Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
søndag 22. juni 2014
Ei morgonbøn
"Herre Jesus, du døydde for alle, for at dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for deg som døydde og stod opp for dei. Difor vil eg i dag leva for deg åleine, tena deg, æra deg og prisa deg med alt eg er og har. Hjelp meg å sjå deg i alle dei eg møter i dag, familien min, naboane mine og alle dei kristne venene som eg skal feira gudsteneste saman med. Må ditt nærvær følgja meg, må hjarta mitt vera fullt av tru og glede, må din kjærleik vera aust ut i hjarta mitt ved Den heilage ande som du har gjeve meg. Må di kraft fylla meg og strøyma gjennom meg til frelse, velsigning og hjelp for alle som eg møter. Send meg og bruk meg, for ditt namn skuld. Amen!"
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar