Kerala er etter det tradisjonen fortel den plassen der apostelen Tomas kom for å forkynna evangeliet. I alle fall, den kristne kyrkja i Kerala har gamle røter, og dei syriskortodokse kallar seg likefram for Tomaskristne. Dei fleste i denne kyrkja lever introvert, og er vorten ein akseptert del av det hinduistiske kastesystemet. Dei har tilpassa seg. Nokre få av dei bryt ut for å forkynna evangeliet på tvers av grupper og kastar. I tillegg har det dei siste åra vakse fram mange uavhengige evangeliske kyrkjer som ivrar for misjon og evangelisering (det er forresten djup mistru og spenning mellom dei gamle kyrkjene og dei nye). Sidan det kristne innslaget i Kerala er så sterkt, det er snakk om over 19% av befolkninga, er dei 36 millionane som bur der velutdanna. 90% kan lesa og skriva. Kerala er ein framgangsrik stat i India. Dei siste åra har store mengder kastelause, dalitar, strøymt til Kristus. Likeverd-idealet i pinsekyrkjene dreg dei gjerne dit. Når dei vert frelst går dei frå å vera mindre verd enn hundar, til å bli Guds kongsbarn og arvingar til himmelriket. Det er litt av eit sprang i status.
Trass i framgang for evangeliet, er det mange avgudar å sjå i Kerala, og trykket frå demontilbeding er massivt. Her trengst det også bøn.
Bøn:
Takk Herre Jesus for at du bøyer deg ned og tek deg av dalitane i Kerala. Du løftar dei opp og gjev dei sete mellom stormenn. Me elskar deg Jesus, og din kjærleik gjev oss den høgaste status av alle: Guds barn av nåde. Må alle i Kerala forstå dette, slik at dei gjev slepp på alt dei i dag synest er stort og viktig, for å vinna det som langt større er: ei evig rettferd og barnekår hos Gud. Så ber me om vekking og fornying mellom dei Tomaskristne, og einskap og sann brorskjærleik mellom alle kristne i Kerala.
Må dei stå saman i kampen for evangeliet både i heimstaten og i resten av India. Må alle kristne i Kerala få oppleva Andens kraft i liva sine, slik at dei brenn for Jesus og sjelers frelse, og går ut som èin hær for å vinna menneska for Jesus og fordriva djevelen frå liva deira. Amen!
|
Kerala har vakre strender og ein frodig og storarta natur. Skogar, høgder og dalar |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar