Gje dei mange namnekristne katolikkane eit reelt møte med Jesus som fører dei inn i ei radikal kristen omvending, og lat alle dei 120 millionar karismatiske katolikkane vera ei effektiv bru mellom den katolske og den evangeliske kyrkja, og ikkje bli oppslukt av systemet. Amen!

tirsdag 14. juni 2011

En bønn for verden, utgitt i forbindelse med Global Day of Prayer


“De forente seg alle i bønn til Gud...” —Apostelgjerningene 4:24)

Allmektige Gud – Far, Sønn og Hellig Ånd,

Sammen med troende over hele verden,
vil jeg i dag opphøye Ditt Navn.
Du er himmelens og jordens Skaper.
Det finnes ingen som Deg, hellig og rettferdig i alle Dine gjerninger.
Jeg underordner meg Din autoritet som universets Konge.
og setter Deg på tronen i mitt hjerter,
og ærer Deg for hele verden.

Herre og Gud, Du alene er verdig min lovprisning og tilbedelse.

Fader Vår, Du som er i Himmelen
,
Takk for at Du elsket verden så høyt,
At Du gav Din eneste Sønn, Jesus Kristus,
Til å dø på korset for våre synder,
Så vi alle kunne bli forsonet med Deg.
Vi er takknemlige for at vi får kalle Deg Far, og for at du kaller oss Dine barn.
Ingenting kan skille oss fra Din kjærlighet.

Takk, Far, for at du tok oss inn i Din familie
på grunn av Jesus Kristus, Vår Frelser.

Herre Jesus Kristus,
Du alene var verdig til å åpne historiens skriftruller,
for Du ble slaktet og har forløst oss til Faderen ved Ditt blod.
Vi bekjenner at Du er menighetens Hode
og Herre over himmel og jord.
Måtte mennesker av hvert folkeslag og tungemål bli Dine etterfølgere
så Din velsignelse bringer forandring blant alle folk.
La Ditt rike komme i hver nasjon på jorden,
så styresmaktene kan regjere med rettferdighet.
Og måtte Ditt Navn bli stort, fra solen står opp til den går ned.

Jesus Kristus, Du er verdens Frelser og Herre over alt.

Nådens og barmhjertighetens Far,
Jeg erkjenner at jeg har syndet
Og at vår verden er bundet fast i syndens grep.
Mitt hjerte gråter over urettferdighet, hat og vold,
og skjemmes av undertrykkelse, rasisme og blodsutgytelse mange steder.
Så mange mister livet sitt på grunn av drapsmenn, krig og terror.
Så mange hjem er ødelagt, og våre kirker er splittet av opprør og stolthet.
Så mange liv er forurenset av egoisme, grådighet, avgudsdyrkelse og seksuelle synder.
Vi har gjort Deg sorg og brakt skam til Ditt Navn.
Ha nåde med oss når vi nå angrer og omvender oss i våre hjerter.
Nådige Gud, tilgi oss våre synder.

Del ut av Din nåde og gjør vår nasjon hel.

Du levende Guds Ånd,
Uten Deg kan vi ingenting gjøre.
Forvandle vår kirke til bildet av Jesus Kristus.
Forløs Din kraft til helbredelse for de syke,
frihet for de undertrykte og trøst til de som sørger.
Fyll våre hjerter med Din kjærlighet, ja, fyll oss med omsorg
så vi svarer på kallet fra de hjemløse og de sultne,
og de foreldreløse, enkene og de eldre som Du har omsorg for
Gi oss visdom og innsikt i de komplekse problemer vi møter i dag.
Hjelp oss å bruke jordens ressurser til beste for alle.

Hellig Ånd, vi trenger Din trøst
og Din veiledning. Forvandle våre hjerter.

Herre Jesus Kristus,
Fordi Du var død, men nå er oppstanden,
og Faderen har gitt Deg et Navn over alle navn,
vil Du bekjempe alle ondskapens makter,
rive ned festningsverk og tankebygninger som står imot kunnskapen om Gud.
Fjern ondskapens slør som dekker folkene.
Hold tilbake den ondskap som fremmer vold og død.
Kom med befrielse fra demonisk undertrykkelse.
Bryt slaveriets, tyranniets og sykdommenes lenker.
Fyll oss med mot til å forkynne Ditt Ord uten frykt,
og trofast gå i forbønn for de fortapte.

Allmektige Gud, frels oss fra det onde.

Herlighetens Konge,
Kom og gjør ferdig ditt arbeid i våre byer, folk og nasjoner.
Vi løfter våre stemmer i fellesskap med troende fra Afrika og Asia,
fra Midt-Østen og Europa, fra Nord- og Sør-Amerika,
og fra Australia og Stillehavsøyene — sammen roper vi ut:
Løft hodene, dere porter!
Og la dere løftes, dere evige dører,
så herlighetens Konge kan komme inn.
Og som dine gjerninger blir store over jorden,
og Dine velsignelser strømmer i overflod til nasjonene,
vil de søke deg og spørre:

―Hvem er denne herlighetens Konge?‖

Sammen vil vi svare:
Hærskarenes Herre, Han er herlighetens Konge!
Velsignet er Han som kommer i Herrens Navn!
Kom fyll jorden med Din herlighet slik vannene fyller havdypet.
Og Ånden og Bruden sa:
Amen! Kom, Herre Jesus!

Haiti


Haiti har meir enn 10 millionar menneske. Dei fleste lever i den ytste fattigdom, og mange i stor sorg etter at 230 000 menneske miste livet i jordskjelvet i fjor. Denne hendinga har resultert i at folket på Haiti no søkjer Gud som aldri før, ikkje minst som ei frukt av at presidenten lyste ut 3 dagar med bøn og faste for land og folk i februar 2010, ei oppfordring som vart etterfølgt av meir enn ein million menneske. Befolkninga i Haiti har gjennom årtier vore i stor åndeleg, moralsk, sosial og økonomisk naud. Her har alt gått gale som kan gå gale, og mange har søkke djupt ned i voodoo, rus, sex, kriminalitet, vald og elende. Her trengst det bøn og hjelp over lang tid framover.

Gode Gud, sjå i miskunn til alle menneske på Haiti. Mange er råka av sorg. Gje trøyst. Fri dette landet frå vondskapens makt, og løft folket ut av den sumpa dei har levd i så lang tid. Lær dei å tru på Jesus og leva reint og rettferdig her i denne verda, og gje dei eit usliteleg håp for framtida, eit håp som inspirerer dei til å ta tak og forma ei betre framtid for seg og barna sine. Gje dei truande kristne kraft frå himmelen til å leva forbiletleg og forkynna dei gode nyheitene på ein slik måte at evangeliet vert trudd og Jesus vert æra som frelsar og Herre av alle.

Yinuo Nosu, Kina

Yinuo Nosu er lokalisert til vestlege deler av Kina, i Yunnanprovinsen (Mao sin eigen provins) mot grensa til Burma. Dette området av Kina er svært kuppert og ikkje lett tilgjengeleg for utanforståande. Yinuo Nosu er èi av 24 ulike nosustammer. Dei er tradisjonelt eit krigersk folk som heldt slavar. Slaveriet vart avskaffa av kommunistane i 1956. Dei tel 612 000 menneske, og er delt inn i eit strengt kastesystem. Ekteskap på tvers av kastane er sjeldsynt. Dei snakkar sitt eige språk. Minnet om syndfloda lever sterkt i dette folket med legendar som minnar mykje om forteljinga om Noa og familien hans. Elles har dei sin eigen etniske religion. Det skal vera nokre hundre romersk katolske kristne Nosuar, men ingen kjende evangeliske.

Herre Jesus! Me ber om frelse for Yinuo Nosu. Du elska dei til døden, og me ber om at din død skal bli dei til liv. Bruk syndflodforteljinga som eit bindeledd mellom deg og dei slik at dei kan forstå og tru at Bibelen er ditt ord som viser dei vegen til full frelse ved trua på Jesus. Me takkar deg for den store vekkinga som i dag går over Kina, og ber om at nokre av dine mange ivrige utsendingar skal koma til Yinuo Nosu, læra seg språket deira, syna dei miskunn og godleik og dela evangeliet om Jesus med dei. Må din kjærleik smelta hjarto deira slik at dei mjuknar som folk og prisar tilgjevinga og kjærleiken som dei høgaste av alle livsverdiar, og tek avstand frå hemn og hat. Gje dei ei djup forståing av at alle menneske er like verdfulle slik at dei tek eit varig oppgjer med kastesystemet som har bunde dei i løgn gjennom generasjonar. Amen!

søndag 12. juni 2011

Guyana

Guyane som ligg like under ekvator på nordaustkysten av Sør-Amerika, er 215 000 kv km stort. Innbyggjartal: 762 400. Av desse sokna 401 000 til kristendomen. Guyana sitt sjølvstende er heile tida truga av både Venezuela og Suriname, som begge gjer krav på landet. Landet er eit religiøst og etnisk lappeteppe, noko som verkar sveikkar den nasjonale einskapen. Mykje braintrust har emigrert, så det ser i grunnen litt motlaust ut for Guyana.

Gode Far i himmelen! Først og fremst vil me no be om vekkjing, liv og kraft i di kyrkje i Guyana. Må ditt folk vera rikt velsigna og utrusta til å bringa frelse, lækjedom, einskap og stabiblitet til nasjonen. Kom med ny optimisme til Guyana og gje folket ein god nasjonale stolthet som gjer at dei ressurssterke samlar seg om høgare mål enn å sikra sin eigen eksisitens og økonomi. Gje landet leiarar med nødvendig klokskap og høg moralsk integritet, og gje dei evne til å ta naudsynte beslutningar og til å inspirera folket sitt til å gå ut over seg sjølv når det gjeld å gjera det som er godt.

Kol frå India

Kolfolket tel omlag 2,2 millionar menneske. Under kolonitida fekk dei eit nedsetjande rykte på seg, vart sett på som aggressive villmenn som levde frå hand til munn. Dei er i dag gjerne å finna i lågstatusyrker, og er truleg mellom dalitane, dei kastelause i samfunnet. Kol er animistar og tilber familiegudar som Birmidevi og Simoridevi, og diverse landsbygudar eller regionsgudar. Dei snakkar hindi, og har i prinsippet tilgang på Bibelen, men anafabetismen er nok svært høg.

Herre Jesus Kristus! Du har eit stort hjarta for Kolfolket, og du gav livet ditt for dei, forat dei skal leva for deg. Styr du det slik at nokre truverdige kristne kjem og deler evangeliet med dette folket, og løys dei nensomt frå lojaliteten til dei falske gudane dei no tener. Reis dette folket opp, og gje dei eit heilt nytt sjølvbilete der dei får sjå sin eigen stordom som Guds barn og som arvingar til det evige livet. Grunnlegg ei varm, kraftfull, benåda og vital kyrkje i Kolfolket som kan hausta inn frendane sine i ditt rike, og gjera dei til sanne etterfølgjarar av Jesus som fylte av han går ut og vinn andre. Herre, gjer noko stort av det som i dag er smått. Amen!

Dødsdømt ung pakistansk mor framleis i fengsel

I juni 2009 vart Asia Bibi anklaga for blasfemi av ei muslimsk kvinne fordi ho hadde påpeikt at Jesus lever medan Muhammed er død.

8. november 2010 vart ho kjend skuldig og dømd til døden. Etter det har to framståande menn, m.a. ein statsråd, som ville endra Pakistans blasfemilovgjeving vorten myrda.

Asia Bibi har mann og to barn som ventar på henne. Dersom ho etter ein anke skulle bli frikjend, må ho raskt ut av landet. Elles vert ho myrda.

Dei kristne i Pakistan er utsette for ein omfattande aphartheidpolitikk og har langt frå dei same rettane som det store muslimske fleirtalet.

Det er grunn til å tru at tilhøva i pakistanske fengsel er desperate.

Herre Jesus! Takk for Asia Bibi sitt frimodige vitnemål, at ho torer å proklamera di sanning i eit farleg og fiendleg miljø. Me ber no om at gode menneske i mange land skal arbeida for henne for å få henne ut av den klemma ho har kome opp i, slik at både ho og familien kan koma seg til ein trygg plass.

Så ber me om at dei kristne i Pakistan skal halda seg nær til deg. Gje dei ein overnaturleg fred, og lat dei vera lys og salt i eit samfunn der dei møter fiendskap og vondskap på mange nivå. Bevar di kyrkje i Pakistan, utrust henne for dei utfordringane ho dagleg står overfor og gje henne leiarar med karakter og karisma som kan føra henne mot dei mål du har sett for henne. Amen!

Yousef Nadarkani

Den iranske pastoren Yousef Nardarkani vart i september 2010 dømt til døden for ”tankebrotsverk” etter at han klaga til styresmaktene på at barna hans måtte gjennomgå så mykje Koranundervisning i skulen. Dette er første kjende dødsdomen mot ein kristen i Iran på mange år. Situasjonen for Nadarkani er svært alvorleg.
Dette skjer parallelt med at Guds rike går fram som aldri før i dette landet, og imamane uttrykker for tida stor uro, og dei er i ferd med mista kontrollen over alle som konverterer.

Gode Gud, Far i himmelen! Me ber om at du vernar livet til Yousef Nardarkhani, og let han få fridomen sin tilbake. Ver han nær i fengslet, og hjelp han å vera trygg i di omsorg. Lat livet hans stråla av deg slik at dei som held han fanga, og som plagar han, vert slått av din godleik som strøymer mot dei frå denne mannen. Styrk også kona hans, "søster Tina", og ver eit vern for barna deira. Me takkar deg for den enorme vekkinga som i dag går over Iran, og me ber, hald di vernande hand over alle kristne og pust stadig til elden dei har inni seg, og lat han spreia seg til alle områder i landet, og nå kvart menneske som er bunde i synd og falsk religion. Amen!

lørdag 11. juni 2011

Dei kristne i Somalia

0,05% av befolkninga i Somalia er kristne. Å bli kristen i dette landet er for mange å skriva under på sin eigen dødsdom. Det siste året har me fått melding om mange direkte avrettingar av truande Jesusvener, og sidan landet er i fullstendig oppløysing, er det ikkje noko fungerande rettsvesen. Her er det klanveldet som rår. Mange kristne har flykta frå landet, likeeins mange muslimar, og nokre av dei blir kjent med Jesus der dei kjem. Ein somalisk mann vart nyleg ein kristen i eit land i Søraust-Asia. Han seier: "Eg bryr meg ikkje om kva som skjer med meg. Eg vil ofra livet mitt for Jesus Kristus, og eg vonar at du som er min bror og ni søster i Jesus Kristus, vil be for meg og for landet mitt om at Jesus må ta bort blindskapen og lidinga til det somaliske folket."

Herre Jesus! Me takkar deg for alle somaliarar som tek imot deg og blir kristne. Me skjønar at dei meiner alvor på ein måte som få andre gjer det. Gje desse menneska ein heil spesiell nåde til å nå fram til sitt eige folk med din kjærleik og med nåden i Jesus Kristus. Rekk ut di mektige hand for å berga og byggja di kyrkje i landet. Bryt djevelens forferdelege makt over Somalia og somaliarar, byd han om å sleppa taket i dette vakre og høgreiste folket, for dei tilhøyrer deg, du som skapte dei og forløyste dei med ditt eige blod. Lat oss få sjå skarar av dei vandra inn i fridomslandet, og gje di kyrkje og dine vener eit mektig vern mot mørkers makter som herjar på Afrikas horn. Amen!

Bhotia i Nepal

Det er 107 000 bhotia i Nepal. Dei er eit Sherpafolk (Sherpa = folket frå aust) som hjelper vestlege rikfolk til å nå Mount Everest og andre høge toppar i landet. Nr 2 på Everest var sherpaen Tenzing. Dei er svært godlynte menneske. Religion: buddhisme med sterk innblanding av animisme. Språk: Sherpa. Det er desse menneska som kjem til Noreg for å laga trapper i fjellsidene våre. Dei fekk si første bibeloversetting gjennom Wycliffe og SIL for to år sidan.

Herre Jesus! I dag tek skamma oss. Så mange frå det "kristne" Noreg reiser til Nepal og får hjelp av bothiafolket til å nå toppar dei siktar mot, men ingen kristne reiser til Nepal for å hjelpa bothiane til å nå deg, du som er den høgste av alle toppar. Gode, gode Gud, må din kjærleik for folkeslaga gripa oss på ein slik måte at me ikkje synest det er greit i det heile tatt at det finst mennesker i verda som kjenner til Coca Cola, men ikkje deg, du som har det namnet som er over alle andre namn. Miskunna deg over bothia, dette vakre og generøse fjellfolket, send dine tenarar til dei med all den nåde og kraft du har gjeve di kyrkje på jorda slik at dei kan få borgarskap i himmelen, fridom og evig liv. Takk for den nye bibeloversettinga på sherpaspråket, og meg ber i Jesu namn at denne skal bli lest og ha sin sterke forvandlande verknad på dette folket. Amen!

Guinea Bisseau, Vest -Afrika

Areal 36 125 kv.km. Folketal: 1 647 000. 11% kristne. 52% muslimar. 35% etnisk religion. Tidlegare portugisisk koloni. Sjølvstendig i 1974 etter mange år med portugisisk vanstyre og frigjeringskrig. Eit land med mykje uro og borgarkrig. Dei kristne har utmerka seg i forsoningsarbeidet mellom stridande partar, og nyt av den grunn høg respekt. Eitt av verdas fattigaste land med ei nifs utanlandsgjeld. Transittland for kokain frå Colombia til Europa. Religionsfridom. To hovudspråk: Portugisisk og Creole. Totalt 25 språk. 5 fulle bibeloversttingar, 6 nytestamenter og 7 språk er under omsetting.

Å Herre! Guinea Bisseau er falle mellom røvarar. Me ber deg at du som den miskunnsame samaritanen skal bøya deg ned og løfta dette landet opp og lækja dei djupe såra som kolonialisme, borgarkrig, korrupsjon, vanstyre og narkotikamisbruk har påført menneska der. Send ditt ord og din Ande til dei, fordriv djevelskap og vondskap, fri dei frå synd og skuld og reis opp leiarar som kan byggja landet og folket til å bli eit mønsterbruk i Afrika. Amen!

fredag 10. juni 2011

Minangkabau Padang, Indonesia

Minagkabau tel over 6 millionar menneske. Dei er muslimar, og er heimehøyrande på vest-Sumatra. Minagnkabau er eit folk som likar å reisa ut av kjerneområda for å søka lukke. Dei som kjem til nye plassar er enklare å nå med evangeliet enn dei som blir verande i sine tradisjonelle samfunn. Det nye testamentet er tilgjengeleg på minagkabau.

Herre Jesus Kristus! Me ber deg om at Minagkabau snart skal få sjansen til å bli kjent med deg og den frelsa du har lagt ferdig for dei. Gje hjarto deira lys slik at dei kan sjå herlegdomen som strålar over dei frå ditt ansikt. Gje dei åndelege antenner som tek inn signal frå deg. Tal mildt til dei og gje dei å forstå at du er Guds Son og verdas frelsar, og før dei frå Koranen til Det nye testamentet. Etabler di kyrkje i minagkabau, og gjer denne kyrkja til ein frelsesinstitusjon og hospital for folket. Kom til dei med di kraft, og gjer undergjerningar mellom dei når dei ber til deg. Amen!

Flaum på Haiti

Mission Network News melder om at tungt regn har forårsaka jordras og oversvømming fleire plassar på Haiti dei siste dagane, og mange av campane som vart oppretta etter jordskjelvet i fjor ligg under vatn. 23 menneske er meldt omkomne, og ny koleraepedemi er i ferd med å bryta ut fordi sanitæranlegga i landet bryt saman.

Gode allemektige Gud! Rekk dine hender ut til hjelp for alle dei fattige på Haiti som stadig blir råka av nye ulukker og katastrofar. Takk for alle som responderer på nauda og involverer seg i hjelpearbeid, men berre du kan verna dei mot naturens mange luner. Så ber me far om at du skal møta haitianarane i deira åndelege naud slik at dei vender seg bort frå vodoo og alle former for svart magi, frå vald, ureinskap og uærlegdom, og slik riv seg laus frå djevelens grep. Gje alle som forkynner ordet ditt på Haiti den rette utrustning, visdom og autoritet til tala ordet inn i folks hjarta og samvit, og kall kristne over heile verda til å be for landet. Amen!

torsdag 9. juni 2011

Baggara, Messira i Sudan

Baggara Messira tel 515 000 menneske. Dei snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. NT er tilgjengeleg. Baggara Messira er kvegfolk, og naturlegvis sunnimuslimar. Det er kvinnene som er hovudforsørgarar i dette folket.

Herre Jesus! Me takkar deg for din djupe kjærleik og din store begeistring for Baggara Messira-folket, og me ber om at dette folket skal bli heimsøkt av syner og openberringar slik at dei kan vera budde til å møta evangeliet gjennom dine tenarar. Fyll dette folket med din kjærleik og lat dei stå fram som lys for heile nasjonen, og med kraft til å bera dei påkjenningane dette måtte påføra dei. Gje på ein spesiell måte din oppmerksamheit til kvinnene slik at dei kan bruka sin stilling som forsørgarar til å gje kunnskapen om deg vidare til barna sine. Amen!

Kyrkje angripen i Pakistan

29.mai kom 4 væpna menn inn under ei gudsteneste i Numseoul Presbyterian Church i Lakhoki Kahna og øydela inventar for store verdiar. Dei knuste eit alterbord av glas, øydela ein kross og reiv sund biblar dei kom over medan dei truga folk med våpna og skulda dei for å uroa folk i området med å bruka høgtalarar i gudstenesta si. Politiet ville unødig gjera noko med saka, men er blitt pressa av pastor Ashraf til å etterforska saka. Det var forresten nevøen til pastor Ashraf som sto i spissen for åtaket.

Å, Herre! Dine barn i Pakistan er utsette for stadig større press. Me ber deg: Hjelp dei å halda motet oppe og kjempa mot fienden med åndelege, og ikkje med kjøtlege våpen. Lat di kyrkje oppleva overnaturleg framgang midt i den trengsla dei no gjennomlever. Laat lyset ditt skina sterkt over liva deira, og gje dei den profetiske kraft som du alltid har ønskt skulle følgja di kyrkje. Kom me din fred til sinte muslimar, og hjelp dei å forstå at dei går på feil veg, og at du Jesus er den einaste vegen til Gud. Amen!

Guinea, Vest Afrika

Guinea er eit lite land på 246 000 kv km, og med ein befolkning på over 10 million. Landet er i hovudsak muslimsk, men 4,4% er kristne. Kristendomen har ein årleg vekst på 3,4%, og det er svært høgt. Det er full religionsfridom i Guinea, og over 20 misjonsselskap er representerte i landet, og det er kyrkjeplantingsprosjekt i dei fleste av stammene i landet, men 37 stammer er heilt unådde.

Herre Jesus Kristus, verdas frelsar! Me ber om at dei kristne i Guinea skal leva åndsfylte kristenliv, og at kyrkjene og misjonsorganisasjonane skal vera leia av deg i tenesta på å nå dei unådde. Fyll dei kristne med overskot og hjelp dei å sjå utover mot dei fortapte og ikkje ikkje la seg lura til å fokusera innover mot eigne problem. Gje dei kristne å stå saman i tenesta og hjelp dei å syna sann omsorg for den muslimske majoriteten. Gje dei også stor innflyting over kultur og politikk i landet, og lat alle dei unådde stammene i landet få ein sjanse til å høyra evangeliet om Jesus på sitt eige språk, og lat dei få så god skulegang at dei vert i stand til å lesa dei gode nyheitene frå deg. Amen.

onsdag 8. juni 2011

5 års fengsel for kristen algerier

Sihagi Krimo frå provinsen Oran's Djamel i Algerie vart 25. mai dømd til 5 års fengsel og til å betala 2690 canadiske dollar for å ha gjeve ein CD om kristendomen til ein nabo. Naboen kjende seg krenka og meinte at Sihagi hadde gjort seg skuldig i ein blasfemisk handling.

Aktor la ned påstand om 2 års fengsel. Dommaren plussa på 3 år. Dommen vert anka. Sihagi har kone og små barn.

Gode Jesus! Me takkar deg for slike som Sihagi Krimo som deler ut livsens ord til sine fortapte naboar sjølv om han med det risikerer både liv og fridom. Me ber no i ditt namn om at anken må føra fram og at alle klagemål som er retta mot denne mannen og hans familie berre smuldra opp til ingenting i retten. Må ditt lys og din kjærleik skina så klårt ut frå denne mannen at dei som skal døma han vert slått av undring, og forstå at han er ein ressurs for landet og ikkje ein trussel. Sjå til kona og barna og lat dei vera ved godt mot og stola fullt og fast på deg i trengslene dei er komne opp i, og fryda seg over at dei er vorte rekna som verdige til å lida for Kristi skuld. Amen!

Guatemala

Guatemala har 14,3 millionar innbyggjarar. 94% av befolkninga definerer seg som kristne. 24,4 % er evangeliske. Etter det enorme jordskjelvet i 1976 og borgarkrigen på 80-talet, var det mange som vende seg til Gud, og den evangeliske kyrkja vaks med enorm fart. Dette ikkje berre pga all smerte, men også fordi kyrkja var særleg effektiv i vitnetenesta i denne tida. No har veksten stoppa opp og flata ut, og skal ein no koma lenger krevst det ei djupare omvending der dei ulike gruppene forsonar seg med kvarandre, og innrømmer stygge overgrep, det gjeld begge sider, men i særleg grad var det den innfødde indianske befolkninga som vart skadelidande. Også amerikanarane si rolle som støttespelar for den spansktalande overklassen treng å belysast. I prosessen som førte til fred spela Petter Skouen i Kirkens Nødhjelp ein nøkkelrolle. Fekk lyst å nemna det. Og ein ting til: Brita Audestad, som døydde for 3-4 år sidan, og som var medlem i Kristkyrkja på Stord, fekk i oppgåve å be for fredsprisvinnar Rigoberta Menchu lenge før nokon som helst andre i landet kjende namnet hennar. Brita fekk hennar namnet hos Gud, og har med sine bøner bidrege til fred i landet.

Gode Gud og Far! Me takkar deg for alt det forunderelege me har sett du har gjort i Guatemala dei siste tiåra. Takk for alle som er komne til tru og som har fått liva sine forvandla gjennom evangeliet. Me ber deg om at Den Heilage Ande skal ta folket med seg til trinn 2 og føra dei gjennom ei djupare erkjenning av fortidas urett, snakka ærleg saman og søka forsoning med kvarandre på bakgrunn av sanning. Så ber me om at slike prosessar skal setjast i gong over heile landet og forløysa ein flaum av velsigning og kraft frå himmelen over heile landet. Me ønskjer å sjå at Guatemala blir eit land der ditt nærvær er så sterkt at folk frå heile verda reiser dit for å finna deg. Gje landet leiarar etter ditt hjarta, ærlege menneske som ottast deg, som er ubestikkelege og som hatar urett vinning, og me ber: verna landet mot all vondskap og store og krevjande naturkatastrofar. Amen!

Lytt også til denne flotte bøna: http://youtu.be/ayQZun58OaU

Norge

I dag skal me be for oss sjølve. Det er omtrent 5 millionar nordmenn i Noreg. 90% tilhøyrer eit kyrkjesamfunn, men over 50% definerer seg som ateistar eller agnostikarar, noko som i praksis kjem ut på eitt. 4% av befolkninga er aktive kristne som går på møter og gudstenester. Etter rike vekkingstider på 18 og tidleg på 1900-talet, har me no vore inn i ei lang tid med tilbakegang for trua i Noreg, og landet er i dag svært sekularisert, og i enkelte miljø kan ein finna svært negative og agressive haldningar til Bibelen, Jesus og Gud. Men det er endringar på gang. Unge menneske er meir opne for Gud no enn før, noko som kan borga for nye tider for Guds kyrkje i Noreg, dersom me som kristne veit å kjøpa den lagelege tida. Det krev at me trenger på Gud, løftar bøneliva våre opp på eit høgare nivå og lever som sanne læresveinar av Jesus og ikkje flørtar med synd og vranglære, noko som desverre er blitt så vanleg mellom truande i Norge, også mellom dei som ønskjer å stå fram som leiarar. I dag har me eit desperat behov for ein ny teologisk utdanningsinstitusjon i Norge

Gode Far! Me ber for Norge. Du har gjennom 1000 år investert mykje i dette landet, utan at du i dag kan hausta så mykje frukt av det. Me innser at kyrkja i Norge er eit ufruktbart tre, og me augnar at øksa alt ligg ved foten av treet. Me ber: Spar oss for Jesu Kristi skuld. Tilgje oss våre synder. Vårt åndelege hovmot er grenselaust, Gud. Gje oss å venda om til deg og til kvarandre. Lat det spira fram nytt åndeleg liv frå gamle røter i di kyrkje, og lat det nye overgå alt det som ein gong var. Fyll oss som trur på deg med Ande og kraft slik at me faktisk fungerer som lys og salt mellom våre medmenneske, og lat ditt liv gå ut frå oss til våre naboar, medarbeidarar, medstudentar og medelevar slik at dei kan bli Guds barn av nåde og gode menneskefiskarar for Jesus. Amen!

Gujjar, Pakistan

Det finst 2 millionar gujjarar. Dei lever i det nordlege Pakistan, vest i India og aust i Afghanistan. Dei har ein lang og ærerik historie, har fostra krigarar av høg kvalitet, og stammar mogelegvis frå dei brykta hunarane som invaderte Europa under folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Dei var i utgangspunktet soltilbedarar, men er i dag muslimar så gode som nokon. Dei snakkar eit språk som heiter "sørleg hindko". Det er ikkje nokon registrert ein einaste kristen gujjar. Dei ventar enno på evangeliet!!

Herre! Eg løftar Gujjarfolket opp til deg i dag, og ber om at du skal ta fram dei skjulte tinga i deira kultur som på ein eller annan måte knyter dei til deg, og som gjer at dei vil vera i stand til å forstå evangeliet når det vert forkynt for dei. Send arbeidarar ut til din haust i gujjaraane og eg ber om at du skal opna Ordets dør for dei og syna dei herlegdomen din slik at dei vert overvelda av glede. Aus Anden din over dei slik at under og tegn skjer mellom dei, og gjer dei til eit folk som elskar deg og som krigar for deg med åndelege våpen. Amen!



tirsdag 7. juni 2011

Tigrefolket i Eritrea og i Sudan


Tigrefolket på Afrikas Horn er å finna både i Eritrea og i Sudan. Dei tel 1,2 millionar, og er anten nomadar eller seminomadar. Folket vart fanga inn av islam på 1800-talet, men miksar gjernen inn dei tradisjonelle tankane, førestellingane og rituala sine i den daglege dont. Dei trur på ei vond ånd "Zar" som påfører dei ulukker, sjukdomar og mange redsler. Dei går til sjamanar når dei er sjuke eller forgjorde. Det er eit tett åndeleg mørkret i Tigrefolket.

Jesus Kristus! Sjå i nåde til Tigrefolket og lat di sanning, din kjærleik og din nåde lysa inn i liva deira. Aus din Ande over dei, og løys dei etter ditt ord frå djevelens makt. Me ber om at nøkkelpersonar i dette folket skal få oppleva frelsens under, og bringa det nye livet vidare til sine eigne. Hjelp dei få kristne som er i denne stamma til å halda saman og etablera ei levande, vital og frimodig kyrkje som kan bringa din fred og di frelse til frendane sine, og tilfør dei alt dei treng av åndelege, menneskelege og økonomiske ressursar. Amen!

Ny restriktiv lov om religionsundervisning av barn på trappene i Tadjikistan

Den kristne menneskerettsorganisasjonen Forum 18 melder at parlamentet i Tadjikistan er i ferd med å vedta ei lov som nektar foreldre å la barna sine delta i andre kristne aktivitetar enn gravferder. Ei slik lov bryt sjølvsagt med Menneskerettsfråsegna og Europakonvensjonen, utan at det ser ut til å uroa styresmaktene nemneverdig. Det er som ånda frå gamle Sovjetunionen er i ferd med å vakna til live.

Kjære Herre Jesus Kristus! Gje dei kristne i Tadjikistan den ånd som Daniel og venene hans hadde då dei vart hindra i å tilbe deg slik som rett er, og trassa alle slike bod og forbod som dette og stå faste i kampen for det gode. Lat Ordet ditt festa seg i barna, forma dei etter Kristi bilete og gje dei eit høgt nivå av tru, slik at dei i sin generasjon kan forvandla Tadjikistan til å bli eit kristent fyrtårn på denne jorda. Me takkar deg for at du på krossen avvæpna djevelen og hans lakeiar, stopp med ditt myndige ord all deira destruktive gjerning i høve til tadjikiske politikarar. Amen!

Lampung Peminggir, Indonesia

Folketal 830 000. Språk: Lampung Api. Religion: Islam.
Lampung Peminggir er svært stolte menneske. Personleg ære går framfor alt. Difor er evangeliet så vanskeleg for dei å forstå og akseptera. NT og Jesusfilmen er tilgjengelege på språket deira, men det manglar folk til å forkynna for dei.

Gode Far! Må dei få kristne i Lampung Peminggir forstå at dei der frelste av nåde og ikkje av gjerningar, slik at ingen kan rosa seg. Så ber me om at din nåde snart må bli alle i folket til del, at du sender arbeidarar ut for å så og hausta mellom dei, og etablera ei kyrkje i dette folket som er full av kraft og nåde, og som blir eit fyrtårn som syner folk vegen til deg. Amen!

lørdag 4. juni 2011

Hellas

Hellas er eit land på 132 000 kv km og med eit folketal på vel 11 millionar. Dette landet har ein overmåte rik kulturarv frå antikkens tid, ein arv som har spreidd seg over heile den vestlege verda. Hellas er landet der dei olympiske leikane vart skapte, og grekarane har gjeve verda store kunstnarar innafor litteratur, arkitektur og biletkunst, og dei første skikkelege vitskapsfolka med Arkimedes og Pytagoras i spissen.

Det er ikkje mykje att av gamal gresk stordom i dag. Landet er på randen av konkurs etter i lang tid å ha bevilga seg alle slags sosiale goder på lånte pengar.

Hellas er eit ortodoks land med mykje ritualisme og lite åndeleg liv.

Lytt til og ta del i denne bøna for Hellas:

Himmelske Far! Me ber om at du skal føra Hellas ut av både det åndelege og økonomiske underskotet landet har. Folket har mange og prangande religiøse ritualer, men dei kjenner ikkje deg. Men det reduserer ikkje din kjærleik til dei, og me ber om at du gjer deg kjent for dei og lærer dei å forstå at Jesus Kristus er Herre, og at dei må tru på Han og leva for Han om dei skal vera frelste og ha von om evig liv. Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...