lørdag 27. september 2014

Komeringfolket i Indonesia


Komeringfolket held til langs Komeringelva djupt inne i Sumatra. Dei tel i følgje josuhaproject.net 593 000 menneske. Komeringfolket er i hovudsak risbønder. 99,9% av dei er muslimar, men dei blandar mykje animisme inn i trua si. 0,06% er kristne, og berre 0.02% evangeliske, dvs 120 personar. Komeringfolket snakkar ein språk som er i slekt med malayisk. Dei har ulike dialektar, men alle meistrar også indonesisk. Det føreligg ikkje noko bibeloversetting til komeringspråket, men Jesusfilmen er dubba, og elles er det nokre bibeltekstar som er innleste på lydspor.

Kjære Jesus! Din kjærleik til komeringfolket går langt utover det som me kan forstå, og din død var også til soning for deira synder. Driv arbeidarar ut til din haust mellom dei. Gje dei få disiplane dine i dette folket mot og kraft til å dela ditt evangelium med stammefrendane sine. Send vekking inn mellom dei, må lyset ditt fløyma over dei, må Anden strøyme inn i liva deira som regnvatnet på rismarkene og skapa liv, vekst og ein rik haust. Så ber me om at den dagen skal koma då dette folket stolt opnar sine eigne biblar for å lesa ditt ord på sitt eige hjartespråk. Velsign dette folket på alle vis, må din godleik møta dei i stort og smått og driva dei til omvending. Amen!



fredag 26. september 2014

Pastor Tandin Wangyal risikerer år i fengsel for evangeliet



 
TANDIN WANGYAL
Pastor Tandin Wangyal i Burma som saman med M. B. Thapa, vart arrestert den 5.mars, fekk 10.september den formelle anklagen retta mot seg. Den går ut på at han har motteke pengar frå utlandet for å spreia kristendomen i Bhutan. Han er no ute frå fengsel på kausjon, men kan risikera år i fengsel når saka kjem opp. Thapa fekk for sin del ei bot på 10000 kroner å betala. Pastor Tandin er gift med Nengboi, og dei har 3 mindreårige søner.
Far! Me ber om styrke for Tandin og Nengboi i denne tida. Må rettferda sigra når saka deira skal takast opp til doms. Gje dei i Jesu namn alt dei treng for liva sine, og hjelp dei å ha ditt perspektiv på lidinga dei er utsette for. Gje dei nåde til å leggja alle suter over på deg i påkalling, bøn og med takk. Me ber også om stor framgang for evangeliet i Bhutan, og at Thapa ikkje skal missa motet i tenesta. Amen!
kjelde: www.persecution.net

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...