fredag 29. juni 2018

Nagaland, indisk delstat

I Nagaland bur det 2,3 millionar menneske på 16600 km2, fordelt på 176 folkegrupper.
Langt over 90% er kristne. Store vekkingar i 1956, 1966 og i 1972 har sett djupe spor. Truande frå Naganland driv i dag misjon over store deler av India.

No veks det imidlertid opp nye generasjonar som ikkje har hatt dei same åndelege erfaringane som vekkjingsgenerasjonen, og mykje av den gamle krafta er blitt borte. Mange unge har fått smak på denne verdas gleder i form av materialisme, umoral og narkotikamisbruk.

I Nagaland er det i dag 19 teologiske undervisningsinstitusjonar, og det skulle jo borga for ei viss framtid for Guds rike,

I nagasamfunnet er det mange rivaliserande grupper. Dei kjempar mot kvarandre, og samstundes saman for nasjonalt sjølvstende. Det er litt rotete og hjelpelaust det der.

Kyrkja er svært splitta, og dei ulike gruppene står opp mot kvarandre.

Herre Jesus! Takk for alt stort  og godt du har gjort i Nagaland historisk. No ber me om at dei truande i landet skal erfare eit vedvarande nærvær av din Ande heilt til du kjem att i herlegdom. Skap forsoning mellom dei som står mot kvarandre, og lær dei einskap og samarbeidets kunst. Hjelp dei å ha fokus på det eine nødvendige, halda seg nær til deg og dagleg lova og prisa deg for den du er og alt du har gjort for oss til vår frelse. Ta vare på ungdomane , hjelp dei å avsløra djevelens list og mange påfunn og lat dei få erfara deg så sterkt at dei berre finn glede i å tena deg. Amen! 


torsdag 28. juni 2018

Meghalaya, indisk delstat

I det nordaustre delen av India finn me delstatar der kristne er i stort fleirtal. Dette er eit resultat av intensiv engelsk misjon på 18 og 1900-talet, i kombinasjon med vekkjingsrørsler i nyare tid. Meghalaya er 22700 km2 og folketalet er 2 630 000 (2010).  Hovudstad er Shillong. Der bur det 305 000 personar. 70,2% av befolkninga er kristne, 13,3% hinduar, 11,8% er animistar og 4% muslimar.

Det har vore mykje tradisjonalisme i kyrkjelydane, men etter år 2000 har Gud gjesta og revatilsert mange kyrkjer. Likevel er det vanskeleg for kyrkjelydane å halda på dei unge som går sine eigne vegar, og gjerne vil smaka på rusen og denne verdas gleder.

Det er forresten stor mangel på pastorar og kristent leiarskap. Kristne manglar hyrdar som kan undervisa og disippelgjera dei, og trua er ofte svært overfladisk.

Gode Gud! Me takkar deg for ditt historiske verk i Meghalaya, og for fornying og vekkjing i vår tid. Reis opp nye leiarar for kyrkja di, kvinner og menn som kan leida og disippelgjera barna dine. Me ber spesielt for dei unge, at dei skal få personlege møter med deg som gjer at dei begynnar å elska deg over alt, og slik at dei identifiserer seg meg dine planar og mål. I Jesu namn. Amen!

onsdag 27. juni 2018

Maharashstra, indisk delstat

Areal: 308 000 km2. Folketal: 114 millionar fordelt på 735 folkegrupper. Største by: Mumbay, som er Indias økonomiske, kommersielle og industrielle kraftsenter. Likevel lever 60% av byens befolkning i slum.  Klasseskiljet er enormt i India. Språk: Marathi (68%), hindi (11%).  80% er hinduar, 10,6% muslkimar og 2% kristne (2010).

Hindutvarørsla står sterkt i Maharashtra. Det fører til grov diskriminering av muslimar, buddhistar og kristne, og det er ofte eit kraftig press mot kristne til å rekonvertera til hinduismnen.

i Mumbay er det 200 000 sexslavar, 100 000 gatebarn og 300 000 AIDS-sjuke. Slummen er prega av grov kriminalitet, tilgrising, sjukdomar, fattigdom, arbeidsløyse og vonløyse.

4% av befolkninga i Mumbay er kristne, det er eit fint tal til India å vera, og New Life Fellowship har planta tusenvis av huskyrkjer i byen. Visjonen deira er å planta huskyrkjer i alle byar og landsbyar i delstaten.

Mange historiske kyrkjer er prega av namnekristendom og konfliktar, og dei lid under mange års forsøming i form av sviktande rekrutteringsarbeid.  I tillegg slit dei kraftig økonomisk. Ikkje bra.

Dei nye kyrkjeplantingsrørslene er ofte aggressive i sin metode og framtoning, og dette skaper unødvendige og øydeleggjande konfrontasjonar med hinduaktivistar , og triggar forfølging.

Minst 75 folkeslag er heilt unådde.

Herre! Takk for alt godt som skjer i Maharashtra, for alle nye kyrkjelydar og nye kristne. Me ber om at dei nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort og utrusta med tanke på vitneteneste, og at du skal gje dei styrke til å takla og tola diskriminering og forfølging. Så ber me om at du skal bli meir og meir synleg for vanlege folk i denne byen, at du auser ut Anden din over folket, let lyset ditt fløyma innover fattig og rik, høg og låg, slik at både folk og samfunn blir forvandla. Bryt djevelens forferdelege makt over menneska, og må dei venda seg bort frå avgudane sine og til deg åleine, du som er den einaste sanne Gud. Amen! 

tirsdag 26. juni 2018

Madya Pradesh

Areal: 297 000 km2. Folketal: 74 millionar fordelt på 660 folkegrupper.
Religion: Hinduisme, 91,1%. islam, 6%, kristne: 0.3% (talet er nok langt høgare sidan den nye huskyrkjerørsla som du veks fram i staten ikkje er medrekna). Hovudstad: Bhopal (som vart råka av den forferdelege giftskandalen 2.-3. desember 1984, då Union Carbide slapp ut store mengder av den ekstremt giftige gassen metylisocyanat frå plantevernfabrikken sin, eit utslepp som gav opphav til ein miljøkatastrofe som totalt har krevd 25000 menneskeliv, den største industrielle katastrofen i historia nokon gong).

Guds rike går fram i MP. Mange nye kjem til tru på Jesus, og kyrkjer blir planta over alt. Men motstanden frå hinduekstreme grupper er enorm. Mange tusen kristne har blitt pressa til å rekonvertera til hinduismen.

MP er den staten der det finst flest folkegrupper av ikkje-arisk opphav. Misjonen har her, som elles, konsentrert seg om desse stammene.

Gode Gud og Far!
Me ber for alle menneske i Madya Pradesh. Alle var inkludert i Kristus då han døydde for syndene deira på krossen. Må frukta av hans død og oppstode nå fram til dei, slik at dei kan få ein smak av din godleik, underordna seg ditt ord og overgje liva sine til deg. Me ber om lækjedom for dei sjuke og trøyst til alle som sørgjer. Hald kyrkja di vital og kraftfull, og lat dei truande fungera som lys og salt i samfunnet. Bygg dei tett saman og gje dei styrke til å tola forfølging og trakassering. Me ber i Jesu namn. Amen!


mandag 25. juni 2018

Karnataka, indisk delstat

Areal: 74061 km2. Folketal: 61 131 000.  Delstaten er i stor grad sett saman av dravidiske stammer som 2000-1500 f.Kr vart fordrevne sørover av indoeuropeiske stammer frå Sentral-Asia. Det snakkar 19 språk i Karnataka. 65% snakkar kannada, 10% urdu, 8%  telugu og 5% tamil.
Hovudstad: Bangalore 7,2 millionar. Bangalore er den leiande IT byen i India, og dermed i resten av verda.

Religion: Hinduisme 84%, islam 12,2%, kristendom 2%.

Kernataka er den fattigaste av statane i sør. Dei kristne er passive, sjølvopptekne og isolerte. Dei verkar motlause, og ekstreme hindugrupper jobbar hektisk for å få vedteke antikonverteringslover. Dei går ofte til åtak på kristne, det er snakk om over 1000 anslag per år i gjennomsnitt.

Det har vore gjennombrot for evangeliet i folkegruppa lingayat, som er nådd utelukkande gjennom innsatsen til lingayatkristne.

Sårbare grupper: Banjara (sigøynarar), 50 000 devadasi, unge lågkastejenter selde til tempelprostitusjon, og 70 000 gatebarn i Bangalore.

Det er 79 andre heilt unådde folkegrupper i Karnataka

Herre Jesus!
Me takkar deg for ditt verk i lingayatfolket. Fullfør din gjerning mellom dei, og lat dette folket få del i dine misjonsvisjonar og bli engasjerte i å disippelgjera andre folkegrupper i Karnataka. Me ber for dei kristne i delstaten at dei skal vakna opp, bli bevisstgjort på kven dei er i deg, kva du er god for å gjera i dei og gjennom dei. Gjer dei til stolte Guds barn, utrust dei med Andens kraft til å frelsa syndarar, lækja sjuke og setja fri dei som er okkuperte av vonde ånder.  Må Anden ausast ut over alt kjøt i Karnataka, og hinduismen tapa makta si over folks sinn og tanke. Må den nye røyndomen i Kristus bryta fram som sola om morgonen. Styrk kyrkja di slik at ho kan bringa di rettferd til banjarane, devadasijentene, gatebarna og alle dei 79 andre unådde folkegruppene i staten. 


Jharkand, indisk delstat

Jharkand er tette skogar og lange åsar. Delstaten er den yngste i India, separert frå Bihar i år 2000. Det bur 32  millionar menneske del fordelt på 415 folkegrupper. Delstaten har eit areal på 77000 km2. Dei som bur der er stort sett svært fattige bønder, mange av dei tilhøyrer  urgamle og opprinnelege stammefolk (adivasi), t.d. santalane som Normisjon har arbeidd med i 150 år.  Det er 32 slike urfolk i Jharkand, dei fleste av dei er unådde.

68% er hinduar, 14% muslimar, 13% animistar og 5% kristne.

Dette området av India har gjennom det siste hundreåret vore prega av opprør og uro, og i dag er det ei maoistisk geriljagruppe som lever i dei djupe skogane som skaper trøbbel.

Det er eit tett åndeleg og moralsk mørker i Jharkand, og den 19.juni i år vart i følgje avisa "The Hindu" 3 kvinner som jobbar for kvinners rettar valdtekne av ein gjeng unge menn. Desse gjengvaldtektene er eit mareritt for India.

Dei kristne er ofte ivrige, men ikkje alltid så kloke i sitt uttrykk, Ein del av den forfølginga dei er utsette for burde vore unngått, i følgje Operation World 2010.

Far i himmelen!
Du er den rette far for alle menneske, også for befolkninga i Jharkand. Aus Anden din ut over denne fattige delstaten og over alle folka som høyrer heime der, og gje god grobotn for evangeliet om Jesus Kristus. Må ditt lys fløyma over Jharkand, fordriva mørkret og frelsa menneska. Styrk kyrkja di, gjer henne varm, vinnande, offensiv og klok. Amen!

søndag 24. juni 2018

Jammu og Kashmir, indisk delstat

Areal: 222000 km2. Folketal: Mellom 13 og 14 millionar. Religion: 67% muslimar, 30% hinduar, 0,2% kristne. Hovudstad: Srinagar (1,4 mill.) og Jammu (450 000).

Kashmir er eit omstridt område, og India og Pakistan gjev krav på ein del av dei same områda, og det er støtt og stadig trefningar. Muslimane og hinduane bur i stor grad separat frå kvarandre. I Kashmirdalen, der eit kraftig jordskjelv i 2005 foråraka mange døde og store materielle skadar, er 97% av befolkninga muslimsk, og her er den millitære spenninga størst. Dette er ikkje lite skummelt med tanke på at både India og Pakistan er atommakter.

Også i Kashmir går evangeliet sin sigersgang. i 1990 var det 2000 kristne der. I år 2000 hadde dette tidobla seg, og i 2010 var det 40 000, og har utviklinga vore den same sidan den gong, må det no nærma seg 80 000 truande der. Men denne veksten fører også til diskriminering og forfølging.

Men trass i denne framgangen for Guds rike, må alle folkegrupper i Kashmir reknast som unådde, enno.
Kjelde: Operation World 2010.

Gode Gud!
Me takkar deg for ditt rikes framgang i Jammu og Kashmir, og me ber om at dei mange nye kristne skal bli godt disippelgjort, fylte av din kjærleik og utrusta til å vinna nye for Jesus. 
Styrk einskapen mellom dei truande, og bevar dei i brorskaps ånd. 
Så ber me om ein varig fred mellom Pakistan og India. Amen!






Himachal Pradesh, indisk delstat

Areal 55 700 km2. Folketal: 7 millionar. Hovudstad: Shimla (430 000).  35 språk. Pahari dominerer. 358 folkegrupper. 95,4% er hinduar. 0,1% kristne.

Himachal Pradesh er blitt kalla "gudane sitt land", og er eit mål for mange pilgrimar. Kvar einaste fjelltopp i denne fjellrike staten er oppkalla etter ein av dei mange hinudistiske gudane.

Lenge var Himachal Pradesh rekna for Indias minst evangeliserte stat, men slik er og utrust  det ikkje lenger. Frå å ha nokre få tusen kristne er det i dag kanskje så mange som tusen kyrkjelydar, noko som er eit rasultat av målretta misjonsinnsats frå indiske kyrkjer.

Også her har hindutvapartiet fått gjennom antiomvendingslover, og slik gjort evangelisering ekstremt vanskeleg.

Det er 100 000 tibetanske flyktningar i Himachal Pradesh. Desse er buddhistar og ekstremt resistente overfor evangeliet.

Kjelde: Operation World 2010

Herre Jesus Kristus!
Styrk alle Guds barn i Himachal Pradesh  i trua. Lat dei bli ståande fast i deg og modig vitna om deg og di frelse for sin neste. Utrust kyrkja di med sterke nådegåver, og lat under og teikn følgja dei som trur, og bevisa for menneska at evangeliet er sant. Djevelen reiser seg mot dei, og me ber deg om at du skal reisa deg mot han, binda han og  kasta han ut or folkas liv. Lat alle avgudane bli avslørte som ureine ånder som forvirrar, villeier og lurer folk og fører dei mot evig fortaping og straff. Me ber spesielt for tibetanarane at dei skal få teften og smaken av din kjærleik, og at buddhismen skal tapa si makt over liva og tankane deira. Herre, miskunna deg. Amen! 

lørdag 23. juni 2018

Gujarat, Indisk delatat.


Flatemål: 196000 km2. Folketal: 60 millionar. Hovudstad: Gandhinagar (235000). Store byar:  Ahamadabad med sine 5,7 millionar og Surat med 4,2 millionar.

Gujarat var delstaten der Mahatma Gandhi gjennomførte den berømte saltmarsjen sin.

0,6% av befolkninga er kristne.  Dei fleste katolikkar og metodistar.  Frelsesarmeen er også på plass. Hinduekstreme grupper er sterke i denne staten, og politiet og styresmaktene samarbeidar om å skremma og forfølga både kristne og muslimar. i 2003 vart det vedteke forbod mot omvending, såkalla "anticonversion law", Slike lover verkar som regel berre ein veg. Slik også her. Det er lite att av Gandhi sin tolerante innstilling i det som ein gong var heimstaten hans. Presset mot kyrkja har gjort dei kristne redde og kompromissviljuge. Dei er lite frimodige, og misjonarbeidet har mista mykje av sitt momentum.

Trass i desse vanskane har det vore signifikant kyrkjevekst i fem distrikt.

Det er 19 folkeslag i Gujarat med over 100 000 menneske som er mellom verdas heilt unådde.
Ahamadabad er hovudstaden for jaintrua med meir enn 100 jaintempel.

Kjære gode Far!
Sjå i nåde til Gujarats store befolkning. Me takkar deg for den framgangen evangeliet har hatt i delstaten den siste tida trass i motstand og forfølging. Set mot i dine barn slik at dei fast og beslutsomt tek opp krossen sin og forkynner evangeliet for dei fortapte trass i trugsmål om bøter og fengsel. Di kyrkje er Gujarats einaste håp. Fyll henne med din Ande, herlegdom og kraft, og lat pinseelden brenna sterkt og utrust henne til å kunna formidla håp, frelse og lækjedom til alle som er undertrykte av djevelen. Bryt fiendens  makt over indiske sinn, og kall folk til å snu ryggen til gudegalleriet sitt og overgje seg heilt og fullt til deg, du som er evig Far og sann Gud frå æva til æva. Amen! 

India


India er med sine 1,3 milliardar menneske verdas nest mest folkerike land, snart er dei på topp. Det er 2493 folkegrupper i dette landet, og det blir snakka 456 ulike språk. 74,3% er hinduar. 5,48% er kristne, 2,2% evangeliske, 14% er muslimar. Hovudstad er New Dehli. 

72% av befolkninga stammar frå indoeuropeiske stammer som kom til India frå Sentral-Asia for godt 3000 år sidan og etablerte hinduismen som religion. 25% av indarane tilhøyrer urbefolkninga, dei såkalla dravidane. Mestedelen av kristen misjon i India har vore retta mot desse. 

70 språk har heile Bibelen. 120  har Det nye testamentet og 136 deler av Bibelen oversett (tal frå 2010). Rundt 100 levande språk treng enno bibeloversetting. 

Indarane er delt inn i 4700 kastar og 25000 underkastar. Kastesystemet er ulovleg, men bestemmer  likevel svært mykje av det som skjer i samfunnet, særleg på landsbygda.

Tradisjonelt har India vore eit jordbrukssamfunn. Dei siste tiåra har næringslivet vorte langt meir differensiert, og landet er i dag verdas leiande IT-nasjon, landet har romfartsindustri, har eit atomvåpenarsenal og ei veksande finansnæring. Landet er blitt ein økonomisk suksesshistorie.  Likevel lever 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense. 

30% analfabetisme. 40% blant kvinner. 

India vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1947, og vert rekna for å vera verdas største demokrati. I dag ser me at hinunasjonalistiske parti har overteke makta, og religionsfridomen er blitt kraftig innsnevra mange stader, og støtt og stadig bryt det ut forfølging mot kristne, særleg rundt dei store høgtidene. 

I India er det 400 millionar barn. 35 millionar fleire gutar enn jenter. Mange jentebabyar blir aborterte, eller dei vert  drepne etter fødsel. 80% av alle barn vert fysisk mishandla, 50% blir utsette for seksuelle overgrep. Det hender at foreldre sel barn til slaveri for å dekka gjeld dei har teke opp. Kvar dag er ein katastrofe i dette landet. Underskotet på kvinner fører også til massevaldtekter. Det er eit tjukt moralsk og åndeleg mørker i dette landet. Hinduismen er då også ein sterkt seksualisert religion. Kristendomen er den religionen som no veks raskast i landet, og særleg mellom dei kastelause, som utgjer 25% av befolkninga. 

Kristendomen har ein lang historie i India. Legenden vil ha det til at apostelen Thomas forkynte der først (i Kerala), og at han leid martyrdøden ved å bli gjennombora av spyd. Enno er det nokon som kallar seg Thomaskristne i sør-India. 

Mesteparten av den levande kristendomen i India i dag har vakse fram pga misjonsinnsatsen dei siste 300 åra. Av dei 70 millionar kristne, er 23% katolikkar, 35 % protestantar og 18% uavhengige, 20% tilhøyrer inga kyrkje, 2,7% er ortodokse (Thomaskristne).

Det er stor og løfterik vekst mellom dei karismatiske kyrkjelydane (både katolske og andre), og mellom dei evangelisk kristne. Hovudveksten er å finna i desse grupperingane.

Mange millionar kristne har ikkje fellesskap, og trur i løynd.

Mirakelmøter og sensasjonsmakeri er i skotet. Men disippelgjering av dei truande er fråverande.

Dei tradisjonelle kyrkjesamfunna treng vekkjing og fornying. Her er det mykje partistrid og krangling som tappar dei truande for glede, engasjement og åndskraft og effektivt hindrar folk frå å fungera som Kristi vitner i kvardagen.

Men bilete er samansett, som alt i India: Det har dei siste tiåra vakse fram over 1000 nasjonale misjonsorganisasjonar, og meir enn 100 000  kyrkjeplantarar, evangelistar og sosialarbeidarar. Landet har over 100 teologiske institusjonar og meir enn 1000 bibelskular.

Indian Mission Assosiation (IMA) er eit samarbeid mellom mange organisasjonar. IMA samlar inn data om den åndelege, kulturelle, økonomiske og språklege situasjonar i delstatar, fylker, kommunar og landsbyar, og samordnar misjonsinnsatsen i landet.

All Indian Christian Counsil overvakar menneskerettssituasjonen for dei kristne. Dette er eit samarbeidsprosjekt der 5000 organisasjonar, kyrkjesamfunn og kyrkjelydar er med.

India har fleire unådde enkeltmenneske enn nokon annan nasjon. Særleg gjeld dette dei som bur på slettene i Gangesdalen, heimplassen til 283 ulike folkegrupper.

Misjonsinnsatsen er i dag i stor grad retta mot stammefolk (Indias urfolk) og dei kastelause. Få konsenterer seg om den sterkt veksande middelklassen, og enno mindre om dei som kjem frå dei høge kastane i landet. Dette MÅ endrast om Jesu oppdrag skal fullførast i India.

Hinduismen si karmatru gjer at dei rike ikkje ser noko poeng i å hjelpa fattige. Alle får det dei har fortent.

Takk for
  • den store kyrkjeveksten dei siste åra
  • nye misjonsorganisasjonar og nasjonale misjonærar og kyrkjeplantarar
  • IMA og All Indian Christian Counsil
  • dei teologiske institusjonane og bibelskulane
  • alle bøneinitiativ som lever mellom dei kristne
Be om
  • Vekking og fornying innan dei store tradisjonelle kyrkjene
  • at dei kristne skal fungera som lys og salt i samfunnet
  • at nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort
  • teologien og læra skal vera sunn i kyrkjelydane og dei teologiske utdanningsinstitusjonane. 
  • at dei kristne skal leva reint og heilagt midt i det massive åndeleg og moralske trykket dei møter kvar dag
  • at dei kristne skal bli utrusta med rike nådegåver til å forkynna evangeliet, helbreda sjuke og driva ut vonde ånder
  • auka evangeliseringsfokus retta mot middelklassen og dei høgare kastane
  • ein massiv misjonsinnsats retta mot befolkninga i Gangesdalen
  • nye initiativ til bibeloversetting
  • gode lese og skriveopplæringsprogram for kvinner
  • at dei som er hemmeleg truande må bli fanga opp, disippelgjort  og inkludert i fellesskap
  • vern for Indias mange barn, fødde som ufødde
  • at landet skal halda fast på demokratiet som styreform, og at sunne demokratiske prinsipp pregar vanlege folks tenkemåte. 
  • at menneskerettane skal bli respekterte
  • at abort skal bli forbode, og drap på jentebarn pådømt. 
  • at åndsmakta i hinduismen skal bli broten, og at Gud skal gripa mektig inn og omforma India til eit kristent omsorgssamfunn. 


søndag 17. juni 2018

Ungarn

Folketal: 9,8 millionar
25 folkegrupper
Språk: Ungarsk. Totalt 17 språk.
88% er kristne. 2,8% evangeliske.
Hovudstad: Budapest

I år 2000 feira ungararane 1000 årsjubileet for innføring av kristendomen i landet. Men i dag har dei aller fleste ungarar mista kontakten med evangeliet. Dei søkjer svar på problema sine i materiell velstand, alkohol og falsk religion. Okkult aktivitet, austleg mystikk, heidensk heksekraft, shamanisme, tibestansk buddhisme eller ein miks av desse retningane har auka kraftig på dei siste åra.

Be om at ungarske kristne skal reisa seg mot denne utviklinga i bøn og forkynning, og at Gud skal gjera dei til lys og salt i eit samfunn der kunnskapen om Han og kjennskapen til Han er i ferd med å forvitra. 

Det høyrer med til bilete at parallelt med fråfallet har høgreekstreme grupper gjort seg kraftig gjeldande.  Under valet 2018 fekk dei, gjennom partiet Jobbik, nesten 20 % av røystene. Dei har ei kraftig stemme i samfunnet, og partiet til  statsminister Viktor Orban, Fidesz, er også svært nasjonalistisk og framandfientleg. Den viktigaste saka i kvar valkamp er innvandring. Det handlar om kven som er flinkast til å tetta grensene og avvisa flyktningar.

Be om at Gud skal intervenera og fjerna framandhatet frå ungararane sine hjarto, og gjera dei til varme, opne og rause mennesker. 

Når det gjeld kristenlivet har uavhengige,  karismatiske kyrkjelydar god vekst mange stader. Det utviklar seg spennande ting i desse samanhengane, og det viktigaste er nye bønerørsler. Det trengst brubygging mellom desse og tradisjonelle kyrkjer.

Be om at kristne menneske frå ulike grupperingar skal ha god kontakt med kvarandre, elska kvarandre og samarbeida for å vinna den ungarske befolkninga for Jesus Kristus. 

Be også om at dei ungarske kristne skal utvikla ein misjonal livsstil, let seg fylla og utrusta av Den Heilage Ande slik at dei ivrig vitnar om Jesus der han sender dei, at dei etablerer nye kyrkjelydar der nye truande kan bli forsvarleg disippelgjort. 

I Ungarn er det fire universitet som utdannar nye leiarar for kyrkjelydane.

Be om at desse læreinstitusjonane skal vera tru mot Bibelens ord, ha solide lærarar som elskar Jesus, kyrkja, folket og Ordet, vera innretta slik at teori og praksis, lære og liv kan gå hand i hand.  Be også om at Herren sørger for fulltidsstudentane slik at dei kan fullføra løpet sitt. 

Det er kristendom på skulane, men det er strenge restriksjonar på undervisninga for kristne lærarar.

Be om at kristne lærarar skal bruka visdomen sin, at barn og unge i Ungarn må få kjennskap til Jesus, hans person, liv, død og oppstode, slik at dei kan ta imot han i hjarto sine og bli frelst frå syndene sine. 

Be om at det kristne studentarbeidet, som er ganske omfattande, skal bli haldt oppe og at mange av Ungarn sine 200 000 studentar skal koma i kontakt med kristne medstudentar og erfara Gud gjennom dei. 

13,2% av befolkninga tilhøyrer romanifolket (sigøynarane). Desse er diskriminerte og sett ned på av andre ungararar. Men Gud går fram mellom sigøynarane, der,  som i andre land i dette området.

Be for Romanifolket som er talrikt i Ungarn, at dei skal bli handsama med respekt, at Guds rike skal, som det har gjort dei siste åra, gå kraftig fram i desse miljøa, frelsa sigøynarane og forvandla dei til veldige og kraftfulle Kristusvitner. 

Det er stort behov for ny kristen litteratur i landet.

Be om at det skal tilflyta dei ungarske kristne nok god kristen litteratur, og at dei truande skal bli opplyste og kunnskapsrike "lesarar" som lett kan svara for seg, og som offensivt set dagsorden for kva folk skal vera opptekne av. 




fredag 15. juni 2018

Vatikanstaten

Vatikanstaten i Roma er den katolske kyrkja sitt hovudsete. 
Nokre av verdas mest verdfulle kulturskattar er å finna her. Det veldige biblioteket er fullt av eldgamle originaldokument til kjende og ukjende litterære storverk, og det store landemerke er jo sjølvsagt Peterskyrkja med alle sine kunstskattar. 

Vatikanstaten er også kalla kyrkjestaten, og alle katolske kyrkjer i verda er ein del av denne staten. Det er eit veldig åndeleg kraftsenter. 

Dei siste åra har mange katolske prestar over heile verda blitt avslørte som pedofile overgriparar. Det har gjeve kyrkja stor miskreditt. Særleg fordi leiarane ved mange høve har forsøkt å dekka over ugjerningane. Ikkje lett å sjå korleis denne kyrkja heilt skal kunna attreisa autoriteten sin etter dette. Sølibatkravet for prestar er medverkande til den elendigheten kyrkja er komen oppi. 

Læreavvika er mange. Det kjem av at pavestolen og tradisjonen er autoritetar på linje med Bibelen. Ja, i praksis høgare enn Bibelen. Mariakultus, helgendyrking og messeoffer er døme på det. Likevel ser me ei sterk karismatisk vekking i den katolske kyrkja, og dei som er gripen av Anden utviklar langt meir bibelske haldningar og verdiar. 

Elles er den katolske kyrkja konservativ og er i dag den einaste tydlege stemma i verda mot abort. Det står respekt av det. Kyrkja er også imot bruk av preventive midlar. 

Pave Frans har gjort eit sterkt inntrykk på mange. Han er audmjuk, elskar Jesus, forkynner evangeliet og lever eit enkelt liv. Det ser ut til at han kjem til å endra retninga som kyrkja går i. Det er å håpa at ho bevegar seg bort frå all pomp og prakt og rikdom til å bli ein audmjuk misjonsinstitusjon, og berre det.  

Gode Far! Me ber i dag for Vatikanstaten, pave Frans og alle han har rundt seg. Gje dei mot til å ta eit varig oppgjer med ubibelsk lære, og til å løfta opp Skrifta åleine som autoritet i spørsmål om rett lære og rett liv. Me ber om at du skal føra denne kyrkja ut av alle syndige klemmer ho sit fast i, og læra tenarane hennar å leva reint på alle områder, og å tilbe Jesus åleine. Gje dei brennande hjarto, ei sunn evangelieforståing og gåver til å forkynna evangeliet slik at det vekker tru hos tilhøyrarane . Løys kyrkja frå all magi og okkulte praksisar, og bruk henne på ein mektig måte til å fullføra misjonpåbodet. Me ber i Jesu namn, Amen!




torsdag 14. juni 2018

Fare for folkemord på kristne i Burma

Nord i Burma bur det kristne Kachinfolket som lenge har kjempa for nasjonalt sjølvstende. Etter at Burma kom relativt billig unna folkemordet på det muslimske Rohingyafolket, har dei no intensivert krigen mot Kachin med  kraftig flybombing og artellerield. Regjeringssoldatar går inn i landsbyar og drep menn og valdtek kvinner, og mange kachinarar skamfer seg på landminer som er blitt lagde ut. Soldatane driv også me intense avhøyr av kristne , og mange er livredde for kva som blir det neste trekket. Det er tydeleg at burmesiske styresmakter no vil utsletta all annan religion enn buddhismen i lander, og det betyr naturlegvis å utsletta alle som ikkje er buddhistar.  Ingen pressefolk slepp til for å rapportera om kva som skjer, og verdspressa er difor heilt stille. Kjelde: www.persecution.net

Kjære gode Far! Me er fortvila på det som skjer i Burma, og ber om at du skal verna Kachinfolket mot overgrep og åtak frå styresmaktene. Stopp desse styrkane i Jesu namn. Amen!


onsdag 13. juni 2018

Haiti

10,7 millionar innbyggjarar, 95,12% kristne, 16% evangeliske. Hovudstad: Port-au-Prince.

Jordskjelvet i 2010 tok livet av 250 000 menneske, og øydela store deler av landet sin bygningsmasse og infrastruktur. Folket reagerte med i stor stil å venda seg til Gud i bot, bøn og faste.

Be om at han må gå på djupet med folket, fri dei frå dei mørke kreftene som har dominert samfunnet i to hundreår og transformera nasjonen. 

Evangeliske kristne har opplevd ein sterk vekst dei siste tiåra gjennom evangelisering og praktisk kjærleik. Ei sterk bønerørsle "Visjon Haiti" har vakse fram, og kristne frå mange kyrkjesamfunn og organisasjonar har gjennom mange år målretta bede Gud om at han skal fria folket og nasjonen frå djevelens makt, og krafta i desse bønene er blitt demonstrert ved mange høve.

Be om at Gud skal fullføra dette verket han har starta og setja alle menneske fri frå okkultisme (voodo), spiritisme, grådighet, vald, rus og korrupsjon. Alt dette er svært utbreidd i landet. 

Kriminaliteten er skyhøg, og 25% av politistyrken er sjølv kriminelle.

Be om at dei utru politifolka skal bli avslørte, at dei som skal handheva lovverket blir rettsskafne, og at Den Heilage Ande ansvarleggjer både politifolk og kriminelle slik at dei alle gjer alt dei kan for å fly unna den dom Gud ein dag skal fella over alle vonde, og alle som held sanninga nede i urett. 

200-300 000 barn lever som slavar under forferdelege tilhøve. Dei vert kjøpt og selt i stor stil.

Be om Gud pådømmer slaveriet, at det skal ta slutt og at barna skal få rettane sine oppfylte, det handlar om rettane til å veksa opp i trygge heimar, til skulegang og helsehjelp. 

Be om at Gud velsignar landet med gudfryktige, kloke og sterke leiarar. 
Det har alltid vore ei mangelvare.

Økonomisk ligg Haiti langt nede i sørpa, og det blir berre verre og verre. Økologien er i ubalanse, skogane snauhogne, jordbruket radbrekt og næringslivet svakt.

Be om at Gud skal velsigna folket og landet økonomisk. Be om at styresmaktene skal satsa på kunnskap og utdanning, slik at folket blir i stand til å møta utfordringane framover, ja, bli ein nasjon som kan blomstra på alle områder. 

Svært mange haitianarar har flykta frå landet. Desse har synt seg svært mottakelege for evangeliet.

Be om at dei skal møta på seriøse og gode kristne der dei kjem, menneske som kan føra dei til Kristus. 

Seksuell promiskuitet, prostitusjon og sprøytenarkomani har ført til stor utbreiing av AIDS.

Be om at folket skal venda seg bort frå syndige livsmønster som tek livet av dei. 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...