mandag 28. mars 2016

Belgia

Belgia er Europas hovudstad. Her har både EU og NATO hovudsentera sine.
Sist veke vart 31 menneske drepne i Brussel av sjølvmordsbombarar som sprengde seg sjølv i lufta på flyplassen og i ei T-banevogn i sentrum av byen. 300 menneske vart skada. Ugjerningsmennene kom frå den muslimske bydelen Moolenbek i Brussel.

Be om trøyst og styrke for dei som har mista sine kjære, og at dei i sorga skal få møta håpet i Jesus.
Be om lækjedom for dei som er skada.
Be om at Gud skal ta kontroll over dei ekstreme miljøa, forpurra terrorplanar og erstatta hat og moralsk forvirring med lyset frå Ordet og med kjærleiken frå Jesus.
Be om Moolenbek må gjennomvevast av nye sterke, varme og målretta kristne kyrkjelydar.

 Det bur 10,7 millionar menneske i Belgia. 6,7 millionar av dei er kristne (133000 evangeliske). Men det er islam som veks fortast no (innvandring) og blant etniske europearar er det sekularismen som er på frammarsj. 31% reknar seg no som ateistar og ikkje-religiøse. 7% av den katolske befolkninga går til messe. Fram til 1960 åtvara den katolske kyrkje mot bibellesning. I 2006 kom det nye oversettingar av Bibelen både til flamsk og fransk, og Bibelselskapet driv no bibelspreiing over heile landet.

Be om at Bibelens ord må slå djupe røter i den belgiske befolkninga, at landet må bli bada i Guds lys, og belgiarane må venda om til Gud og  få ei djup oppleving av hans kjærleik og nåde.

Likevel: Dei evangelisk kristne i Belgia er svært offensive, planmessige og kreative i sin misjonsaktivitet. Dei står saman, er flinke på internett og har etablert landsomfattande bønenettverk som fungerer.

Be om at folk skal møte Guds ord over alt i samfunnet, og at det skal bli som ei kraft i som forvandlar både individ og samfunn.

Landet er delt i to: Flandern i nord og Valonia i sør. Motsetningane mellom desse to regionane er store, og landet står i fare for å sprikka opp.

Be om nasjonal einskap.

Problema med stoffmisbruk og seksuelle overgrep er formidable.
Okkulktisme og alle slags religiøse utslag av New Age-bølga er meir og meir alminneleg.

Be om at Gud skal setja folket og landet fri frå djevelens mange plager.

 

Canada





















Canada er med sine vel 9 millionar kv.km. verdas nest største land i flatemål. Det bur omlag 33 millionar menneske der. 36%  er av engelsk opphav, 15 % fransk (Quebec), 28% frå andre europeiske nasjonar, 3,2% er kinesarar, 3,1%  kjem frå Sør-Asia og 2,9 % tilhøyrer urbefolkninga (indianarar).

Engelsk og fransk er offisielle språk. Elles blir det snakka totalt 169 språk i landet. Canada har gjennom dei siste åra vore den fremste nasjonen i verda når det gjeld å ta imot flyktningar. Det tener dei til ære.

Canada er eit starkt industrialisert land. Økonomien er solid.

Landet er ein del av Det britiske samveldet, og er eit konstitusjonelt monarki under dronning Elisabeth av England. Elles har dei fleirpartisystem med representativt demokrati. Det betydelege spenningar mellom den fransktalande og den engelsktalande delen av landet, og Quebeck har mange gongar arrangert folkerøystingar med tanke på sjølvstende.

Kristendomen er på retur i Canada. Rundt år 1900 utgjorde dei evangeliske 25% av befolkninga, i dag berre 8%. Det blir i praksis 2,6 millionar. Dei protestantiske main-linekyrkjene er blitt prega av liberal teologi, og er snart tømde for folk.

22 millionar av innbyggjarane er katolikkar. Resten er sekulære, og stadig fleire kanadiarar reknar seg som ikkje-religiøse, også blant dei som tilhøyrer eit kyrkjesamfunn.

Dei siste åra har immigrantar kome med nytt liv inn i mange av dei katolske kyrkjene.

Konservative kristne vert sett på med djup skepsis, og media er fientleg og kritisk innstilt til bibelsk kristendom. I Quebeck, som er 80% katolsk, blir evangeliske kyrkjer sett på som sekter og kultar.

Urbefolkninga i Canada snakkar mange språk.  27 av dei har ingen bibeloversetting. Det blir no jobba med oversetting av seks av dei. New Tribe si oversetting til inuittisk (eskimospråket) har resultert i massive vekkjingar mellom iunittane nord i landet.

Indianarane har elles vore utsett for grov urett gjennom historia, og dei lever i stor grad i fattigdom, og stoffmisbruk er svært vanleg mellom dei, særleg gjeld det dei mange som har flytta til storbyar som Toronto, Winnipeg, Edmonton og Regina.

Be om
  • at kyrkjelydane i byane effektivt skal nå ut i nærområda med evangeliet
  • at dei kristne i landet skal læra seg å bli glad i Bibelen, bli fylte av Den heilage ande og verkeleg brenna for Jesus. Lat dei flytta over frå religiøstet til sant disippelskap
  • at spenninga mellom Quebeck og resten av Canada skal blir redusert, og at linnbygjjarane i landet skal kjenna einskap og slektskap.
  • at kyrkja skal få kraft og nåde til å bera over med kritikk, ikkje ta att med same mynt, men syna dei andre ein unik livskvalitet, og argumentera meir med liva sine enn med orda sine. 
  • at alle urinnvånarar skal få Bibelen omsett til sine eigne morsmål,
  • at dei indianske stammene skal få erfara fridomskrafta i evangeliet, og at det skal bli ein djup forsoning mellom dei og det europeiske fleirtalet i landet,
  • at det skal etablerast sterke misjonale kyrkjelydar mellom kinesarane, og mellom folk som kjem frå Sør-Asia. 












mandag 21. mars 2016

Bulgaria


 


 Bulgaria er tredjeparten av Noreg i flatemål. Det bur om lag 7 millionar menneske i landet, og folketalet er synkande. Dette både pga emigrasjon, og svært lågt fødselstal. Det høyrer med til bilete at det er fleire provoserte abortar i Bulgaria per år enn levande fødslar.

Landet grensar til Romania, Serbia, Makedonia, Hellas og Tyrkia. I aust til Svartehavet. 

Historisk sett var Bulgaria i mange hundre år ein del av det ottomanske riket. Men folket vart aldri muslimifisert. Dei sto fast i si ortodokse tru og støtta opp om den ortodokse kyrkja si.

Etter 2.verdskrigen vart landet innlemma i det sovjetrussiske interesseområdet, og det var strengt kommunisitisk frå 1947 til 1991. Under kommunismen vart folket lært opp til ateisme, og kristne var under forfølging.

Etter kommunismens fall, knytte folket seg igjen til kyrkja, men i mindre grad til Gud. Den kristne kunnskapen i Bulgaria er svært låg. Ein av grunnane er at gudstenestene føregår på eit for folk flest eit ubegripeleg kyrkjeslavisk språk.

82% av innbyggjarane er bulgararar. 10% tyrkarar og nesten 5% er sigøynarar. Dei sistnemnde høyrer med til dei lågaste i samfunnet. Analfabetismen mellom dei er svært høg. Likevel er det mellom desse Guds rike har hatt størst framgang etter 1991. Særleg på 90-talet var det ei sterk pinsevekkjing i sigøynarmiljøa. Men fråfallet har dei siste åra vore sørgjeleg høgt.

Økonomien i Bulgaria er skrøpeleg. Industrien har kollapsa etter kommunismens fall, og landet er i dag prega av skyhøg korrupsjon og mafiaverksemd. Sjølv om landet vart medlem av EU i 2007, har dette ikkje betra seg nemneverdig.

Om lag 2% av befolkninga er evangelisk kristne. I 1980 var prosenten heilt nede i 0,4. Den gjennomsnittlege årlege veksten er no på 0,7 - 1%.

Men det er enno 2500 landsbyar som ikkje har ein evangelisk kyrkjelyd.

Bulgarske evangeliske kristne har vore flinke til å ta i bruk media i evangeliseringsarbeidet.

Ny moderne bibeloversetting var ferdig i 2010.

Be om:
  • Nytt liv i den ortodokse kyrkja, at Jesus skal koma til syne gjennom alt liturgisk stafasje.
  • Guds ord skal lyda klårt og reint frå alle kristne talarstolar, og at det skal få makt i folket.
  • Forkynnarar og kristne leiarar med integritet som har mot til å avsløra synd, og som tydeleg peikar på Jesus som einaste vegen til frelse.
  • Kristne som elskar Jesus, og som deler han i ord og gjerning med sine medmenneske
  • At mange nye skal bli vunne for Kristus og fostra til disiplar som vinn og fostrar nye.
  • Evangeliske kristne skal få mot og ressursar til å planta nye kyrkjelydar i dei mange unådde områda. 
  • Samarbeid mellom dei evangeliske i misjonsarbeidet
  • Framgang for Den evangeliske allianse
  • At mafiaorganisasjonane skal bli avslørte og oppløyste.
  • At korrupsjon skal bli avslørt og pådømt
  • Ei sterk "ja til livet-rørsle"
  • At gravide kvinner skal få lyst, hjelp og mot til å bera fram barna sine
  • At kristne demonstrerer kjærleik til sigøynarar og tyrkarar, og tek leiarstilling i kampen mot rasismen i landet.
  • framgang for Evangelical Theological Institute, at dei får det som er naudsynt av finasielle og akademiske ressursar med tanke på å halda oppe ei evangelisk teologisk utdanning av høg kvalitet
  • Bulgarias 900 000 muslimar må få sjå Jesus som Guds Lam som bar bort verdas synd, og at dei må tru på han for å oppnå frelse.
  • framgang for IFES som no har driv studentarbeid i 10 byar
  • framgang for evangeliseringsarbeidet gjennom media
  • at evangeliet skal slå rot og skapa kristen identitet blant tyrkarar som snakkar bulgarsk
  • stor utbreiing og interesse for den nye bibeloversettinga. 


fredag 11. mars 2016

Bolivia

Bolivia er eit digert land, nesten tre gonger så stort som Noreg. Landet har inga kystlinje. I sør er det ei høgslette, i nord tropisk regnskog. Det bur nesten 11 millionar menneske i Bolivia, 1,6 mill av dei i hovudstaden La Paz. 43% av befolkninga er mestisar. 53% indianarar (urfolk). 50% av bolivianarane er funksjonelle analfabetar. 14% reelle.
Bolivia er svært rikt på naturressursar. Landet er verdas største produsent av lettmetallet litium som er overlag viktig i moderne batteriproduksjon. Det har også medisinsk betydning. Vidare er det oppdaga store naturgassreservar. Desse er nasjonaliserte og blitt eit lokomotiv i økonomien. Omfattande korrupsjon har gjennom mange år arma ut nasjonen. Folk flest er svært fattige. Mange bønder driv med cokadyrking der dei skulle ha dyrka mat.
Landet vart sjølvstendig frå Spania i 1825. Etter den tid har det vore ikkje mindre enn 200 revolusjonar. I 1991 vart det innført demokrati, og etter den tid har det vore stabile tilhøve i landet. Noko er på rett veg i Bolivia.
Storparten av folka i Bolivia er katolikkar, men 1,3 million er protestantar, og her er den årlege veksten på 3,8%. Ikkje minst har framgangen vore stor blant den indianske urbefolkninga. I den katolske delen av befolkninga er synkretismen er utbreidd. Dei fleste praktiserer ein heidensk kristendomsform.


  • Takk Gud for den store framgangen evangeliet har hatt i Bolivia dei siste 50 åra.
  • Det er også grunn til å takka for politisk stabilitet, og å be om at dette skal halda fram. 
  • Be om rettfed for urbefolkninga i landet. Både Quechua og Aymaraindianarane har vore stygt undertrykt i lange tider, og spenninga mellom desse og den kvite spansktalande majoriteten er stor. 
  • Be om rettferd for dei mange fattige i landet. 70% lever under fattigdomsgrensa. 
  • Be om at det skal bli slutt på dyrking av cokablad. Ein vesentleg del av fattigdomen på landsbygda har si rot i denne produksjonen.
  • Be om at heidenske gudar skal bli avslørte som vonde ånder, og at folket vender seg bort frå dei, frå synda si og til Gud. 
  • Dei evangeliske står saman i Association of Evangelicals (ANDEB) , og har høge mål med tanke på å evangelisera landet. Be om at dei skal lukkast med å nå måla sine.
  • Omsorgen for fattige må stå sentralt i misjonsarbeidet. Be om at dei evangeliske må stå fremst i kampen mot fattigdom og sosial urett.
  • Det er eit desperat behov for kristne leiarar. Be om at Gud skal helga, kalla og utrusta tusenvis av nye leiarar til teneste. 
  • Overklassen i Bolivia må reknast som ei unådd folkegruppe. Be om at evangeliet skal slå rot blandt dei mektige i landet.
  • 67% av befolkninga er under 30 år. Arbeidsløysa er stor i denne gruppa. Mange slår seg saman i valdelelge gjengar, og narkotikabruk og narkotikabrotsverk er vanleg mellom dei unge. Be om at Jesus kjem inn og omformar desse miljøa med sin heilage kjærleik. 
  • 75% av barna i landet er kronisk under - eller feilernærte. 100 000 av dei bur på gata med alt som det medfører av overgrep, utnytting og kriminalitet.  Be om at vaksne kristne skal gå inn å ta aktivt ansvar for barna, føra dei til Kristus, gje dei trygge heimar og naudsynt skulegang og utdanning. 

lørdag 5. mars 2016

Kviterussland

Kviterussland er Europas siste diktaturstat. Etterat Sovjetunionen rakna tidleg på 90-talet, var det ein kort periode med politisk fridom, men så kom Aleksande Lukashenko til makta i 1994, og han har knebla all opposisjon. Han styrer landet diktatorisk, og krev nærast personleg hyllest, ei klassisk avgudsdyrking.

Folketalet er på vel 9 million, og det er full fart på veg nedover. Det er ingen reell religionsfridom i landet. Den ortodokse kyrkja er dominerande, men 3 millionar menneske er rekna som ikkje-religiøse og sekulære. Trass dette var det i 2010 131000 evangelisk kristne i landet, og desse kyrkjelydane har ein årleg vekst på 3%. Det er bra. Dei møter stadig hindringar som t.d. at det er forbode å samlast under 20 menneske i ein heim eller eit lokale for å ha eit religiøse møte. Slik vil styresmaktene stoppa danning av nye kyrkjelydar.

Kviterussland har nære band til Russland. Landet er ein del av Russlands interessessfære, og folket manglar ein sterk eigen identitet.

Kviterussland vart tungt råka av stråling i samband med Tsjernobylkatastrofen, og enno dukkar det opp nye krefttilfeller pga overdosering av radioaktivitet.

Be om
  • at dei truande må ha god stayerevne og stå trass i hindringar, trakasseing og forfølging
  • vekkjing i den ortodokse og den romersk katolske kyrkja
  •  at folket skal gjennomskoda primitiv avgudsdyrking og forkasta heltedyrking til fordel for tilbeding av Jesus Kristus.
  • at dei kreftsjuke skal få adekvat hjelp
  • einskap mellom evangeliske kristne kyrkjelydar
  • misjonal mentalitet i kyrkjelydane
  • at dei truande skal leva som sanne disiplar av Jesus
  • politisk fridom for folket


Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...