fredag 31. august 2018

Mexico

Mexico er har eit areal på nesten 2 mill km2, 6 gongar større enn Noreg. Landet er fjellrikt, og har ei gjennomsnittshøgd på 1100 meter. Folketal: 125 mill.  Hovudstad: Mexico city

Mexico har ein stor økonomi  basert på oljeproduksjon offshore i Den mexicanske golf. Elles er jordbruk, næringsmiddelindustri og turisme store næringar. Kapitalen i landet er samla på få hender, og det er stor sosial ulikskap i landet.

Mexico er eit transittland for narkotika frå Sør-Amerika til USA, og store områder mot grensa til USA er styrt og dominert av ulike kartell som hevdar si makt med våpen. Krigen mellom kartella kravde sist år 33000 menneskeliv. Denne drapsorgien går sterkt ut over journalistar som skriv om desse sakene. Dei kriminelle har ofte sterke sambandslinjer inn i politiet, og grensa mellom politi og røvar er uklåre i desse områda. Det ser ut til at lovas handhevarar tidvis er meir kriminelle enn dei kriminelle.

Landet har i all hovudsak ein romersk katolsk befolkning. Noko over 10 millionar menneske er med i evangeliske kyrkjer.

Spansk er det offisielle språket.

Ein stor del av befolkninga har røtene sine i ulike indianske urfolk, og av den grunn blir det også snakka 297 andre språk i landet. Aztekarane er den største av dei indianske folkegrupenea.

Historisk sett var den tropiske Yucatanhalvøya senteret for den rike og høgt utvilkla mayakulturen som vart øydelagt av spanjolane på 1500-talet.

60% slit med fattigdom. Størst er problemet mellom dei indianske stammene. Desse har lågast utdanning, og lite å setja inn mot uretten utanom tilfeldige opprør.

Det er 500 000 narkomane i landet.

President Trump prøver å stenga grensa mot Mexico, og det hopar seg opp med mellomamerikanske flyktningar på meksiansk side.

10% av dei katolske mexicanarane er praktiserande. Ellles er det vanleg at folk med indiansk opphav blandar inn i trua si dyrking av gamle gudar og gudinner. Men Alphakursa i katolsk regi har reinsa mange si tru.

I 1960 var det  800 000 evangeliske kristne i landet. Den enorme veksten held fram med uforminska styrke. Håpet for landet ligg utan tvil i den kristne rørsla. Kristus forvandlar syndarar til rettferdige menneske.

Mange kristne vert forsøkt tvinga med på religiøse seremoniar der kristendom og heidenskap er godt sausa saman. Dei som nektar å vera med blir utsette for grov vald og forfølging.


  • Be om at landet blir velsigna med rettsindige, kloke og kraftfulle leiarar som er i stand til å stoppa den enorme kriminelle bølgja som skyller over landet. 
  • Be om at Gud skal reisa opp kyrkja si slik at dei truande fungerer i Den heilage ande og gjer Gud nær og gjeldande overalt der dei bevegar seg. 
  • Be om at Gud skal reisa opp kraftfulle kristne leiarar med karakter og integritet, menn og kvinner som og kallar folk til omvending og tru.
  • Be om at Jesus skal bli stor i landet, og at syndarar skal falla ned for hans føter og audmjukt sanna syndene sine.
  • Be om styrke og visdom til den forfølgde delen av kyrkja.


mandag 27. august 2018

Mauritania

Areal: 1 030 700 km2. Folketal: 3 758 000 (juli 2017). 19 folkegrupper. 70% svarte og kvite maurarar. 99,75% er  muslimar. Ca. 8000 kristne. 2700 evangeliske.
Mauritania var fransk koloni fram til 1960. Det offisielle språket er arabisk, men fransk er mest brukt i administrasjon og business.
Landet består stort sett av ørken. Berre 1% av arealet er dyrkbart.

Mauritania er blant dei aller fattigaste på kloden. 1/3 av barna i landet er underernært. Skilsmisseprosenten er skyhøg, noko som aukar fattigdomen.
Mange menneske lever i slaveri, sjølv om det er forbode å halda slavar.

Økonomi og næring: 40% av befolkninga er nomadar. Elles er det rike fiskeressursar utanfor kysten, det er olje under bakken og store mineralressursar i fjellet. Men desse rikdomane kjem berre nokre få menneske til gode. Korrupsjonen er høg, og gapet mellom fattige og rike likeså.

Alle mauritanarar må reknast som unådde. Det er forbode å driva tradisjonell misjon i landet, og dei siste åra er arbeidsvilkåra for misjonærar i landet blitt stadig vanskelegare, og mange har reist frå landet. Nokre "teltmakarar" frå nabolanda er att.

Kristne i landet risikerer fengsling, tortur, utstøyting frå familiane sine og til og med kan dei risikera å bli myrda.

Mauritania har i dag eit slags demokrati der den mektigaste folkegruppa er dei kvite maurarane. Det er ein djup konflikt mellom den svarte og den kvite delen av befolkninga. Ekstrem islam har også auka dei siste åra.

AIDS-epedemien herjar mellom folk.


  • Be om at dei få truande kristne i Mauritania skal ha tilgang til nok biblar, finna kvarandre i lokalsamfunna, halda saman som søsken, bli bevart i trua og veksa i nåde og kjennskap til Jesus.
  • Be også om at dei skal få leva og fungera i Den heilage ande, og at det skal veksa fram lokale og nasjonale leiarar mellom dei av stort format.
  • Be om at styresmaktene igjen skal helsa utanlandske misjonærar velkomen.
  • Be om reell religionsfridom
  • Be om at Gud i Jesu namn skal setja ein stoppar for framveksten av ekstrem islam. 
  • Be om at alle som lever i slaveri skal få oppleva åndeleg og økonomisk fridom.
  • Be om at landet skal få politiske leiarar med reell interesse og omsorg for folket. 
  • Be om at landet skal få leiarar som er verd å følgja.
  • Be om at landets rikdomar skal bli rettferdig fordelte
  • Be om at barna skal få nok mat og tilstrekkeleg skulegang. 
  • Be om at befolkninga skal leva i seksuell reinleik, og at det skal bli kontroll på AIDS-epedemien. 
  • Be om at ekteskapa skal bli sunne, og at ektefolk trufast skal halda saman og at heimane skal vera trygge for barna å veksa opp i. 






torsdag 23. august 2018

Maldivane

Maldivane er ei øygruppe i Det indiske hav, mest kjent for sin turisme.
Areal: 298 km2 fordelt på 1200 øyar. 202 er befolka.  Folketal (2017) 392 709.  99% er muslimar.

Maldivane lever av fiske og vestleg turisme. Men dei innfødde får ikkje ha kontakt med turistane. Islam blir praktisert veldig strengt, og styresmaktene vil ikkje at folk skal bli påverka av det dei oppfattar som turistane sin dekadente livsstil, og sidan desse i stor grad kjem frå kristne land i vesten, blir kristendomen sett på som ein promotor for umoral.

Det er ingen religionsfridom i Maldivane, og Bibelen er ei forboden bok. Alle grunnleggjande menneskerettar vert undertrykte. 

Bibelen er for tida under omsetting til det lokale språket dhivehi.

Men bak fasaden er det store moralske brist, eit tett åndeleg og moralsk mørker. Seksuelle overgrep, misbruk av barn og gjengkriminalitet er utbreitt. 70% av tenåringane rusar seg på narkotiske stoff, og folk driv med ein spesiell form for okkultisme som dei kallar fanditha.





Det var i 534 kristne i landet i 2010. Omtrent alle var/er utlendingar som jobba i landet. Blir det oppdaga innfødde kristne, vert desse fengsla, torturert og landsforvist.

Maldivane er eit sårbart økosystem. Gjennomsnitthøgda over havet er 1 meter. Landet står i fare for å forsvinna i havet. Temperaturauken i og forsuringa av havet tek livet av korallane som formar desse unike øyane.

Herre Jesus Kristus, du som bar bort verdas synder, miskunna deg over befolkninga på Maldivane. Lat ditt mektige himmellys fløyma over dette landet, fordriva mørkret og opplysa kvart menneske. Send arbeidsfolk ut til din haust. Må dine tenarar finna sikre kanalar for å få inn og distribuera ditt ord. Takk for at du er ein Gud som opnar og syner vegar, ein Gud som fyller dalar og jamnar haugar. Amen!

Kjelde: Mandryk, Jason. Operation World: The Definitive Prayer Guide to Every Nation (Operation World Set) (Kindle Location 29602). InterVarsity Press. Kindle Edition
CIA- World Factbook

torsdag 9. august 2018

Laos

Laos grensar til Vietnam, Thailand, Kambodsja, Kina og Burma.
Areal: 236 800 km2. Hovudstad: Vientian.  Folketal: 6,8 millionar fordelt på 134 folkegrupper som snakkar 90 språk.
Religion: Buddhisme (57%). 3,5% er kristne, og kyrkja veks med 6% årleg, og det er ein svært høg vekstrate, dette trass i at dei kommunistiske styresmaktene i landet gjer alt dei kan for å stoppa veksten. Forfølginga har tidvis vore svært tung. Her kjem motstanden frå fleire hald: dei truande blir pressa av ei kommunistisk og ateistisk regjering, buddhistiske leiarar og frå familiane sine. Her er det mektige tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. 
Då kommunistane overtok makta i 1975, flykta nesten alle kristne ut av landet. Men ikkje Gud. Han driv på og kallar nye menneske inn i si kyrkje. Men mangelen på leiarar for dei mange unge kyrkjene er signifikant.
Forfølginga har imidlertid tvinga dei truande inn i bøn, og dei har lært seg å måtta stola på Gud. Trengslene har reinsa og foredla den unge kyrkja.
Laotarane er elles beskrivne som fredelege og venlege, med litt passive i sin framtoning.
Trass i den positive utviklinga for kyrkja, reknar Operation World dei aller fleste innbyggjarane i landet for unådde. Det er eit definert behov for 31 nye bibeloversetjingar, og kanskje så mange som 57.

  • Be om at lyset frå Kristi kross skal fløyma over heile landet og opplysa kvart menneske. 
  • Be om at Gud skal reisa opp nye apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar for kyrkja si
  • Be om at alle kristne skal ha tilgang til Bibelens ord
  • Be om at dei må bli verna mot synkretisme og vrang lære. 
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle språk der oversetting er naudsynt
  • Be om Guds mektige vern over dei truande
  • Be om at kommunismen og buddhismens grunnvollar skal rokkast, og at dei ideologiske løgnene skal bli avslørte og forkasta av folket slik at dei kan venda seg mot Kristus, den einaste sanninga.

onsdag 8. august 2018

Kirgisistan

Sentralasiatisk fjelland (med toppar på over 7000 meter) med 6 millionar innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 32 språk. Landet grensar mot Kina, Usbekistan, Tadsjikistan og Kasakstan.
Hovudstad er Bisjkek.
Kirgisistan var historisk lenge undertrykt av Russland, og vart i 1926 ein sovjetrussisk republikk.
Vart sjølvstendig i 1991 då heile Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Kirgisarane er i hovudsak bønder som produserer kveite, sukkerrøyr, poteter, bomull, tobakk, grønsaker og frukt. Ull, kjøt og mjølkeprodukt er også viktige varer.

91 % av befolkninga er sunnimuslimar. 5,5% er kristne. 0,7% evangeliske. Dei fleste kristne er russisk ortodokse. Muslimane har liten kunnskap om eigen religion, og i kvardagen praktiserer dei gjerne shamanisme, fedredyrking, hekseri og spådomskunst. Dei, som mange andre folk i denne regionen, prøver å gjennom ulike remedier å verna seg mot "det vonde auga", noko som eg har sett mykje av mellom tyrkarar og iranarar.

Kirkgisistan har store økonomiske og sosiale problem. Korrupsjon, fattigdom, alkoholisme, narkotikamisbruk, prostitusjon, gambling og trafficking er svært utbreidde fenomen. Dei fattige, gamle og funksjonshemma lever i ytterst elendige kår. Mange kirkisarar emigrerer til Russland i håp om eit betre liv der. Dette gjeld særleg slaviske folk med ortodoks bakgrunn.

Etter at landet vart sjølvstendig i 1991 vart det sett inn ein betydeleg evangelisk misjonsinnsats som bar gode frukter. Dette kom til vekkja den sovande draken, og dei kristne vert skremde, får eigedomar øydelagde og kan bli utsette for fysisk vald. Det er innskrenka mulegheit i dag for å driva misjon i landet.

Alle folkeslag i Kirgisistan må reknast som i praksis unådde. Bibelen er omsett til dunganspråket (eit prosjekt Kristkyrkja på Stord var involvert i gjennom det som då var Norsk Misjon i Øst), men elles er det trong for mykje innsats på det området.


  • Be om at lyset frå evangeliet skal fløyma over dette landet og opplysa kvart einaste menneske
  • Be om at alle folkegrupper i landet skal få høyra om Jesus på sitt eige språk.
  • Be om at Gud skal lækja landet og bryta ned djevelens festningsverk i folks sinn, i kulturen og politikken, og løysa dei frå demoniske makter som held dei bundne til islam og okkulte praksisar. 
  • Be om ærlege, kloke, kunnskapsrike og rettenkande leiarar
  • Be mot korrupsjon, nepotisme, maktmisbruk, grådighet, prostitusjon, trafficking og fattigdom.
  • Be om rettferdig fordeling av godene i landet      
  • Be om gode avlingar og attreising av økonomien
  • Be om at landet igjen skal opna seg for kristen misjon

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...