Familien Sajedi fekk frist på seg til i går om å forlata Noreg. Men det var uaktuelt for dei. Ingen reiser friviljug til Iran. Dei har spurt Kristkyrkja på Stord om hjelp, og er no på ein sikker plass. Be no om at me som jobbar med saka deira skal klara å finna fram til nye opplysningar i saka som vippar det heile i familien sin retning.
Og be for familien, til dømes kan du be slik: "Herre Jesus! Du som kom til vår verd og vart mistrudd og avvist av dine eigne. Styrk hjarto til alle flyktningar som vert mistrudde og avviste av norske styresmakter, og som kjenner angsten snøra seg om hjarta. Fyll dei med din fred, og gje dei full tillit til di omsorg og di leiding og til din suverenitet. Bevar dei mot all fare og lat den stormen dei no lever i stilna. Di er makta og æra frå no og for alltid. Amen."
Be også for ei kvinne på 37 år, Ann Catrin, som har fått ein hissig brystkreft som har spreidd seg til levra. Be om lækjedom og frelse for henne.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 21. november 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens unådde: Hui i Kina
Foto og tekst: joshuaproject.net Hui er ei frontiergruppe. Dei tel vel 13 millionar menneske. 95,5% er muslimar. 0,01% er kristne (evangel...
-
Bolivia er eit digert land, nesten tre gonger så stort som Noreg. Landet har inga kystlinje. I sør er det ei høgslette, i nord tropisk reg...
-
CIA world factbook Den sentralafrikanske republikk var fransk koloni fram til 1960. Landet har eit areal på 622884 km2, og eit folketal på...
-
Chile er med sine 4200 km eit langstrekt land. Arealet er 756 626 kv.km, meir enn det dobbelte av Noreg. Folketal: 17 600 000. Befolkni...