torsdag 27. desember 2012

Saeed Abedini

I september 2012 vart den iranskefødde amerikaneren Saeed Abedini (32) arrestert i Iran medan han var på besøk hos familien sin der. Klagemålet er spionasje til fordel for USA. Etter at han konverterte til kristen tru, har han arbeidd aktivt med å hjelpa undergrunnskyrkjer i Iran, og hadde som mål å skaffa midlar til ein barneheim.

Han sit no innesperra i det berykta Evinfengslet i Teheran. Saeed Abedini har familie heime i USA. Kona heiter Naghmeh og jobbar aktivt saman med mannen sin. Dei har to barn saman, ei dotter på 6 og ein son på 4. Det siste han skreiv  til familien i USA var dette (sitert frå Washington Post 24. des. 2012):

Fengslet er ein test. Eg har alltid vore redd for at livsens stormar skulle knusa trusskipet, men når eg står rolig, er stormen som ein mild bris. Ingenting kan knusa trusskipet. Desse veggene har gjeve meg meir lidenskapleg kjærleik for andre ved at eg deler evangeliet med dei, men enno meir, dei har gjort kjærleiken min til Frelsaren djupare. Eg kjenner at mange ber for meg, og eg vonar ein dag å kunna møta kvar av dei andlet til andlet og omfamna dei.

Ved å lesa denne linken: http://www.worldmag.com/2012/12/american_pastor_jailed_in_iran, vil du finna ut meir om Saeed Abedini sin svært spanande historie. 

Bøn:
Herre, gje Saeed Abedini og familien hans den styrken du ser dei treng her og no og i dagane som kjem. Lat Saeed leva til di ære i Evinfengslet, og gjer han til eit klart og varmt lys for medfangar, fangevaktarar og for dei som forhøyrer han slik at dei også kan bli frelste ved trua på deg, og når tida er inne, veit eg at du vil sørga for at han får fridomen attende. Velsign han, Nagmeh og borna deira i ditt eige namn. Amen!









Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...