tirsdag 17. juni 2014

Dagens unådde frå joshuaproject.net: Foodofolket i Benin

Foodo in Benin
Foodofolket kjem opprinneleg frå Ghana, men emigrerte til Benin for 300 år sidan. Der bur det i dag 38600 av dei. Dei er eit svært venleg folk som dyrkar Allah, men analfabetismen er høg og kunnskapsnivået lågt. Sjølv om dei er sunnimuslimar, er det mykje animisme blanda opp i tru og liv. Foodofolket er stolte av språket sitt, og set mykje inn på å behalda det upåverka av andre språk. Til det vil dei trenga ordbøker, grammatisering og alfabetisering, og uttrykker ønske om at kompetente menneske skal koma til dei og hjelpa dei med gjera den jobben.

Bøn:
Herre Jesus! Du har forma foodofolket i Benin på ein vakker måte. Me ber om at bibeloversetjarar skal busetja seg saman med dei og gje dei den lese og skrivkunnskapen dei lengtar etter, og at ditt gode rike skal koma til dei med evangeliet om Jesus Kristus. Må foodoane læra seg å tru på Jesus og elska han over alle ting. Må løgnene i islam og tradisjonell religion bli avslørte for dei, slik at dei grip sanninga i Jesus. Må Andens kraft og godleik fløyma over dei, og me ber spesielt at nokre av dei respekterte leiarane deira skal bli gripne av evangeliet, og at under og teikn skal skje mellom dei i ditt dyrebare namn. Amen! 

Foodo in Benin

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...