søndag 24. juli 2011

Herre, eg kjem til deg

Herre, eg kjem til deg med meg sjølv og med landet og folket mitt. Det som har hendt oss er så ubeskriveleg vondt og så vanskeleg å forstå og så tungt å bera. Me seier at me har mykje å vera stolte av i dette landet. Og det er sikkert sant. Men du ser også det me har å skamma oss over. Gjennom mange år har me fristilt oss i høve til ordet ditt. Me har ikkje vilja høyra på deg, men gått våre eigne vegar bort frå deg som er vårt einaste vern. No er me blitt offer for ein vondskap me ikkje visste eksisterte. Å Gode Gud, tilgje oss for Jesu skuld, og hjelp oss å venda attende til deg og få leggja av alle børene våre, ikkje berre sorga og sinnet, men også våre mange synder. Herre, miskunna deg over oss i ditt eige namn. Amen!

lørdag 23. juli 2011

Ei bøn på ein vanskeleg dag

Gode Far i himmelen! Me ber i dag om styrke, håp, trøyst, tru og kraft til alle som er råka av tragedien i Oslo og på Utøya. Hjelp leitemannskapa til å finna alle sakna. Ver spesielt nær hos alle foreldre og søsken som har mista nokon som ikkje er funne, og gje ein særleg nåde til dei som har mista fleire av sine kjære. Hjelp politiet å oppklara alle deler av denne saka. Gje dei nødvendige vitneobservasjonar, og den dugleiken som skal til for føre dei heilt til mål. Om det er råd: tal også inn i ugjerningsmannen sitt liv og frels hans arme sjel. Hjelp oss alle i dag å ta vare på kjærleiken og verdigheita, og møta det vonde med bøn og godleik.

fredag 22. juli 2011

I dag ber me for Noreg og alle som er råka av bombeåtaket i hovudstaden, og av åtaket på AUF-leirenUtøya


  • Be om at dei som ligg skada inne i dei råka bygningane som får rask hjelp.
  • Be om styrke for dei som idag har mista sine kjære
  • Be om ein godt gjennomført redningsaksjon
  • Be om klare og innsiktsfulle tankar og kloke avgjerder frå politiet si side
  • Be om at dei ansvarlege for ugjerningane vert tekne, og ingen andre
  • Be om godt leiarskap frå Stoltenberg og hans regjering si side
  • Be om at folk i denne tida skal få mot til å venda seg til Gud
Å Gud, det utenkelege har skjedd, og me forstår så lite. Me har kjent oss så trygge i dette landet, men me er ikkje det lenger. Verdas vondskap har innhenta oss, og me har bråvakna til ein ny røyndom som me ikkje ville ha. Korleis kunne det skje? Det same spurde me om då tyske troppar okkuperte oss i 1940. Me var ikkje budde då, trudde at den store vondskapen ikkje kunne koma til oss. Men han kom likevel, og me kunne ingenting gjera. Heller ikkje denne gongen hadde me budd oss, og folk med vonde hensikter har kunne koma usett heilt inn i hjarta av regjeringa og fyra av ei bombe på mange hundre kilo, utan å bli oppdaga. Vår naivitet er grenselaus, og me har ikkje vore vakne for vondskapen, men den søv aldri.

Gode Gud! Vekk oss opp, ikkje berre frå vår naivitet, men også frå vår sjølvgode, sjølvopptekne, materialistiske og nærsynte livshaldning, og frå vår forakt for ditt gode ord og din vilje. Me har i vår arroganse stilt oss over ditt ord og gjort som me har lysta, og slik har me rive ned det vernet som du gjennom generasjonar har gjeve dette vesle rare folket mot nord. Herre, sjå i nåde til oss og kall oss attende til deg, og ver du for oss ei fast borg som me rømer til for å finna ly, ikkje berre for andres vondskap, men mest for vår eigen.

Og me ber: Lat landet sine leiarar gå i front og syna folk vegen til det gode. Hjelp alle som forkynner ordet ditt til å tala klårt og sant om vegen til himmelen og til det som rett er. Sjå til oss i denne kristetid, og lat oss ikkje missa kva du seier til oss når slike ting som dette skjer.

mandag 18. juli 2011

Takkebøn

Eg takkar og prisar deg kjærlege Far, du som skapte meg til samfunn med deg sjølv, for at eg, med heile meg, skal fryda meg i deg og lova og æra deg til evig tid, du, den einaste sanne Gud, som lever og råder frå æva og til æva. Amen!

Heilag er du, nådig og mild, langmodig og rik på miskunn, god mot alle, miskunnsam mot alle dine skapningar.

Fuglane under himmelen, liljene på marka, dyra i skogen, alt har du omsorg for, men aller mest for oss som er skapte i ditt bilete for å råda over dei alle.

Ditt rike står gjennom alle tider, ditt herrevelde varer frå ætt til ætt.

Du støttar kvar den som fell og reiser alle nedbøygde opp.

Alle vender augo ventande til deg, og du gjev dei mat i rette tid.

Du opnar di hand og mettar alt som lever med det som godt er.

I kjærleik og av nåde sende du Sonen din, Jesus, til verda, for at me ved å tru på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

All makt og styrke, rikdom, kunnskap og visdom tilhøyrer Han som du sette til arving over alle ting.

Gjennom dåp og tru har du gjort oss til dine barn, og fødd oss på nytt ved Den Heilage Ande, fylt oss med hans kraft og sendt oss ut for å vera dine vitner der me bur og like til endane av jorda.

Der me går rekker ut di hand og let under og teikn skje i vår Herre Jesu Kristi namn.

Med stor makt og velde fria du folket ditt, Israel, ut av slaveriet i Egypt, og førte det gjennom øydemarka til det lova landet.

Slik har du også trufast fridd oss frå våre synder, frå dødens og djevelens makt, ikkje med gull eller sølv, men med Jesu eige dyre blod og hans skuldlause liding og død.

Slik har du ved gjort oss reine og rettferdige for deg sjølv, verdige til det evige livet.

Slik du førte Israel gjennom øydemarka, slik leier du også oss gjennom denne ufruktbare, fortapte og fordømte verda, og der me går, spring det fram nye kjelder, og tørre marker vert til fruktbart land når me dekker dei med kunnskapen om din herlegdom.

Slik skal ætt etter ætt skal prisa di gjerning og fortelja om dei storverk du gjer.

Dei skal tala om ditt herlege kongedøme, om di veldige kraft, så menneska skal kjenna ditt velde og den strålande herlegdomen i ditt rike.

Eg lovar deg, kjærlege Far, du som saman med Sonen og Anden lever og råder, ein sann Gud, frå æva og til æva. Amen!

lørdag 2. juli 2011

Tripura, delstat i India

Folketal: 372500 fordelt på 284 folkegrupper. 85% hinduar, 8% muslimar, 3,1% buddhistar, 3,2 % kristne. Årleg kyrkjevekst: 5,5%

Dei innfødde stammefolka i området er gradvis vortne fortrengt av bengalar, og er i dag ein minoritet i sin eigen stat (28%). Dette er eit resultat av ein svært medviten indifiseringspolitikk frå styresmaktene si side for å hindra nasjonalt opprør. Men det er mellom dei innfødde at evangeliet går fram. Bengalane er meir resistente. Kristne er blitt forfølgde både av animistar og av ekstreme hinduar. Dei blir urettvist og strategisk skulda for å stå i ledtog med opprørsgrupper. Ny misjonsverksemd har generert ein del konfliktar mellom dei kristne i området.

Gode Far! Me ber i dag om fred og einskap mellom alle kristne i Tribura, og om at dei skal samlast og einast med tanke på effektiv evangelisering av heile delstaten. Du som auser din Ande over alt kjøt, gjer det i Tribura. Lat bengalane også bli dregen kraftig med av di elv. Må du bli så sterk i dette området at dei berre mister fotfeste i eigen religion og kjem seg inn på deg, du som er den einaste faste grunnvollen. Amen!

Dagomba i Ghana


Dagombafolket tel 886 000. Dei er i hovudsak analfabetar, men har ein sofistikert munnleg overleveringstradisjon der dei formidlar historia og forteljingane sine til neste generasjon med trommer og andre instrument. Dei snakkar dagbani , som i dag er eit bibelspråk, men er avhengig av at evangeliet blir overlevert til dei på den måten som er rett for dei: via trommer, musikk , dans og song. Dei er tungt influert av islam. 1,2 % av dei er kristne. (Joshuaproject.com)

Herre Jesus! Me takkar deg for det vakre dagombafolket som du har skapt og forma til di ære. Bryt ned den tilliten desse menneska har til islam og Muhammed, og bygg opp tillit til deg i hjarto deira. Lat Den heilage ande koma til dei og opplysa dei om at du er Guds son og den einaste vegen til Far. Gjer deg og dine forteljingar bli kjent for minst ein av dei profesjonelle trommarane, slik at han kan gjera deg kjent for folket sitt på rett vis. Reis opp ei kyrkje i dagombafolket med leiarar som kjenner og følgjer deg og ditt ord. Lat din kjærleik forvandla og revolusjonera dette folket, og gjera dei til eit lys for andre folk i regionen. Amen!

fredag 1. juli 2011

Bøn for din lokale kyrkjelyd

Vår Herre Jesus Kristus!
Me ærar deg, du allmektige Gud som elskar oss og har fridd oss frå våre synder med ditt eige blod.
Gjer oss til eit folk som alltid takkar og prisar deg for alle ting.
Kom nær til oss når me samlast i ditt namn. Syn oss din herlegdom, tal til oss, læk oss frå våre sjukdomar og fri oss frå det vonde.
Hjelp oss å halda oss nær til deg i vårt daglege liv, slik at du kan halda deg nær til oss og gjera oss til sigrande kristne.
Lær oss å be og trufast lesa ditt ord, og lat Ordet reinsa oss, næra oss og undervisa oss slik at me blir sterke, kloke, rettsindige, ærlege, opne og sunne kristne.
Må Ordet, ved trua, smelta saman med oss og gjera oss dugande til all god gjerning.
Gjer oss sterke i trua, brennande i kjærleiken og trygge i vona.
Gje oss ein sterk iver etter å gjera deg og di frelse kjend for dei fortapte, og gjer oss dugande til å dela evangeliet med alle som ikkje kjenner deg.
Gje kyrkjelyden ein sterk vekst.
Gje oss ein djup solidaritet med dei unådde folkeslaga slik at me gjer alt me kan for at dei skal få høyra evangeliet på sitt eige språk og få sin rett.
Gjer deg kjent for barna våre. Vern dei mot alt vondt og skadeleg. Lær dei å elska deg over alle ting følgja deg tett.
Lat di lækjande kraft vera over alle sjuke i kyrkjelyden så dei kan verta friske og sterke att.
Utrust oss med ein rikdom av nådegåver medan me ventar på at du skal koma att i herlegdom, og lat Kristkyrkja vera prega av Andens kraft og av Andens gode frukter.
Deg tilhøyrer all makt, ære og pris i all æva!
Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...