Orissa er den staten i India der forfølging av kristne har vore mest alvorleg dei siste åra. I 2008 vart 120 drepne i på få dagar, og 52000 kristne måtte flykta og gøyma seg i jungelen i lenger tid. Grunnen til denne store motstanden er å finna i den enorme framgangen til den kristne kyrkja, særleg blant kastelause. Offisielt er det 2,4% kristne der, men nokre opererer med heile 28%. Det er nok ei overdriving, men likevel nærare sanninga enn 2,4. Men trass i denne framgangen er 709 folkegrupper av 799 totalt unådde, og det kan me også seia om dei høgare kastane.
Orissa har 42,3 millionar innbyggjarar. 83% av dei bur på bondelandet. Les meir i Operation World 2011 side 436-437.
Bøn:
Mektige Frelsar! Takk for di kyrkje i Orissa. Takk for iver, pågangsmot, visjonar og framgang. Takk for nye kristne og nye kyrkjelydar. Set mot i alle kristne som enno har vonde minner etter utbrot av forfølging. Må dei lata seg styra av deg åleine og ikkje av frykt. Gjer deg sterkt gjeldande i samfunnet. Utrust dei kristne med gåver som blir til velsigning for alle. Bryt hinduismens makt over dei menneska som bur i denne staten. Må nasjonalisme og religiøs stoltheit bli bytta ut med din kjærleik og forsoning. Må himmelen koma ned i denne staten og forvandla livet for folk. Ta ut døde steinhjarter gje dei i staden hjarto av kjøt. Heilag Ande, me kallar på deg og proklamerar ditt livgjevande nærvær over alle menneske i Orissa. Amen!
Veldige tempelkompleks og massiv avgudsdyrking er å finna i Orissa |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar