torsdag 27. desember 2012

Saeed Abedini

I september 2012 vart den iranskefødde amerikaneren Saeed Abedini (32) arrestert i Iran medan han var på besøk hos familien sin der. Klagemålet er spionasje til fordel for USA. Etter at han konverterte til kristen tru, har han arbeidd aktivt med å hjelpa undergrunnskyrkjer i Iran, og hadde som mål å skaffa midlar til ein barneheim.

Han sit no innesperra i det berykta Evinfengslet i Teheran. Saeed Abedini har familie heime i USA. Kona heiter Naghmeh og jobbar aktivt saman med mannen sin. Dei har to barn saman, ei dotter på 6 og ein son på 4. Det siste han skreiv  til familien i USA var dette (sitert frå Washington Post 24. des. 2012):

Fengslet er ein test. Eg har alltid vore redd for at livsens stormar skulle knusa trusskipet, men når eg står rolig, er stormen som ein mild bris. Ingenting kan knusa trusskipet. Desse veggene har gjeve meg meir lidenskapleg kjærleik for andre ved at eg deler evangeliet med dei, men enno meir, dei har gjort kjærleiken min til Frelsaren djupare. Eg kjenner at mange ber for meg, og eg vonar ein dag å kunna møta kvar av dei andlet til andlet og omfamna dei.

Ved å lesa denne linken: http://www.worldmag.com/2012/12/american_pastor_jailed_in_iran, vil du finna ut meir om Saeed Abedini sin svært spanande historie. 

Bøn:
Herre, gje Saeed Abedini og familien hans den styrken du ser dei treng her og no og i dagane som kjem. Lat Saeed leva til di ære i Evinfengslet, og gjer han til eit klart og varmt lys for medfangar, fangevaktarar og for dei som forhøyrer han slik at dei også kan bli frelste ved trua på deg, og når tida er inne, veit eg at du vil sørga for at han får fridomen attende. Velsign han, Nagmeh og borna deira i ditt eige namn. Amen!









tirsdag 26. juni 2012

Dyulafolket i Elfenbeinskysten


       280 000 menneske
       Muslimar
       Snakkar jula
       NT er tilgjengeleg i tekst og lyd, Jesusfilmen er dubba.
       Djup klanlojalitet
       Å bli kristen innber å tapa alle sosiale rettar.
       Dyula treng opplæring i hygiene, og betra helsetenester. 

 
       Gode Gud! Vekk interessen for Det nye testamentet hos dyulafolket slik at dei les det, og lyttar til det på MP3-spelarar.
       Skap tru på Jesus i hjarto deira.
       Grunnlegg ei levande kyrkje i dette folket, og skap deg eit folk som ærar Jesus og formidlar hans kjærleik, forsoning og kraft til alle i klanen.
       Bryt islams makt over tanke og sinn, og ta einkvar gyldig filosofi hos dei til fange under lydnaden mot Kristus.

onsdag 30. mai 2012

Acehfolket. Sumatra. Indonesia


         4 132 000.
         Bønder og fiskarar
         Strengt sunnimuslimske
         Etter mange års borgarkrig har dei oppnådd ein stor grad av       sjølvstende.
         Aggressive mot evangeliet
         Bibelen tilgjengeleg

 
 
 
 
 
  Herre Jesus, løys Acehfolket frå vantru, fiendskap, sjølvrettferd, løgn og hat. Møt dei i din herlegdom og makt, avslør syndene deira og kall dei til å venda om, bøya kne og sanna til Gud vår Fars ære at det er DU, Jesus Kristus som er Herre. Lær dei å elska deg av heile sitt hjarta, slik at dei legg engasjementet og viljekrafta si ned i spreiinga av evangeliet. Gjer kyrkja di sterk og innflytelesesrik i dette folket, og fyll dei kristne med ei sigrande tru. Amen.

mandag 28. mai 2012

Hausafolket i Nord-Nigeria


Hausafolket tel 25 391 000 menneske.
Islamisert på 1800-talet av fulaniane. 
Hausafolket er mistenksame og fiendtleg innstilt til evangeliet. Dei lever i eit område der det er mykje forfølging av kristne.   
Det er berre eit fåtal kristne hausaer. 
Bibelen er tilgjengeleg på hausaspråket. 

 
Kjære gode Gud! Hjelp alle kristne i Hausafolket å halda fast ved Jesus, nåden, bibelen og fellesskapet, mognast som kristne og veksa opp mot Kristus som er hovudet for kyrkja, og vera trufaste representantar for Jesus i familiane sine og mellom vener.
Løys hausafolket frå islams lenker, lat riket ditt koma til dei og lat dei bli fanga av Andens vindar og ført over frå døden til livet, frå mørkers makt og til Gud.  Fyll dei med tankar om Isa (Jesus) og ei djup lengsle etter å få vita meir om han. Send dine modige apostlar inn i områda deira for å grunnleggja di kyrkje der, ei kyrkje med stor vitalitet og eit kraftig lys. Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...