onsdag 11. juni 2014

Sakaldwipi, India


Sakaldwipifolket  er brahminarar, prestar, og er heimehøyrande i Bihar i Nord-India. Brahminarane er den høgaste av alle dei indiske kastane. Av den grunn er dei stolte og ser ned på andre. Dette skil dei frå Gud som fordrar audmjukheit frå dei han har samfunn med. Denne gruppa tel i følgje www.joshuaproject.net 522000 menneske. Dei er hinduar og tilber og ofrar til mange ulike gudar. Dei snakkar hindi, og har tilgang til heile Bibelen, Jesusfilmen og lydbibelen.

Bøn:
Gode Gud! Du står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev du nåde. Audmjuk Sakaldwipi under di mektige hand, slik at dei kan finna nåde hos deg og bli dine barn ved trua på Jesus Kristus. Løys dei frå alle vonde ånder som styrer liva deira og fyll dei med Den heilage ande slik at dei kan bli sanne åndelege leiarar i India som saman med deg bygger di kyrkje. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...