tirsdag 31. mai 2011

Burmesarane i Burma

Burmesarane tel meir enn 28 millionar menneske. Dei er buddhistar med sterkt islett av animisme. Mykje av energien deira går med til å halda fred med ei vond ånd som dei kallar "nat". Burmesarane lever i eit tett åndeleg mørkre, og dei er undertrykte på det verste både av djevelen og av dei militære makthavarane i landet. Problema i Burma er ikkje politiske, men åndelege. Syklonen Nargis påførte dei i 2008 forferdelege lidingar.
Dei snakkar sitt eige språk, og Bibelen er tilgjengeleg for dei, likeeins Jesusfilmen og NT online.

Herre Jesus! Du som kom for å setja fangar i fridom og gje menneska augo å sjå med og øyrer å høyra med, kom og gjer di makt og di kraft gjeldande mellom burmesarane. Reis opp menneske over heile verda som kan be for dette folket, og send profetar til dei som kan forkynna med stor effekt inn i folks liv, slik at dei tek avstand frå all avgudsdyrking og okkultisme og tek sin tilflukt til deg åleine. Gje dei mot til å kasta av seg djevelens lenker som du låste opp då du døydde for dei på krossen. Gå mektig fram mellom burmesarane og lat dei kle seg i heilag skrud og stå fram som forløyste og glade kristne. Du som er historias Herre, velsign dei med eit politisk leiarskap som utelukkande arbeider for folkets vel og ikkje for sine eigne posisjonar. Amen!

Kristen familiefar torturert og drepen i Irak

Den 29 år gamle kristne mannen Ashur Issa Yaqub vart 13. mai kidnappa, torturert og drepen av Al-Quaida i Kirkuk i Irak Dei hadde kravd 100 000 USD I løysepenger for han. Den 16. mai fann folk Ashur drepen . Han bar merker etter grov tortur. Ashur etterlet seg kone og 3 små barn.


Herre Jesus Kristus! Enno ein gong må me be om vern for Iraks kristne, og me ber deg om å gje trøyst og styrke til kona og barna til Ashur som no er i djup sorg. Herre, me ropar til deg: Gjer ein ende på dei som utset dine barn for slike lidingar. Lat dei ikkje lukkast i sin vondskap, men lat dei falla for eige grep. Gode Gud, kom med fred og lækjedom til Irak som har mista så mykje over så lang tid. Håpets Gud: Landet treng rettferdige leiarar med klokskap og mot til å føra folket inn i fredelege og lukkelege tider. Reis opp modige og offerviljuge kristne med profetiske sansar som kan gjennomskua dei vonde sine planar, stå opp for evangeliet og forkynna dei gode nyheitene mot alle odds, og slik ta djevelen kraftig ved nasa. Amen!

Aceh

Acehfolket tel 3 758 000. Dei er ei blanding av mange folkeslag, meir lyshuda og høgvaksne enn andre indonesarar, strenge sunnimuslimar som yt evangeliet sterk motstand, og som har islamisert dei andre indonesiske provinsane. Acehprovinsen opplevde fælslege øydeleggingar under Tsunamien i 2003.


Herre Jesus! Takk at du er ekspert på stridbare mennesker. Må du bli Acehfolket for sterk. Lat Anden koma til deiein slik måte at dei forstår kor himmelhøgt du står over Muhammed i kvalitet og makt. Send dine modige tenarar til dei som kan dela ordet ditt med deiein kraftfull, varm og overtydande måte, og lat store under skje mellom dei, og gjer Acehfolket til eit åndeleg føregangsfolk som bringer evangeliet til resten av Indonesia.

Tyskland

Opplysningar/bakgrunn: I Tyskland lever over 82 millionar menneske. 65% er kristne. 30% ikkje religiøse. 4% muslimar. 55 % av dei aktive kristne i Tyskland er over 50 år. Talet på kristne mellom dei unge søkk stadig. Nazistane som med sine demoniske jødeutryddingar og meininglause krigshandlingar let etter seg ein djup mistillit hos tyskarane til dei historiske verdiane som førte fram til katastrofen. Det vart eit åndeleg tomrom, og landet satsa på utvikling av vitskap, industri og materiell velstand. Aust Tyskland var under kommunismens tvang og mørke filosofi heilt fram til 1989, og skaden er langt frå lækt. Men Tyskland er og blir leiande på dei fleste områder, så det vil vera avgjerande for Europa kva veg Tyskland går.

Gode Far! Me takkar deg for Tyskland der evangeliet gjennom Martin Luther vart gjenoppdaga på 1500-talet slik at ditt lys også kunne bli oss i Noreg til del. Me takkar deg for Bach, Beethoven, Mendelsohn, Francke, Spener, Niemöller og Bonhoefer som har lyst opp livet for så mange. Gode Gud, hjelp det tyske folket attende til deira rike åndelege røter. Læk dei djupe såra som folket fekk gjennom nazisme og kommunisme, riv ned alle løgntankar dei ber på i hjarto sine, korriger alvorlege avvik og hjelp dei å sjå på deg som Skapar, Jesus som frelsar og Anden som trøystar og himmelsk kraftkjelde. Gje dei unge ny lyst til å bli kjent med Bibelen, og bruka sin intellektuelle nyfikenskap på den. Kom med gjennombrot for di kyrkje i Tyskland, og reis opp nye markante åndelege leiarar. Må alle som kjenner deg bli sterke i deg og finna saman i levande fellesskap med så mykje lys i at heile nasjonen vert opplyst. Amen!





Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...