onsdag 15. oktober 2014

Tu-folket i Kina

Tu
Tufolket er buddhistar. Sjølve gruppa tel 247000 menneske. Dei bur i nordvest-Kina, opp mot fjellheimen i Himalaya, og kjenner djupt slektskap med tibetanarane, både religiøst og etnisk. Dei snakkar sitt eige språk, og ingen deler av Bibelen er omsett til tu-språket. Jesus Kristus er totalt ukjent for desse menneska. Dei lever i det djupaste åndelege mørkret. Sjamanisme er sentralt i liva deira, og under den årlege Nadunfestivalen spiddar eit tu-medium seg med 12 jernspikrar, og blir innteken av åndene til guden Erlang, djup okkultisme.
Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Du er Gud for alle menneske, også for tu-folket i dei kinesiske fjella. Me ber i ditt namn: løys dei frå alle djevelens lenker, og frå den buddhistiske forståinga av livet Må ditt ord nå dei, og din Ande koma over dei og frelsa dei inn i ditt gode rike. Send dine trufaste vitner til dei, vitner med utrustninga til å formidla frelse og lækjedom til dette folket, og samla dei i levande og sterke kristne kyrkjelydar. Velsign tufolket på alle livsens områder i ditt namn. Amen! 

Tu in China

tirsdag 14. oktober 2014

Bejafolket i Sudan




Bejafolket er nomadar, og fartar over sletteneDei elskar den fridomen dette livet gjev dei. Dei er ikkje så mange, berre 35000 menneske, men dei er like høgt elska av Gud som alle oss andre, og dei har same retten på Guds herlege evanglium som me har. Bejafolket er muslimar, som nesten alle andre i Sudan, og dei er, som nomadar flest, heilt eller delvis unådde med evangeliet. Dei har sitt eige språk, Bedawiyet, og deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. På 500-talet var Bejaane kristne. Men det var mest i namnet. Då islamske erobrarar kom veltande over dei, forlet dei Kristus til fordel for Mohammed. Trua deira er forøvrig veldig miksa saman med folketru, og dei er veldig redde for jinnar, vonde ånder som dei opplever plagsame i kvardagen.

Kjære Herre Jesus! Send Den heilage ande og ditt dyrebare ord til bejafolket og fri dei både frå synda, døden og djevelens makt. Læk sjukdomane deira og frels sjelene deira. Må¨din fullkomne kjærleik driva frykten ut av dei, og fyll sinnet dei med ditt lys. Må bejafolket ta godt bare på barna sine og lat dei få skikkeleg skulegang og utdanning med tanke på å kunna møta den nye tids utfordringar på ein god måte. Velsign dei og gjer alle ting nye for dei. Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...