fredag 20. juni 2014

Dagens unådde: Lifolket i Kina


Lifolket bur på øya Hainan sør for fastlands-Kina, aust for Vietnam Dei er urfolket på øya og tel i følgje joshuaproject.net 685000 menneske. Dei trur på høgguden Pa-Thung. Han er god, men lever på ein utilgjengeleg plass, og statthaldarane hans på jorda er djevlar som påfører folket ulukker og skade. Dei dyrkar også forfedrane, og brukar mykje energi på å blidgjera desse. Mellom anna lagar dei utskorne figurar som dei plasserer forfedrane sine hovudskallar inntil slik at dei avdødes ånder skal flytta inn i den utskorne figuren før dei tek han inn i huset der dei ber fram offer for han. Ingen deler av bibelen er tilgjengeleg på Hlaispråket. Berre nokre deler av NT er spelt inn på band.Det finst nokre li-kyrkjer, men dei er prega av synkretisme og kultar.

Bøn:
Herre Jesus! Løys Li-folket frå dei åndene som bind dei fast til djevelen og til det mørkret som er rundt han. Send Guds ord til dei, skap tru på Jesus i hjarto deira, frels dei inn i ditt rike og grunnlegg di kyrkje i dette folket. Me ber for dei få truande i folket at dei skal bli reinsa frå synd og løgn, halda tett saman, leva nær til deg og få god tilgang på Guds ord.  Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...