fredag 30. november 2018

Kenya: Abdul Abuk Bakr og familien er nye kristne, og blir jaga av lokale muslimar

A boy sillhouetted against a sunset - Photo: Unsplash / Steve Wafula

Etter at ein familie i den vesle byen Garsen i Kenya tidlegare denne månaden kom til tru på Jesus, begynte dei å motta trugsmål frå muslimane i området. I følgje Abdul Abuk-Bakr, fekk dei ein dag eller to til anten å fornekta trua si, eller smaka alvorlege konsekvensar.



Det starta slik: Abdul hadde kjempa med ein alvorleg sjukdom i to månader, og ingen lege kunne hjelpa han. Etter å ha høyrt om situasjonen, kom ein kristen pastor for å be for han, og Abdul vart straks fullstendig lækt.

Neste dag bestemte Abdul og heile familien hans at dei ville tru på Jesus, og kyrkja tok imot dei med glede. Nyheiten om deira omvending spreidde seg raskt, og alt same dag fekk dei trugsmål om at dersom dei ikkje vil venda attende til islam, ville dei bli fråtekne huset og jorda dei leigde.

Men dei nekta å sei frå seg trua på Jesus, og to dagar seinare søkte familien tilflukt i ei kyrkje. Etter kvart vart det bestemt at barna skulle plasserast i ein såkalla «good Samaritan`s home», medan faren og mora flyttar frå den ein kristne heimen til den andre. Abdul seier: «Sjølv om barna treng vår kjærleik, er det viktigare at dei er trygge. Me treng at mange ber for oss slik at me kan bli ståande faste i trua og i freden som kjem frå Gud.»

Takk, gode Gud for Abdul og hans familie, for at dei no trur på deg og har gjeve liva sine til Jesus. Bevar dei i den kristne trua, og frels dei frå det vonde. Må di velsigning følgja dei. Så ber eg om at du må opna augo til dei som står evangeliet imot slik at dei forstår at Jesus lever, og at dei med sine vonde planar utfordrar himmelens Gud. Må dei falle ned for føtene dine og til di ære sanna at Jesus Kristus er Herre!

mandag 5. november 2018

Sri Lanka

I dag ber me for Sri Lanka. Landet har rundt 20 millionar innbyggjarar som bur på 65000 km2 landområde. Folkegrupper: 76% singalesarar , 14,3 % tamilar, 8,3% arabiske maurarar.
Offisielle språk: Singalesisk,  tamilsk og engelsk. Totalt blir det snakka 7 språk i landet, tre utan bibeloversetjing.

Økonomien er knytta til turisme, klesproduksjon og dyrking og eksport av te.
Historie: Etter 450 år under europeiske koloniherrar, vart landet fritt i 1948.

Frå 1983 til 2009 vart det utkjempa ein blodig krig mellom regjeringsstyrkane og dei "tamilske tigrane" som slost for tamilsk sjølvstende i nord-vest. 100 000 mista livet i denne krigen. 900 000 tamilar flykta frå landet. Mange er å finna i Noreg.

Religion: 70,2% er buddhistar, 14% hinduistar, vel 8% muslimar og omtrent like mange kristne (dei fleste katolikkar), 1,2% er evangelikale. Desse veks 12 gonger så fort som folketalet.

Bøneemne:

  • Be om at Gud lækjer alle sår etter borgarkrigen, og at forsoning skal vera mogeleg mellom singalesarar og tamilar.
  • Be om at landet må få ei regjering som jobbar for openheit og rett representasjon i dei politiske organa. 
  • Korrupsjon og nepotisme pregar det poltiske livet. Be om at dette må ta slutt. 
  • Barneprostitusjon, jenteabortar og sexturisme er utbreidd. Be om at dette må avnormaliserast, bli påtalt og straffa. 
  • 700 000 kvinner jobbar utanlands. Dei blir ofte både utnytta og misbrukte. Be om økonomisk utvikling slik at det må bli nok jobbar i heimeområda deira.  
  • Alkoholisme, narkotikamisbruk, sjølvmord og vald er omfattande problem. Be om at Gud skal fri folket frå djevelens makt og løgner. 
  • Be om at Guds ord skal gå sin sigersgang over heile landet.
  • Be om at kyrkjelydane skal vera godt fungerande som familiar og disippelskular for medlemmene. Ofte vert det lagt større vekt på å vinna folk for Kristus enn å disippelgjera dei. 
  • Be om at kyrkja skal bli utrusta med kraft frå det høge, og at under og teikn og mektige gjerninar skal skje når dei samlast i Jesu namn. 
  • Be om at dei kristne skal vera fulle av frimot og glede i trua. 
  • Forfølging av dei kristne kjem i bølgjer. Be Gud om å halda oppsyn med fienden og alle hans planar, og at dei kristne skal ha god toleevne. 







søndag 4. november 2018

Sju koptiske kristne drepne i Egypt

Relatives react during the funeral of one of the people killed after a bus carrying Coptic Christians was attacked in Egypt’s southern Minya province.
Familiemedlemmer gret over sine døde. Foto: STR/EPA

Fredag 2. november gjekk væpna menn til åtak på 3 bussar som skulle frakta kristne koptarar til St Samuel Bekjennaren sitt kloster i Minaprovinsen i Egypt. Sju at dei truande vart drepne, 19 er i følgje The Guardian alvorleg skada, og det er venta at dødstala vil auka. Seks av dei drepne var frå same familie. IS på Sinai har påteke seg ansvar for udåden som dei rettferdiggjer som ein hemnaksjon. I mai 2017 vart 30 kristne drepne i eit liknande åtak. 

Herre Jesus! Det skjer heile tida. Kristne vert drepne fordi dei er kristne. Gje dei attlevande trøyst i sorga over tapte familiemedlemmer, og lat lyset frå di oppstoda fylla hjarto deira med håp og glede midt i smerten. Og så må me be om at det må bli ein slutt på desse drapa. Send englane dine ut for å tukta valdsmennene og ta makta frå dei, det ber me om i ditt eige namn. Amen!

Utreiseforbod for Asia Bibi

PROTESTER: En tilhenger av det religiøse partiet Ahle Sunnat Wal Jamaat (ASWJ) holder et bilde av Asia Bibi i en demonstrasjon etter høyesteretts avgjørelse om å frikjenne Bibi for blasfemi.

Asia Bibi får ikkje lov til å forlata Pakistan. Radikale muslimar over heile landet har gått berserk fordi den kristne kvinna er blitt frikjent for blasfemi. Dei vil sjå henne hengt uansett.  I eit forsøk på å roa gemyttane har regjeringa bestemt at ho ikkje får lov å forlata landet, og at nokon skal sjå på saka på nytt, kva no det enn måtte bety.

Asia Bibi og familien er no i livsfare. Dei flyttar frå stad til stad og held seg i skjul. Styresmaktene garanterer for tryggleiken deira med vakthald. Situasjonen er uoversiktleg.

Gode Gud og Far! Me går i mot djevelens raseri, og me seier til denne demoniske stormen som har reist seg mot ditt barn: " I Jesu Kristi namn: Ti, og ver stille!" 
Og så ber me om at denne familien skal vera heilt usynleg for fienden framover, og at du, i ditt namn og på din måte, skal ordna med fri utreise frå Pakistan for dei. Amen!

fredag 2. november 2018

Asia Bibi, som var dømt til døden for blasfemi, vart mirakuløst sett fri 31. oktober etter 9 år i pakistansk fengsel.

Pakistans høgsterett frikjende Asia Bibi for blasfemi 31. oktober, etter at ho har sete 9 år i fengsel i Lahore. Situasjonen er no ekstremt farleg, og livet hennar er i fare. Ekstreme muslimar over heile landet står klar til å drepa henne ved første og beste anledning. Ho må ut av Pakistan, og nokon må ta eit serøst ansvar for å få dette gjort fort. Bønneemnene under er utarbeidd av Åpne Dører. Be saman med oss. 

  • Be for Asia Bibi og hennes familie om beskyttelse, og at hun må komme i sikkerhet til et sted der hun og familien kan leve i frihet. 
  • Be om beskyttelse for hennes advokat. Han er redd, og uttaler selv at der er mange som ønsker ham død. 
  • Be for dommerne, som var modige nok til å reise seg for rettferdighet
  • Be om at protestene skal stoppe, og at Gud må gi myndighetene i Pakistan visdom og styrke til å imøtegå ekstremismen i landet.
  • Be for Pakistans kristne denne helgen. Alle er i alarmberedskap. I dag er fredag, og fredagsbønn i moskeene. Be om at de ikke skal bli fyrt opp til vold. Søndag samles de kristne i kirkene - be om beskyttelse for alle gudstjenestene, og at ingen må angripe dem.
  • Be for de kristne om visdom, fred og edruelighet. Der er lite intern  kommunikasjon i landet, og lett for at panikken tar overhånd, selv i små saker. Der er også bensinkrise vanskeligheter med å komme seg rundt. Be om fred i hjertene. «Panikk fører til forvirring. Som skaper kaos, og påvirker dømmekraften også den åndelige, som vi så sårt trenger akkurat nå,» sier en lokal kristen. 
  • Be om at mediene dekker det som skjer på en ansvarlig måte, og ikke på en måte som fører til mer aggresjon og vold.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...