torsdag 5. august 2010

Mangrikfolket i India

Mangrikfolket tel om lag 100 000 menneske (det føreligg svært ulike overslag, Operation World opererer med 926 000, LMC-lista gjev opp 223000), og dei bur i fjellområda i Kashmir. I følgje Joshua Project er det ingen kristne i dette folket som ein veit om. Dei er hinduar.


Kjære Far! Du som er den rette far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord, send nokre brennande kristne med god vandel og stort mot til Mangrikfolket, truande som kan gje folet eit rett bilete av Jesus, og vera kanalar for Den Heilage Andens kraft inn i liva deira. Lat riket ditt koma til Manrikane, og til alle andre folkeslag i Kashmir. Bryt du i Jesu namn djevelens makt over Mangrifolket slik at dei med glede vender om til deg. Amen

mandag 2. august 2010

Pakistan og Russland

Gode Gud og Far! Sjå til alle i Pakistan og Russland som er råka av flaum og brann. Herre, stopp naturen sine herjingar, og frels dei menneska som er truga frå katastrofen, og lat dei som alt er råka få den hjelpa dei treng. Særleg ber me om reint vatn til folk i Pakistan, og om regn i Russland. Amen.

Bøneemner frå Voice of the Martyrs

Karachi, Pakistan: Den unge kristne sjukepleiaren Magdalene Ashraf valdteken og torturert av muslimsk lege (Abdul Jabbar Memon) og venene hans medan ho var på jobb 13.juli. Ille medfaren.

Addis Abeba, Etiopia. Ung somalisk konvertitt (Mike Abdul Falahow) brutalt overfalt og mishandla av 5 andre somaliarar den 16.juli, fordi han sat og las ei islamkritisk bok. Dei påførte han skader i andletet og brakk eitt av beina hans.

Kina: Den kristne uiguren og kyrlkjeleiaren Alumijang Yimiti som er dømt til 15 års fengsel for "å ha gjeve hemmelege opplysningar til ei framand makt". Den siste tida har ingen utanfor fengslet hatt kontakt med han. Nokre er redd for at han ikkje lenger er i live.

Herre, sjå i nåde til Magdalene Ashraf og Mike Abdul Falahow, og gjer dei fysisk og mentalt friske og sterke igjen, og lat trua deira bera dei gjennom det dei no har opplevd av traumer.
Så må du vera hos tenaren din Alumijang Yimiti der han er, og gje kona og barna hans alt dei treng for den tida dei no er inne i. Herre, miskunna deg. Amen!

Lamifolket i Kina

Lamifolket tel 122000 menneske og er lokalisert i Yunnanprovinsen og på grensa mot Burma. Dei representerer eit relativt lukka samfunn som ønskjer å konservera tradisjonane sine. Lamifolket har sin eigen religion, og dei dyrkar "guden som gjev styrke". Denne har makt til å gje dei hell, lukke og eit langt liv, og til å halda alle vonde makter borte frå dei. Det er nokre tusen kristne lamiar.

Herre Jesus, gjer deg kjent for lamifolket, og hjelp dei å opna seg mot deg. Grunnfest dei kristne lamiane i nåden og Ordet, lat dei finna saman i sterke kristne fellesskap og med frimot forkynna evangeliet for sine eigne. Lat di kraft fylla og følgja dei, og lat under og teikn skje mellom dei til eit vitnemål om di oppstode. Amen

søndag 1. august 2010

Amdofolket i Tibet

Amdofolket tel 149000 menneske, er stort sett bønder og er å finna i grenseområda mot Kina. Dei er buddhistar, og munkane har spesialiert seg i "visualisering" der dei ser demonane framfor seg, enkelte gonger så sterkt at dei også vert synlege for andre. Gjennom visualisering får munkane del i demonane sin styrke. John Hattaway i Asia Outreach reknar med at det finst 10 kristne amdoar. Dei vert, som andre folk i Himalayaområdet, rekna for vanskelege å nå med evangeliet.

Herre Jesus! Me ber i dag om at du skal finna vegar inn til amdofolket sine hjarto og frelsa dei inn i ditt rike. Løys dei frå djevelens makt, og lat ordet ditt slå rot i dei, og dei i ditt ord. Etabler di kyrkje i dette folket, og gjer henne vital, sterk og sigrande. Amen

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...