onsdag 18. juni 2014

Island

A map of Iceland class=
Island har berre i underkant av 330 000 innbyggjarar. Dei som bur der er etterkomarar etter nordmenn (Eirik Raude) som flykta frå Harald Hårfagre på 800-talet. Folket lever av fiske og industri. Energien er billig på Island. Det dreg mange kraftkrevjande industriselskap til landet. Islendingane er lutheranarar, over 80% tilhøyrer den nasjonale kyrkja som er støtta av staten, men denne er svak. Det har aldri vore noko transformerande vekking på Island. Det veks imidlertid fram nye frikyrkjer i landet i våre dagar der lyset frå Gud skin klårt. Desse kyrkjene er i vekst.

i 2008 kom Island i ei massiv økonomisk krise som enno ikkje er over. Mange måtte gå frå gard og grunn den gongen. Økonomien er på veg opp, men vanlege folk må enno lida under lånegalskapen til turbokapitalistane, som no forresten ser ut til å koma seg til hektene att og gjer seg klare til nye stunt.

Island har ein uvanleg rik kultur. Snorre Sturlason, som skreiv dei norske kongesogene frå Middelalderen, var stormann på Island. Den islandske sagalitteraturen er med sin konsise og treffsikre form rett og slett særeigen i verdslitteraturen.  Islendingane er svært glade i språket sitt, og tek ikkje inn låneord frå andre språk. Alle nye ord vert omkonstruert til islandsk, som ligg tett opp til det gamle norske språket.

Island er ein del av den vulkanske midtatlantiske ryggen, og naturen er "astonishing" med store fossefall, revner, høge snødekte fjell, enorme isbreaer, veldige elvar. Landet har mange aktive vulkanar, og no ventar dei berre på eit utbrot frå den enorme Hekla, som ligg like ved Eyjafjallajøkull som hadde utbrot 2010. Desse to plar følgja kvarandre.

Bøn:
Kjære Herre Jesus! Gjennom hundreåra har du prøvd å nå islendingane med din kjærleik, men hjarto deira har vore harde, og dei har alltid flørta med andre gudar. Me ber no om at ditt ord og din Ande endeleg må bryta gjennom i dette landet, at folket audmjukt og under tårer bøyer seg for deg, sannar syndene sine og søker fred med Gud på grunnlag av ditt dyrebare kors. Må du lækja landet økonomisk, reinsa det for korrupsjon, egoisme og øydeleggande begjær. Kom islendingane i møte med din nåde og med kallet til omvending og etterfølging. Må lyset skina i alle kyrkjer og spreia seg utover heile landet. Bryt den makta åndene i den gamle norrønne trua enno har over manges sinn. Må det bli maktpåliggande for islendingane å eige forlating for syndene og det håpet som berre kjem frå deg og evangeliet. Me ber om ei nasjonal vekking som fører til transformasjon av enkeltmenneske, heimar, byar og samfunn. Så ber me at du også vernar folket og landet frå store naturkatastrofar med tap av menneskeliv.  Amen! 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...