mandag 16. juni 2014

Honduras

A map of Honduras class=
Honduras har eit folketal på vel 7 millionar. Dei fleste av dei er katolikkar, men så mange som 1,7 million er evangeliske kristne, og veksten her er enorm, 4,4% årleg. Dette kjem i stor grad av at den romersk katolske kyrkja i stor grad er prega av nomenalisme og heidenskap. Dei Jesustruande strøymer over til protestantiske kyrkjer. Desse slit på si side  fælt med einskapen, og er splitta opp i mange, mange små fraksjonar. Hondurianarane er spansktalande, men det er 13 språk representerte i landet.

Bøn:
Gode Far! Må du la din Ande feia over Honduras som ein mektig vind. Blås bort alt stort og stolt som resier seg mot den reine kunnskapen om Kristus, den einaste som kan frelsa og lækja våre sjeler. Må vekkjinga ta tak i kyrkja i Honduras og brenna bort alt som er menneskeverk, og driva bort alt av demonisk karakter. Møt menneska i dette landet med kallet til omvending og tru, og lat dei bli atterfødde til Guds barn ved nådens milde bris. Løys folket frå syndas makt, anten dei er bundne til korrupsjon, bedrageri, mafiaverksemd, brutalitet, grov vinningskriminalitet, trolldom eller hor og utruskap. Må det kristne ekteskapet bli den einaste legitime samlivsform i Honduras, og må alle barn få leva opp i varme og trygge heimar der mor og far elskar kvarandre og tek vare på kvarandre med stor iver. Reins denne nasjonen for all vondskap og urett i Jesu Kristi namn! Amen!


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...