tirsdag 30. desember 2014

Cunfolket i Kina

Cun
Cunfolket var opprinneleg Han-kinesarar som immigrerte til Hainan frå fastalandet. Der blanda dei seg med Li-folket. Etter mange hundre år utvikla dei sitt eige språk og sin eigen etniske identitet. Cunfolket er enkle menneske. Dei er svært fattige og går ikkje med klede som seier noko om kven dei er. Dei er for det meste opptekne av at familiane skal ha det bra, og at dyreflokkane deira skal ha stor nok reproduksjon år for år. Dei fleste er animistar, men religion spelar ein heller liten rolle i liva deira. Sjølv om Cun lever i eit nesten totalt åndeleg mørkre og i fornekting, har det vore nokre lyspunkt dei seinare åra. I 1994 gav misjonærar frå Hong Kong bibelundervisning til nokre få av dei, og det med lovande resultat. Cunfolket tel 94000 menneske. Ingen kristen litteratur er tilgjengeleg på Cun-språket.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til Cunfolket, og send nokre gode kristne hankinesarar til dei for å læra dei om deg og di frelse på deira eige språk. Må dei som alt kjenner deg leva heilage liv i samfunn med kvarandre, og tena deg i krafta frå Den heilage ande. Må du læra Cunfolket å angra syndene, sanna dei og venda seg bort frå dei og erstatta alt dette med tilgjeving, rettferd og evig liv. Herre, miskunna deg! Amen!

Cun in China

lørdag 27. desember 2014

Santalfolket i India


Santalfolket er med sine 8,3 millionar  ei av dei største folkegruppene i India.Dei lever i nordaust, og har vore målet for norsk misjon sidan andre halvdel av 1800-talet då Lars Skrefsrud skipa den såkalla Santalmisjonen (no Normisjon) Trass i omfattande misjonsinnsats må me framleis rekna santalane for å vera ei unådd folkegruppe. Mindre enn 2% av dei bekjenner trua på Jesus. Formelt er dei hinduar, men i røynda har dei sitt eige panteon av gudar som dei tilber. På toppen av gudehierarkiet sit Maran Buru. I tillegg har kvar familie sine to eigne gudar, orakbonga (slektsgud) og abgebonga (den hemmelege guden som berre faren og eldste sonen veit namnet på). Bibelen og alle slags hjelpemiddel er tilgjengeleg på santali.

Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Santalane sit pinn fast i djevelens lenker. Løys dei i Jesu namn! Må Den heilage ande bli aust ut over dei og bryta ned alle festningsverk som hindrar dei å koma ut i Kristi fridom. Må vekkinga koma som eit stormvær inn i dei små santalkyrkjelydane, og derifrå og ut til resten av dette folket. Bøy hjarto deira under ditt, skap syndenød og rop etter frelse frå santalane. Reins kyrkjene frå strid, stoltheit, pengekjærheit og avgudsdyrking, og reis opp ei sann kristen disippelrørsle mellom dei truande. Herre, miskunna deg over dei, amen!

 

tirsdag 23. desember 2014

Masalitfolket i Chad


Masalitane som bur i Darfur-området er blitt svært fattige etter alle overgrep frå sudanesiske militære og paramilitære soldatar.   Dei er blitt fråstolne husdyra sine og heimane og reidslkapane deire er blitt øydelagde. I Chad er det 272000 masalitar, men totalt tel dei 691000. Dei er formelt muslimar, men praktiserer heller gammal naturreligion. Språket deira er masalit. Ingen deler av Bibelen er omsett til dette språket. Det blir meldt om nokre få kristne blant masalitane i Chad.

Herre Jesus! Slik du ein gong kom for å gjesta jorda, må du no gjesta masalitfolket i Chad og i Sudan. Vern dei mot stygge overgrep, og send arbeidsfolka dine ut for å så og hausta i dette folket. Me ber spesielt om at du skal ta vare på dei få truande, slik at dei står fast i alle stormar, blir utrusta med dine gåver, og ivrig vitnar om deg og di frelse for frendane sine. Ber også om at dei skal dyrka tilstrekkeleg med mat for alle, og verna du jordbrukslandet slik at det ikkje vert misbrukt på noko vis.
Gå du fram i Chad og vinn siger i folks liv. Amen!

mandag 22. desember 2014

Zambia





Zambia er meir enn  dobbelt så stort som Noreg i utstrekning, og det bur mellom 13 og 14 millionar menneske der fordelt på 80 folkegrupper som snakkar 72 ulike språk. Folk i Zambia er fattige, 86% lever under FN si fattigdomsgrense, og forventa levealder er kun på 44 år. AIDS og korrupsjon tyner landet ut. Analfabetismen er på 33%, og aukande. Størstedelen av befolkninga, 87%,  tilhøyrer ei kristen kyrkje, og nasjonen vart i 1991 definert som eit kristent land, utan at Guds ord med det har fått trenga særleg langt inn i folkedjupet og skapt reell forvandling. Men landet har i det minste vore spart for øydeleggande krigar.  Av den grunn har det vore ei redning for over 100 000 flyktningar frå omkringliggande land som Kongo, Angola og Zimbanwe. Pga av AIDS-epedemien er det 710 000 foreldrelause barn i Zambia. Av desse lever meir enn 90 000 på gata.
Zambia er, som mange andre afrikanske land, utsette for ein omfattande "hjerneflukt". Flinke folk reiser frå landet for å søka lukka i andre, rikare land. Dette er også ei utarming.
Kjelde: Operation World

Zambia er landet med den store naturen og det rike dyrelivet. Her finn me Victoriafalla, og på savannene jaktar dei store kattedyra.


Bøneemne:

  • Be om leiarar som kan disippelgjera dei truande, kvinner og menn som kjenner Gud og Bibelen, som lever ut kristentrua i kvardagen.
  • Be om kvalitetsfull bibelundervisning som genererer ei djuptgripande åndeleg vekking i kyrkjelydane. Namnekristendom og religionsblanding er snarare regelen enn unnataket.
  • Be om fleire gode fosterforeldre for dei foreldrelause barna
  • Be om gode gudfryktige politiske leiarar som kan føra folket ut av den aukande åndelege og økonomiske krisa
  • Be mot trolldom og hekseri, noko som er svært utbreidt
  • Be mot prostitusjon og promiskuitet, og at AIDS-epedemien slik skal bli kvelt ved at folk begynner å leva reint seksuelt.
  • Be om nåde og frelse for dei mange AIDS-sjuke
  • Be om stopp i hjerneflukten frå landet, og at dei som har reist for å søke lukka andre plassar, vender nasene sine heimover att. 
  • Be om at Gud stoppar framveksten av islam og Jehovas vitner
  • Be om fortgang i arbeidet med å oversetta Bibelen til alle levande språk, og at alle folk skal få høyra evangeliet og kunna lesa Bibelen på hjartespråket sitt.










søndag 21. desember 2014

Colombia: Enkja etter myrda evangelist tilgjev mordarane


Den 33 år gamle colombianske evangelisten Pabel vart myrda i slutten av november. Kroppen hans vart funnen i eit fjellområde kalla Paez Indian Territory. To menne er arrestert for ugjerninga, og dei har vedgått skuld.

Kona til Pabel, Kerry, har møtt drapsmennene i fengslet. Ho forklarte dei at Pable alltid hadde lengta til himmelen, men at drapet på han har gjort stor skade for henne og familien. Dei har no ikkje lenger nokon som kan forsørga seg, og dei små barna deira har ikkje lenger nokon far. Likevel sa ho til dei at ho ville tilgje dei, og at ho ville be Gud om også å tilgje dei. "Pabel levde og døydde for Jesus Kristus," seier Kelly til www.persecution.net, og ho under tårer held ho fram med å seia at "livet må gå vidare, og her er eg med flaget klar til å gå vidare med arbeidet. Pabel forkynte aldri for å få vener, men for å frelsa sjeler på slike plassar som dette."

Kjære gode Gud! Du ser den sorga som har råka Kelly og barna, og alle andre som elska Pavel. Kom nær til dei og gje dei den trøysta som berre Du gje, du som har gjennomlevd og erfart alt som kan råka oss av smerte. Takk for alt du fekk gje gjennom Pavel, og me ber om at det verket han starta i Colombia skal bera frukt lenge etter hans død, og vidareførast av Kelly og andre gode truande menneske som ho har rundt seg. Så ber me om at du skal ausa Anden din utover dette sjuke landet og lækja det på alle nivå. Amen!

Dagens unådde: Sanusifolket i Libya


Sanusifolet i Libya er beduinar. Dei tel 622000 menneske. Som muslimar følgjer dei læra til Sayyid Muhammad ibn`Ali as Sanusi, ei lære som har forma dei til å bli meir venlege, opne og førekomande enn andre beduinstammer. Dei har alltid forakta vanleg arbeid, men dette er i endring no.  Det finst ikkje ein einaste registrert truande kristen sanusi. Språk dei snakkar er ein libyisk versjon av arabisk. Det føreligg inga bibelomsetting på denne dialekten, heller ikkje nokon annan kristen litteratur. Kjelde: www.joshuaproject.net

Herre! Me ber om at utvalde sanusiar skal finna fram til radiostasjonar som sender kristne program på språket deira, at dei skal bli gripne av det dei høyrer, venda om til deg og erfara di frelse. Må di kyrkje bli etablert i sanusifolket, og vera eit lys som syner alle sanusiar vegen til Far. Kall mange til å be for folket og slik bana veg for deg inn i liva deira. Må du Jesus bli så tydeleg for dei at dei i djupet av si sjel forstår at du ikkje berre er ein profet som er verd å lytta til, men ein Gud som er verd å elska og leva for. 

 

lørdag 20. desember 2014

Dagens unådde: Tuvinianfolket (også kalla Tuvan) i Russland.


Tuvinian er i røynda eit tyrkisk folk (tyrkarane i Tyrika kjem opprinneleg frå Sentral-Asia)som held til i grensaområda mellom Russland og Mongolia. Dei tel 261000 menneske. Historisk har dei levd som nomadar, og flytta frå plass til plass med geitene, sauene, kamelane, reinsdyra, kyrne og yakane sine. Dei har ein rik oral kultur, og er svært poetiske. Dei elskar musikk, og meistrar godt den unike strupesongen, også kalla khoomei. Tradisjonelt er dei animistar og shamanistar, nokre er tibetanske buddhistar, men mange er også ikkje-religiøse. Dei snakkar sitt eige språk; "tuva", og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både i tekst og lyd.  Likeeins Jesusfilmen. Mindre enn 2% av tuvinianefolket kjenner Jesus.

Gode Gud! Send arbeidsfolk ut for å så ordet ditt inn i tuvinianarane, og må din kjærleik bli openberra for dei slik at strengane i sinnet deira vert stemt etter himmelens tonenøkkel, og ein ny song fødd i hjarto deira. Dra føtene deira ut av den djupe gjørma, og set dei inn på fast Kristusgrunn. Må det bli påkrevd for dei å bli kvitt syndene sine slik at dei vert drivne til Jesu Kristi kross for å finna frelse  for sine sjeler og fred med deg, Gud, du som har skapt dei og elskar dei som ei mor sine barn.

Tuvinian, Uriankhai in Russia

fredag 19. desember 2014

Turkanafolket i Etiopia

 
Turkanafolket er eit modig krigarfolk som lever som nomadar med krøterflokkane sine. Det vert sagt at dei er dei mest mobile menneska i verda. Dei har ingen hovdingtradisjon. Dei med alder, visdom og talegåver styrer ståket. Ei brur er så dyr at ein mann ikkje kan gifta seg før faren er død, og han har skaffa seg eigne livdyr. Turkanafolket er animistar, dei tolkar draumar og har stor tillit til folk som kan lækja, skaffa vatn og som er flinke til å fortelja.  I Etiopia er det berre 39000 av dei, i Kenya over 1 million. Det nye testamentet er tilgjengeleg på turkana, som er språket dei snakkar. Mindre enn 1,2% av dei som bur i Etiopia er kristne. I Kenya derimot har 20% av alle turkanaar ei kristen tru
kjelde: Joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Kall og send truande turkanaar frå Kenya til Etiopia for å forkynna evangeliet for frendane sine der. Må det opna seg ei dør for evangeliet i dette folket. Tal til dei gjennom draumar. og send kristne til dei med nådegåver til å lækja, gjera mektige gjerningar og tala profetisk inn i liva deira. Fyll dette folket med din kjærleik, og forvandla dei ved Den heilage ande til å bli eit folk som held fred, forkynner fred og fremjar fred. Amen! 

torsdag 18. desember 2014

Paramilitær iransk kristneforfølgjar forvandla av Jesus




 Afshin var eit skuleeksempel på ein dedikert militant shiamuslim som ikkje la to pinnar i kross for å forfølga, fengsla og torturera både kristne menneske og politisk opposisjonelle i Iran. Han tok del i seks avrettingar, utan å ha den minste medkjensle med offera. Men så møtte han Jesus, og livet hans til eit vendepunkt. I dag har han som så lenge kjempa mot Gud, blitt Jesu ven og disippel, og lever utelukkande for å æra Gud og vinna menneske for Kristus. Han forfølgde dei kristne, og bli no sjølv forfølgd, slik som tilfelle var med Paulus i si tid. 

Herre Jesus Kristus!
Må det iranske folket, gjennom slike som Afshin, få erfara sann fred og glede gjennom personleg fellesskap med deg. Må dei få auge som ser din frelsesplan og herlegdom. Må din Ande arbeida kraftfullt slik at din kropp kan veksa og modnast trass i intens forfølging. Bevar Afshin og alle andre truande hos deg, og utrust dei med dine gåver slik at dei kan bringa mange nye menneske inn i ditt rike. Amen!

tirsdag 16. desember 2014

Poulystamma i Akhafolket. Laos

Poulystamma er den den største gruppa innan Akhafolket i Laos, Akha er å finna i fleire asiatiske land. Dei innvandra til Laos i hovudsak etter år 1900. Dei er animistar, fedredyrkarar og sjamanistar, og lever i konstant frykt for vonde ånder. For å kunna kjenna seg trygge betalar dei store summar til sjamanane, og dei ofrar verdfulle dyr til åndene. Særleg er dei redde for ånder frå barn som døydde før dei fekk namn, eller frå kvinner som døydde i barsel. Poulystamma tel 64000 menneske. Dei snakkar akha, og heile Bibelen og Jesusfilmen er tilgjengeleg for dei. Likevel er berre 1,2% av dei truande kristne.

Kjære Jesus! Må nasjonale kristne i Laos få kall til å forkynna evangeliet for poulystamma, og utrust dei for dette oppdraget. Send Anden din over poulyane slik at dei ser Gud, kan sørga over syndene sine, venda seg bort frå dei og tru på deg og di vidunderlege frelse, bli døypte og lagde til di kyrkje. Amen

 



mandag 8. desember 2014

Sjokoladekake, kaffi, fellesskap bibel og bøn i Sentral-Asia

Women of

the 

underground

church, 

gather 

together

for prayer

and 

Bible study

in a cafe.

Taken 

November

2014Kristne i Sentral-Asia har dei siste åra hatt større og større vanskar med å samlast til gudsteneste. Dersom dei kjem saman offentleg, kjem dei fort i søkelyset og opplever trakassering. Samlast dei på hemmelege plassar, er det alltid fare for å bli oppdaga. Men no har nokre kvinner i ein hovudstad i eitt av desse lande valt ei heilt ny tilnærming: Dei møtest på kaffibarar og kafèar for å studera Bibelen saman der og be for kvarandre. Dei truande kvinnene har funne ut at det er vanskelegare for styresmaktene å avsløra dei i mengden, enn når dei går for seg sjølv. Denne nye åndelege geriljataktikken er veldig interessant, og kan sikkert fungera også hos oss som ikkje er utsette for direkte forfølging. Kjelde: World Watch Monitor

Herre! Me ber om at du passar godt på desse kvinnene, og at ideen deira skal bli kjent og kopiert over alt slik at kristne både der og her kan gjennomsyra samfunnet med Guds ord og bøn. 


Thaifolket i Sentral-Thailand




Denne folkegruppa tel om lag 19 300 000. Dei snakkar thai og er nesten alle buddhistar. Heile Bibelen er omsett til dette språket, og folket har tilgang på Jesusfilm og Bibelen i lydformat.

Thaifolket er tenesteviljuge, høflege, venlege og gjestfrie.
Buddhismen er svært synleg i samfunnet, og representerer ei kraft som sameinar befolkninga. Religionen har mange retningar, og er i praksis ofte blanda saman med animisme og folketru.

Ein buddhist har eit heilt anna syn på røyndomen enn det me kristne har. Dei kan vanskeleg førestella seg ein personleglevande  Gud som har skapt verda, og som stiller menneska til ansvar. Religionen har ingen plass for Gud, dei trur på lagnaden, og den formar menneska sjølv. Kjelde: www.joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Send Anden din over dette vakre folket, gjennomlys hjarto deira og gje dei ein djup trong etter å finna sitt opphav i deg, og etter å erfara fridom frå synd og vondskap. Utrust kyrkja di i Thailand med stor kraft og mektige gåver, og gjer ho til ein kanal for di sanning, din kjærleik og lækjande kraft inn i folks liv. Amen! 

 

torsdag 4. desember 2014

Tre sør-afrikanske og to afghanske hjelpearbeidarar drepne i Kabul




Werner and Hannelie Groenewald, October 2014

















Werner Groenewald og dei to tenåringsbarna hans, Rode og Jean Pierre, vart,  saman med to afghanske medearbeidarar, brutalt skotne og drepne av talibansoldatar i Kabul 29. november. Attentatet fann stad  i gjestehuset der dei budde. Tilbake sit kone og mor Hannelie (til høgre på bilete) med ei ufatteleg sorg. Ho var ute då åtaket skjedde. Familien Groenewald kjem frå Sør-Afrika. (Kjelde: Worldwatch Monitor).

Kjære gode Far! Må du understøtta Hannelie Gronewald i den ufattelege sorga som har råke henne, og me ber om eit veldig vern over alle som reiser til Afghanistan for å hjelpa og lækja. Amen!

Jean 

Pierre 

Groenewald, 

October 

2014
Jean Pierre Groenewald



Rode 

Groenewald, 

October 

2014
Rode Groenewald

Dagens unådde: Dar Hamid frå Sudan




Dar Hamid-folket er, som nesten alle andre i Sudan, muslimar. Dei tel 722000 menneske og snakkar arabisk. Dei er inndelte i 19 ulike stammer, men har èin leiar som dei kallar nazir. Dar Hamid er nomadar. Dei er venlege legg stor vekt på gjestfridom. Den kunnskapen dei har om islam er svært mangelfull. NT, Jesusfilmen og lydutgave av NT  er tilgjengeleg for dei. Dar Hamid-folket er i stor grad analfabetar. (Kjelde: joshuaproject.net)

Kjære Herre Jesus! Gjer Dar Hamid- folket kjent for di kyrkje i verda, og send arbeidsfolk ut til din haust mellom dei. Motiver dei til å læra seg lesekunsten, og gje dei ein hunger etter ditt ord i Bibelen. Aus Anden din utover dei og grunnlegg ei levande og sigerrik Dar Hamid-kyrkje, eit lys for alle som lever i mørkret i Sudan. Gode Gud, syn deg for dei som deira kjærlege Far, og løys dei frå djevelens makt og bedrag. Amen!

 

onsdag 3. desember 2014

36 kristne kenyanske arbeidarar drepne av Al Shabab 2. desember

Village in Northern Kenya
Landsby i Nord-Kenya. Foto: World Watch Monitor

2. desember kl. 00.30 vart ei gruppe menn som jobba i eit steinbrot angripne av Al Shabab- terroristar medan dei låg og sov i telta sine. Mennene vart utfordra til å sei fram den muslimske trusvedkjenninga, og dei som av samvitsgrunnar ikkje kunne gjera det, vart skotne. 36 kristne menn leid martyrdøden denne natta. Èin person klarte å sleppa unna. Denne grusomme handlinga skal vera ein hemn for kenyanske flyåtak mot Al Shabab-basar inne i Somalia.

Kjære Herre Jesus! Sjå til alle dei familiane som no har mista fedre, ektemenn og forsørgarar. Trøyst dei med den trøyst som berre du kan gje oss menneske i møte med døden. Du som har vunne over dei vonde og mørke kreftene i verda, bind Satan i hans raseri mot di kyrkje, og styrk dine barn i Kenya slik at dei ikkje fell saman i frykt, men frimodig sannar at du Jesus er Herre og slik at forkynner evangeliet midt i martyriet. Me ber om frelse for alle som gjennom islam er fanga av djevelen. Amen! 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...