onsdag 16. november 2016

Sveits

Sveits er eit blendande vakker land med mektige alpetoppar og djupe dalar og sjøar.
Flatemål 41293 kv.km.  Folketal: 7,6 millionar. Hovudstad: Bern. Største by: Zürich (1,1 mill).
Hovudpråk: Tysk, fransk og italiensk. Totalt 12 språk.
Bibelen: 5 Bi, 1 NT, 4 deler.
Stor innvandrarbefolkning (22%).
Velutdanna folk.
Økonomi: Høgt utvikla og avansert eksportindustrien. Bankverksemd. Turisme. Høge lønningar og levekostnadar.
Sveits er eit nøytralt land som først i 2002 var medlem av FN.
Geneve er ein historisk by der Calvin prøvde å grunnleggja Gudsstaten sin på 1500-talet, her vart Genevekonvensjonen (Krigens lover) vedteken i 1864, parallelt med at Henry Dunant, ein djupt kristen mann, grunnla Raudekrossen.
På 1500-talet var Sveits heimlandet for eine greina av reformasjonen, og landet har gjennom hundreåra etterpå hausta store velsigningar av dette faktum, men den katolske kyrkja er likevel enno den største med 1,5 millionar medlemmer. 1,2 millionar er protestantar (700 000 evangelikale/karismatiske). I tillegg er det eit mylder av andre religiøse grupperingar. Sveits har full religionsfridom.
75% har eit kyrkjemedlemskap. 15% er ikkje-truande.
Politisk har Sveits eit underleg demokratisk system med massevis av folkerøystingar. Landet er splitta opp i fleire "katonar" som har stor grad av sjølvstende. Denne ordninga går langt attende i tid. 

Takkeemner:
  • Det er god grunn til å takka for at dei truande i landet søkjer djupare einskap med kvarandre.
  • Mange evangelikale driv svært aktivt evangeliseringsarbeid
  • Mange sveitsiske kristne er djupt engasjert i verdsmisjonen.  
Bøneemner:
  •  Få sveitsarar har grunnleggjande kunnskap om Gud, og liten interesse for Gud. Be om at kyrkja vert vitalisert og får guddommelege strategiar for å nå heile befolkninga med evangeliet på ein truverdig måte.
  • I dei historiske kyrkjene er manglen på leiarar kritisk, og liberal teologi verkar utarmande på dei og gjer dei irrelevante for folk. Be om at desse kyrkjene på nytt vender seg til Gud, underordnar seg Bibelens ord, og at dei truande vigslar liva sina til menneskefiske. 
  • Takk for fornying og vekst mellom nye evangeliske kyrkjelydar som veks fram i mange byar. Be om at dei må få bli til velsigning for heile landet, og be om at stadig nye, frie kyrkjelydar skal bli planta og finna grunnfeste i alle kantonar og distrikt. 
  • Be om at Gud talar djupt inn i vanlege sveitsarar sine hjarter, at han openberrar sin kjærleik for dei, hjelper dei å tenkja rett om sitt eige behov for tilgjeving og frelse, og skaper i dei ei djup lengsle etter å bli kjent med Gud og leva i samfunn med Han. 
  • Be spesielt for dei unge, at dei skal bli grepne av Jesus Kristus slik at dei tek han som førebilete for liva sine. 
  • Meir enn hundre nasjonalitetar er busette i Sveits. Ingen annan stat i Europa har så mange innvandrarar. Mange av dei er heilt unådde. Arbeitsgemeinschaft für interkulturell Zusammenarbeit (AgiK) arbeider målbevisst med å  gjera Guds godleik tilgjengeleg for desse. Be om at dei skal lukkast.
Image result for Sveits





mandag 14. november 2016

Kanadisk pastor i nord-koreansk fangenskap innlagt på sjukehus

Hyeon Soo Lim er 61 år gamal. fødd i Sør-Korea, no kanadisk statsborgar busett i Toronto og tilsett som pastor i Light Korean Presbyterian Church.  Han har i 20 år drive forretningsverksemd og humanitert arbeid i Nord Korea, og har i desse åra reist att og fram mellom dei to landa 20 gongar.

I desember 2014 vart han arrestert av det hemmelege nord-koreanske politiet og seinare dømt til livslangt straffearbeid for "grove brotsverk mot nasjonen."

No er han alvorleg sjuk, og er innlagt på sjukehus. Sjukehusa i Nord-Korea manglar naturlegvis både naudsynt medisinsk kompetanse og utstyr.


  • Be for Hyeon Soo Lim at Jesus skal lækja han og verna han mot overgrep og alvorleg sjukdom. 
  • Be om at Gud skal trøysta han og familien hans rikeleg, og at Trøystaren skal vera rundt dei på alle kantar.
  • Be om at han skal bli sett fri og sendt attende til Kanada
  • Be også for dei som har arrestert han, og for medfangane hans, at dei skal få møta Jesus gjennom pastor Hyeon og slik bli frelst frå synda, døden og djevelens makt. 
Kjelder: Wikipedia
Voice of the Martyrs, Canada

Dagens unådde folkeslag: Kumal i Nepal

Kumal tel 117000 menneske. Dei er hinduar, og dyrkar mange ulike gudar. Viktigast er familieguden Same.

Tradisjonelt har dei vore pottemakarar, men er no meir knytta opp til jordbruk.

Dei snakkar meir enn 20 ulike språk.

Rekordmange nepalesarar kjem til Kristus i vår tid. Det er å vona at kumalfolket vil bli hugsa av dei mange nye truande. Be om det.

Be om at dei skal bli løyst frå dei demoniske kreftene som bind dei til løgngudane dei dyrkar. Det står i Jesu makt å gjera det.


Kjelde: Joshuaproject.net








Sverige

Areal: 449 964 km2
Folkestal: 9,5 millionar
30 språk.
Bibelen: 4GT+NT, 2 NT, 5 deler, 4 under omsetting
Økonomi: Eksportindustri. IT
Velferdssamfunn med høge ytingar til vanskelegstilte. Høgt skattenivå.
Har i mange år vore svært ope for flyktningar, noko som har resultert i framveksten av aggressive nynazistiske grupper.
I enkelte bydelar i Malmø og Stockholm er heilt prega av innvandringsbefolkning. Det er ikkje så bra. Integreringa er dårleg, arbeidsløysa mellom unge svært høg, likeeins kriminaliteten. Ofte bryt det ut sosial uro med brenning av bilar på nattestid o.l.
Sverige har full religionsfridom. 57% tilhøyrer ei kristen kyrkje,  38% er ikkje-truande, 3,6% muslimar (2010, i dag noko høgare) og 4,9% buddhistar (2010).
Sverige har ein sjelda rik kristen arv. Men kristendomen har gjennom dei siste tiåra hatt ein alvorleg tilbakegang, og Den svenske kyrkja har i stor grad falle frå Guds ord og si eiga lutherske vedkjenning. Berre 23% av svenskane trur på ein personleg Gud.
Islam, buddhismen og sekularismen er i vekst.

Gode Gud! Me ber om at du skal sjå i nåde til Sverige. Reis opp kyrkja di til frimodig tala ditt ord inn i folks liv, og me ber om at du skal fylla henne med kraft til å lækja sjuke og setja fri alle som er bundne av djevelen. Må kyrkja di bli som eit lys på eit fjell, eit lys som ikkje kan skjulast, men som viser alle i Sverige Jesusvegen attende til Farshuset. 

Dei siste åra har evangeliske kristne i større grad funne saman. Kvart år går det den store Jesusmarsjen av stabelen  med 20 000 menneske i Stockholms gater.  For få veker sidan var det "Awakening Europe" i byen med 30000 unge kristne samla til vekkingskonferanse over ei helg med talarar og lovsongarar av verdsformat. Det kan lova godt.

Sverige er i dag prega av å vera eit sekulært postmoderne samfunn der det er vanskeleg å hevda kristne standpunkt. Den politiske korrektheten er knallhard. Ein gudlaus feminisme som ikkje berre kjempar for kvinners rettar, men også for ein ekstrem liberal seksualitet, dominerer i akademia og i det politiske liv, og dette ser ut til å reultera i at det veks fram ein karikert, brutal og nådelaus maskulinitet i landet, som me også kan sjå i mange andre vestlege land. Begge deler er demonisk. Det ser ut til at rørslene kjempar mot kvarandre, men det er på overflata, begge fører folk lenger og lenger bort frå Gud.

Gode Gud! Me ber om at du i Jesu namn skal bryta dei demoniske kreftene som fører det svenske folket lenger og lenger bort frå deg. Mer går i Jesu namn imot den innflytelse som sekularismen, feminismen, buddhismen og islam har på dei som bur i Sverige. 

Midt oppi dette er det framleis levande kristendom i landet. Denne faldar seg ut i frikyrkjene og i dei lutherske misjonsorganisasjonane. Desse søkjer meir og meir saman i einskap innan Den svenske evangeliske allianse. Den er blitt ei klår bibelsk røyst i samtida. I våre dagar ser det elles ut til at både pinsevener og lutheranarar søkjer seg attende til rosenianismen frå midten av 1800-talet. Carl Olof Rosenius var leiar for ei svansk vekkjingsrørsle som varte i mange år, og som i mange år fekk prega skandinavisk kristenliv.

Herre! Du har sagt at dersom me elskar kvarandre, skal verda forstå at me er dine læresveinar. Styrk einskapen mellom rettenkande kristne i Sverige som ønskjer å stå fast på Bibelens ord, og må elvar av levande vatn renna ut frå dei og skapa nytt åndeleg liv i svenske byar, landsbyar og bygder. Må Sverige enno ein gong bli eitt av verdas markante misjonsland.  Me ber spesielt om at Institutt for Bibeloversetting i Stockholm som har som mål og oversetja Bibelen til alle ikkje-slaviske språk i tidlegare Sovjetunionen, skal lukkast i sitt pionerarbeid. 

Gode Far! Sverige treng desperat til uredde, åndsfylte pastorar og kristne leiarar som elskar deg, ditt ord og dine barn, og som har autoritet og kraft til å bryta gjennom tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Reis opp eit slikt åndeleg leiarskap i Sverige.

Dei unge i Sverige må karakteriserast som ei post-kristen gruppe, nærast eit unådd folkeslag, heilt framande for Gud.

Herre Jesus! Reis opp truande menneske som vigslar liva sine til å gje dei unge i Sverige kristen omsorg, fellesskap og kunnskap. Før kyrkja di ut av ein dødleg proteksjonisme for å ta med seg gullet sitt ut til dei som du elskar og vil frelsa. Herre! Du er verdas lys som opplyser kvart menneske. Lys opp også ungdomsgenerasjonen i Sverige. Mange av dei ber på djupe sår etter misbruk, overgrep, svik og forsøming. læk såra deira i ditt eige namn. 

Immigrasjon frå aust har gjort den ortodokse kyrkja til den snøggast veksande kristne megablokka.

Herre, fyll denne kyrkja med din Ande slik at ho kan formidla genuint kristent liv til serbararar, bosniarar, russarar og andre som tilhøyrer den ortodokse "familie". Reins denne kyrkja for heidensk påverknad, og gjer ho til ei ekte og rein kristen kyrkje, i Jesu namn. 

Så ber me som alltid for styresmaktene i landet, at dei skal vera ubestikkelege, ærlege og kloke, at dei skal få visdom frå himmelen til å navigera og styra "skuta" rett.
Så ber me om at alle ufødde barn i Sverige skal få lovfesta rett til liv. AMEN!

Hovudkjelde: Operation World 2010










Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...