fredag 3. desember 2021

Dei sameinte arabiske emiratane (DSAE)

 


Folketal: 9 991 083. Hovudstad: Abu Dhabi. Språk: Arabisk. Religion: Islam. Kristne: 8,6%

Oljerikdomen har gjort dette landet til ei leikegrind for verdas ultrarike menneske. Alt praktisk arbeid vert gjort av fattige framandarbeidarar som i praksis lever som slavar under forferdelege tilhøve. Menneskerettande deira vert brotne på dagleg basis, og dei er utsette for ein omfattande menneskehandel. 

Be om at Gud skal miskunna seg over desse fattige og undertrykte menneska.

Be om at Kristi evangelium skal spreia seg mellom dei, og fylla dei med von for framtida og ei djup kjensle av å vera elska av Gud.

Eit aukande tal av dei kjem no til Kristus. Før kom dei ein og ein, som dråpar frå ein kran. No kjem dei som ein flaum etter at kvar av dei har møtt Jesus på ein svært personleg måte. Forkynnarane i landet er overraska over den responsen dei no får på forkynninga si. 

Takk Gud for denne åndelege vårløysinga i DSAE. Be om at dette må vara, ta seg opp og også spreia seg til dei privilegerte i samfunnet. 

Iranarane, baluchane, pakistanarane, pasjtunarane, bengalarane, somaliarane og sudanesarane i landet er å rekna for unådde. 

Be om at vekkinga også må nå fram til desse folkegruppene. 

Kjelde: Operation World


torsdag 4. november 2021

Sri Lanka

 

CIA world factbook



Sri Lanka har eit areal på 65 610 km2, og ein folkesetnad på vel 23 millionar. 74,9% er singalesarar, 20,4 % tamilar og 9,2% maurarar (etterkomarar etter portugisiske muslimar med røter i Marokko).

Hovudstad: Colombo

Sri Lanka har vore portugisisk, nederlandsk og engelsk koloni, men fekk sjølvstende i 1948. 

Religion: Buddhisme70.2%, Hinduisme 12.6%, Islam 9.7%, Romersk katolske kristne 6.1%, andre kristne 1,3%.

Totalt er det 41 folkegrupper på Sri Lanka.

I 1983 erklærte tamilane sin eigen stat i nord. Dette løyste ut ein skrekkeleg borgarkrig som enda med nederlag for tamilane i 2009. Då hadde 900 000 av dei flykta frå landet og blitt spreidde over heile verda. Mange enda opp i Noreg. 

Etter borgarkrigen har landet vore prega av korrupsjon og menneskerettsbrot. 

Sri Lanka treng frelse, forsoning og lækjedom for alle dei sår som krig, hat og fiendskap har påført landet. Be om at Kristi lys skal fløyma over landet, og at hans eige nærvær skal koma og kvila der. 

Mange kristne opplever forfølging, særleg frå buddhistiske munkar si side. Be om at forfølginga må foredla dei kristne, driva dei nærare Jesus og gjera dei meir tydelege på trua si. 

Kyrkja har pga namnekristendom, teologisk liberalisme og manglande misjonering gjennom mange år opplevd tilbakegang. Likevel er det i dag ei gryande vekking mellom dei få evangeliske. 

Be om at Herren skal ta vare på denne vesle elden og næra han så han tek seg kraftig opp. 
Be om at dei kristne i landet skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus.
Be om at dei skal mognast slik at dei kan læra seg å skilja mellom sanning og løgn, sunn og usunn lære.
Be om einskap mellom singalesiske og tamilske kristne, og mellom katolikkar og protestantar.
Be om at evangeliet må nå fram til dei 25000 landsbyane der det aldri nokon gong er blitt forkynt.

kjelder: Operation World. CIA world factbook



mandag 1. november 2021

Dagens unådde folkegruppe: Adyghe i Syria

 


Adyghefolket finn me i mange land. Totalt er  det noko over 600 000 av dei. Dei stammar frå Kaukasus. På 1930-talet flykta dei frå Josef Stalins brutale drapsmaskin, og vart spreidde over mange land. Befolkninga i Syria er på 29000. Dei lever i grenseområdet mot Jordan. 0,4% er kristne. Resten muslimar. Dei snakkar sitt eige språk. NT er omsett til Adyghe, like eins delar av GT.

Herre Jesus! Du seier i Salme 102 at folkeslag skal frykta ditt namn, og alle kongane på jorda din herlegdom. Denne lovnaden proklamerer me no over adyghefolket i Syria, og ber om at dei skal bli gjenstand for forkynniga av evangeliet, at dei skal koma til tru, overgje seg til deg, bli døypte av din Ande og  disippelgjort. Amen!

Kjelde: joshuaproject.org


fredag 22. oktober 2021

17 amerikanske misjonærar kidnappa i Haiti

Dei 17 er utsendingar frå Christian Aid Ministries. 

Det er røvarbanden til ein Wilson Joseph som står bak denne kidnappinga. Mellom dei 17 er det også ein baby og to andre mindreårige. Wilson Joseph krev 1 million dollar for kvar av fangane, ein svimlande sum på 136 millionar kroner. 

Herre Jesus Kristus! Takk for din fullkomne kontroll over denne situasjonen. Wilson Joseph kan ikkje gå lenger enn du tillet han å gå. Og no ber me i i ditt namn om at du stoppar denne mannen i hans vondskap, og at desse 17 misjonærane blir sett fri umiddelbart. Amen! 

fredag 1. oktober 2021

Baghbanfolket i Pakistan

 


Det 197000 baghbanarar i Pakistan, spreidd ut over heile landet. Dei snakkar difor 8 ulike språk, dei fleste nord-pastunsk. Det er ikkje registrert kristne i denne folkegruppa. Alle er muslimar, og islam er vevd tett inn i kulturen deira. Baghbanfolket er kjende som dugande gartnarar og fruktdyrkarar.

Herre Jesus! Gjer krav på dette folket. Send dine ambassadørar til dei som kan forkynna evangeliet for dei. Aus Anden din over dei slik at dei kan sjå at det berre er frelse i deg og ikkje i nokon annan. Dra dei til deg med uimotståeleg kraft. Amen!


kjelde: joshuaproject.net





onsdag 28. juli 2021

Japan

 

Kart henta frå CIA World factbook

Folketal: 126 050 796. 70% er buddhistar (shintoisme). 1,5% kristne. 0,5% evangelisk kristne. Resten av befolkninga er truleg sekulære. Det er 23 unådde folkegrupper i Japan. 28% av befolkninga er heilt uevangeliserte. 

Japan er blitt kalla ei stormakt utan moralsk kompass. 30 000 unge menneske tek årleg sine eigne liv. Det manglar håp, blir behandla dårleg av foreldra sine, forventningar og krav er skyhøge og mange, mange jenter hamnar i prostitusjon. Japan har høg skilsmålsrate, og også mellom vaksne er sjølvmord vanleg. I eit slikt sosialt klima er det mogeleg for kyrkja å representera ei mektig motkraft. 

Be om at Guds kjærleik, kraft og lækjedom skal strøyma ut frå alle Jesustruande japanarar, og at kyrkjene skal opna seg mot samfunnet og skapa trygge miljø for vanlege folk der dei kan både finna samfunn med Gud og med Guds barn. 

Mektige åndskrefter knytta til avgudsdyrking av mange slag hindrar utbreiinga av evangeliet.

Be om at Den Heilage Ande skal bryta gjennom i kyrkjelydane, fylla og utrusta dei kristne til å avsløra løgnene i buddhsimen, shintoismen, fedredyrkinga og okkultismen, og be om at desse åndsretningane og demonane bak dei skal tapa makta si over den jamne mann. 

Pga låg fødselsrate og høg forventa levealder går Japan langsamt mot eit stup. I 2055 vil halvparten vera pensjonistar. Dette kan ikkje landet kunna bera økonomisk, og det vil ikkje vera nok unge folk til å kunna ta vare på alle desse gamle. Dette vil opna for utanlandske misjonar. 

Be om at landets mange gamle må bli møtt av Gud og bli opne for evangeliet om Jesus. Be også om at japanarane skal læra seg å leva bærekraftig, at dei unge gifter seg, danna familiar og får barn. Utan det har landet ikkje noko framtid.  



lørdag 24. juli 2021

Jamaica

 


Jamaica har nær 4 millionar innbyggjarar. Landet har ein rik kristen arv, og ein lang historie med å senda misjonærar til andre land. Ikkje i noko anna land i Karibia har evangelisk kristendom ein så sentral posisjon som der. Det jamaicanske bibelselskapet har ein visjon om å skaffa biblar til alle dei andre små statane i området, og dei har særleg fokus på å nå unge menneske, som det er mange av. Det er 15 bibelskular og teologiske seminar i dette landet, og den årlege lærekonferansen over tre veker i Keswick (Keswick convention), som faktisk føregår akkurat no, er blitt eit festningsverk for bibelsk teologi, kristent liv og utsending av misjonærar til Karibien (du finn meir om Keswick cenvention her: Convention 2021 - Keswick Ministries

  • Be om at Gud skal fullføra det gode som han har starta på Jamaica. 
  • Be om at Bibelselskapet skal lukkast med arbeidet sitt med å spreia Bibelen til nye generasjonar unge menneske i Karibia. 
  • Be om at bibelskulane og seminara skal vera fulle av menneske som ønskjer å bli betre kjent med Gud og hans ord, og som søker utrustning til teneste. 
  • Be om at kyrkjelydane på Jamaica skal vera fulle av liv, at stadig nye menneske skal koma til tru og bli disippelgjort. 
Trass i dette finn Jamaica seg i dag midt i eit moralsk og sosialt samanbrot. Mektige Sør-Amerikanske narkotikakartell som brukar Jamaica som transittland for kokain til USA, har fått stor innflytelse. Dei spreier vald og drap i stor skala, slik at landet i dag kjem på fjerde plass når det gjeld talet på mord per 1000 innbyggjar per år. Valdtekter og seksuelt misbruk av barn er vanleg i heimane. No ber styresmaktene kyrkjene om hjelp for å koma dette og all korrupsjon i landet til livs. På den årlege bønefrukosten for nasjonale leiarar møtest dei mest sentrale politiske leiarane saman med leiarar frå næringsliv, politi, tryggleikstenestene og kyrkjene for å be Gud om å intervenera og koma dei til hjelp.

  • Be om at den allmektige Gud skal setja ein effektiv stoppar for narkotikakartella. 
  • Be om at marknaden for kokain i USA skal kollapsa slik at det ikkje lenger blir noko økonomi i produksjon og sal av desse djevelske stoffa. 
  •  Be om at Gud skal utrusta og hjelpa leiarane i landet til å finna effektive mottiltak mot kriminaliteten som har teke overhand. 
  • Be om at jamaicanarane skal stå imot freistinga til å ta imot pengar for å ta del i smuglinga av kokain. 
Kjelde: operationworld.org



onsdag 21. juli 2021

Israel

 

Israel er, saman med Egypt, den nasjonen på jorda med djupaste historiske røter. Men medan Egypt i dag er ein arabisk nasjon med ein gamalegyptisk kristen minoritet, var Israel ein jødisk nasjon heilt frå starten av, og er det framleis. Etter nesten 2000 år i  diaspora, vart det moderne Israel etablert 14.mai 1948. Det var eit historisk mirakel, ikkje minst sett i lys av at Hitler og nazi-Tyskland hadde gjort sitt ytste frå 1942 til 1945 å utsletta dei. Israel er sanneleg Guds eigen nasjon på jorda. Dei er elska av Gud for fedrane si skuld, står det i Bibelen, medan me som er Jesustruande ikkje-jødar, med er elska av Gud for Kristi skuld. 

Israel har nesten 9 millionar innbyggjarar, og folketalet aukar jamt og trutt, ikkje minst pga innvandring. Over 2 millionar av statsborgarane er forresten arabarar. 

Sidan flatemålet er beskjedent, vel 21000 km2, bur folk tett. Nesten 400 per km2. Til samanlikning er det ikkje meir enn 14 per km2 i Noreg. 

Israel har mange fiendar. Heilt frå staten vart etablert, har arabiske naboar freista å utsletta han frå kartet, men utan å lukkast. Antisemittismen i verda i dag rettar seg i stor grad mot Israel. Men også jødefolket i andre land merkar at hatet mot dei aukar både frå muslimar, høgreekstreme og faktisk heilt vanlege folk, ikkje minst i Noreg der stadig fleire parti, kommunar og interesseorganisasjonar går inn for å boikotta israelske produkt frå Judea og Samaria (Vestbreidda), eit området som heilt utan grunn blir sett på som okkupert. Stadig fleire, også Den norske kyrkja, snakkar forresten som om heile Israel er okkupert område, og dei skuldar Israel for å vera ein apartheidstat som driv med krigsbrotsverk og endå til folkemord på palestinarar, noko som er heilt på jorde i og med at 2 millionar av dei er israelske statsborgarar, og 12 av dei har plass i Knesset, Israels folkevalde parlament.  

Israel er i dag ein moderne høgteknologisk stat som utnyttar arealet sitt svært effektivt til matproduksjon, og dei eksporterer både jordbruksprodukt og teknologi til andre land. Utan israelske produkt hadde korkje datamaskinane eller mobiltelefonane våre fungert, ei heller mange av dei avanserte apparata som finst på dagens sjukehus som kvar dag er med å bergar mange liv. 

Mange jødar er sekulære, og trur ikkje på noko som helst, men dei fleste har likevel ein eller annan tilknytning til jødedomen. Alle overheld sabbaten, og dei store jødiske høgtidene er arbeidd inn i kalenderen.  

17,9% av befolkninga er muslimar. 1,9% er kristne (0,2% evangeliske), og 1,6% er drusarar (kjelde: CIA World Factbook)

Mange av dei kristne er arabarar som tilhøyrer ortodokske og katolske kyrkjer. Men no veks det fram stadig fleire messianske jødiske kyrkjelydar som eit resultat av evangelisk misjon, og organisasjonen One for Israel, som i stor grad vert driven av Jesustruande jødar, opplever stor suksess med internettsatsinga si både mellom jødar og arabarar. Det synest klårt: Jesus Kristus er den einaste som kan skapa fred og forsoning mellom jødar og arabarar. 

Nesten ingen jødar i Israel veit kven Jesus er. Han er eit forbode samtaleemne, og i skuleverket blir han ikkje nemnt. Kvifor er det slik? Fordi det er den kristne delen av verda, ofte med kyrkja i spissen, som gjennom historia har påført dette folket den største sorg og smerte. 

Gud valde i si tid ut Israel gjennom Abraham forat dette folket skulle bringa openberringa av Gud til heile verda. Det har også skjedd i og med at Bibelen er ei jødisk bok, og Jesus og apostlane alle var jødar. Men Gud er ikkje ferdig med folket enno. Når den nasjonale kristen vekkinga råkar nasjonen, vil heile folket bli involvert i ein svært suksessrik verdsmisjon. Dette les me om i Romarbrevet 11. 

Israel er ein moderne vestleg stat også på den måten at dei ikkje berre aksepterer kjønnsmangfaldsrørsla, men promoterer denne, og Israel er på verdstoppen i talet på abortar per tusen kvinner per år. 

Be om at Gud skal verna Israel og verdas jødar mot overgrep og åtak. 

Be om at forsoning og fred mellom jødar og arabarar i og utanfor Israel

Be om at evangeliet må spreia seg som ein surdeig i nasjonen til alle i Israel veit kven Jesus er. 

Be om at israelarane og alle verdas jødar må falla ned for Jesus og anerkjenna han som Herren Israels Gud. 

Be om at dei skal forstå at Jesus vart såra for deira brot og knust for deira misgjerningar, at straffa låg på han for at dei skulle ha fred, og at dei ved hans sår har fått lækjedom. 

Be om at Gud skal reinsa nasjonen for ulydnad, urett og ureinskap.

Be om at landet skal ta eit kraftig oppgjer med abortlov og abortpraksis.

Be om at Israels land og folk må bli gjeninnsett i Guds plan med tanke på frelse for alle nasjonar. 





mandag 19. juli 2021

Irland


Det bur nesten 5 millionar menneske i Irland. 91,7% av dei er kristne, dei fleste romersk katolske. Irland vart EU-medlem for 30 år sidan. Sidan den tid har mykje endra seg i landet. Det har vore ein eventyrleg økonomisk vekst som i stor grad har kome ei lita gruppe menneske til gode (Irland har 11% flat inntektsskatt, noko som favoriserer dei med høge inntekter). Dei fleste i landet slit økonomisk, og kløfta mellom fattig og rik er stor. Irane har hatt eit nært høve til kyrkja si, og kyrkja har i hundrevis av år sett standarden for rett og galt. Men no endrar dette seg også. Den allmenne sekulariseringa og dei mange overgrepsskandalane innanfor den katolske kyrkja har gjort banda mellom folk og kyrkje tynnslitne, og stadig færre ser på kyrkja som ein autoritet i moralske spørsmål. Det har m.a. resultert i innføring av sjølvbestemt abort og likekjønna ekteskap, noko som hadde vore utenkeleg for kun kort tid sidan. 

Be om at presteskapet i den katolske kyrkja skal syna ekte vilje til å ta eit oppgjer med fortida, dømma synda som har fått råda og valda skade, avsetja prestar og andre leiarar som har forbrote seg mot barn og unge, gjera opp for ugjerningane så godt som det let seg gjera og søkja audmjukt om tilgjeving hos Gud og menneske og be Gud om lækjedom. 

Men midt oppi dette veks dei evangeliske kyrkjene, ikkje minst som eit resultat av immigrasjon. Men også mange irar kjem til personleg tru på Jesus som eit resultat av arbeidet til dei evangeliske kyrkjelydane. Eitt eller anna godt veks fram her. 

Takk Gud for denne rørsla, og be om at ho skal utvikla seg til ei genuin kristen vekking, ei vekking som reiser nasjonen opp slik at han meir enn nokon gong vert prega av at Kristus har makt i vanlege folks liv. 

21% av befolkninga er under 15 år. Det er mykje i europeisk samanheng. 

Be om at dei unge må få god kristen opplæring, og at dei skal finna Kristus og etablera ein personleg relasjon til han. 

Irland vart kristna av St.Patrick som representerte ein kraftfull kristendom prega av store teikn og under, og dei ville, brutale og heidenske keltarane som budde i Irland vert så grepne av Kristus at dei reiste ut i heile Nord-Europa for å forkynna evangeliet og planta kyrkjelydar.  Det var forresten desse som temma dei villstyrige saksarane i Tyskland. Det veks no fram ei ny irsk misjonsrørsle i dei evangeliske kyrkjene.

Be om at denne misjonsrørsla skal tilta i styrke og enno ein gong resultera i ein flaum av misjonærar frå Irland som kjem til å tenna Kristuslyset for mennesker i mange land. 

søndag 18. juli 2021

Irak

 


Irak vart grunnlagt i 1932 som ein følgje av at Det osmanske riket kollapsa etter 1.verdskrigen. 
Folketalet er vel 41 millionar. Hovudstad: Bagdad. 95,9% er muslimar (sjiamuslimane og sunnimuslimane står kraftig mot kvarandre, og påfører kvarandre støtt og stadig stygge skadeverk. 
Irak utgjer det som i gamal til var Mesopotamia og Babylonia, eitt av dei områda i verda der kulturen vaks fram med skriftspråk, biletkunst og storslagen arkitektur. Her finn me også utgangspunktet for vår kristne tru som starta med Abraham som var frå byen Ur, nær den plassen der Eufrat og Tigris renn saman. Det var her Gud talte til Abraham og monoteismen vart fødd. Lokale smågudar måtte etterkvart gje plass for den allmektige og universelle Gud som openberra seg for Moses som JHVH og som Israels Gud, og som me møter i Det nye testamentet som Far, Son og Heilage ande. 

I 587 f.Kr. vart jødane bortførte i eksil til Babylonia. Etter den tid var Bagdad i mange hundre år eit sentrum for jødisk tru og kultur, og det var der jødedomen fekk si form. 

Etter den store krigen som USA sette i gong mot Saddam Hussein i 1991 har landet vore i oppløysing og i stor naud. Det har ikkje vore ende på ulukkene, og verst var det i perioden 2014 til 2017 då IS oppretta kalifatet sitt i nord og herja blodig med menneska. Titusenvis vart pinte til døde eller rett og slett berre avretta fordi dei hadde ei anna tru, eller fordi dei ikkje var radikale nok i praktiseringa av islam. 

1,6% av befolkninga er kristne, og då i all hovudsak romersk katolske. 0,2% er evangeliske kristne, og slik sett kjem irakarane inn under kategorien "unådd folkeslag". 

I dag er Nord-Irak eit autonomt kurdisk sjølvstyreområde, oppretta og tryggja av amerikanske styrkar. 

IS vart nedkjempa i 2017, men enno er det store spenningar og djupe skiljelinjer i samfunnet mellom kurdarar og arabarar, kristne (og andre minoritetar) og muslimar, sjia og sunni, sekulære og religiøse, og mykje blod blir spilt. Mange kristne har flykta frå landet dei siste 30 åra. Men nokre møter Jesus enno, og det er mange sterke historiar å lesa i Tom Doyle sine bøker, og dei vil eg tilrå. 

Å Herre Jesus Kristus! I dag ber me om lækjedom og frelse for Irak. Menneska i landet treng å få sann kunnskap om deg, dei treng å møta deg og få tilgjeving og frelse for sine synder, lækjedom for sjukdomane sine og dei treng å venda om frå hat og fiendskap og læra seg å gå på forsoninga og kjærleiken sin veg. Herre, miskunna deg over Irak! Amen! 



søndag 11. juli 2021

Indonesia dag 6. Sulawesi

 

Sulawesi har omlag 20 millionar innbyggjarar fordelt på 110 folkegrupper som snakkar 117 ulike språk. Religiøst fordeler innbyggjarane seg slik at muslimane lever i kystområda medan dei kristne bur i nordaust, samt i dei sentrale fjellstroka. Språkrikdomen gjer at det er eit stort behov for nye bibeloversettingar, og dermed også for nye bibeloversetjarar. 

Be om at Gud skal kalla og utrusta bibeloversetjarar som kan ta tak i den utfordringa dette representerer. 

I åra frå 1990 til 2000 var det kraftige konfliktar mellom kristne og muslimar på øya. Meir enn 1000 menneske mista livet. Det er framleis spenningar.

Be om at dei kristne må møta fiendane sine med Kristi sinnelag, og be om at det skal råda fred mellom dei to gruppene. 

Det er mange, mange heilt unådde folkegrupper på Sulawesi. 

Be om at evangeliet skal finna vegen sin inn til desse menneska som er så dyrebare og viktige for Jesus.  

lørdag 10. juli 2021

Unådd folkeslag: Den muslimske delen av jogifolket i Bangladesh



Det er ikkje meir enn vel 6000 av desse menneska. Dei snakkar bengali, som lenge har vore eit bibelspråk. Men ingen av dei er kristne. Det er ikkje sikkert at nokon av dei nokon gong har høyrt om Jesus Kristus. Dei er sufimuslimar (ein mystisk retning innan islam), fattige fakirar (sjølvpinarar og asketar) som kan lækja sjukdomar og hjelpa folk med å bli kvitt demonane sine. Underlege greier.

Men no Herre, må me berre be om at du kjem til desse jogiane i Bangladesh og set dei i fullkomen fridom frå synd og skuld og alle bindingar til djevelen. Herre, send dine trufaste tenarar til jogifolket for å dela deg med dei, og vekk i folket ein sterk trong etter reell frelse, og gje dei å snu seg frå avguden sin og venda om til deg av eit heilt hjarta.


Kjelde: joshuaproject.org


fredag 9. juli 2021

Indonesia dag 5. Bali, Kalimantan og dei små Sundaøyane

 


Bali ligg aust for Sumatra, og øya er prega av turisme, og mange unge menneske frå Vesten reiser dit for å studera. 
Folketal: 4,3 millionar.  
Dei aller fleste er hinduar, og det er faktisk 41000 tempel på øya. 
Innbyggjarane er, som dei fleste andre indonesarar, prega av eit liv i okkultisme og spiritisme. 
Det er få kristne der, og mange av dei som kjem til tru på Jesus blir forfølgde.

Be om at hinduismen skal tapa makta si over dei som bur på Bali, at dei demoniske kreftene må sleppa taket i folk og at Anden skal austast ut over dei og gjera dei lengtande etter Gud og opne for evangeliet. 

Kalimantan er den indonesiske delen av Borneo. Folketalet er 4,5 millionar. Det er ein god del kristne der, men altfor mange av dei namnekristne, og få lever misjonale liv. Storparten av innbyggjarane i Kalimantan er heilt utan kunnskap om Kristus, og det er mange animistiske grupper som lever svært isolert og av den grunn vanskelege å nå.

Be Jesus om å senda arbeidsfolk ut til sin haust i Kalimantan, og be om at kyrkjene i dette området må bli fylte og forvandla av Den Heilage Ande, sett i brann for Jesus og utrusta til teneste for han. 



Dei små sundaøyane er øyrekkja aust for Java. Her er det ikkje mange kristne, men både Vest-Timor og Sumba har vore råka av massive vekkingar. Timor frå 1965-68, og Sumba på 80-talet. Elles er det rå avgudsdyrking blant dei fleste her, inkludert slangetilbeding.

Be om at den elden som ein gong brant så sterkt må blussa opp att, og spreia seg til heile dette området og bli verande som ein permanent vekking som driv bort alt djevelsk og dreg eit frigjort folk inn i Guds rike. Amen! 





torsdag 8. juli 2021

Indonesia dag 3. Sumatra

 


Sumatra er støtt og stadig utsett for naturkatastrofar som tek mange menneskeliv. Indonesia er midt i verdas mest aktive vulkan og jordskjelvområde, og me hugsar alle tsunamien i 2004 som kravde 200 000 liv på Sumatra, dei fleste i Aceh-provinsen. 

Be om at styresmaktene i langt større grad enn før lagar gode reglar for korleis hus og infrastruktur skal byggjast i dette området ut frå kva som kan og vil skje. 

Dei 3,5 millionar menneska i Acehprovinsen er strenge muslimar som ser det som si oppgåve å spreia og reinsa religionen over heile landet. Det har imidlertid vore mykje uro og borgarkrig i provinsen, og den siste fredsavtalen med regjeringa vart underteikna i 2005. Det nye testamentet på Acehspråket vart lansert i 1992. 

Be om at freden skal festa seg i provinsen, og at menneska der skal begynna å opna seg for evangeliet om Jesus slik at dei kan bli frelst. 

Det er mange unådde folkegrupper på Sumatra som Gayo, Tamiang, Mandaling, Rejang og mange andre.

Be om at Gud skal driva arbeidsfolk ut til sin haust i desse folkeslaga. 

Kjelde; Operation World

tirsdag 6. juli 2021

Dagens unådde folkeslag: Darzi i Bangladesh


Populasjon: 16000
Religion: Islam
0,0% kristne
Språk: Bengali, som også er eit bibelspråk

Darzifolket var kjende over heile Bengalen for å vera svært dugande skreddarar. Dei hadde sein sentral posisjon i lokalmiljøa sine. Men no er dette historie. Fabrikkane har overteke, og darzi har måtta søka andre karrierevegar. Dei er vanskelege å nå med evangeliet. Leiarane deira pumpar dei fulle me "informasjon" om at Bibelen er forandra gjennom historia og lite til å stola på osv. 

Herre Jesus! Du er den einaste vegen til Gud, også for darzifolket. Aus Anden din ut over dei slik at dei forstår at dei ikkje kan bli rettferdige for Gud gjennom lovgjerningar, berre ved å tru på deg som oppfylte lova på deira vegner, og som døydde for deira mange synder. Må det etablerast ei levande og synleg darzikyrkje prega av Den Heilage Andens kraft. Amen! 


Kjelde: joshuaproject.org


Indonesia. Dag 2

 

  • Mange områder i Indonesia som Nord-Sulawesi, Nord-Sumatra, Vest-Timor og Molukkane, har vore kristne i mange hundre år. Mange kyrkjelydar manglar åndeleg liv. Dei kjempar med umoral, splitting og okkultisme. Be om vekking i desse gamle kyrkjene. 
  • Pga rask vekst i mange karismatiske og pentekostael kyrkjer er det eit behov for mange nye mogne leiarar som kan disippelgjera dei nye kristne.  Be om det. Be også om nye åndsfriske leiarar til dei kyrkjene som er i ferd med å døy. 
  • Nye truande med muslimsk bakgrunn er ofte utsette for forfølging, og mange vert utstøytte frå familiane sine og frå lokalsamfunna der dei bur. Ofte er det vanskeleg for dei også å passa inn i kyrkjene og den kristne kulturen. Be om at heile familiar må koma til Kristus slik at dei kan følgja han innafor si eiga kulturelle rame. 
Kjelde: Operation World

mandag 5. juli 2021

Dagens nasjon: Indonesia

 


Indonesia er med sine 276 361 788 innbyggjarar  verdas mest folkerike muslimske nasjon. 80,7% er muslimar. 5,6% er evangeliske kristne. Men islam er ofte eit ytre ferniss hos indonesarane. På djupet er dei animistar, og okkulte fenomen er vanlege, noko som er godt skildra i Kurt Koch si bok "Vekkelsen i Indonesia" der han skriv om dei veldige tinga Gud gjorde på desse øyane på 1960-talet. Ganske jamnleg har Gud gjesta Indonesia med vekkingar  med ein kvalitet som me elles berre finn parallellar til i Apostelgjerningane. 


Takk Gud for alt det Gud har gjort i Indonesia, det han faktisk gjer i dag og alt han kjem til å gjera, og be om at dette landet må finna seg totalt bada i Guds mektige lys, og at evangeliet om Jesus må trenga gjennom til alle områder i landet som no ligg i islams djupe skugge. 

Den siste tida har styresmaktene starta tvangsevakuering av 8 millionar menneske frå Java og Bali til Kalimantan, Sumatra, Sulawesi og Vest-Papua, der det skal vera betre plass til folk. Dette har ført til sterke spenningar mellom folkegrupper. Ein risikabel operasjon, og ut frå eit menneskerettsperspektiv ganske tvilsam. Resultatet er at urfolk etterkvart vert minoritetar i sine eigne områder, og nokre kallar det som skjer som ein langsam etnisk reinsing (genocide). 

Be om at denne galskapen må føra til ny spreiing av evangeliet. 

I samband med det som no skjer har 500 000 kristne mista landområder og eigedomar til muslimske innflyttarar. Det har skapt bitre kjensler som har hindra dei i å dela evangeliet med innflyttarane. 

Be om lækjedom for hjarto, og be om at dei kristne må sjå på innflyttarane som ei misjonsmark, og at dei skal få nåde til å elska fiendane sine. Be om at Gud skal demonstrera sin omsorg og truskap mot barna sine og erstatta tapet dei har lidd. 

Indonesia består av 17500 øyar, og det vert snakka totalt 755 ulike språk i dette landet.

Be om at det skal setjast i gong bibeloversettingsprosjekt i alle dei språka som enno ikkje er dekka inn. 

Mektige okkulte krefter opponerer mot evangeliet samstundes som muslimane vil eliminera kristendomen sin innflytelse på folk og samfunn.

Be om at Andens kraft skal vera over kyrkja på ein slik måte at motkreftene må gje tapt.

Ein snikande islamisering av Indonesia er i ferd med å erodera relgionsfridomen og med det demokratiet. 

Be om at dette ikkje må stoppa spreiinga av evangeliet

Heilt sidan 1996 har det vokse fram ein sterk visjon om å evangelisera dei unådde folkeslaga (dvs 100 millionar menneske), og det har vore, og er,  ein sterk vekst i kyrkjelydane sitt misjonsprogram. 

Be om at misjonsvisjonen skal vera levande i kyrkjelydane og retningsgjevande for korleis dei legg opp arbeidet sitt. 

1/3 av befolkninga er under 18 år.

Be om at det skal veksa fram gode og kreative disippelgjeringsprogram for unge menneske. 

kjelde: operationworld.org





søndag 4. juli 2021

Dagens unådde folkeslag: Queyu i Kina



Populasjon: 11000
Lokalisering: Sichuan
Dei er buddhistar med røtene sine i Tibet
Etter å ha ytt motstand mot Kinas såkalla frigjerningshær i 1955, vart klostera deira bomba, og dei har dei vore utsett for mange overgrep og mykje undertrykking.
Dei snakkar sitt eige språk, og NT føreligg som lydfil på Queyu.

Gode Herre! Me ber i dag om frelse for queyufolket i Kina. Me ber om at nokre av dine mange kinesiske vitner skal bli merksam på denne folkegruppa, oppsøka dei, bu saman med dei, elska dei, lysa for dei og dela ditt evangelium med dei. Må det bli etablert ei levande, lovsyngande, kulturelt relevant og erobrande queyu-kyrkje i Kina. Me ber om det i Jesu namn, amen!

Kjelde: www.joshuaproject.org

Kinesisk pastorfamilie innestengt i sitt eige husvære

 I Sichuanprovinsen i Kina finn me Early Rain Church som har vore kraftig forfølgd av styresmaktene dei to siste åra. Kyrkja deira er blitt stengt, og pastor Wang er dømt til mange års fengsel. Kyrkjelyden er blitt tvinga til å gå «under jorda» og samlast heime hos kvarandre. Den 4.juni vart av den grunn  pastor Wu Wuqing, kona hans Xiong Meifang og barna deira innestengde i sitt eige husvære. Alle utgangar er sperra, og politifolk held vakt for å sikra at dei ikkje kan koma seg ut. Mat blir ført inn til dei via ein naudutgang.

Kjære Jesus! Du ser alle overgrep og all tvang som kyrkja di i Kina er utsett for. No ber me om at beleiringa av denne familien skal ta slutt, og at dei skal få koma seg ut i frisk luft. Takk for at ingen kan stenga deg ute frå leiligheten deira, og me ber om at du skal styrka og trøysta dei med ditt nærvær og ditt gode ord. Amen!

Kjelde: Voice of the Martyrs.  


Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...