torsdag 30. november 2017

Tre bekymringsfulle utviklingstrekk med tanke på kristnes situasjon i Kina

Kjelde: https://www.opendoorsusa.org
 

1) Nye religionslover er på trappene der det vil bli lagt ned forbod mot "religiøs ekstremisme", noko som kommunistpartiet  vil definera kva er for noko. Lova vil framleis garantera fridom for det partiet meiner er "normal religiøs aktivitet".

2) På partikongressen i haust vart partisjef og president Xi Jinping opphøya til sjefsideolog på linje med Mao Zedong. No skal Xi sine tankar studerast av alle, og kritikk av meiningane hans vil bli oppfatta og handsamast som "ideologisk kjetteri".

3) Xi Jinping og kommunistpartiet tek aktiv front mot Jesus. Det er ein tydeleg intensjon at all "personkult" no skal rettast mot Xi. Det vil bli krevd at religiøse bilete og symbol i heimane skal erstattast med bilete av Xi.

Det er lett å sjå for seg at desse nye tiltaka og tendensane vil intensivera forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar i Kina

Herre Jesus Kristus! Me ber om at du skal halda ditt folks fiendar i Kina i sjakk. Send Anden din til dei og opplys dei slik at dei forstår at den vegen dei går på fører til deira eigen undergang. Gje di kyrkje visdom til å gjera dei rette trekka i ein pressa situasjon, og gje dei å forkynna Ordet med frimot, og så må du retta handa di ut slik at under og teikn skjer i ditt eige sterke og gode namn. Amen.

søndag 26. november 2017

Ahar, India

Aharfolket er godseigarar av høg kaste. Dei ser på seg sjølv som brahminarar, men dei skikkelege brahminarane likar det dårleg. Aharfolket tel 1,4 millionar menneske. Dei snakkar hindi, er naturlegvis hinduar. Ingen i India er så vanskelege å nå som høgkastefolka. Det er ikkje ein einaste truande kristen Ahar.

Kjære gode Far! Aharfolket er skapt av deg, og du har i Jesus betalt ein høg pris for at dei skal tilhøyra deg. Må ditt ord og din Ande nå dei, frelsa dei frå synda, døden og djevlens makt, skapa tru og lovsong i hjarto deira og fylla dei med din kjærleik. Må lyset frå himmelen koma over dei og forvandla dei til eit kristent folkeferd. Amen! 

Tyrkia


Related image

Tyrkia med sine nesten 80 millionar menneske er delt i to: den europeiske delen Trachia og den asiatiske delen Anatolia.  Hovudstaden er Ankara med 3,5 mill menneske, medan Istanbul er den største byen med 14,7 millionar.

Det som i dag er Tyrkia, var i si tid vogga for den greske kulturen og for kristendomen, dei to åndsretningane som meir enn noko kom til å forma europeisk tru, liv, rettsforståing og kultur.

Då tyrkarane kom frå Sentral-Asia på 1100-talet vart landet islamisert.

Etter 1.verdskrigen vart Tyrikia ein sekulær republikk under landsfaderen Atatürk. Men me ser no at islam igjen spelar ein stadig større rolle i det politiske livet. I dag er landet næraste eit diktatur under president Erdogan. Etter forsøk på statskupp juli 2016, har landet vore i unntakstilstand. Mange eigedomar er blitt konfiskerte, det gjeld også kristne kyrkjer og klosterbygningar. Titusenvis er blitt arresterte, og mange hundre tusen har mista jobbane sine i offentleg forvaltning. Det gjeld embedsmenn, dommarar og lærarar.

Landet ligg mellom aust og vest, noko som stadig blir reflektert i særeigne konfliktar både med aust og vest.

Det er 160 000 kristne i Tyrkia, av desse 7000 evangeliske, som i stor grad å finna i sør og sør-vest. Kristkyrkja på Stord har støttekontakt med nokre av dei både i Antalya og i Izmir.

Størsteparten av dei kristne er assyrarar og armenarar. Frå 1915-17 vart desse gruppene utsette for folkemord. Anslagsvis 2,2 millionar menneske vart då, i ly av 1.verdskrigen,  massakrerte av tyrkiske styresmakter.

Tyrkia har eit rikt næringsliv: jordbruk, industri, handel og turisme.


  • Be om ein sunn demokratisk utvikling i Tyrkia
  • Be om at menneskerettane må respekterast
  • Be om eit fungerande rettsvesen
  • Be om frelse for folket og framgang for evangeliet over heile landet
  • Be om at dei kristne skal bli verna mot grov diskriminering og forfølging
Leiarane for Antalya Evangelical Church

Josef er assyrisk kristen frå Mardin i aust, nær grensa mot Irak

Evangeliske leiarar frå Antalya og Izmir







Barna i Jemen er utsette for svolt og epedemiar pga av borgarkrig og blokkade

A malnourished boy lies on a bed at a hospital in the Red Sea port city of Houdieda, Yemen September 9, 2016. (Reuters/Abduljabbar Zeyad)

Borgarkrigen i Jemen er gløymt av mange. Landet ligg liksom i ein bakgard. Men no kjem det sterke bilete av radmagre menneske til oss, ein konsekvens av den Saudi-Arabiske blokkaden av landet . Hungersnauda har i igjen har ført til utbrot av kolera. Mange døyr.  Kjernen i konflikten er, som så ofte elles i Midt-Austen, høve mellom Iran og Saudi-Arabia, shia og sunni-islam.

Vår Herre Jesus Kristus! Det som skjer i Jemen er ikkje til å halda ut. Menneska som du elskar og har døydd for blir utsette for dei største påkjenningar. Me ropar til deg, vår Gud, miskunna deg over jemenittane. Må dei få den hjelpa dei treng for å overleva ,og den freden dei treng for å kunna leva normale liv. Må dei også opna seg for deg og den nåden du kom til verda for å gje oss alle. Amen.

305 drepne i al-Rawdah-moskeen på Sinai.

People stand outside Al Rawdah mosque, where a bomb exploded.

Gode Gud! Me er fortvila over det som har skjedd, og me ropar til deg om at du miskunnar deg over alle som er råka av terroren på Sinai, og me ber om lækjedom for dei skadde og om trøyst til dei sørgande. Og så ber me om at du skal hjelpa egyptiske styresmakter med å finna ugjerningsmennene, gje dei ei rettferdig straff og til ta full kontroll over Sinaihalvøya. Å Herre, det er mange valdspersonar i denne delen av verda, og me ber om at du skal stansa dei i Jesu namn og øydeleggja planane deira. Herre Jesus, du er verdas sanne konge, du har fått tildelt all makt i himmel og på jord. Send din Heilage Ande over den arabiske og muslimske verda slik at dei anerkjenner deg som frelsar og Herre, og erfarer den freden som er i deg, og som du har etablert mellom himmel og jord. Amen! 

mandag 20. november 2017

Thailand

Thailand er eit vakkert land i Sør-Aust Asia. Det bur om lag 70 millionar menneske i landet, dei fleste tilhøyrer thaifolket.

Thailand har vore ei fredeleg øy i eit uroleg verdshjørne.  Landet har vore spart for alle dei krigane som elles har rasa i Indo-Kina dei siste hundre åra. Men den siste tida har bydd på ein god del indre uro.

Landet har ein djupt respektert konge. Han vert nesten dyrka som ein gud, og har ein sterk posisjon.

Landet har demokrati, men det er hæren som har den reelle makta når alt kjem til alt.

Det er mykje korrupsjon i Thailand, og dei siste års uro botnar i dette.

Landbruket står sterkt i landet. Thailand er det landet i verda som eksporterer mest ris til andre land. Dei siste åra har det vakse fram ein sterk eksportindustri, og elles kjem mykje av inntektene frå turisme.

Buddhismen er den dominerande religionen i landet.

Det er mange som driv kristen misjon i landet, og IMI-kirken har stor suksess med Agenda 1 om dagen.



Gode Gud! Me ber om at alle thailendarar må bli berørt av ditt ord og av Den heilage andens kraft. Løys dei frå falsk religion, og lat Jesus Kristus stå fram for dei som vegen, sanninga og livet. Må alle som forkynner ditt ord i Thailand få stor styrke og rett utrustning slik at dei kan lukkast. Må di kyrkje bli styrkt av Anden og istandsett til å forkynna evangeliet på ein overtydande måte, og må dine teikn følgja alle som trur, og dei gode gjerningane deira demonstrera ditt hjarta for thailendarane. 

mandag 13. november 2017

Bøn for jordskjelvråka områder i Iran og Irak



I dag vart eit stort område i desse to landa råka av eit jordskjelv med ein styrke på 7,3 på Richters skala. Det blir meldt om over 330 omkomne, dei fleste i Kermasha, og 4000 skadde menneske. Men desse tala vil stiga etterkvart som styresmaktene får oversikt over situasjonen i meir avsidesliggjande landsbyar.

Image result for Jordskjelv Kermanshah

Bøn:

Herre, me ber for alle som ligg under klem i ruinane at dei skal bli funne og fridde ut av dødens klør, gje lækjedom til dei skadde og kvesta og trøyst til alle som sørgjer. Me ber om at internasjonal help skal koma fram til desse områda, at byar skal attreisast i solide materialer, og me ber om at du Gud skal bli Gud for alle som bur i desse områda. 


søndag 12. november 2017

Dagens unådde: Persarane i Iran

Det er 40 millionar persarar i Iran. Dei er ariske og kom til det som i dag er den iranske høgsletta,  mellom 2000 og 1500 f. Kr.  Persarane er eit gamalt kulturfolk som er mykje omtala i Bibelen. Det persiske verdsriket varte frå 539 til 330 f. Kr. då Alexander den store kom og erobra det alt saman. Det var persarkongen Kyros som let jødefolket i Babylonia få reisa attende til sitt eige land. Han er høgt vurdert i Bibelen, ja, ein Messiasskikkelse. Persarane er shiamuslimar, men dei fleste utan ihuge.  mange av dei svermar i dag for gamalpersiske religionar som zoroastrianismen. Persarane er glade i lyrikk og les gjerne dikt for kvarandre når dei kjem saman. Persia vart omdøypt til Iran i 1935, etter seiande etter eit forslag frå Adolf Hitler (Iran slektar på arisk.). Sjølv om mange kjem til tru på Jesus om dagen, er dei fleste heilt unådde.

Gode Gud!  Takk for dine gode gjerningar mellom persarane i Iran, og for alle som kjem til tru på Jesus. Me ber om dei skal bli rotfesta og grunnfesta i deg, og bli effektive formidlarar av ditt ord, di kraft og din godleik til frendane sine. Må dette folket bli gjennomsyra av evangeliet, og fridd ut av islams mektige lenker. Lat kyrkja di vera som eit mektig lys i folket som fører dei alle til Kristus. Amen! 



Sverige

Image result for sweden

Areal: 449 924 km2. Folketal: 9,5 mill. Hovudstad: Stockholm med 1,3 mill innbyggjarar.
87,5 er skandinavar , 3,1% er finsk-urgisk, 2,6% slaviske
84,7% bur i byar, gjennomsnittleg levealder er 80 år,.
Språk: Svensk. Totalt blir det snakka 30 språk. Heile Bibelen er omsett til 4 språk, 2 til NT, 5 har porsjonar og 4 er under omsetting.

Sverige er eit velutvikla land med god økonomi, høgt utdanningsnivå og variert næringsliv.
Styresett: Kongedøme med representativt demokrati.

Landet har ein lang og ærerik historie, og har gjennom tidene vore ei stormakt i Europa. Det var Gustav II Adolf som på 1600-talet berga protestantane frå fullstendig nederlag i 30-årskrigen (1618-48). Det innleidde ei stordomstid for landet. I 1658  styrte Sverige over deler av Polen,  heile Baltikum, heile Finland og store deler av Midt Noreg.

At Sverige har vore eit svært rikt land ser me av alle slotta i sør. Dei fortel om ei tid med ein sterk adel.

Full religionsfridom. Luthersk statskyrkje fram til år 2000.
Landet har gjennom mange år vore inne i ein alvorleg avkristningsprosess.
57,2% er kristne. 38,4% er heilt ikkje-religiøse
3,6% er muslimar. Tala er frå 2010.

Dei siste åra har innvandringa vore stor til Sverige, og i Malmø og Stockholm har det vore store problemer med integreringa, og andre generasjons innvandrarungdom har organisert seg i kriminelle gjengar som har påført politiet nær sagt uhandterlege utfordringar.

Be om at Gud skal ta kontroll over desse ungdomane, at kristne skal involvera seg i liva deira, forstå kulturen, vinna innvandrarane sin tillit og vinna dei for Jesus..

Parallelt med denne utviklinga har Det svenske folkepartiet på ytterste høgre fløy vakse fram og fått vind i segla, og i dag marsjerer nazistiske grupper i gatene med krav om å stenga grensene for menneske frå Asia og Afrika.

Be om at Gud skal ta kontroll over desse menneska og løysa opp gruppene dei tilhøyrer. Og be om at Gud skal utrusta kristne til å konfrontera dei og syna dei den gode veg og Guds plan for liva deira. 

Det har vore auka einskap mellom dei evangeliske dei siste åra. Dette blir synleggjort gjennom Jesusmarsjen gjennom Stockholm kvar pinse. Denne samlar 20 000 menneske.

Det er grunn til å takka Gud for dette.

Sverige har ein rik åndeleg arv. Den rosenianske vekkinga på 1800-talet var massiv. Be om at det skal bli nytt liv i gamle røter, og at Jesus skal stå fram for det svenske folket som den eine sanne Gud.


Be om at dei kristne i landet skal leva som heilhjarta disiplar av Jesus, og ha Guds ord som einaste autoritet for liv og lære.

Be om at kyrkjelydane skal vera prega av Guds kjærleik og kraft, og at forkynnarane trufast skal forkynna Ordet i tide og utide.

Be om at Gud skal reisa opp nye åndelege leiarar med hjarto fulle av kjærleik, og med kraftfulle nådegåver til å forkynna Guds ord og til å formidla Guds nærvær.

Folk flest har eit sekulært syn på livet. Be om at dette skal snu, og at Gud skal bli ein naturleg del av kvardagen  til det svenske folket.

Sverige har gått i front når det gjeld å opponera mot Guds bod på samlivsområdet, og det er mange abortar kvart år.  Knapt noko land har så sterk feministrørsle som Sverige. Denne bestemmer i stor grad standarden for korleis folk skal tenkja. Bibelens verdiar blir kritisert og uglesett. Be om at landet skal bli bada i Guds lys, og at folk skal sørga over syndene sine og anerkjenna Guds overherredøme.







mandag 6. november 2017

Sutherland Springs Baptist Church

Igjen, igjen og igjen skjer det. Denne gongen til Sutherland Springs Baptist Church i Texas. Kanskje så mange som 27 drept (mange av dei barn) og 20 skadde menneske, ALLE SOM VAR PÅ GUDSTENESTE DENNE DAGEN FEKK SMAKA MARTYRIET.

Å Gud, me har ikkje ord for dette, og me forstår ikkje kvifor det skjer. Men det skjer igjen og igjen. Og me ropar til deg i fortviling, for dei som no sit i namnlaus sorg: Trøysta dei med den trøyst berre du som Far kan gje dei. Eg veit ikkje korleis du vil gjera det, men berre du kan, Gud. Og me ber for USA som nasjon, må leiarane søkja deg for å finna dei rette nøklane som kan setja ein stoppar for desse massakrane. Må dei alle søkja deg, Gud, venda om frå sine synder slik at du kan velsigna nasjonen og fordriva dei vonde åndene som no herjar med ubalanserte og avvikande menneske. Amen! 

søndag 5. november 2017

Sri Lanka, "Perla i Det indiske hav".

65610 km2
21 mill innbyggjarar
Hovudstad: Colombo (683000)
75,9% singalesarar
14,3% tamilar
Språk: Singalesis og tamil.
Totalt 7 språk.
Heile Bibelen: 3. NT: 1 Bibeldeler: 1
Religion: 70% buddhisme, 13% hinduisme, 8,5 % islam, 8,3% kristne (6,1% romersk katolske , 2,2% er protestantiske. Desse opplever betydeleg vekst)
Sri Lanka har ein lang historie som går attende til 600-talet før Kristus då dei første singalesarane kom til øyriket. Buddhismen kom til øya rundt 250 f.Kr. På 1400-talet vart det første tamildynastiet etablert i nord. Landet har vore portugisisk, nederlandsk og engelsk koloni (1796), og vart styrt direkte frå London frå 1815 fram til 1948 då landet fekk sjølvstende og vart eit paralmentarisk demokrati.
Frå 1983 til 2009 rasa det ein bitter borgarkrig mellom singalesarar og tamilar, ein kamp der dei tamilske tigrane måtte gje tapt.

Grøderikt land der 43,5% av arealet er dyrkbart.

Næring: Tekstilindustri. Turisme. Te-produksjon. Mange jobbar i andre land.

Takk Gud for

  • fred mellom singalesarar og tamilar
  • framgang for evangeliet
  • framveksten av kyrkjelydar drivne og leia av nasjonale og innfødde kristne
Be om 
  • at såra etter borgarkrigen vert lækte
  • at freden mellom folkegruppene vert utdjupa og varig
  • at kloke politiske leiarar som veit kva som skal til for dette skal skje
  • at styresmaktene skal jobba for openheit, rettferd og for rettferdig representasjon for dei ulike gruppene i parlamentet.
  • at dei skal verna folks økonomiske, politiske og religiøse rettar
  • at tidlegare LTTE-krigarar skal reintegrert i samfunnet
  • vern for kvinner som jobbar "oversaes".
  • at "mainline"-kyrkjene skal oppleva Andens fornying slik at at tilbakegang vert snudd til framgang
  • fortsatt vekking og vekst mellom dei evangeliske
  • at evangeliet skal gjennomsyra heile samfunnet
  • at kyrkjene skal bli velsigna med godt leiarskap, og at dei truande skal bli forsvarleg disippelgjort
  • at kyrkjene skal stå tett saman i å oppfylla misjonsbefalinga i heimlandet, at dei legg opp ein felles sterk strategi for å nå høge misjonsmål
  • kvalitet i utdanninga av kristne leiarar
Be mot
  • barnearbeid i tekstilindustrien
  • forfølging og diskriminering av kristne
  • buddhismens dominans
  • korrupsjon og nepotisme
  • rasisme og etnisk diskriminering 

lørdag 4. november 2017

Spania

Areal: 504783 km2
Folketal: 48 mill
Hovudstad: Madrid, nesten 6 mill. innbyggjarar.
Barcelona er nest største byen med 5,1 mill.
5,6 mill. immigrantar. 3 mill. er uregistrerte. Primært frå Nord-Afrika go Latin Amerika.

85,4% er spanske. Av desse er 53,2% kastilianarar og 17% er katalanarar.
Språk: Spansk, katalansk, gælisk, baskisk.
Totalt 21 språk. 14 innfødde.
Bibelspråk: 4 har GT og NT. 1 har NT, 3 har deler og 4 er under omsetting.

Finans: Hardt råka av finanskrisa i 2008. Ressesjon. Skyhøg arbeidsløyse i mange år. Økonomisk vekst dei siste fire åra.
Næring: Turisme, industri og jordbruk.

Politikk: Landet var ei verdsmakt i 3 hundreår frå 1492 då maurarane vart drivne ut av landet. På 15 og 1600-talet koloniserte Spania Mellom og Sør-Amerika. Spansk er av den grunn det tredje mest talte språket i verda. Landet gjorde seg rikt på utplyndring av koloniane sine der slaveriet var omfattande. Men imperiet rakna på 1800-talet. Det 19. og 20. hundreåret var prega av uro, borgarkrigar og diktatur. Diktaturet enda først i 1975 då general Franco døydde. I 1978 vart landet medlem av EU, og etter den tid har utviklinga eksplodert. Det har gått frå fattigdom til velstand, frå isolasjon til integrering, frå religiøs diskriminering til religionsfridom og toleranse.

Landet består av 17 autonome områder. Akkurat i desse dagar har Katalonia mista sjølvråderetten etter at dei røysta for lausriving frå Spania i ei svært omdiskutert folkerøysting. Landet er inne i den største krisa sidan krigens dagar.

Religion: Det er religionsfridom i dag, men den katolske kyrkja er totalt dominerande. Befolkninga bevegar seg raskt frå tradisjonell katolisisme til å bli ein sekulær stat.

Spania var heimlandet for Inkvisisjonen, og skuggane frå denne kyrkjelege rettsinnstansen som tok så mange millionar skuldlause menneskeliv kviler enno over nasjonen.

67% tilhøyrer den kristne trua. 9% er ateistar. 18% ikkje-truande, 2,4% er muslimar.
Det er 383000 protestantar i Spania.  Det er 0,84% av folketalet.
Talet på kristne går ned, men talet på evangelisk kristne går opp. Det er snakk om 3% årleg vekst.

Spania er eitt av dei landa i verda som har dei største problema med narkotikamisbruk i befolkninga.
Gambling er eit kjempeproblem. Gjennomsnittleg går 15% av folks inntekter til gambling.

Seksuell umoral, prostitusjon og abort er store og veksande samfunnsproblem, og barn vert seksualiserte i stadig lågare alder.

Spania har den lågaste fertiliteten i verda. Det vert nesten ikkje fødde barn i landet lenger.

Be om at

  • landet kjem seg velberga gjennom den krisa det er inne i no
  • katalanarane ikkje tyr til vald
  • katalanarane og resten av spaniarane skal finna fram til gode samarbeidsformer som alle er nøgde med
  • katalanarane skal bli høyrt og få lov til å dyrka kulturen og språket sitt
  • alle dei evangeliske kristne som er komne inn i landet frå Latin-Amerika og frå europeiske land skal leva misjonale liv og etablera sterke og levande kyrkjelydar over heile landet.
  • at Gud skal vitja landet med sin Heilage Ande og frelsa folk ut frå sekularismen, materialismen og hedonismen som har utvikla seg med velstanden. 
  • unge menneske må forstå at Jesus er Herre, at dei  er syndarar og at dei må gje liva sine til han og tru på han for å bli frelst. 
  • alle sanne kristne skal bli døypte i Guds kjærleik og kraft
  • Gud skal stoppa djevelske lærdomar som kjem inn i landet gjennom New Age og andre gudlause filosofiar og religionar
  • Jesus skal intervenera mellom dei narkomane og berga dei både frå syndene deira, frå djevelens makt og frå rus og avhengighet. 
  • folk må slutta å gambla med pengane sine, og læra seg å stola på Gud og investera pengar i hans rike heller enn å spela dei vekk
  • Gud skal verna barn mot seksuelle overgrep og utnytting. 
  • kvinner og menn skal sei ja til livet og nei til abort
  • Gud skal setja vern rundt barna i mors liv
  • folket skal bli gripne av lengsel etter å få barn igjen
  • kvinner og menn skal læra seg å leva i seksuell reinleik og truskap
  • forbanninga frå Inkvisisjonen skal brytast i Jesu namn, og at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med dei historiske ugjerningane sine. 
  • den katolske kyrkja skal fornyast etter nytestamentleg mønster
  • Den heilage ande skal ausast over landet og venda folks hjarto mot Gud. Landet har aldri opplevd nasjonale eller regionale åndelege vekkingar, og klimaet er tørrare enn nokon gong
  • dei evangeliske kyrkjene skal bli spanske og tapa sitt utanlandspreg. 
  • kyrkjene skal få spanske leiarar av høgt format
  • dei kristne skal bli forsvarleg disippelgjort og utrusta til å vinna menneske for Gud. Av dei 8112 lokalsamfunna er det ei evangelisk kyrkje kun i 650 (2010).
  • folk skal finna fram til kristne radio og TV-program. Kristne driv 90 radiostasjonar og 30 TV-stasjonar. 
  • folk skal finna fram til kristne internettsider som kan hjelpa dei å finna attende til Gud. 
  • mange unge skal reisa på kristne leirar og lytta til Guds ord over tid og smaka på den kristne fellesskapen
Det er grunn til å takka Gud  for Filadelfiarørsla mellom sigøynarane i landet.  Denne starta i 1966. Dei tel i dag 200 000 truande. 


Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...