torsdag 28. mars 2019

Kanada

Kanada er med sine over 9 millionar km2 i utstrekning verdas nest største land. Store delar av landet er villmark utan busetning. Dei fleste menneska er å finna i søraust og sørverst. Folketalet er på 36 millionar. Landet er rikt på naturressursar, utdanningsnivået er høgt og folk klarar seg bra. Hovudstad: Ottawa.  Det blir snakka 169 ulike språk i Kanada fordelt på 273 folkegrupper. Vel 72 prosent er kristne, dei fleste nominelle.

Kanada har tradisjonelt vore eit land der den kristne trua har vore premissleverandør til korleis samfunnet skulle sjå ut, og korleis folk skulle oppføra seg. Det siste hundreåret har dette endra seg mykje, og Kanada er, trass i ei sterk katolsk kyrkje, betydeleg sekularisert, og samlivslovene er svært liberale. I dag kan kristne som skriv og talar mot homofil praksis bli bøtelagt av domstolane.

Rundt 1900 var 25% av befolkninga evangelisk kristne. I dag er prosentdelen 8. Kanada treng ein ny og frisk utausing av Den heilage ande, dedikerte kristne leiarar med klokskap og mot og vanlege kristne som vitnar om Jesus i kvardagen.


  • Be om at kyrkja i Kanada skal få gode leiarar som inspirerer og utrustar kristne, og som hjelper dei å kjenna tryggleik også når dei vitnar om Jesus og må forfekta meiningar som ikkje er aksepterte av storsamfunnet, og at dei skal tola å bli stigmatiserte for at dei meinar det Gud meinar.
  • Be om at samfunnsutviklinga skal snu, og at det kanadiske folket på nytt vender seg mot Gud.
  • Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, at dei går saman og klekkar ut ein god plan for reevangelisering av landet sitt.
  • Kanada er det landet i vesten som tek i mot flest flyktningar i høve til folketalet. Det bur t.d. 1,4 millionar kinesarar i landet. Be Gud om å velsigna landet for denne rause haldninga. 
  • Be om at dei mange innvandrarane til landet må bli dregne til kyrkjelydane og møta Jesus der.







onsdag 27. mars 2019

Unådd folkeslag: Kunbi i India

Kjelde: joshuaproject.net. Foto Comibam/Sepal

Folketal: 17570000. Språk: Gujarati. Religion: Hinduisme (99,8%), 0,05% kristne.

Kunbifolket er i hovudsak bønder, og driv ganske progressivt. Dei har tradisjon for utdanning (gutane), og er difor å finna høgt på den sosiale rangstigen som ingeniørar, legar og politikarar. Dei tilber landsbygudane Mahavir, Hanumanji og Matamai. 

Kjære Herre Jesus! Du døydde for kunbifolket forat dei skal leva for deg. Styrk dei kristne mellom dei med din Ande slik at dei blir frimodige og kraftfulle vitne om di frelse for sine eigne. Hjelp dei truande å halda saman i varme kyrkjefellesskap. Ta vekk all frykt og redsle frå hjarto deira. Me ber om ditt rikes framgang i kunbifolket, at deira hunger etter kunnskap skal føra dei til Bibelen slik at dei med stor interesse og tørst søkjer etter den sanninga som set dei fri frå synda og din dom over denne. Løys dei frå løgngudane som dei tilber, og knytt dei til deg åleine, du som er Herre og konge over heile universet, du åleine! Amen!



Dagens unådde folkeslag: Koiri i India

Kjelde: www.joshuaproject.net
Koirifolket tel i India 8 203 000 menneske. Du finn dei i India, Bangaldesh og Nepal. Stort sett er dei fattige bønder. Religion: Hinduisme. Språk: Hindi. Status: 0,00% kristne.

Gode Gud og Far! Me veit at du elskar Koirifolket og at du gav Sonen din, Jesus, også for at dei skulle bli frelst. Lat det skje. Aus Anden din ut over dei, og send arbeidsfolk ut for å hausta inn grøda di i dette folket. Må det bli etablert ei sterk, sann og vital koirikyrkje som kan disippelgjera heile folket. Motiver dei til å læra seg å lesa og skriva slik at dei kan finna deg i Ordet Tal til dei gjennom draumar og syner, fri dei frå demoniske krefter, læk dei for sjukdomar og velsign alle deler av liva deira. Herre, miskunna deg over Koirifolket i India. Amen! 



tirsdag 26. mars 2019

Kamerun



Kjelder: Operation World og CIA world factbook.

Areal: 475440 km2.  Folketal: 23,5 millionar. 292 ulike folkegrupper. 279 språk. 70% kristne.  21%  muslimar. 5% animistar. Resten er stort sett ikkje-religiøse.

Det i laupet av det siste året oppstått store spenningar mellom dei folka som har engelsk versus fransk som administrasjonsspråk, og det er stor fare for borgarkrig i eit land som elles i lang tid har vore prega av politisk stabilitet.

Kamerun er velsigna med store naturressursar.
Mange av leiarane er genuint kristne. Stadig fleire faktisk.
Dette KAN gje håp om at ein kan koma den skyhøge korrupsjonen i landet til livs.


  • Be Gud om at han reiser opp leiarar som har forsoning som program. Kamerun treng "duer" og ikkje "haukar". 
  • Be om at Gud må vaka over menneska i Kamerun og hindra borgarkrig med all den redsle som alltid følgjer i fotefaret til slike krigar
  • Dei fleste kristne er nominelle. Mange av protestantane er prega av liberal teologi og den åndsfattigdom som alltid følgjer denne åndsretninga.  Be om ei genuin kristen vekking i kyrkjene i landet, og at dei truande igjen skal begynna å lesa i Bibelen og at forkynnarar frimodig skal tala om at Gud fordrar at kristne lever heilage liv. 
  • Be om einskap mellom Guds barn. Det er stor splitting og djupe kløfter. 
  • Be om at kristne i dei mange ulike stammene må føla større lojalitet overfor Kristus enn overfor stamma si. 
  • Be om åndelege leiarar med integritet, menn og kvinner som lærer Guds ord reint og kompromisslaust, og som lever etter det. 
  • Be om at "ulvar i saueham" vert avslørte.
  • Be om fortgang i bibeloversettingsarbeidet i landet. Kun 10 språk har heile Bibelen, og over 100 språkgrupper er heilt bibellause. Bibeloversetting er ein hovudnøkkel til suksess i misjonsarbeidet. 

søndag 24. mars 2019

Kambodsja

Kjelde: Operation World

Folketal: 16 millionar. Folkegrupper: 42 folkegrupper. Språk: 25. Religion: Buddhisme. Prosent kristne: 3,5. Prosent evangelsike: 1,6. Hovudstad: Phnom Phen

Folket i Kambodsja lever under trykket frå eit mektig åndeleg og moralsk mørker som kjem frå dei mange avgudstempla som pregar nasjonen. Buddhismen, som alltid går mot sanninga i Kristus, har eit mektig grep på menneska der. Berre bøn kan løysa dei. Narkotika og sex-handel er svært utbreidd, og alt dette er kraftige saker som lenkar mange kambodsjararar til demoniske krefter. Kriminelle utnyttar stor grad sårbare og vergelause barn og unge i denne djevelske industrien.

Kyrkja i Kambodsja vart nesten utrydda under folkemordet frå 1976 til 1979. Denne redselstida dreiv millonvis på flukt, og i flyktningeleirane var det mange som søkte Jesus, og vekkinga i flyktningeleirane  danna grunnlaget for den sterke kyrkjeveksten me kan sjå i Kambodsja i dag. Kyrkja er i dag å finna i alle dei 19 provinsane.

Kyrkja nyt i dag godt av stor religionsfridom.
  • Be om at lyset frå evangeliet skal opplysa kvart menneske i dette landet, og avsløra vondskapen og løgnene i strukturar og tankebygningar som blir oppfatta som sanne og gode. 
  • Be om fortsatt religionsfridom. 
  • Be om at såra frå folkemordet på 70-talet skal gro, at nasjonen skal bli gjennomsyra av Guds kjærleik og nåde. Mange av dei som var med på massakrane på dødsmarkene er i dag trufaste disiplar av Jesus Kristus.
  • Be om at barn og unge skal bli forsvarleg disippelgjort
  • Be om at visjonen om ei levande kyrkje i alle landsbyar innan 2021 må lukkast
  • Be om godt politisk leiarskap
  • Be om velsigning over alt godt og rettferdig næringsliv
  • Be om at det skal vera liv laga for alle dei gode bibelskulane i landet, og at mange unge må søkja seg dit. 
  • Be om einskap mellom dei kristne




Lao Phuan i Laos

Kjelde: www.joshuaproject.org

Folketal 141000. Språk: Phuan. Bibeloversetting påkrevd. Religion: Buddhisme.

Lao Phuan er eit venleg og gjestfritt folk som elskar å skipa store familiar. Dei har anene sine i Kina, men kom til Laos så tidleg som for 1000 år sidan. Buddhismen står langt frå kristendomen i verdssyn, og Lao Phuan vil ha vanskar med å forholda seg til Guds sanningar i Bibelen.

Kjære Herre Jesus! Me ber i dag om at lyset frå evangeliet skal lysa også for Lao Phuan, og at Anden som du har gjeve oss skal hjelpa dei å forstå at dei er syndarar som treng frelse, og at denne frelsa er i deg åleine. Me ber om at det skal bli starta opp bibeloversetting i Phuanspråket slik at dei kan får høyra at du snakkar til dei på deira eige språk. Gjer under og teikn mellom dei som beviser evangeliet for dei. Må deira sans for familie hjelpa dei å forstå at det viktigaste i livet er å vera ein del av DIN store familie. Herre, miskunna deg over Lao Phuan-folket, i ditt eige namn. Amen.



lørdag 23. mars 2019

Iranske geistlege åtvarar mot den kristne framgangen

Kjelde: International Christian Concern, VOM,
Tehran - Photo: Pixabay / Frank Furness


Hujjat al-Islam Naser Rafiei, ein islamsk geistlig i den heilage byen Qum, åtvarar no enno ein gong unge menneske i Iran mot kristendomen, særleg mot huskyrkjene. Det er andre gongen dette skjer i laupet av ein toårsperiode. Bakgrunnen er ein ungdomsvekking i Qum der hundrevis har snådd ryggen til Islam og begynt å tru på Jesus. 

Forfølginga av dei kristne i Iran har i 2018 nådd eit nytt nivå der stadig fleire blir arresterte, og straffene blir strengare. Over 10 år i fengsel for å ha forkynt evangeliet er ikkje uvanleg lenger.

Presteskapet har god grunn til alvorleg begymring. Kyrkja i Iran veks med 22% kvart år, og dersom dette held fram, vil landet om nokre tiår vera ein gjennomgåande kristen nasjon. 

Herre Jesus! Me takkar deg for at du i desse dagar auser din Ande ut over iranarar i Iran og over heile verda. Beskytt alle som sit fengsla for trua si, gje dei fridomen attende når tida er inne for deg, og lat fangane dei sit inne saman med få sjå deg i dei kristne, koma til tru og bli frelst. Amen!

Pakistan: Mentalt funksjonshemma ung mann arrestert og tiltalt for blasfemi

Stephen - Photo: Barnabas Fund - www.barnabasfund.org
Foto: Barnabas Fund

Kjelder: Morning Star News, CLAAS, Barnabas Fund, Release International, VOMC Sources

Den 11.mars vart Stephen meld til politiet og arrestert for blasfemi  etter å ha krangla høglytt med svogeren sin om bøn og faste (det er fastetid for katolikkar over heile verda no). 

Det føreligg ingen offisiell diagnose på Stephens funksjonshemming, og familien er no redd for at han skal bli dømt som om har var med sine fulle fem. 

Blasfemilovgjevinga i Pakistan bryt, som me veit,  fullstendig med grunnleggjande menneskerettar som ytringsfridom og religionsfridom.  

Herre Jesus! Me ber i ditt namn om at saka mot Stephen skal fråfallast, og at han skal koma heim til familien sin og leva normalt og harmonisk. Amen!





Nigeria, igjen

I februar-mars har det vore mange åtak retta mot kristne i delstaten Kaduna i Nigeria. Åtaka kjem i hovudsak frå fulanikrigarar. I februar vart 130 kristne drepne, og rundt 100 så langt i mars. Det ser ikkje ut til at staten har evne til å beskytta dei truande, og stundom kan ein lura på om dei har vilje til det også.

Gode Gud, du som er vårt skjold og vårt vern, me ber deg om at du, i Jesu Kristi namn, stoppar dei dødelege åtaka på kristne i Nigeria! Amen.

fredag 15. mars 2019

Bøn for skada og pårørande etter moskèskytinga i Christcurch, New Zealand

Herre Jesus Kristus, konge, frelsar, lækjar og Gud! Me ber for alle som er kritisk skada etter moskèåtaka i dag: Lat det stå til liv. Me ber for alle som er i sorg etter terroren: Gje trøyst og håp. Me ber for New Zealand og alle innbyggjarar der: Gje dei å venda om frå sine synder og søkja frelse, framtid og håp hos deg åleine. Amen!


tirsdag 12. mars 2019

Unådd folkeslag: Bishnoi, India

Bishnoi dyrkar Vishnu og naturen. M.a. elskar og dyrkar dei tre. Ser på dei som guddommelege. Likar ikkje at dei vert felte. I 1730 gav over 300 av dei livet sitt for å hindra hogst. Dei er trehyrdar av beste sort. Fascinerande.

Dette folket tel 945 000 menneske, og snakkar hindi, og har slik sett tilgang til heile Bibelen, i alle fall i teorien. Men eg trur ikkje det er nokon bishnoiar som kjenner og følgjer Jesus.

Kjære Herre Jesus Kristus! Me ber om at bishnoifolket skal bli kjent med deg gjennom ditt ord, og læra seg å forstå at du er opphavet til den naturen dei elskar, og læra seg å  elska deg som sin eigen skapar og frelsar. Amen!

m16464.png


mandag 11. mars 2019

Butan

Butan grensar til India og Kina.
Det er "dragens land", eit buddhistisk kongedøme
Areal: 47000 km2. Folketal: 766 397.
Religion: Buddhisme (lamaisme) og hinduisme. 2,11 % kristne (2010). Over 3% årleg vekst.

Butan var stengt for all kristen misjon fram til 1965. Så vart det opna, i alle fall til ein viss grad. Sidan 1990 har restriksjonane auka på att. Då styresmaktene såg krafta i kristendomen, vart dei engstelege, og det er i dag heftige forsøk på å stoppa den kristne veksten, men det ser ut som om kyrkja er komen for å bli.

Kristne er forfølgde på ulike måtar. Det er forbode å byggja kyrkjehus, kristne vert fråtekne statsborgarskap, gratis utdanning og helsehjelp, dei vert sparka frå jobbane sine og nekta tilgang til elektrisitet og vassforsyning. I tillegg vert dei tidvis hersa med og slått. Men dei truande let seg ikkje stoppa.
  • Takk for at kyrkja i Butan som står fast midt i alle vanskane som vert påført henne, og for den truskapen dei kristne syner mot evangeliet og mot Jesus. 
  • Be om at dei truande må halda saman i tette fellesskap, og at dei må få den styrke og utrustning som dei treng for å stå faste i stormen, og for å disippelgjera folket sitt. 



lørdag 9. mars 2019

Benin

Mangeårig fransk koloni.
Fekk sjølvstende i 1960.
Folketal: nesten 11 millionar menneske. Landet er eitt av dei fattigaste i verda. Alle forsøk på å betra økonomien i landet strandar pga korrupsjon. 75% av økonomien i landet er svart, svært ofte med band til lugubre nigerianske interesser. Det er mistanke om at kriminelle kvart år eksporterer titusenvis av barn utav landet til slavearbeid.

Kun 40% av befolkninga er alfabetiserte. Her er det smått med skulegang.

Det er 65 folkegrupper i Benin som snakkar 56 språk. Bibelen føreligg på 7 språk, , NT på 11, deler på 12 og 15 språk er under omsetting (2010)

Formelt sett er 39% av befolkninga kristne (romersk katolske), men i realiteten er nesten 100% av innbyggjarane animistar anten dei kallar seg kristne eller noko anna. Landet er det minst ievangeliserte av dei ikkje-muslimske landa i Afrika.

Fon-folket er den største folkegruppa i Benin. Det var frå denne stamma voodooen med alle sine djevelske krefter utvikla seg . Voodoo blir praktisert den dag i dag. Likevel har det vore kristen framgang i denne gruppa som eit resultat av stor misjonsinnsats både frå afrikanske og ikkje-afrikanske misjonærar.

Også blandt dei muslimske fulanistammene i nord har det vore åndeleg gjennombrot og signifikant kyrkjevekst.

Det er fire teologiske utdanningsinstitusjonar i landet og mange bibelskular.

Mange folkeslag er heilt unådde.

Folk flest syner seg mottakelege for evangeliet, noko som fordrar mange nye arbeidarar og kristne leiarar.

  • Be om ei heilt ny tid for Benin då landet får kompetente og ærlege leiarar som tenkjer meir på folkets vel enn på si eiga makt og sin eigen bankkonto. 
  • Be om at alle barn i Benin skal få naudsynt skulegang.
  • Be om bråstopp i menneskehandelen, og at dei som driv med dette skal bli arresterte og straffa hardt. Be om beskyttelse for barna i landet. 
  • Be om gode leiarar for dei ferske Fon-kyrkjene, og at Gud skal fri dei truande for vonde ånder som fører dei på avvegar og reinsar desse kyrkjene for animistiske og magiske element.
  • Be om at Gud driv haustarbeidarar ut for å hausta inn og disippelgjera desse folka: Gde, Ede Nago, Idacco, Dendi, Hausa, Foodo og Kotokoli. 
  • Be om at  bibelinstitutta og bibelskulane i landet skal bli sørga for, vera på høgde fagleg og åndeleg og vera kraftsenter for heile nasjonen som bidreg til at folket blir disippelgjort og nasjonen transformert. 
  • Be om at Gud skal gje kyrkja nye apostlar, profetar, evangelistar hyrdar og lærarar som kan vinna nye for Kristus, disippelgjera dei og gje dei den undervisning som er naudsynt for at dei skal bli grunnfesta og veksa som kristne. 
  • Be om at Bibelen må bli omsett til alle levande språk.


13 årig kristen jente kidnappa, gifta bort til muslim og tvangskonvertert til islam

Muslim bride

Den 6. februar dette skjedde. Jenta heiter Sadaf Masih og er frå Bahawalpur. Kidnapparane har vore attende til Sadafs familie og synt vigselsattesten der det løgnaktig står at jenta er 18 år. Familien vert åtvara mot å gjera noko med saka. Då vil dei bli melde til politiet og fort sitja stygt i det. Kristne er i stor grad rettslause i Pakistan.

I følgje Nasir Saeed, som er talsmann for Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement (CLAAS), er det heilt vanleg at jenter frå kristne og frå hindufamiliar i Pakistan blir kidnappa for å skaffa ektefeller til unge muslimske menn.

Gode Gud! Ta imot vår bøn for Sadaf Masih og alle andre jenter som opplever denne formen for kriminalitet. Me ber om at du skal intervenera. Me ber om at Sadaf skal få ein gyllen sjanse til å rømma og koma heim til familien sin. Me ber om beskyttelse for dei kristne familiane i landet. Me ber om at denne forferdelege uretten skal ta slutt, at mektige nasjonar skal pressa fram ein ny rettsorden i Pakistan som sikrar like rettar for alle menneske uansett tru. Amen! 

Badhai, India

Badhaifolket tel 550000. Dei er muslimar med sterke hinduistiske innslag. Treskjæring er d
et mest vanlege yrket, ja, nærast ein etnisk identitet. Dei snakkar urdu, og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både i tekst og lyd. Jesusfilmen: Ja.

Herre! Me ber for dette stolte treskjæringsfolket at dei skal få møta deg som så fint har forma dei i ditt eige bilete. Løys dei frå falske religiøse førestellingar, og lær dei å elska deg, du som er Vegen, Sanninga og Livet, og einaste vegen til Far. 

m16333.png

fredag 8. mars 2019

Belgia

https://smartraveller.gov.au/Countries/europe/western/Pages/belgium.aspx

Belgia er eit splitta land mellom Flandern i nord, der dei snakkar nederlandsk, og Vallonia i sør der dei snakkar fransk. I nord er det økonomisk vekst, i sør deriomot stagnasjon. Dette skapar store spenningar og uforsonlege og hatefulle haldningar. Belgia treng ei djup berøring av Guds kjærleik.
Folketal: 11 491 346
Styresett: Kongedøme. Parlamentarisk demokrati
Religion: 62,72% kristne, 32,05 ikkje-religiøse, 4,4 % muslimar.

Den katolske kyrkja er dominerande, men dei fleste katolikkane er nominelle kristne.
Dei evangeliske kyrkjene har vunne betydeleg terreng dei siste åra, og ser ut til å kunna vera ein ressurs med tanke på forsoning mellom sør og nord.

I desse kyrkjene samlast folk frå ulike kulturar for å prisa èin Gud og frelsar, han som har kraft i seg til å sameina alle menneske under sitt banner.

Det føreligg no ei ny bibelutgåve som er blitt ganske så populær og etterspurd.

I Belgia ligg Brüssel som er Europas hovudstad. EU-senteret er det største politiske maktsenteret i Europa, og det gjer Belgia til eit nøkkelland når me tenkjer på utviklinga i vår verdsdel.

Den muslimske befolkninga er stor. Dei bur i gettoar, og dette har skapt grobotn for ekstremistmiljø som har rysta Europa med vald.


  • Be om styrke, inspirasjon, og åndsutrustning til kyrkja og dei truande i Belgia, slik at dei blir markante og overtydande vitner om Kristus i eit samfunn som søkk stadig djupare ned i eit åndeleg og moralsk mørkt landskap. 
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar med stor kredibilitet
  • Be om pastorar som kan disippelgjera unge menneske, og at disippelgjering skal bli den normale arbeidsformen i dei belgiske kyrkjene.
  • Be også om at kyrkjelydane skal tenkja  multiplikasjon og rastlaust arbeida for å planta nye kyrkjelydar i unådde områder. 28% av belgiarane har aldri møtt ein kristen som har snakka med han/ho om Gud. 
  • Be om at dei kristne får langt større innflytelse i dei politiske korridorane i Brüssel.
  • Be om at Bibelen igjen skal bli ei aktuell bok for vanlege folk å lesa
  • Be om forsoning mellom sør og nord.





Dariganga i Mongolia


http://www.createinternational.com/

Denne folkegruppa på 30 000 menneske lever aust i Mongolia. 1% av dei er i følgje www.joshuaproject.net kristne, 0,8% evangeliske. Dei er buddhistar, men stadig fleire av dei vender i desse dagar attende til  animisme og shamanisme som var vanleg før buddhismen gjorde sitt inntog på 1500-talet, og mange praktiserar i dag astrologi, spådomskunst og søker hjelp hos shamanar når dei er sjuke.
Dei snakkar mongolsk.

Dariganga elskar musikk, dans og hesteveddeløp.
Evangeliet har stor framgang i Mongolia i våre dagar, og mongolske kristne er utan tvil dei som er best i stand til å nå inn til darigangafolket.

Herre Jesus Kristus! Du er den som eig hausten, og som kallar arbeidsfolk ut til din haust. Me takkar deg for at du no vil senda nokre av dine trufaste for å dela evangeliet med darigangafolket, og at du vil utrusta desse vitnene med autoritet og kraft slik at darigangane kan bli kvitt demonane som styrer dei og bli lækt for sjukdomane som plagar dei, og slik at di kyrkje kan bli etablert i folket og folket disippelgjort etter din plan. Amen! 






lørdag 2. mars 2019

Tyrkisktalande kurdarar i Tyrkia

Det er 6 151 000 tyrkisktalande kurdarar i Tyrkia. Dei er eigentleg tospråkelege, og meistrar både tyrkisk og kurdisk (kurmanji). Kurdarane i Tyrkia har ei lang undertrykkingshistorie, og dei risikerer straff dersom dei nyttar språket sitt. Dei lengtar etter sjølvstende. For å forhindra dette, oppfører tyrkiske styresmakter seg slik at denne lengselen berre aukar på. Kun 0,01% av kurdarane er kristne. Mange bur i Istanbul, men dei fleste i dei sør-austlege delane av landet.

Herre Jesus! Du elskar desse kurdarane i Tyrkia. Du bar syndene deira med deg opp på krossen, forat dei ved å tru på deg skal bli rettferdige for Gud og innsett som hans barn og dine tenarar. Lat det skje. Send åndsfylte pionerar til dei som i di kraft, med under og teikn, kan grunnleggja ei levande kurdisk kyrkje i Tyrkia, ei kyrkje som kan tola motstand frå djevelen, religiøse grupper og styresmakter. Må Bibelen bli distribuert på morsmålet til desse menneska, og gjera ein sterk gjerning i liva deira, ja, bli den grunnvollen som dei byggjer liva sine på. Amen! 

m18756_tu.png

Bangladesh


Bangladesh grensar til India og Burma, og ligg inst i Bengalbukta.  
Areal: 148460 km2. Estimert folketal juli 2018: 158 453 001. Det blir over 1000 menneske per km2, medan me i Noreg har 14-15. Dei store elvane Ghanges og Brahmaputra renn ut i havet lengst sør i landet, og sidan det høgaste punktet i Bangladesh kun er 80 m.o.h., lever desse folka med store årlege oversvømmingar der mange mister livet. 

Hovudstaden Dhaka med over 14 millionar innbyggjarar ligg der dei to nemnde elvane møtest. 

Bangladesh var ein del av India fram til 1947 då området kom under Pakistan og vart kalla Aust-Pakistan. I 1971 vart landet heilt sjølvstendig, og fekk det namnet det har i dag. 

Bangladesh er eit av dei fattigaste landa i verda. Likevel har dei teke imot 700 000 flyktningar frå Burma dei siste få åra. Det slit på økonomien. Folk lever i stor grad av risdyrking, husdyrbruk og klesproduksjon. 

Religion: Islam (89,1%), 9,1% hinduar og 0,66% kristne (0,4% evangeliske). Det er få kristne i landet, men kyrkjene veks overraskande fort. Denne veksten finn hovudsakleg stad mellom minoritetsgrupper som santal, mundi og khasi.

Også hinduar kjem til tru, og særleg har det vore solid tilvekst mellom kastelause og folk frå dei lågare kastane. 

Kristne vert både diskriminerte og forfølgde, særleg frå ekstreme islamistiske grupper som legg press på styresmaktene med tanke på innføring av sharialover. 

Kyrkjene er i desperat behov for leiarar. Leiarmangelen fører til underernærte kristne. Trua deira blir svak, og mange fell frå. Dei toler ikkje  det massive trykket frå heidendomen dei har rundt seg.

Språk: Bangla og engelsk. Totalt blir det snakka 48 språk i landet. 14 språk har heile Bibelen. 7 NT og 8 språk har deler av Bibelen.
Analfabetismen ligg på høge 60%. 


Styresett: Demokratisk republikk. I realiteten er landet styrt av to mektige klanar som berre er opptekne av å styrka sine eigne posisjonar og auka sin eigen rikdom. Dei fattige blir berre utnytta for dette føremålet. Undertrykkinga og avmakta er massiv. 

Gode Far! Me ber om at du skal løfta menneska i Bangledesh ut av fattigdomen. Løys dei frå islams og hinduismens lenker, og gjer dei opne og mottakelege for evangeliet om Jesus. Reis opp kyrkja di i landet slik at dei truande brenn av kjærleik til Jesus og til kvarandre,og blir utrusta  med åndelege gåver slik at dei kan vitna og forkynna om frelsaren på ein relevant og myndig måte. Styrk dei truande som vert utsette for diskriminering og forfølging slik at dei blir ståande i trua og foredla i kristenlivet. Me ber om einskap mellom kristne og kristne kyrkjer, og at Bibelen og annan kristen litteratur skal bli distribuert og lesen av befolkninga. Me ber om mange nye og gode kristne leiarar. Kyrkjelydane treng pastorar, og landet nasjonale stemmer som blir høyrt av mange. Me ber om at landet skal bli velsigna med godt, rettsindig og ansvarleg politisk leiarskap, ærlege, usjølviske og trufaste menn og kvinner med moralsk integritet og med klåre tankar og høg kompetanse, og særleg ber me no om at det skal bli orden på skuleverket slik at alle kan læra seg å lesa og skriva, og slik at landet kan utvikla seg også på alle andre områder. Amen! 



Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...