søndag 29. november 2026

Uganda






Folketal: 51 385 000
Hovudstad: Kampala
Religion: Kristendom 84,7%. 
Resten tilhøyrer islam eller dei er animistar. Ofte ei blanding. 
Næringsliv: Landbruk, fiske, industri, olje og gassproduksjon. Tenesteytande næringar dominerer. 

Befolkninga er ung. Halvparten av er under 16 år. 
Utfordringar: Sjølv om den økonomiske veksten i landet er på 6% årleg, opplever mange djup fattigdom, og det er eit stort gap mellom fattig og rik. HIV/AIDS er framleis ei stor utfordring. Islamske militsar herjar og drep stadig kristne, og røvarbandar som er støtta av staten fremjar dei styrande sine økonomiske interesser. Alt dette gjer livet veldig usikkert for barn i Uganda. 

Kyrkjer: Den romersk katolske og den anglikanske kyrkja er størst. Pinsekyrkjer veks snøggast. 

Kristenlivet i landet er prega av dei austafrikanske vekkinga som braut ut i 1929, og som spreidde seg til nabolanda Rwanda, Kenya og Tannzania. Pinsevekkinga og "Born again"- vekkinga har prega truslivet i landet frå 1960-talet med vekt på Den heilage ande, lækjedom, lovsong, evangelisering og sosialt engasjement. 

Takk for alt det store Gud har gjort i Uganda dei siste 130 åra.

Be om at landet skal bli velsigna med gudfryktige, kloke og rettsindige leiarar.

Be om at vekkingselden skal brenna sterkt i alle kyrkjer, og at vekkinga ikkje berre samlar mange menneske i kyrkjene, men også bevegar seg på djupet av hjarto.

Be om at kristne menn trufast held seg til konene sine, og ikkje bidreg til spreiing av HIV/AIDS eller andre veneriske sjukdomar. 

Be om at dei mange unge i landet skal oppdaga Jesus, og læra seg å elska han og følgja han for resten av liva sine. 


fredag 27. november 2026

Indre Østfold

 



Kommunesenter: Askim
Folketal: 48000
Næringsliv: Jordbruk, skogbruk, kraftproduksjon, industri forutan handel og tenesteyting. 

Kyrkje og kristenliv: DNK har 12 kyrkjer, dei fleste med lang historie og med stor kulturhistorisk betydning. 
Elles er det ein stor flora av bedehus og frikyrkjer i kommunen: Nordmisjon, NLM, NMS, Den evangelisk lutherske frikyrkja, Det evangelisk lutherske kyrkjesamfunn, pinsevenene, metodistkyrkja og Den romersk katolske kyrkja. 

Utfordringar: Stram kommuneøkonomi, aldrande befolkning, store investeringar i vatn og avlaup ventar. 

Be om nytt liv i kyrkjelydane
Be om einskap mellom kristne
Be om misjonsiver
Be om at kristne skal leva som Jesu disiplar i kvardagen
Be om godt kristent arbeid mellom barn og unge
Be om trygge, stabile og rusfrie heimar, og gode oppvekstmiljø
Be om mange nye fødslar, og null abortar
Be om velsigning over den strame kommuneøkonomien





Martyrkyrkja: IS drep kristne i Kongo

60 kristen vart slakta ned på ein dag i Nord Kivu i Den demokratiske republikken av Kongo (DRC) den 6.november. Terroristar frå Den islamske staten (IS) stod for denne ugjeringa, og sette dessutan fyr på heimar og bilar .

Folk vart drepne etter å ha nekta å ta imot det terroristane kalla eit "rimeleg tilbod", som truleg går ut på å konvertera til islam for å behalda livet. 

1500 kristne er drepne av IS i DRC siste året. 

Bilde frå åtaket i Nord Kivu (Barnabasaid.com)

Det har i mange år rasa ein borgarkrig i dette landet som har krevd millionar av menneskeliv. Mange ulike væpna grupper står mot kvarandre, og landet blør frå tusen sår. Sentralregjeringa har liten og ingen kontroll ute i distrikta. Denne situasjonen utnyttar no IS, og kjem inn med hundrevis av blodtørstige islamistar for å spreia islam med sverd og maskingevær. 

Be om at verdsopinionen skal bli gjort merksam på det som skjer med dei kristne aust i Kongo, og at dei rette faktisk skal bry seg. 

Be om at Gud må verna dei kristne mot dødbringande farar. 

Be om at dei truande må stå fast i Jesus midt i stormen

Be om at stormen skal stilna

Be om at Guds rike skal gå fram midt i trengslene




mandag 23. november 2026

Dagens unådde folkeslag: Vaddar i India

 



Denne folkegruppa tel vel 3 millionar menneske. Dei er hinduar og snakkar telugu, som er eit bibelspråk. 
Vaddar er hardt arbeidande kroppsarbeidarar med låg sosial status og høg analfabetisme. Evangeliet må bli dei til del i munnleg form. 

Be om at Guds lys skal skina for dette folket.
Be om at dei skal bli løyst frå hinduismens lenker og løgner
Be om at evangeliet skal bli dei forkynt, og om at medfølgjande teikn skal skje med lækjedom for sjukdom og fridom frå demoniske plager
Be om at dei skal bli motivert for å læra seg å lesa og skriva, og satsa på utdanning for barna sine



Martyrkyrkja: Said Abdelrazek

 


Said Abdelrazek sit i egyptisk varetekt, og risikerer dødsstraff for å ha konvertert frå islam til kristen tru, samt for offentleg å ha kritisert islam og for å ha evangelisert mellom muslimar, noko styresmaktene kallar "konverteringsverksemd".  Den amerikanske kongress- representanten Rily More tek no saka opp i Representanthuset for å få USA til å pressa persident Sisi til å sørga for fridom for Said Abdelrazek. Me ser no at Egypt blir stadig tyngre på labben i høve til den kristne minoriteten i landet, som strengt tatt er dei sanne egyptarane. 

Be om at dette marerittet må ta slutt for Said Abdelrazek.

Be om at han må få styrke til å stå i stormen.

Be om at USA må pressa egyptiske styresmakter til fullt ut respektera dei grunnleggjande sivile menneskerettane. 

søndag 22. november 2026

Skiptvedt kommune i Østfold

 

kiptve




Folketal: 3900
Kommunesenter: Skiptvet
Næringsliv: Jordbruk, skogbruk og industri. Mange arbeidsaktive pendlar til nabokommunane. 
Kommuneøkonomien er stram sjølv om det var eit lite overskot i fjor. Befolkninga er sterkt aldrande, og det manglar folk til vitale arbeidsoppgåver, og store omleggingar ligg føre. Det vil gjera vondt. 

På plussida: Det er låge bukostnader i kommunen, høg trivnad, god helsedekning og sunn befolkning. 

Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja har ei forsamling. Skiptvet kyrkje er ei steinkyrkje frå 1100-talet. Det er eit levande bedehus i kommunen og ei pinsekyrkje.
Både Haugevekkinga og indremisjonsvekkinga på 1800-talet hadde stor innverknad på folket i Skiptvet, likeeins pinsevekkinga på starten av 1900-talet. 


Takk Gud for god økonomisk styring.
Takk Gud for vekkingstradisjonen.
Be om at vekkingselden skal ta seg opp og begynna å brenna sterkt på nytt
Be om at mange nye skal koma til tru , bli godt grunnfesta og fostra
Be om einskap mellom kyrkjelydane
Be om at den kommunale omstillinga må gå godt.
Be om mange fødslar og null abortar
Be om trygge oppvekstmiljø for barn og unge
Be om kjærleik og samhald i familiane



torsdag 19. november 2026

Ei bøn ut frå Salme 121

Eg løftar augo mine til fjella, 
kor skal mi hjelp koma frå?
Mi hjelp kjem frå deg, du som skapte himmel og jord.
Du slumrar eller søv aldri, men vaker over meg så eg ikkje vaklar og fell. 
Du er min vaktar, og du passar på meg dag og natt,
som ein skugge ved mi høgre hand.
Du bevarer meg frå alt vondt.
Du bevarer mi sjel.
Du bevarer min utgang og min inngang frå no av og til evig tid.
Amen! 



onsdag 18. november 2026

Bøn mot terror

 


Tryggleikstenestene i Noreg melder i dag om auka terrorfare i landet, og at det er svært truleg at me vil oppleva eit åtak i laupet av det komande året. Det er svært unge gutar, tenåringar som no blir rekrutterte til å gjera slike ting. Dei har ingen ideologisk overbygning, men vil berre øydeleggja og skapa kaos. 

Gode Gud! Me set vår bøn i mot det som me har høyrt i dag. I Jesu namn ber me deg om å ta kontroll over ungdomane som vert rekrutterte til valdsoppdrag, og at du set faste grenser for dei som hyrer dei inn. Me proklamerer din siger over all vondskap, og at du skal gje menneska i desse miljøa lys over liva sine, og ei djup forståing for at dei er på ein veg som fører dei i evig fortaping og gru om dei ikkje snur i tide. Send dine englar ut på vaktoppdrag, og eg ber om at folk i Noreg skal begynna å be og involvera deg i dei skremmande  utviklingstrekka me ser i samfunnet i dag. Må dei ropa til deg om hjelp mot vondskapen, og lat dei også venda om frå den vondskapen og den synd som dei har akseptert i sine eigne liv. Amen! 

Du er kvinnas ætt

 Herre Jesus!

Du er kvinnas ætt som knuste slangehovudet.
Inga vond makt kunne stå seg mot deg.
Du avslørte djevelens strategiar, og øydela alle hans planar om å stoppa deg frå å gjennomføra den frelse du var sendt for å fullføra.

Eg takkar deg for at du med ditt livsblod fjerna alle klagemål som kunne rettast mot meg og oss alle. Du er mellommannen for den nye pakta, og min trufaste borgsmann. Slik du ein gong stilte opp for ei syndig verd, slik stiller du kvar dag opp for meg som det avgjerande loddet på vektskåla. Du får alt til å vippa i min retning. Det er ei svimlande sanning. 

Trufaste frelsar! Eg ærar og prisar deg for dette. Du er mitt faste håp, mi daglege glede og min største rikdom. Amen! 


Lord Jesus!

You are the Seed of the woman who crushed the serpent’s head.

No evil power could withstand You.

You exposed the devil’s strategies and destroyed all his plans to stop You from carrying out the salvation You were sent to accomplish.

I thank You that, with the blood of Your life, You removed every accusation that could be brought against me—and against us all. You are the Mediator of the new covenant and my faithful Guarantor. Just as You once stood up for a sinful world, so You stand up for me every single day—as the decisive weight upon the scales. You tip everything in my favor. It is a staggering truth.

Faithful Savior! I honor and praise You for this. You are my steadfast hope, my daily joy, and my greatest treasure. Amen!


Herr Jesus!

Du bist der Same der Frau, der der Schlange den Kopf zertrat.

Keine böse Macht konnte Dir standhalten.

Du hast die Strategien des Teufels offengelegt und all seine Pläne zunichtegemacht, mit denen er Dich daran hindern wollte, das Heil zu vollbringen, zu dessen Ausführung Du gesandt wurdest.

Ich danke Dir, dass Du durch das Blut Deines Lebens jede Anklage beseitigt hast, die gegen mich – und gegen uns alle – hätte erhoben werden können. Du bist der Mittler des neuen Bundes und mein treuer Bürge. So wie Du einst für eine sündige Welt eingetreten bist, so trittst Du auch heute jeden einzelnen Tag für mich ein – als das entscheidende Gewicht auf der Waagschale. Du lässt alles zu meinen Gunsten ausschlagen. Was für eine überwältigende Wahrheit!

Treuer Heiland! Ich ehre und preise Dich dafür. Du bist meine feste Hoffnung, meine tägliche Freude und mein größter Schatz. Amen!

Dagens unådde: Massalat i Sudan og Chad

 



Dette folket tel 46000 menneske. 
Dei er muslimar, og snakkar ein arabisk dialekt, men er svarte afrikanarar.
0.01% er kristne. 
Dette bondefolket er, saman med det meir folkerike masalit, utsette for grov vald og etnisk reinsing frå den sudanesiske hæren ( SAF) og den SørAfrika-støtta militsen RSF (Rapid Support Forces). Dei blir pressa over grensa til Chad, og er i ein situasjon der dei manglar alt som trengst til livsopphald. 

Be om at dette folket må få oppleva fridom og fred, og få naudsynt livshjelp.
Be om at evangeliets lys skal skina for dei, og at folket skal haustast inn i Guds rike.



Thailand

 





Folketal: 71 620 000 fordelt på 109 folkegrupper som snakkar 78 ulike språk. Dei fleste snakkar thai.
Religion: Buddhisme (85%).
Hovudstad: Bangkok
Kristne: 0,5%
Det betyr at thaifolket etter definisjonen er eit unådd folk. 
Thailand var eit jordbruksland, men har i dag ein stor eksportretta industri som generer store inntekter. Turisme og handel er også økonomisk umåteleg viktig for landet. Ein stor del av inntektene frå turismen kjem frå sex-industrien. Opp til 300 000 kvinner/jenter er fanga i denne skitne businessen, og det er omtrent umogeleg for dei å koma seg ut. Dei er svært utsette for overgrep og sjukdomar. 10% av turistinntektene kjem frå sex-industrien i Bankok, Pukhet, Pataya og Hat Yai. 2,5 millionar menneske lever av inntekter frå prostitusjon. 

Korrupsjon, mafiaverksemd og rus er også store samfunnsproblem. 
I sør er det ei muslimsk geriljarørsle som skaper mykje uro. 

Det er enno trong for bibeoversetting til fleire språk.

Thailand betyr "det frie landet" ut frå at det aldri har vore kolonisert. Men folket er fanga av buddhistiske løgner og mange synder. 

Landet er framleis svært ope for kristen misjon, og kyrkja veks. I nokre områder kraftig.

Far! Thailand treng å bli kjent med Jesus og Bibelen. 
Du ser all den naud som er i dette landet: kvinner som lever i prostitusjon, korrupte leiarar, kinesisk mafia og avgudsdyrking av alle slag. Aus Anden din utover landet og dra folks hjarto mot Sonen din. Skap i dei ein djup svolt etter frelse, reinleik og sanning. Hjelp dei som er fanga av synd ut av fysisk, moralsk og åndeleg fangenskap, og lat dei få erfara Guds barns herlege fridom. 
Utrust kyrkja og dei kristne i landet med di kraft og dine nådegåver slik at dei kan disippelgjera familie, vener, naboar og arbeidskameratar. I Jesu namn, amen! 


Våler kommune i Østfold

 



Folketal: 6200
Kommunesenter: Kirkebygden
Næringsliv: Jordbruk. Offentleg tenesteyting. 77%  av yrkesaktive er pendlarar til omkringliggjande kommunar.  

Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer. NLM er representert med ei forsamling. Evangeliesenteret har ein toårig bibelskule i kommunen. 

Våler vart, som andre kommunar i dette fylket, sterkt berørt av vekkingane på 1800-talet: Haugevekkinga, Indremisjonsvekkinga og pinsevekkinga på 1900-talet har sett varige spor. 

Utfordringar: Våler har ein stram kommuneøkonomi etter store investeringar og store låneopptak. Det er press på tenester og infrastruktur som følgje av befolkningsvekst, og areal- og kraftkonfliktar kring storindustri som datasenter. Skatteinngangen er svak i høve til det kommunale forbruket. Det borgar for nye arealkrevjande industrisatningar som kan kan koma til å krevja verdifullt jordbruksareal som aldri kan erstattast. Våler tærer på reservane sine, og det går på overlæret laust. 

Kyrkjelydane merkar både sekularinga i samfunnet generelt, reduksjon i offentlege støtteordningar og lekkasje av medlemmer til større kyrkjelydar i Moss. 

Be om ny industri som ikkje reduserer jordbruksarealet
Be om at kommunen får orden på økonomien, og om Guds velsigning i så måte
Be om at vekking og åndeleg liv i kyrkjelydane
Be om at Guds ord må forkynnast med stor kraft for folk i Våler
Be om ein stor hunger etter Jesus og Guds frelse mellom vanlege folk i kommunen
Be om mange nye kristne som blir godt disippelgjort
Be om at dei kristne tek ansvaret for økonomien i Guds rike
Be om trygge, varme og rusfrie heimar og oppvekstmiljø




tirsdag 17. november 2026

Råde kommune i Østfold

 




Folketal: 7900
Kommunesenter: Karlshus
Næringsliv: Jordbruk, industri, tenesteyting.

Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer, DELK, Frikyrkja og pinsevene ein kyrkjelyd kvar. I Råde ligg også den kristne jordbruksskulen Tomb. 

Råde vart som dei andre kommunane i Østfold sterkt prega av vekkingsrørslene på 1800 og starten på 1900-talet. 

Be om at vekkingselden skal flamma opp i Råde på nytt
Be om nytt liv i kyrkjelydane
Be om misjonsiver mellom dei kristne
Be om einskap mellom dei kristne
Be om at Guds ord skal bli forkynt klårt og reint for folk
Be om at kommunen skal takla eldrebølgja på ein god måte
Be om eit effektivt jordvern
Be om gode oppvekstmiljø for barn og unge


Ei kort bøn ut frå Lukas 13

 Herren Jesus!

Hjelp oss alle å venda om til deg av hjarta, forsaka djevelen, synda og verda,

og leva heilt med deg og for deg.

Stell med oss slik at me ber mykje og god frukt

Fyll kyrkja di med kraft til å lækja, og autoritet til å fordriva demonar.

Gjer oss til fruktbare kristne som formidlar ditt liv til åndeleg døde menneske.

Så ber eg om fred for Jerusalem, og om frelse for det jødiske folk.

Amen!

mandag 16. november 2026

Dagens unådde: Norduzbekarar

 



Licensed under CC BY-SA 2.0

Dette folket tel 35 601 000 og lever aust i Uzbekistan. 
Nesten alle er muslimar.
0,03% er kristne. 
Språk: Norduzbekisk
Heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket

Be om at evangeliet om Jesus Kristus må bli forkynt for desse uzbekarane
Be om at Jesus skal openberra seg for dei i draumar og syn
Be om at Anden må koma over dei, og under og teikn skje for augo deira
Be om at islam skal mista grepet sitt på dei
Be om at Jesu kyrkje skal bli grunnlagt som ei levande kraft mellom dei. 


Hvaler i Østfold

 



Folketal: 4700.
Kommunesenter: Skjærhalden
Næringsliv: Fiske og næringar knytt opp til dette dominerer. 

Kyrkje og kristenliv: Alt av kristent liv som eg har funne i Hvaler er knytta opp til Den norske kyrkja, inkludert Vesterøy bedehus. 
Hvaler kyrkje frå 1100-talet  er den eldste kyrkja på Austlandet. 


Hvaler vart sterkt berørt både av Haugevekkinga først på 1800-talet, metodist og baptiskvekkinga seinare i same hundreåret, samt svenske evangeliske vekkingsrørsler som kom med svenske steinhoggarar i overgangen mellom 18 og 1900-talet. Pinsevekkinga tidleg på 1900-talet gjorde seg også gjeldande i øykommunen. 

Kommunen har i dag mange utfordringar. Eldrebølga merkast sterkt i og med at 33% av befolkninga er over 65 år. Utgiftene til helse er høge og aukande, og skatteinngangen låg. Dei er kandidat for ROBEK-lista. Dei må no kutta radikalt i det kommunale tenestetilbodet. 
Om sommaren er Hvaler eit ferieparadis, og befolkninga aukar med fleire hundre prosent. Det gjev auka helseutgifter for kommunen. 

Be om at kommunen skal få kontroll på økonomien, at det skal etablerast ny næring i kommunen som også kan genererer høgare skatteinntekter. 
Be om stabile og levande kristne fellesskap som fungerer året rundt på dei bebudde øyane.
Be om oppblomstring av åndeleg liv mellom dei som er heimehøyrande i kommunen.  
Be om gode oppvekstmiljø for barn og unge.
Be om kloke og rettsindige leiarar på alle nivå


lørdag 14. november 2026

Ei bøn ut frå Matteus 1,18-29

 Å, Herre! 

Du vart avla ved Den heilage ande, les me både i Lukas 1 og Matteus 1. Du var kvinna si ætt som skulle knusa slangen sitt hovud. Eg lovar og prisar deg for at du kom til jorda for å overvinna djevelens velde og fri oss frå våre synder med ditt blod. Du er kongen over alle kongar med all makt i himmel og på jord. 

I dag ber eg om frelse for Israel, folket som du ein gong vart fødd inn i, og som du har lova å ta vare på og frelsa. Må Anden din koma over dei slik at dei ser sine synder og si hjelpeløyse, og slik at du blir herleggjord framfor augo deira. Dei treng deg så sårt no, dette folket ditt. Dei er mange, og kvar dag døyr eit stort tal av dei utan Gud og utan von. Rekk ut din sterke arm, og løft dei ut av djevelens mørke og inn i ditt lys, slik at dei kan tena deg natt og dag for ditt andlet, og bringa lys til dei folkeslaga som enno lever i mørket. Amen! 


Oh, Lord!

You were conceived by the Holy Spirit—as we read in both Luke 1 and Matthew 1. You are the offspring of the woman, destined to crush the serpent’s head. I praise and glorify You for coming to earth to overcome the power of the devil and to set us free from our sins through Your blood. You are the King of all kings, possessing all authority in heaven and on earth.

Today, I pray for the salvation of Israel—the people into whom You were once born, and whom You have promised to watch over and save. May Your Spirit come upon them, so that they may see their sins and their own helplessness, and so that You may be glorified before their eyes. They are in such desperate need of You now—this people of Yours. They are many, and every day, a great number of them perish without God and without hope. Stretch out Your mighty arm and lift them out of the devil’s darkness and into Your light, so that they may serve You day and night in Your presence, and bring light to those nations that still live in darkness. Amen!


O Herr!

Du wurdest durch den Heiligen Geist empfangen – wie wir sowohl im ersten Kapitel des Lukasevangeliums als auch im ersten Kapitel des Matthäusevangeliums lesen. Du bist der Nachkomme der Frau, dazu bestimmt, der Schlange den Kopf zu zertreten. Ich preise und verherrliche Dich dafür, dass Du auf die Erde gekommen bist, um die Macht des Teufels zu brechen und uns durch Dein Blut von unseren Sünden zu befreien. Du bist der König aller Könige und besitzt alle Vollmacht im Himmel und auf Erden.

Heute bete ich für das Heil Israels – jenes Volk, in das Du einst hineingeboren wurdest und über das Du versprochen hast zu wachen und dem Du Rettung verheißen hast. Möge Dein Geist auf sie herabkommen, damit sie ihre Sünden und ihre eigene Hilflosigkeit erkennen und Du vor ihren Augen verherrlicht wirst. Sie brauchen Dich jetzt so dringend – dieses Dein Volk. Es sind viele, und Tag für Tag gehen zahllose von ihnen ohne Gott und ohne Hoffnung zugrunde. Strecke Deinen mächtigen Arm aus, hole sie aus der Finsternis des Teufels heraus und führe sie in Dein Licht, damit sie Dir Tag und Nacht in Deiner Gegenwart dienen und den Völkern, die noch immer in der Finsternis leben, das Licht bringen können. Amen!

torsdag 12. november 2026

Dagens unådde folkeslag: Tengger (Tang ur) i Indonesia

 



Dette folket tel 95000 menneske, og bur ved fjellet Mount Bromo på Vest-Java, nær Bali. Dei er hinduar og tilber Brahma. 1% er har kristen tilknytning. Dei snakkar sitt eige språk. Det nye tertamentet er oversett til tenggerspråket. Menneska er venlege og gjesmilde bønder, litt eksotiske slik at dei tiltrekkjer seg titusenvis av turistar kvart år. Dette er blitt ei viktig inntektskjelde for dei. Mount Bromo er ein aktiv kjeglevulkan, og under ein årleg festival bringer dei offer til Brahma og kastar opp i det alltid dampande krateret. Dette vil turistar gjerne vera vitne til. 

Be om at Jesus skal bryta gjennom det djupe mørket som desse menneska lever i. 

Be om at han skal senda haustfolk til dei som kan gje dei Guds ord.

Be om at ikkje tanken på alle turistpengane dei tener skal hindra dei i å ta imot Guds frelse i Jesus Kristus.

Be om at Den heilage ande skal avsløra hinduismens løgner for dei, og at sanninga i Jesus skal stråla fram mot dei. 

onsdag 11. november 2026

Fredrikstad i Østfold

 




Fredrikstad by ligg ved utlaupet av Glomma. Kommunen strekker seg elles langt nordover og austover i fylket.

Folketal: 86000

Næringsliv: Industri, handel, jordbruk, tenesteyting

Kyrkje og kristenliv: DNK har åtte kyrkjelydar. Elles finnst det fleire pinsekyrkjer samt Den evangelisk lutherske frikyrkja, Metodistkyrkja, Baptistkyrkja og to romersk katolske kyrkjelydar. Det er fem bedehus i byen. Normisjon driv tre av dei. 

Fredrikstad har ein uvanleg sterk vekkingstradisjon. Både Haugevekkinga og metodistvekkinga (som vart tent av sjømannen Ole Peter Petersen) på 1800-talet hadde sitt episenter innafor det området som i dag utgjer Fredrikstad og Sarpsborg kommunar. Pinsevekkinga på 1900-talet og meir moderne karismatiske vekkingar har prega byen heilt til i dag. 

 Takk Gud for alt godt han har gjort i Fredrikstad gjennom tidene, og for den betydninga som denne byen har hatt for heile landet. 

Be om at den elden som brant så sterkt i Fredrikstad for nokre år tilbake skal ta seg skikkeleg opp også i vår tid. 

Be om at byen skal bli velsigna med gode leiarar på alle nivå

Be om gode og trygge oppvekstmiljø for barn

Be om stabile og varme ekteskap og heimar

Be om høge fødselstal og null abortar

Be om eit oppegåande, lønsamt og moderne næringsliv, og god skatteinngang. 




tirsdag 10. november 2026

Dagens unådde: Pashayi (uttalast puhshee) i Afghanistan

 



Det er 77000 pashayi i Afghanistan. 
Desse er nominelle sunnimuslimar. Dei praktiserer animisme i kvardagen med bruk av amulettar og slike ting for å beskytta seg mot farar. Og farar er det mange av, for det er ikkje noko rettsvesen i samfunna deira. Kvar mann må ta vare på seg sjølv, æra si og familien sin, og det er mange konfliktar og mykja vald. Kvinnene på si side er langt friare enn andre kvinner i Afghanistan, og kan omgåast menn fritt. Det er ingen kristne pashayiar. 

Be om at Guds lys snart må skina klårt for dette folket
Be om at haustarbeidarar skal sendast ut for å hausta dei inn i Guds rike
Be om at Guds kjærleik skal smelta harde og kalde hjarter. 
Be om at samfunnet skal bli styrt av lov og rett, og ikkje av makt





søndag 8. november 2026

Nigeriansk kvinne dømt til 14 år i fengsel

 

Liatu Samuel Dawa

Liatu Samuel Dawa førte ei muslimsk nigeriansk kvinne til Kristus. For dette har ho fått ein shariadom på 14 år i fengsel. Lita er frå Gwosaområdet i delstaten Borno. Der er det eit stort fleirtal av muslimar, og dei har innført sharialover som etter deira syn står over dei nasjonale lovene. 

Be om at sentrale styresmakter på omstøyta denne domen, og at dei skal sørga for at det er nigerianske lover som gjeld over heile landet. 

Be om at Liatu skal få styrke til å stå i denne vanskelege situasjonen

Terror i Krakow i Polen

 Ein 24 år gamal mann skaut og drap i går 3 familiemedlemmer og 6 andre tilfeldige personar i den polske turistbyen Krakow, ein vakker by som eg sjølv besøkte for halvanna år sidan. 

Dessutan er 15 hardt skada pga ugjerninga

Polen er råka av terror.

Be om liv og lækjedom for dei skadde.

Be om trøyst og styrke for alle som er i sjokk og sit i djup sorg. 

Søndagsbøn

 Herre Jesus!

Det er søndag, og me skal samlast for å prisa deg og lytta til ditt ord. Aus kjærleiken din utover oss i dag. Må din herlegdom fylla gudstenesterommet. Forny oss i trua, gje oss ei djupare overgjeving, ei større glede, meir iver og eit sterkare kristent engasjement. 

Lær dei sjuke mellom oss, kall dei fråfalne tilbake til din nåde og ditt fellesskap, trøyst dei som sørgjer og styrk dei svake. Det ber me om i ditt dyrebare namn. Amen! 

Martyrkyrkja. Pastor Wang Lin – fengsla for trua si på Jesus i Kina

 



Pastor Wang Lin i Kina (avbilda saman med kona si) har sete fengsla i over eitt år fordi han leia ei stor, uregistrert kyrkje, Zion Church i Beijing. Han er skulda for svindel og ulovleg næringsverksemd. Det er ukjent når han vil bli lauslaten, saman med dei sju andre kristne leiarane som sit fengsla saman med han.

Wang Lin tok doktorgrad i gammaltestamentleg teologi ved Wheaton College i Illinois, USA.

Frå fengselet skreiv han ei helsing til den kristne fellesskapen rundt om i verda om det å lida for Jesus. Han skreiv:

«Frå eldgamle tider har arret etter å bera krossen vore eit av dei viktigaste kjenneteikna på heile Kristi lekam.»

Han avslutta helsinga si med desse orda:

«Lat oss ikkje lata oss lura av djevelen til å tru at vi står åleine i denne kampen. Må den trøysta og styrken eg sjølv har fått, òg trøysta og oppmuntra andre brør og systrer i trua, og vener som står overfor prøvingar og liding.»

Han fortalde om den medvitne mishandlinga som han sjølv og andre kristne blir utsette for:

- Overfylte fengselsrom, uhygienisk mat med lågt næringsinnhald, mangelfull medisinsk hjelp og store psykiske påkjenningar.

- 40 fangar må sova på ei stor, felles treplattform som er plaga av mygg og andre insekt.

- Daglege høgtalaropprop med ekstremt høgt lydnivå, med det føremålet å «knusa heile mitt indre menneske».

- Tre gonger dagleg må fangane sitja på huk med hendene på hovudet i ein fastlåst stilling, i opptil tre timar om gongen. Dette fører til ekstreme smerter og blir brukt som ei form for tortur.

Bøn for pastor Wang Lin og dei andre fengsla kristne

Himmelske Far!

Vi ropar til deg og bed om at pastor Wang Lin og dei andre truande som sit fengsla saman med han i Kina, må bli sette fri.

Han gjennomgår ei frykteleg liding som har som mål å bryta ned motet hans og tvinga han til lydnad mot den kommunistiske staten. Men du har styrkt han. Han fortel at det å bera Jesu kross er noko av det viktigaste ein truande kan gjera.

Herre, hald fram med å styrkja trua hans og verna han mot skade. Må Den heilage ande vera hans daglege trøyst.

Bruk han etter din vilje medan han sit i fengsel, og lat vitnemålet hans bli til styrkje og oppmuntring for heile Kristi lekam. Hjelp oss òg til å vera førebudde på den moglegheita at vi sjølve kan koma til å lida for Jesus.

Syt for familien til pastor Wang medan han er borte.

Lat alt skje til di ære i Kina.

I Jesu mektige namn bed vi. Amen.


Uganda

Folketal: 51 385 000 Hovudstad: Kampala Religion: Kristendom 84,7%.  Resten tilhøyrer islam eller dei er animistar. Ofte ei blanding.  Nærin...