Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 22. juni 2026
Lebesby i Finnmark
tirsdag 9. juni 2026
Tenåringsjenter i Nepal utsette for eggran
Førestell deg å vere 17 år gammal, bli teken med til ein fertilitetsklinikk kvar dag utan at foreldra dine veit om det, og utan å eigentleg vite kva som skjer med kroppen din.
Det var dette som hende med to tenåringsjenter i Nepal.
Dei vart funne gjennom annonser på sosiale medium, kontakta av agentar, og frakta til ein fertilitetsklinikk i Katmandu. Over ti dagar fekk dei daglege hormoninjeksjonar, menstruasjonssyklusen deira vart overvaka, og til slutt vart dei lagde i narkose slik at egga deira kunne bli operert ut.
Sjølv om det ikkje finst spesifikk informasjon om korleis dei henta egga skulle brukast, var det tydeleg at dei skulle nyttast i assistert befruktning.
Eggdonasjon er ofte kommersialisert, der tiltenkte foreldre betaler for egg, og det har vore mykje uro kring den auka risikoen for utnytting i delar av den utviklande verda.
På ikkje noko tidspunkt fekk jentene korrekt eller alderstilpassa informasjon om kva prosedyren gjekk ut på, kva føremål ho hadde, risikoen, eller dei mogelege konsekvensane. Dette er eit brot på Etikkreglane til det medisinske rådet i Nepal, som seier at informert samtykke er eit krav for alle medisinske inngrep, og at for mindreårige er samtykke frå foreldre eller føresette obligatorisk.
Prosedyrene vart gjennomførte utan at foreldra til jentene visste om det på førehand, og identiteten til både jentene og foreldra deira vart endra, og alderen deira vart feiloppgitt i offisielle dokument.
I etterkant fekk familien til ei av jentene utbetalt tilsvarande 69 dollar ...
Jentene hadde det ikkje bra. Dei opplevde kraftige blødingar, tap av matlyst, og psykisk stress. Foreldra deira leverte straks inn straffeklage, men påtalemakta nekta å gripe inn, og sa at det ikkje fanst nokon lov som eksplisitt forbød det som hadde skjedd.
Det svaret var ikkje godt nok. Difor gjekk våre allierte til høgsterett i Nepal.
Dei ber dommarane om å anerkjenne det som vart gjort mot desse jentene for det det er: menneskehandel med barn, seksuell vald, og reproduktiv utnytting. Dei utfordrar òg styresmaktene si unnlatingssynd i å lage eit skikkeleg lovverk som kan verne andre barn mot å oppleve det same.
Retten har allereie innført eit mellombels forbod mot egguttak frå mindreårige medan saka blir behandla. Det er eit steg framover, men det er ikkje rettferd enno.
Rettferd betyr at dei som gjorde dette, blir haldne ansvarlege. Det betyr at Nepal får ein lov som seier at ingen barn nokon gong kan bli behandla slik igjen. Og det betyr at desse to jentene, og alle jenter som dei, veit at nokon kjempa for dei.
Desse jentene fortente å bli verna før noko av dette hende. Vi kan ikkje endre det dei har opplevd, men vi kan sørgje for at saka deira endrar framtida for barn som kjem etter dei.
Det er ADF Internationalt som står bak denne teksten.
Be om at unge jenter i fattige land skal bli effektivt beskytta mot denne type overgrep.
mandag 1. juni 2026
Tyskland del 1
Millionar av innvandrarar, gjestearbeidarar, studentar og flyktningar har kome til Tyskland sidan 1989. Mange kjem ulovleg, og nokre har samband med internasjonale kriminelle nettverk. Nokre er livskraftige kristne, men dei fleste kjenner ikkje evangeliet. Tysklands generøse openheit (og trongen for større arbeidsstyrke) kom særleg til syne gjennom det store talet på migrantar som kom som følgje av migrantkrisa i 2015 og seinare. Det tyske samfunnet og styresmaktene strevar med å reagere godt på denne enorme tilstrøyminga av menneske, og nokre har reagert med vald eller bitterleik mot innvandrarar, særleg i aust. Likevel er dette ei utruleg misjonsmogelegheit. Be for:
- Fleire kyrkjer blant mange framande folk (asiatiske, afrikanske, latinamerikanske, europeiske). Kristne tyskarar må gripe denne opne døra til å dele evangeliet! Be òg for innvandrarkyrkjer om å nå ut tverrkulturelt til vertslandet sitt og til andre migrantnaboar.
- Internasjonale studentar (460 000, eit av dei høgaste tala i verda). Mange kjem til Tyskland utan forståing av evangeliet eller tidlegare møte med kristne.
- Muslimar (over 5 millionar, frå meir enn 40 nasjonar). Dei bur ofte i nabolag med sine eigne folk, og integrerer seg ikkje i det tyske samfunnet. 4 000–5 000 kjem til tru på Kristus kvart år (og talet aukar), men 1 000 eller fleire etniske tyskarar konverterer til islam kvart år.
- Dei minst nådde folkegruppene. Be for arbeid blant dei 2,5 millionane tyrkarane og opptil 1 million kurdarar. Be òg for iranarane (100 000), nordafrikanske arabarar og berbarar (300 000), og bosniske muslimar (285 000). Syriske flyktningar utgjer størstedelen av den nyaste bølgja, og talet låg i hundretusenvis per 2016.
Dagens unådde: Kashmirfolket i India og Pakistan
Dei tel 8112 000 menneske, snakkar kashmiri og er muslimar. 0,00% er kristne. Heile Bibelen er oversett til kashmiri, og det er ein kjemperessurs med tanke på framtidig misjon i denne folkegruppa.
Kristen You-Tubar dømt til fem års tvangsarbeid i Egypt
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...