fredag 13. juni 2014

Haiti


A map of Haiti class=
Haiti ligg i Karibien, aust for Cuba, og er ein gamal fransk koloni som fekk sjølvstende alt i 1804, i kjølvatnet av den franske revolusjonen. Landet vart råka av eit øydeleggande jordskjelv i 2010 der 250 000 menneske mista livet. Såra  er store i befolkninga etter dette.
Totalt bur det vel 10 millionar menneske i Haiti, dei er fattige, og stort sett etterkomarar etter slavar. Nesten alle vedkjenner seg til kristendomen, 16% er evangeliske, resten katolikkar. Folk i Haiti er, namnekristne som i stor grad fanga i ulik okkult praksis (voodoo er nærast ein eigen religion). Dette er ein enorm hindring for evangeliets seierstog, og kan berre overvinnast ved dedikert bøn for land og folk. Det er stor arbeidsløyse og fattigdomen er skrikande. Landet har tradisjonelt hatt eit elendig leiarskap. Ekstra ille under Duvalierfamilien 1957-71. Dei var mest opptekne av å berika seg sjølv. Dei siste åra har det vore noko betre, men mykje politisk uro og lite konstruktiv bygging av landet. Protestantane i landet har hatt fin vekst dei siste åra, og har gjennom usjølviske hjelpetiltak vore til stor velsigning for landet. Men dei lid under manglande leiarskap, og som resten av befolkninga er analfabetismen stor blant dei kristne, også pastorane slit med lesing og skriving, noko som gjer kyrkjelydane sårbare for falsk lære. Landet er prega av mange foreldrelause barn etter jordskjelvet, og mange døyr lenge før tida i dette landet.
Haitianarane snakkar fransk og creole.

Bøn: Gode Gud og Far! Takk at du er nær i Haiti, midt i alt det vonde og vanskelege som skjer der. Me ber om at du frir Haiti ut av djevelens makt og herredøme, reinsar kyrkja di i landet, motiverer rette folk til å etablera nye skular for barn og andre som treng grunnutdanning. Læk alle dei såra som jordskjelvet skapte i menneska, og syn folk at du er ein Gud som kan snu det vonde til det gode dersom dei overgjev liva sine til Jesus Kristus. Gjer dine barn til hovud og ikkje til hale i landet. Gje kyrkja di eit godt åndeleg leiarskap, og heile landet godt og stabilt politisk leiarskap. Løys folk frå bruk av rusmidlar. Motiver gode og rettvise forretningsfolk til å investera i landet og byggja opp eit sunt nærngsliv. Hjelp alle prostituerte ut av fornedringa og til eit liv i reinleik og sjølvrespekt. Amen! 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...