Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 13. juni 2014
Dagens unådde: Oromofolket i Etiopia
Oromofolket, som tel over 3 millionar menneske, er inndelte i mange stammer.Dei er ei sentral folkegruppe i Etiopia. Saman med tigrai og amhara har dei kontroll over regjeringa og hæren. Dei har tradisjonelt vore berykta krigarar som set si ære i å nedkjempa fiendar, men intent er det viktig å halda saman og støtta kvarandre. Det finst ikkje noko alternativ til dette. Oromofolket er muslimar, og me veit berre om ytterst få truande kristne.
Bøn:
Herre Jesus Kristus! Di hand er ikkje for kort til å frelsa, og øyra ditt ikkje for tunghøyrt til å høyra. Du når ut til dei som er lengst borte, og let di dør stå vidopen også for oromofolket. Send din Ande og ditt ord til dei, og kall dei inn i ditt rike. Løys dei frå islams makt og løgner, overskyll dei med ditt lys og din gode nåde. Erstatt steinhjarto deira med levande hjarte som elskar Gud og nesten. Må under og teikn skje mellom dei slik at dei får ein djup forståing for at du er den sanne Gud, Herre og herrane og konge over kongane på jorda. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar