onsdag 11. november 2026

Fredrikstad i Østfold

 




Fredrikstad by ligg ved utlaupet av Glomma. Kommunen strekker seg elles langt nordover og austover i fylket.

Folketal: 86000

Næringsliv: Industri, handel, jordbruk, tenesteyting

Kyrkje og kristenliv: DNK har åtte kyrkjelydar. Elles finnst det fleire pinsekyrkjer samt Den evangelisk lutherske frikyrkja, Metodistkyrkja, Baptistkyrkja og to romersk katolske kyrkjelydar. Det er fem bedehus i byen. Normisjon driv tre av dei. 

Fredrikstad har ein uvanleg sterk vekkingstradisjon. Både Haugevekkinga og metodistvekkinga (som vart tent av sjømannen Ole Peter Petersen) på 1800-talet hadde sitt episenter innafor det området som i dag utgjer Fredrikstad og Sarpsborg kommunar. Pinsevekkinga på 1900-talet og meir moderne karismatiske vekkingar har prega byen heilt til i dag. 

 Takk Gud for alt godt han har gjort i Fredrikstad gjennom tidene, og for den betydninga som denne byen har hatt for heile landet. 

Be om at den elden som brant så sterkt i Fredrikstad for nokre år tilbake skal ta seg skikkeleg opp også i vår tid. 

Be om at byen skal bli velsigna med gode leiarar på alle nivå

Be om gode og trygge oppvekstmiljø for barn

Be om stabile og varme ekteskap og heimar

Be om høge fødselstal og null abortar

Be om eit oppegåande, lønsamt og moderne næringsliv, og god skatteinngang. 




tirsdag 10. november 2026

Dagens unådde: Pashayi (uttalast puhshee) i Afghanistan

 



Det er 77000 pashayi i Afghanistan. 
Desse er nominelle sunnimuslimar. Dei praktiserer animisme i kvardagen med bruk av amulettar og slike ting for å beskytta seg mot farar. Og farar er det mange av, for det er ikkje noko rettsvesen i samfunna deira. Kvar mann må ta vare på seg sjølv, æra si og familien sin, og det er mange konfliktar og mykja vald. Kvinnene på si side er langt friare enn andre kvinner i Afghanistan, og kan omgåast menn fritt. Det er ingen kristne pashayiar. 

Be om at Guds lys snart må skina klårt for dette folket
Be om at haustarbeidarar skal sendast ut for å hausta dei inn i Guds rike
Be om at Guds kjærleik skal smelta harde og kalde hjarter. 
Be om at samfunnet skal bli styrt av lov og rett, og ikkje av makt





søndag 8. november 2026

Nigeriansk kvinne dømt til 14 år i fengsel

 

Liatu Samuel Dawa

Liatu Samuel Dawa førte ei muslimsk nigeriansk kvinne til Kristus. For dette har ho fått ein shariadom på 14 år i fengsel. Lita er frå Gwosaområdet i delstaten Borno. Der er det eit stort fleirtal av muslimar, og dei har innført sharialover som etter deira syn står over dei nasjonale lovene. 

Be om at sentrale styresmakter på omstøyta denne domen, og at dei skal sørga for at det er nigerianske lover som gjeld over heile landet. 

Be om at Liatu skal få styrke til å stå i denne vanskelege situasjonen

Terror i Krakow i Polen

 Ein 24 år gamal mann skaut og drap i går 3 familiemedlemmer og 6 andre tilfeldige personar i den polske turistbyen Krakow, ein vakker by som eg sjølv besøkte for halvanna år sidan. 

Dessutan er 15 hardt skada pga ugjerninga

Polen er råka av terror.

Be om liv og lækjedom for dei skadde.

Be om trøyst og styrke for alle som er i sjokk og sit i djup sorg. 

Søndagsbøn

 Herre Jesus!

Det er søndag, og me skal samlast for å prisa deg og lytta til ditt ord. Aus kjærleiken din utover oss i dag. Må din herlegdom fylla gudstenesterommet. Forny oss i trua, gje oss ei djupare overgjeving, ei større glede, meir iver og eit sterkare kristent engasjement. 

Lær dei sjuke mellom oss, kall dei fråfalne tilbake til din nåde og ditt fellesskap, trøyst dei som sørgjer og styrk dei svake. Det ber me om i ditt dyrebare namn. Amen! 

Martyrkyrkja. Pastor Wang Lin – fengsla for trua si på Jesus i Kina

 



Pastor Wang Lin i Kina (avbilda saman med kona si) har sete fengsla i over eitt år fordi han leia ei stor, uregistrert kyrkje, Zion Church i Beijing. Han er skulda for svindel og ulovleg næringsverksemd. Det er ukjent når han vil bli lauslaten, saman med dei sju andre kristne leiarane som sit fengsla saman med han.

Wang Lin tok doktorgrad i gammaltestamentleg teologi ved Wheaton College i Illinois, USA.

Frå fengselet skreiv han ei helsing til den kristne fellesskapen rundt om i verda om det å lida for Jesus. Han skreiv:

«Frå eldgamle tider har arret etter å bera krossen vore eit av dei viktigaste kjenneteikna på heile Kristi lekam.»

Han avslutta helsinga si med desse orda:

«Lat oss ikkje lata oss lura av djevelen til å tru at vi står åleine i denne kampen. Må den trøysta og styrken eg sjølv har fått, òg trøysta og oppmuntra andre brør og systrer i trua, og vener som står overfor prøvingar og liding.»

Han fortalde om den medvitne mishandlinga som han sjølv og andre kristne blir utsette for:

- Overfylte fengselsrom, uhygienisk mat med lågt næringsinnhald, mangelfull medisinsk hjelp og store psykiske påkjenningar.

- 40 fangar må sova på ei stor, felles treplattform som er plaga av mygg og andre insekt.

- Daglege høgtalaropprop med ekstremt høgt lydnivå, med det føremålet å «knusa heile mitt indre menneske».

- Tre gonger dagleg må fangane sitja på huk med hendene på hovudet i ein fastlåst stilling, i opptil tre timar om gongen. Dette fører til ekstreme smerter og blir brukt som ei form for tortur.

Bøn for pastor Wang Lin og dei andre fengsla kristne

Himmelske Far!

Vi ropar til deg og bed om at pastor Wang Lin og dei andre truande som sit fengsla saman med han i Kina, må bli sette fri.

Han gjennomgår ei frykteleg liding som har som mål å bryta ned motet hans og tvinga han til lydnad mot den kommunistiske staten. Men du har styrkt han. Han fortel at det å bera Jesu kross er noko av det viktigaste ein truande kan gjera.

Herre, hald fram med å styrkja trua hans og verna han mot skade. Må Den heilage ande vera hans daglege trøyst.

Bruk han etter din vilje medan han sit i fengsel, og lat vitnemålet hans bli til styrkje og oppmuntring for heile Kristi lekam. Hjelp oss òg til å vera førebudde på den moglegheita at vi sjølve kan koma til å lida for Jesus.

Syt for familien til pastor Wang medan han er borte.

Lat alt skje til di ære i Kina.

I Jesu mektige namn bed vi. Amen.


lørdag 31. oktober 2026

Keep the faith alive in me

 Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you and your love, but you think of me all the same. You are my salvation. Let me grow in grace and knowledge to you, and be more and more strong in you, my Lord and my God. 

One day you will come back from heaven and convict the living and the dead. Then the ungodly will burn as chaff, but the rightous shall live with you for ever and ever Keep the faith alive in me so I can be accepted on the judgements day. Amen! 

Herre Jesus! Eg elskar ordet ditt og nærværet ditt, og eg elskar å gruble på ordet ditt natt og dag. Somme tider gløymer eg å tenkje på deg og kjærleiken din, men du tenkjer på meg likevel. Du er frelsa mi. Lat meg vekse i nåde og kunnskap om deg, og bli meir og meir sterk i deg, min Herre og min Gud.

Ein dag skal du kome att frå himmelen og dømme levande og døde. Då skal dei ugudlege brenne som agner, men dei rettferdige skal leve med deg i all æve. Halde trua levande i meg, så eg kan bli godteken på domedagen. Amen!

Fredrikstad i Østfold

  Fredrikstad by ligg ved utlaupet av Glomma. Kommunen strekker seg elles langt nordover og austover i fylket. Folketal: 86000 Næringsliv: I...