fredag 27. november 2020

27.november 2020

I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for pakistanske Arzoo Raja som vart kidnappa, tvangskonvertert til islam og tvangsgifta med ein muslimsk mann. 

 https://drive.google.com/file/d/1B_s_qJvKNB7OUqeyMfJmjePCDc9Ry3wx/view?usp=sharing

mandag 2. november 2020

Dagens unådde folkeslag: Aimaq i Afghanistan


Aimaq

Folketal: 1 595 000.

Religion: Islam 

Kristne: 0,0%

Språk: Aimaq. Ingen deler av Bibelen er omsett til aimaq.

Frå gamle tider har Aimaq levde i eit område som strekker seg frå nordaust i Iran til dei sentrale delane av Afghanistan. Dei lever som seminomadar, og har vore kjent og frykta som store krigarar. Grunneininga i samfunnet deira er familien, og lojalitetsbanda er sterke. Dette er jo bra, men skaper også ein høg barrierar for dei som vil overgje liva sine til Jesus. 

Gode Herre Jesus! Aimaqfolket lever i mørket, fjernt frå deg og himmelen. Me ber om at tida utan kunnskap no skal ta slutt, at du sender arbeidarar til dei for å læra språket deira, oversetja Bibelen for dei og fortelja dei om deg og om rikdomen i deg. Me ber om at dette folket skal bli frelst frå sine synder, frå døden og djevelens makt, og ved trua på deg bli rettferdiggjort og få evig liv, og eit fast og sikkert håp for evigheten. Velsign aimaqfolket med ditt namn i ditt namn. Amen!


fredag 7. august 2020

Martyrkyrkja: Nyrestaurert kyrkjebygning konfiskert av styresmaktene i Kazakhstan


Foto: Grace Church via Forum 18.

Kjelde: www.persecution.net

I 2001 kjøpte Grace Presbyterian Church ein eigedom av universitetet i hovudstaden Nor Sultan (tidlegare Astana), og har i åra etter det lagt ned store summar i å restaurera bygningsmassen. No då alt er ferdig, blir det praktisk talt nye kyrkjebygget konfiskert av styresmaktene fordi dei treng han til barnehage. Kyrkjelyden blir tilbode ein økonomisk kompensasjon, men denne dekker på ingen måte utgiftene dei har hatt på rehabiliteringsprosjektet. 

Ei anna kyrkje ni byen, Agape Church er kome i same klisteret. Dei fekk godkjent byggjeplanar for litt sidan, og var nett gått i gang med grunnarbeidet, og så kom kontrabeskjed og løyve vart drege attende. 

* Be om at styresmaktene går attende på dei meiningslause vedtaka sitt, og at retten må dømma dei ugyldig dersom sakene må takast så langt. 

*Be om at leiarane i kyrkjelydane må få visdom og ro i forhandlingane med styresmaktene. 

* Be om framgang for evangeliet i Kazakhstan, og at djevelen med alle sine påfunn må bli undertrykt i dette landet.

* Be om at dei kristne må halda ut i forfølging, stå fast ved vedkjenninga av Jesus som Herre, og leva verdig det kallet dei har fått.


onsdag 5. august 2020

Dagens unådde folkeslag: Khatri (muslimsk tradisjon) i Pakistan



Kjelde og foto: www.joshuaproject.net

Dette folket tel 1 138 000 menneske. Dei lever i dei vestlege områda av Punjabprovinsen i landet. 
Khatrifolket er eit høgkastefolk. Dei er framgangsrike forretningsfolk, og barna deira får den beste utdanning som er tilgjengeleg. Khatrikvinnene er kjende for å vera uvanleg vakre. Dei tek trua si yttarst alvorleg om dei er muslimar, hinduar eller tilhøyrer sikhsamfunnet. Punjabi er hovudspråket, men dei snakkar også mange andre lokale språk, så her vil det vera trong for mange bibeloversettingar og for separate kyrkjeplantingar i kvar einaste undergruppe. Ingen kristne i registrerte.

Be om at lyset frå evangeliet snart skal skina for khatrifolket i Pakistan slik at dei kan koma til tru på Jesus og bli frelst.
Be om at Gud skal gjera folket audmjukt slik at dei kan vera mottakelege for hans nåde.
Be om at dei skal vera ærlege og redelege i forretningslivet
Be om at dei skal forstå at dei har fått rikdomane sine til forvaltning, og at dei skal bruka alle dei rike ressursane dei rår over i teneste for andre menneske




Beirut og Libanon

Gode Far i himmelen! Me ber i Jesu namn om at du bergar livet til alle som er livstrugande skada etter eksplosjonen i Beirut i går kveld. Me ber om trøyst for alle som har mista sine næraste i denne forferdelege hendinga. Me ber om fridom og legedom for Libanon, og om at tida for Hizbollah og Iran sin dominans i landet skal vera over. Amen! 

lørdag 18. juli 2020

Irak



Irak dekker det tidlegare Mesopotamia, landet mellom elvane (Eufrat og Tigris)  der kulturen si vogge stod. Her budde sumerarane, babylonarane og assyrarane, folk som la igjen etter seg rike kulturskattar og som kvar på sitt vis var med å forma skriftspråket med bokstavar, og teikn, og som gjennom avanserte irrigasjonsanlegg hadde gjort det mogeleg å dyrka mat over store områder, og slik vart dei rike til å utvikla både kultur og bli ei krigsmakt sterk nok til å etablera dei første verdsrika i historia.  Dette området sine bidrag til den historiske utviklinga er heilt enorm. 

Irak er i dag eit krigsherja og krigstrøytt land med over 40 millionar innbyggjarar. Frå 2014-2018 var store deler av dei nordlege områda under IS-kontroll, dette diabolske regimet som etablerte ein eigen stat i skuggen av borgarkrigen i Syria, og som kunne ekspandera fordi amerikanarane i stor grad hadde forlate området. Sjølv om IS er nedkjempa, er området ei kruttønne, ei tidsinnstilt bombe med eit kurdisk sjølvstyreområde i nord-aust, med Iranske styrkar i Bagdad, med eit mylder av ulike terrorgrupper, nokre shia og nokre sunni. Før krigen braut ut i Irak var det 2 millionar kristne i landet, dei fleste armenske og assyriske med røter attende til den første kristne tid. No er det kanskje 200 000 att. Resten er drepne eller har flykta.

Kjære Far i himmelen! Du er den rette far for alle menneske, og gjennom Jesus har du etablert ein open veg for oss attende til deg. Me ber deg i dag for det som er att av kyrkja i Irak, styrk dei truande, beskytt dei mot djevelens raseri og leid dei ved din Ande. Me ber om at evangeliet om riket skal bli forkynt for irakarar som aldri har fått høyra om Jesus. Takk for at du gjer under i dette landet, for at du openberrar deg for enkeltpersonar gjennom syner og draumar, og takk for dei som trufast deler ditt ord med folk i Irak. Må evangeliet bli trudd og teke imot, og må dette landet bli forvandla av forvandla menneske. Amen!

torsdag 16. juli 2020

Eit kraftig signal til Tyrkias kristne minoritet

Når president Erdogan no har bestemt at Hagia Sofia i Istanbul skal omdannast frå museum til moskè, er det eit kraftig signal til dei ytterst få kristne i landet om at islam er kristendomen knusande overlegen.

Sjølve historia kjenner de no frå media, men eit kort resymè:

Hagia Sofia var i utgangspunktet verdas største kyrkjebygg, sett opp av keisar Justinian I frå 532-537 e.Kr. Kyrkja som ein sentralheilagdom for den ortodokse aust-kyrkja, og Konstantinopel sete for den romerske keisaren.

Då den ottomanske hæren i 1453 erobra Konstantinopel, og omdøypte denne til Istanbul, overtok dei også Hagia Sofia, og dette vart dette markert som islams siger over kristendomen.

Hagia Sofia var moskè frå 1453 til 1927 då landsfader Atatürk, som ville at Tyrkia skulle vera ein sekulær stat, omgjorde bygningen til eit museum slik at den gamle kristne biletprakta igjen kunne gjerast synleg for vestlege turistar.

No er denne tida over. Bileta skal igjen dekkast til, og kristne får avgrensa tilgang til det praktfulle byggverket.

Når no Hagia Sofia på nytt blir ein moskè er det ein muslimsk maktdemonstrasjon, og signalet til dei kristne i landet er utvetydig: Det er islam som gjeld, islam er kristendomen overlegen og kristendomen nederlagsdømt.

Sett i lys av massakrane på armenske og assyriske kristne frå 1915 til 1917 då 3 millionar av dei vart drepne i eit forferdeleg folkemord, er det signalet som Erdogan no sender ut skremmande for alle som trur på Jesus i Tyrkia.

Tyrkia var det første området i verda utanfor Israel der evangeliet om Jesus for alvor slo djupe røter, og var. Dette var kjerneområdet for Paulus sin misjonsinnsats. I år 100 var det etablert kristne kyrkjelydar over heile dette veldig landet.

I år 1900 var 25% av befolkninga medlemmer av kristne kyrkjer. No er det under 1% kristne att i dette store landet. 6000 av dei er protestantiske. No er tyrkiske styresmakter starta på ein prosess der dei utviser kristne misjonærar under påskot av at dei driv med spionasje for framande makter. Særleg gjeld dette amerikanske misjonærar som det er ein del av i landet. Eg har møtt nokre av dei. Flotte folk som har vore i landet lenge, og som snakkar flytande tyrkisk.

Det evangeliske kyrkjene i Tyrkia veks jamnt og trutt. Ein og ein kjem til tru på Jesus gjennom kontakt med kristne som inviterer dei med på gudstenester og sosiale samankomstar. Kvar ny kristen vert grundig disippelgjort. Eg har aldri vore i noko krkje med ei så medviten satsing på disippelskap som det eg såg i Tyrkia då eg besøkte Antalya Evangelical Church i 2017. Imponerande.

Kjære Herre Jesus! Me ber i dag om at du skal styrka alle kristne i Tyrkia,og fylla dei med din fred. Hald motet oppe hos dei slik at dei held fram med å evangelisering og disippelgjering, og så ta det som måtte koma. Hjelp dei å leva nært inn til deg, og me ber om at du også skal ta deg av saka til dei misjonærane som no står i fare for å bli utviste frå landet, i ditt namn. Amen! 

tirsdag 14. juli 2020

Iran



Folketal: 84 923 314 (juli 2020) fordelt på 100 folkegrupper. Hovudstad er Teheran, og elles ser du på kartet over namnet på mange andre store byar i landet. Mange av dei er millionbyar. 

Det er naturlegvis flest persarar i Iran (62%). Men det er også andre store grupper som aserbadsjanarar (22%), tyrkarar, balutsjar, arabarar og sigøynarar.





Offisielt språk er farsi. Totalt blir det snakka 79 språk. Heile Bibelen er omsett til 4, 6 språk har NT medan 7 har deler av Bibelen. Dette er tal frå 2010.

Iran er eit religiøst diktatur styrt av ayatollah Ali Khamenei og eit presteråd.
Dei vert verna av den berykta Revolusjonsgarden som har 350 000 topptrente soldatar under våpen og tilgang til uavgrensa ressursar.

Landet har ein president og eit parlament som ikkje har noko reell makt.

Før 1979 var landet styrt av ein konge, og samfunnet var ganske liberalt. Men den islamske revolusjon i 1979 endra dette radikalt. Då kom ayatollah Khomeini til makta, og etter den tid har Iran vore eit terrorvelde som undertrykkjer si eiga befolkning med alle kjende midlar, og som spreier og finansierer terror over heile Midt-Austen. Dei står bak Hizbollah i Libanon, Hamas i Gaza, Hutumilitsen i Jemen, Islamsk jihad, PKK (det kurdiske kommunistiske parti), det iraksike Da`wah-partiet, den islamske frigjeringshæren i Bahrain, den japanske raude arme og mange andre grupper. Enorme summar går med til iransk terror i utlandet.

Iran hatar Israel, og har sett seg som mål å utsletta den jødiske staten. For å få dette til jobbar dei febrilsk for å skaffa seg atomvåpen, og har i dag utstyr som skulle gjera dei i stand til å klara det.
Iran er pga atomprogrammet sitt underlagt strenge økonomiske restriksjonar frå verdssamfunnet si side. Det hemma den økonomiske utviklinga i landet.

Iran er i hovudsak shiamuslimsk (89%), men arabarane, tyrkarane, nokre aserbadsjanarar og balutsjarane er sunnimuslimar. Det finst små grupper armenske og assyriske kristne i landet. Dei har lov å driva på med sitt, berre dei ikkje evangeliserer. Det er forbode å forretta gudsteneste på farsi.

I det offentlege rom må alle iranarar følgja strenge religiøse reglar. Men på heimebane er dei liberale, og stort sett er dei lut lei islam. Dei føler seg rundlurt av presteskapet som lova gull og grøne skogar før revolusjonen i 1979. Ingenting har dei halde, og fattigdomen spreier seg. Det har ført til massive protestar som er blitt slått ned med våpen av styresmaktene. I sist runde (etter nedskytinga av eit ukrainsk passasjerfly) vart 1500 protestantar skotne og drepne av Revolusjonsgarden sine folk.

Dei siste 30 åra har det vakse fram ei protestantisk undergrunnskyrkje i Iran, og evangeliet om Jesus spreier seg frå kvinne til kvinne og mann til mann med ei stadig aukande kraft. I dag kan det vera så mange som 3 millionar protestantiske kristne i landet. Presteskapet er kjempebekymra, og forfølgjer dei kristne med aukande intensitet. Det er forbode for ein muslim i Iran å konvertera til ei anna tru. Det er apostasi, og skal i prinsippet straffast med døden, men det skjer sjeldan. Aktive konvertittar blir det som regel idømt lange fengselsstraffer.

Etter 1979 har millionvis av iranarar flykta til andre land. Mange av desse er blitt kristne.
Likevel er dødsstraff flittig brukt i Iran mot politiske fangar under påskot av at dei har drive med narkotika. Men bruk av narkotika er vanleg også blant presteskapet. Knapt noko land i verda har større rusproblem enn Iran.

Iran er ille plaga av koronaviruset, og styresmaktene har mista all kontroll. 12829  iranarar har døydd av denne sjukdomen dei siste vekene. Men me må rekna med at mørketala er store her. Truleg er det langt fleire. 

Iran er eit uvanleg vakkert land med eit høgreist folk og ein rik historie som går mange tusen år attende i tid. Mange ting kunne vore skrive om kulturskattar, mattradisjonar og folket sin enorme interesse for poesi osv. Men det er ikkje plass til det her.

  • ·       Det er grunn til å takka Gud for den kristne vekkinga som i dag spreier seg i Iran som eld i tørt gras.
  • ·       Be om at det som skjer berre skal auka i kraft
  • ·       Be om at dei kristne skal ha tilgang til nok biblar og annan kristen litteratur.
  • ·       Be om at dei kristne skal bli verna mot vrang lære. Det er mange unitare kyrkjer i Iran som fornektar Jesu guddom.
  • ·       Be om at Bibelen skal bli ei populær bok i Iran som alle får lyst til å lesa.
  • ·       Be om at Bibelen skal finna sin veg inn i dette landet.
  • ·       Be om at Gud skal verna dei kristne mot  overgrep, og gje dei visdom i møte med styresmakter som berre vil dei vondt.
  • ·       Be om at Gud skal styrkja alle kristne som i dag sit i fengsel, og særleg dei som blir utsette for tortur.
  • ·       Be om at evangeliet må få så stor makt i landet at det blir totalt forvandla frå innsida, og at det muslimske presteskapet også skal bli rivne med av Jesusvekkinga.
  • ·       Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga i landet som gilaki i nord og balutsjarane i sør-aust.
  • ·       Be om at Jesus skal løysa alle med rusproblem som ber han om hjelp.
  • ·       Be om at prestestyret skal falla, og at Revolusjonsgarden skal løysast opp
  • ·       Be om at iranarane skal forstå at jødane er Guds utvalde folk, og at dei blir velsigna om dei velsignar Israel.
  • ·       Be om at iranarane i diaspora (landflyktighet) skal få møte Jesus, ta imot hans som Herre og frelsar i sine liv og få hjarto sine forvandla av evangeliet og Den Heilage Andens kraft.


mandag 13. juli 2020

Khampafolket i Kina - Tibet





Khampafolket tel 1,6 millinonar menneske. Dei lever under harde vilkår i Tibet, og har alltid vore krigerske i lynne. I 1959 leida dei det siste alvorlege opprøret mot den kinesiske okkupasjonen, men vart undertrykt av overmakta.
Religion: Buddhisme
Språk: Tibetansk, som også er eit bibelspråk
Buddhismen er på mange måtar grunnleggjande ulik kristendomen. Synd og tilgjeving for synd er ganske meiningslause uttrykk for ein buddhist.
Den katolske kyrkja prøvde å driva misjon mellom dei på slutten av 1800-talet, men alle misjonærar og kristne vart drepne i 1899.

Gode Gud og Far! Me ber om at du skal velsigna khampafolket med lyset frå din Heilage Ande. Treng gjennom og riv ned alle tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus, og som hindrar dei i å ta imot din nåde. Mjuk opp dei harde hjarto deira, og lat din kjærleik gje dei eit nytt liv. Må dei helga Jesus til konge i liva sine, og læra seg å setja all si von til han og å leva for han med heile seg. Amen!


Indonesia IV - Molukkane

 

Denne øygruppa er markert med lysegrønt på kartet, og Ambon er den største av dei. Frå 1999-2000 vart 20 000 kristne drepne av jihadistar på desse øyane. Spora og såra etter denne forferdelege tida er enno synlege, og kristne og muslimar må by i fråskilte landsbyar. Det tek vare på «freden», men hindrar alt effektivt misjonsarbeid.

·       Be om at det må koma til ei endring, at såra etter valden skal gro og at det skal opprettast normale relasjonar mellom kristne og muslimar.

·       Be om at dei kristne skal få nåde til å elska sine muslimske naboane sine.

Av dei 117 innfødde språka på desse øyane, er NT omsett til 4.  34 er under omsetting. 64 andre språk er så pass store at dei treng omsetting.

·       Be om at det skal skje, og at det skal melda seg mange nye unge menneske som vil vigsla liva sine til denne avgjerande viktige misjonso

fredag 10. juli 2020

India: Kristen mann slått i hel for trua si


Kande Mudu - Photo: Christian Solidarity Worldwide www.csw.org.uk
Kande Modu,
Foto: Christian Solitary Worldwide
Kande Modu (27) frå  den vesle byen Bari i den indiske delstaten Jharkhand, vart kristen saman med kona og svigermora si for fire år sidan.  Den 7. juni vart han brutalt drepen. I lang tid hadde nokre menn krevd av han at han fornekta trua si. Men det var uaktuelt for han. Den 7.juni kom dei på døra til han og gav ordre om at han måtte koma ut. Han ana uråd, og sa til kona si Bindu at ho skulle vera sterk og aldri fornekta Jesus, så sende han henne av garde til ein familie mange kilometer unna der ho kunne vera trygg. 

Kandys kropp vart funnen i ei veggrøft av bror hans same kvelden. Han var så ille tilredt at det var vanskeleg å kjenna han att. Mordet var svært brutalt. Det høyrer med til denne historia at svigermora i 2018 vart gjengvaldteken fordi ho hadde konvertert til den kristne trua. 

I gravferda til Kande Modu ber far til Bindu henne om å gå attende til hinduismen for å sleppa å blir utsett for overgrep. Men Bindu svara faren sin slik: "Eg vil leva og døy for Jesus, men eg vil aldri gå bort frå han."

Kjelde: www.persecution.net
  • Be for Bindu og mor hennar at dei skal få trøyst i sorga etter Kande. 
  • Be om at dei må få styrke til å stå fast i trua på Jesus
  • Be om at mordarane må bli etterforska, stilt for retten og dømde.

Iran: 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon

30. juni og 1. juli vart 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon i byane Teheran og Malayar. Politiet braste inn i eit husmøte i Teheran der det var samla 30 kristne. Fleire av dei vart arresterte. Etter arrestasjonen tok politiet, eller rettare sagt representantar for den berykta revolusjonsgarden, dei med seg til dei respektive buplassane. Nokre av dei var heimehøyrande i provinsen Karaj. Der vart heimane deira gjennopmsøkte for å finna kristen litteratur og studiemateriell. I dag sit ni av dei arresterte framleis i varetekt på ukjent stad.

Parallelt med hendingane i Teheran vart tre kristne arresterte i Malayar, ein by litt lenger vest.

Det syner seg at politiet har hatt ein infiltratør i dette miljøet som har informert om aktivitetane deira.

Kjelde: www.persecution.net

Be om at Gud skal styrkja dei arresterte og halda trua og motet oppe hos dei. 
Be om at dei snarleg skal bli sett fri. 

onsdag 8. juli 2020

Indonesia/Java

What to See in Java, Indonesia | TravelVivi.com

Det bur omlag 140 millionar menneske på Java. 90% er muslimar. 5% er kristne. I hovudstaden Jakarta er det 13% kristne, ofte knytt opp til megakyrkjer. Trass i stor motstand, held kyrkja fram med å veksa år etter år. Særleg blant den kinesiske minoriteten. Over halvparten av dei er no kristne. Folk flest på Java er mottakelege for evangeliet, samstundes med at ein meir fundamentalistisk versjon av islam, santriislam, er i ferd med å få stor makt i samfunnet. Det blir vedteke lover som hindrar kyrkjelydar å byggja seg forsamlingslokaler, og nokre kyrkjer vert endå til rivne fordi eitt eller anna bagatellmessig krav ikkje var innfridd. Det kallast obstruksjon. 

  • Be om at dei truande på Java skal stå fast i Kristus, og bli reinsa og fornya midt i dei trengslene som dei må gå gjennom pga evangeliet. 
  • Be om at islams løgner skal bli avslørte for folk slik at dei strøymer i skarar til Kristus. 
  • Be  om at kyrkjene skal stå tett saman, og at dei truande skal ha ei djup samkjensle og at dei skal vera eitt. 
  • Be om at dei mange store unådde folkegruppene på Java skal bli nådde med evangeliet: Sunda (34m), Pasisir Lor (23,3m), Madura (15m).
  • Magi, hekseri, shamanisme og andre okkulte praksisar er sveært utbreidd på Java. Be om at dei truande skal bli utrusta med nådegåver til av avsløra dei vonde åndene som ofte bur i folk og driva dei ut i Jesu namn. 
  • Be om at nye kristne skal bli fostra og forma av gode mentorar. 

mandag 6. juli 2020

Indonesia II. Sumatra

Sumatra er den nest største øya i Indonesia. Ho er 473 000 km2, betydeleg større enn Noreg i flatemål. Folketalet er rundt 50 millionar. Religion: 87% muslimar, 10% kristne. 2% buddhistar, 1% hinduar.
Indonesia ligg i eit geologisk uroleg område med stadige jordskjelv og vulkanutbrot. Me hugsar vel alle jordskjelvet og tsunamien jula 2004 då 200 000 menneske mista. Særleg vart Acheprovinsen tungt råka.
Sumatra er den største ikkje-evangeliserte øya på jorda. Av dei 49 ulike folkeslaga er 29 heilt unådde, Dei kristne er i hovudsak å finna i tradisjonelt animistiske stammer. Der er hos dei evangeliet har vore forkynt. Muslimane har vore forsømte. Og så er dei ein hake: Dei folkeslaga som har teke imot Jesus, har lett for å falla attende til gamle inngrodde okkulte praksisar, og så prøver dei å kombinera dette med eit kristent liv. Det seier seg sjølv at det ikkje går så bra. 

  • Det er grunn til å takka Gud for dei kristne på Sumatra, og det er grunn til å be om at dei vert bevarte i ei sann tru, og at dei konsekvent seier nei til magi, hekseri og shamanisme. 
  • Be om at kyrkjelydane skal reisa seg, bli utrusta med åndelege gåver og fylte med kraft frå det høge slik at dei ivrige, brennande og uredde vitnar om Jesus for høg og låg. 
  • Be om at achefolket i nord skal bli nådde med evangeliet. Det er 3,5 millionar av dei, og dei er svært stolte og bevisste i si islamske tru, og svært avvisande overfor misjonærar og andre kristne. 
  • Be om at det skal bli starta bibeloversettingsprosjekt i alle språk der det er naudsynt. 
  • Be spesielt også for dei 8 millionane i minangkabau rejang-folket som heldt til vest på øya. NT vart utgjeve på språket deira i 1996. Be om at dei skal oppdaga kva skatt dei har fått seg tildelt, og at dei skal bli ivrige lesarar av Guds ord. 


søndag 5. juli 2020

Indonesia I

Indonesia er med sine nesten 274 millionar menneske verdas mest folkerike muslimske nasjon. Hovudstaden er Jakarta. 83% av befolkninga er muslimsk. 15% er kristne. Vel 5% evangelisk kristne. Landet består av 17500 øyar. Dei største er Borneo, Sumatra, Java, Sulawesi, Ambon, Papua og Timor.  Det er 779 ulike folkegrupper i Indonesia som snakkar 722 svært ulike språk.  Språkrikdomen representerer ei stor misjonsutfordring. Dei fleste folkeslaga i landet må reknast som unådde.

Likevel er Indonesia det landet i verda som dei siste 60-70 åra har sett dei største kristne vekkingane i moderne tid. Gud har berørt nasjonen med uvanleg kraft med det resultat at folk på radikalt vis har vendt om til Gud. Det blir også fortalt om spektakulære mirakel knytt opp til vekkingane.

Men det har også vore døme på skarp forfølging av kristne i landet, noko som toppa seg i tida frå 1999 til 2002 då 3000 kristne vart drepne av jihadistar på Ambon. Liknade åtak har me også vore vitne til på Sulawesi.

Det indonesiske folket er sukke djupt med i okkulte handlingar, og dei enorme åndelege bindingane fører til kraftige konfrontasjonar når evangeliet blir forkynt.


  • Be om at dei truande skal bli utrusta med kraft og autoritet til å setja folk fri frå desse demoniske kreftene. 
Muslimane gjer alt dei kan for å bringa dei kristne til taushet. Dei prøver å skremma dei, gjera livet vanskeleg for dei økonomisk, føra rettssaker mot dei, finna spissfindige juridiske grunnar til å få kyrkjene stengde osv.

  • Be om at dei kristne ikkje skal la seg skremma men frimodig halda fram med å vitna om Jesus, be for folk og gjera gode gjerningar.  
  • Be om at Far skal sørga for barna sine også økonomisk.
I 1996 kom evangeliske kristne frå mange ulike kyrkjer sama og utarbeidde ein sams strategi for å bringa evangeliet ut til dei unådde folkegruppene. Denne einskapen står fast, og dei er i gong med eit imponerande arbeid. Måla deira er i denne generasjonen : 1) Å etablera ei levande og misjonale kyrkje i kvar einaste folkegruppe i landet. 2) Å planta ein levande kyrkjelyd i kvar einaste landsby (45000). 3) Å etablera bønegrupper i kvart einaste nabolag, bønegrupper som er lenka saman i eit nettverk. 

  • Be om at dei nasjonale evangelisk kristne i Indonesia skal lukkast med å evangelisera og disippelgjera alle dei unådde folkegruppene i landet sitt. 
Indonesia har 3 millionar barnearbeidarar som ikkje får høve til å gå på skule slik at dei kan få lagt eit fundament for ei betre framtid. Mange barn og unge må sjåast på som moderne slavar. 

  • Be om at barn og unge må få ivaretatt dei sentrale menneskerettane sine, at dei må få høve til å ta seg utdanning som kan føra dei fram til løna arbeid og ei trygg framtid. Be om at kyrkja skal nå fram til dei der dei er med evangeliet om Jesus. 
I 2019 bestemte regjeringa å tvangsflytta 8 millionar menneske frå Java til Sumatra, Sulawesi og Papua. Grunnen er at Java er overbefolka, og dei ønskjer å avhjelpa dette. Dette har naturlegvis ført til mange protestar, og lokalbefolkninga på Papua har gjort opprør. 

  • Be om at den uretten som folk blir utsette for fører til at evangeliet om Jesus blir gjort kjent der det før har vore ukjent. 

mandag 18. mai 2020

Nasjonaldagsbønn for Noreg

Melderskin i Rosendal


Herre! Me ber for Noreg.
Takk for dette fantastiske landet du har gjeve oss å bu i.
Takk for ein utruleg fin natur, for fridom og sjølvstyre, demokrati og menneskerettar, skule og helsevesen, for enorme naturressursar og mange gode arbeidsplassar.

Lær oss å ta vare på naturen vår slik at me ikkje grisar han til eller forgiftar han på noko vis, og lær oss å verna og halda i hevd den sparsame matjorda me har vår slik at denne ikkje vert fjerna til fordel for vegar og arealkrevjande næringsbygg. Du sjølv seier jo sjølv at «ein klok konge tek vare på jorda.»

Hald handa di over kong Harald og hans hus, dronning Sonja, kronprins Håkon Magnus og kronprinsesse Mette Marit og barna deira. Velsign dei og leid dei på dine vegar.

Me takkar deg for statsminister Erna Solberg. Gje henne styrke, mot, tru, klokskap og rettsinn. Det ber me om også for medarbeidarane hennar i regjeringa, og for alle som som sit på Stortinget. Skap tru i hjarto deira slik at dei ottast deg og lærer seg å henta klokskap og rettleiing frå Bibelen.

Vern alle barn i mors liv mot abort, og lat dei bli anerkjent som sanne mennesker og få definert rett til liv heilt frå dag 1 i svangerskapet.

Vern landet mot all gudlaus ideologi, ikkje-kristen religiøsitet og heidenske levemåtar.
Me ber om at det bibelske ekteskapet mellom kvinne og mann skal definerast som einaste rette samlivsform i Noreg.

Vern barn og unge mot alle former for kjønnsforvirring og seksuell desorientering. .

Me ber om at du skal fornya alle truande ved Den Heilage Ande slik at dei står fram som sanne disiplar av Jesus.

Reis opp kyrkja di i Noreg til å bli eit tydeleg fyrtårn som alle kan orientera seg etter.
Må kyrkjelydane i bygd og by bli gode og varme heimar for alle som ønskjer frelse og fred med Gud.
Må alle kristne leva eit liv som er Kristi evangelium verdig, stå saman i éi ånd og kjempa med eitt sinn for trua på evangeliet.

Me ber om di velsigning over alle verksemder i dette landet som produserer gode varer og tenester, og som sørger for sysselsetting og arbeid for folk. Lat dei lukkast og ha framgang.

Me ber om framtid og håp for alle flyktningar som søkjer tilflukt i landet vårt, og om at Noreg ikkje skal reknast mellom dei nasjonane som vert dømde for å vera hard med dei framande.

lørdag 9. mai 2020

Dagens nasjon: Danmark

Denmark Map

43094 km2

Eit flatt land med store gardsbruk. Danmark er eit moderne demokrati med ein rik historie og kultur. Økonomien er god og baserer seg på landbruk, industri, sjøfart, fiske, litt olje og gass og reiseliv. 

5 869 410 innbyggjarar.

Hovudstad er København.

Danmark vart "kristna" for over 1000 år sidan, og har ei luthersk statskyrkje. 74% av befolkninga er medlemmer i denne kyrkja. 

Men dei siste hundre åra har den kristne trua mista kraftig terreng blant vanlege danskar, og dei er blitt veldig sekulære. 

Men no opnar danskane seg for det åndelege på nytt, men meir for det okkulte enn det kristne. 

Likevel er det ganske mange sterke kristne kyrkjelydar og miljø i dette landet, og dei representerer håpet for nasjonen. 

Dronning Margrethe står fram som ein varm og tydeleg kristen som elskar Jesus, og det er også ein stor ressurs for landet. 

Lenge var Danmark det landet i Europa som var mest ope for innvandring. Men no er dei mellom dei strengaste. Grunnen er nok at innvandrarar som utgjer 4% av befolkninga tek imot 40% av all sosialhjelp. Og bråket rundt Jyllandsposten sine karikaturteikningar av Muhammed i 2006, har vel også bidrege til dette skiftet. 

Også i dette landet mekkar dei lover som går diametralt mot Guds. Det er ein farleg sport. 

Gode Gud! Velsign Danmark. Reis opp kyrkja di på nytt i dette landet, leid henne med ditt ord og fyll henne med din Ande. Gje henne leiarar som lever som gode førebilete for dei truande, som er trufaste mot Bibelen i si undervisning og forkynning og som er i stand til å utrusta dei heilage til all god gjerning. Må ditt folk i Danmark stå fram som hovud og ikkje hale i landet, eit folk som på ein god måte set dagsorden for samfunnsdebatten. 

 

Me ber om ei gjennomgripande nasjonal vekkjing i Danmark, og me takkar deg for alle danskar som lever med deg og for deg, og me ber spesielt om at evangeliet skal finna grobotn i dei muslimske miljøa. Amen! 



Dagens unådde: Rajput Bhatti, India

Kjelde: www.joshuaproject.net

Rajput Bhatti tel 852000 menneske. Dei er hinduar, og lever primært nord i India. Dei meiner seg å vera etterkomarar etter ein Yadu som etablerte eit kongedøme sentralt i India for 500 år sidan. Dei er stolte over sin militære tradisjon. Rajput Bhatti er av høg kaste, dei er godseigarar, handelsfolk, byggmeistrar, vitskapsfolk, dataingeniørar og set i det store og heile godt i det. Det er ikkje ein einaste registrert kristen i dette folket.

Herre! Me ber i dag for Rajput Bhatti. Må det kristne evangelium snarleg nå fram til desse menneska og gje dei frelse ved trua på Jesus. Løys dei frå dei mektige åndsmaktene som dominerer i hinduismen. Tal til dei gjennom draumar og syner, og førebu dei på at nokon av dine tenarar kjem til dei og deler ditt ord med dei. Me ber spesielt om frelse for klanleiarane. Gje dei ei djup forståing for at du er den einaste sanne Gud, at du har skapt dei for at dei skal tilhøyra deg og lova, æra og tena deg, og at du har frelst dei frå deira synder med ditt blod og opna ein veg for dei til Farshuset. Amen! 
Map of Rajput Bhatti (Hindu traditions) in India

lørdag 4. april 2020

Gaurfolket i India


 Tal: 2 939 000.
Religion: Hinduisme
Språk: Hindi
Kristne: 0,0%

Dei fleste lever nord i India. Dei tilhøyrer den nest høgaste brahminarkasten i India. Tradisjonelt er mennene prestar eller lærarar i hinduisme. Nokre frå underkastane dyrkar jorda som høgareståande brahminarar eig. Dei unge frå gaurfolket vert no oppmuntra av foreldra sine til å ta høgare utdanning innan datateknologi, medisin , engineering og offentleg administrasjon. Gaurfolket er ofte stolte over å tilhøyra ein slik høg stand, og denne stoltheiten kan vera ein hindring for at Jesus kan koma til med si frelse i liva deira. Me veit ikkje om nokon av dei som trur på Jesus.

Heilag Ande! Me ber i Jesu namn om at du skal kalla truande til å slå seg ned i samfunn der gaurfolket utgjer majoriteten, og me ber om at du Jesus skal møta desse menneska på ein attraktiv, livsnær, overtydande og kraftfull måte. Gje frelse, Herre, og lat det lukkast. Me veit at det skal grunnleggjast ei levande gaurkyrkje ein gong, og me ber i Jesu namn om at den tida skal vera no. Me minnar deg om ordet frå Malaki 1:11 der det står at namnet ditt skal vera stort i alle nasjonar frå sola står opp og til ho går ned. Amen!



lørdag 28. mars 2020

Kanada






Det bur rundt 38 millionar menneske i Kanada, dei fleste i aust. Elles er jo landet prega av store, djupe skogar der det er sparsamt med folk. Av historiske grunnar er både engelsk og fransk offisielle språk i Kanada. Elles blir det totalt snakka 169 språk i landet, og befolkninga er fordelt på 278 ulike folkegrupper der ein god del av dei tilhøyrer urbefolkninga. 70% av kanadiarane tilhøyrer ei kristen kyrkje. 7,7% er evangeliske kristne, men kristendomen får stadig mindre å seia for den utviklinga me ser i Kanada politisk og kulturelt, og dei siste åra har LHBTQ-rørsla fått skikkeleg vind i segla og sørga for at bibelsk forkynning om seksualitet og seksualliv er blitt karaterisert som «hatsnakk»  og fleire forkynnarar og andre som har hevda at homoseksuell praksis er synd, er blitt dømde og straffa for det.
Det er typisk at med LHBTQ veks det også fram nyreligiøsitet. Slik også i Kanada. Det ser ut til at desse to rørslene har same åndelege kjelde.
Dei tradisjonelle protestantiske kyrkjesamfunna i Kanada har mista krafta si pga liberal teologi. Dei opplever sterk tilbakegang.
Dei fleste kanadiarane tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, men denne  har mista tilliten sin etter avsløringa av alle overgrepa mot barn gjort av prestar og biskopar i teneste, overgrep er forsøkt tildekka etter beste evne. Denne kyrkja  er i djup, djup krise over heile verda.
Likevel skal det seiast at den katolske kyrkja i Kanada har ei sterk karismatisk grein. Ut frå denne har det vakse fram ei fornyingsrørsle som har resultert  ny misjonsinnsats frå dei som er blitt berørte av den Heilage Ande.

Be om at Gud skal gjesta kyrkjene i Kanada på nytt, frelsa dei namnekristne, vekka dei truande til evangelisering, misjon, disippelskap og kyrkjeplanting.
Be om ei ny sterk bønerørsle mellom dei kristne i Kanada, og at dei truande skal vera lys og salt i samfunnet.
Be om at dei truande i Kanada må bli kjende for å vera gode menneske som elskar kvarandre, og som står fremst i rekka når det gjeld å hjelpa og ta vare på folk.
Be om at dei truande får nytt mot til å bli synlege, stå opp for Jesus og Bibelen og forkynna alt det Gud seier om rett og galt sjølv om det kostar.
Be om fornya einskap mellom dei evangelisk kristne (som i år 1900 utgjorde 25% av befolkninga) og ein fornya vilje til å stå saman i å fullføra misjonsoppdraget i landet sitt.
Be om at kyrkjene skal bli velsigna med gode leiarar som formidlar Guds ord, Guds kraft og Guds nærvær til folk, personar gjennomsyra av Kristi kjærleik.

Kanada er det landet i verda som er mest ope for immigrasjon, og har til dels invitert for til å koma.

Be om at kyrkja skal bli i standsett til å nå ut til alle desse ulike gruppene av menneske, og til urbefolkninga i landet.
Be også om at Kanada skal bli velsigna med gode, kloke og rettsindige leiarar. 

Kjelde: Operation World. Lausanne.

Thakkar i India


Thakkar i India tel 578000 menneske. Omtrent alle er hinduar. 0,03% er kristne. Språk: Marathi. Heile Bibelen er omsett til marathi. Thakkar er fattige bønder som for det meste arbeidar på annan manns jord. Dei er gjerne kunstneriske, flinke å teikna, mala og skjera i tre, det gjev litt inntekt, og dei framfører dokketeater av gamle religiøse forteljingar i det fri medan dei tiggar om pengar.

Kjære Herre Jesus! Thakkar lever så langt frå deg som me kan tenkja oss, men du er ikkje langt frå dei. Du bar alle deira synder med deg opp på krossen og betalte full pris for deira liv. No er tida komen då dei skal bli forløyste frå djevelens makt og rike, og me ber om at kyrkja di skal sjå sitt ansvar og nå ut til dei med evangeliet slik at  dei også kan bli frelst og disippelgjort. Velsign familiane. Lat dei få oppleva at du er ein Gud som sørger for dei og lækjer dei når dei er sjuke. Vekk i dei ein hunger etter deg. Styrk dei få kristne i dette folket. Hjelp dei å halda saman i tette fellesskap. Gje dei tilgang til bibelundervisning.  Må Anden vera over dei, og hjelpa dei å leva som sigrande kristne. Amen!


Kjelde: www.joshuaproject.net




lørdag 21. mars 2020

Pakistan: Ny rettshøyring for kidnappa kristen jente 25.mars


Den 14 år gamle Huma Yonus er fødd og oppvaksen i ein kristen heim. Den 10. oktober vart ho kidnappa, køyrd 600 km frå heimen sin, tvangskonvertert til islam og tvangsgifta med ein muslimsk mann. Dette er noko som skjer ofte med kristne jenter i Pakistan, til stor sorg for familiane deira.

Foreldra til Huma Yonus melde saka til politiet, og det vart beramma ei rettshøyring den 4.mars. Jenta sjølv var ikkje til stades i retten denne dagen. Foreldra hennar la fram attestar som prova at Huma var mindreårig. I dette sjuke landet er det ikkje forbode for muslimske menn å kidnappa kristne jenter, men jentene må vera over 18 år før dei har lov å gifta seg med dei.

Etter litt om og men, bestemte domaren seg for å utsetja saka til Huma Yonus til 25.mars, slik at kidnapparane skulle få ein sjanse til å finna prov på at Huma er over 18!!!! Foreldra hennar er djupt fortvila og sinte, og kjenner seg hjelpelause.

Herre Jesus Kristus! Me ber om rettferd for Huma Yonus og foreldra hennar. Må domaren som skal fatta avgjer i denne saka syna seg som ein rettskaffen mann og beordra jenta heim att. Og me ber om at kidnapparane hennar skal få ei høveleg straff for å ha frårøva henne fridomen og påført foreldra hennar sorg og fortviling.  Gode Gud! Me ber om at parlamentet i dette landet skal vedta lover som beskyttar kristne jenter mot kidnapping og slike overgrep som dette. Me ber i ditt namn. Amen!

Kjelde: UCA-news og www.persecution.net

fredag 20. mars 2020

Bharfolket i India

Storleik: Nesten 2 millionar menneske. Dei er hinduar og snakkar eit språk kalla bhojpuri. Bhar er heimehøyrande på den store Gangessletta i nord, klodens minst evangeliserte område. Bharfolket har ein lang historisk konflikt med rajputfolket som er muslimsk. Denne kampen vann muslimane, og bharfolket jobbar i dag stort sett som landarbeidarar på jorda til rike muslimske godseigarar. Det er så langt me veit ingen av dei som kjenner Jesus.

Herre Jesus Kristus! Du kjenner dette folket betre enn nokon annan, og no er tida komen då du vil innlemma dei i ditt evige rike. Me ber om at kyrkja i India skal setja inn ein massiv misjonsinnsats retta mot bharfolket. Aus Anden over dei og samla dei om ditt dyrebare ord. Gje dei frelse frå synd og sorg, og frå den store undertrykkjaren. Me ser for oss ei blomstrande og fruktbar bharkyrkje som veks fram på Gangessletta til glede, frelse og velsigning også for mange andre folkeslag i dette området. Me ber i ditt namn. Amen! 

Kjelde: www.joshuaproject.net


tirsdag 17. mars 2020

Brasil


Landet har 212 millionar innbyggjarar fordelt på 310 folkegrupper som snakkar 193 ulike språk. Hovudspråket er portugisisk. 91,4% av befolkninga er kristne. 26% evangeliske. Resten romersk katolske.

I Brasil er det ein enorm avstand mellom fattige og rike.

Be om ei kristen vekking mellom dei rike og privilegerte i samfunnet slik at desse tek ansvar for at dei fattige får betre kår,  og at barna i slummen får forsvarleg skulegang.

Tredjeparten av innbyggjarane i Sao Paulo og Rio de Janeiro lever i favelaer, lutfattige slumområder prega av kriminalitet, mafiaverksemd og rus.

Be om at Jesus skal demonstrera sin stordom i desse områda, senda inn modige og kloke vitner som kan planta levande og kraftfulle kyrkjelydar der. Be om at favelaene skal bli fylte av levande kristne som pregar desse samfunna med Kristi kjærleik og Andens kraft, slik at folka der blir frelst frå sine synder, løyst frå djevelens makt og løfta opp sosialt, politisk og kulturelt.

Brasil har 8 millionar barn som lever i risikosonen, 7 millionar barnearbeidarar og 600 000 jenter som lever i prostitusjon. Millionvis av barn lever på gata i det djupaste elende

Be om at Gud i Jesu namn skal setja ein stoppar for all vondsinna utnytting av barn, og at han skal verna dei barna som er i faresonen for å bli utnytta, hamna på gata eller i prostitusjon.

Mange kyrkjer tek no tak i denne nauda og gjev barn utdanning og eit fundament å byggja liva sine på.

Be om at dei må lukkast i dette arbeidet og sakte men sikkert skapa trygge gode tilhøve for alle barn i Brasil.
Be om at det skal vedtakast effektive lover mot all utnytting av barn, og om at alle vaksne som utnyttar barn til eigen fordel skal bli rettsforfølgde og straffa for ugjerningane sine.

Brasil ligg på andre plass i verda når det gjeld misbruk av narkotika, det vert utført i gjennonsnitt 170 mord per dag. Korrupsjon føregår på alle nivå, fengsla er overbefolka og ekstremt valdelege.

Be om at Gud for alvor skal bryta gjennom i dette samfunnet og spreia det tette mørkret som er å finna over alt.
Jesus er verdas lys. Be om at hans lys skal stråla over landet og inn i menneskehjarto og gjera syndarar til disiplar.

Menneska i Brasil er åndeleg vidopne. Dette har skapt stor kyrkjevekst for dei evangeliske, men mange brasilianarar har sukke langt ned i spiritismen si hengemyr.

Takk Gud for massiv kyrkjevekst, og be om at det skal plantast nye kyrkjelydar over alt i dette enorme landet.
Be om at Jesus skal sigra over djevelen i folks liv, kalla dei til omvending frå spiritisme og svartekunster, og løysa dei frå desse destruktive kreftene.

Det er ein stor mangel på prestar, pastorar og kristne leiarar i det heile.

Be Gud om at han må kalla unge menn til leiarskap i si kyrkje, og be om at dei skal få adekvat utdanning og opplæring slik at dei kan disippelgjera folka sine.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...