mandag 16. juni 2014

Malayfolket i Nord-Sumatra

Malay, Sumatera Utara in Indonesia
Malayfolket bur på nordaustkysten av Sumatra, og er fiskarar. I følgje joshuaproject.org tel dei vel 2 millionar menneske. Dei er i namnet muslimar, men i røynda animistar. Dei tel i følgje joshuaproject.net vel 2 millionar menneske. Språket deira er malay. Ein reknar med at 0,05% er kristne, men ingen evangeliske. Malayane lever i klansamfunn. Vanlegvis er menneska i slike samfunn solidariske med kvarandre, men ikkje naudsynleg med folk utanfor klanen. Bibelen er tilgjengeleg på malay.

Bøn:
Herre Jesus Kristus! Må malayane nord på Sumatra bli kjent med deg og den djupe kjærleiken du har både til dei  og alle andre menneske. Syn deg for dei, og openberra di makt og di kraft for dei. Fri dei frå vonde ånder som styrer liva deira og som isolerer dei frå evangeleit. Send dine trufaste tenarar til dei for å tenna ditt lys i det åndelege mørkret dei lever i. Må di sanning setja dei fri. Gje dei den trua som frelser, gjer dei til Guds barn og gje dei Den heilage ande. Må den nye tida omsider også koma til malayane i Nord-Sumatra, di kyrkja bli grunnlagt mellom dei og må det bli ein god kontingent av malayfolket i den nye verda som du skal skapa i enden av denne tidsalder. Velsign dei i ditt eige namn. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...