onsdag 8. juli 2015

Dagens unådde: Anufo i Togo

Anufofolket er å finna både i Togo, Ghana og Benin. Totalt er det 184 000 av dei, i Togo 75 000. Nokre få kristne er registrerte, men blir sett på som namnekristne. Dei lever liv som meir enn noko forhindrar evangeliets framgang mellom resten av folket. Opphaveleg kom anufo frå Elfenbeiskysten. Dei var handelsmenn og krigarar som busette seg langs Guineakysten der dei m.a. handla med slavar. I dag er dei bønder. Religion: islam. Språk: Anufo. Det nye testamentet føreligg på anufospråket.

Herre Jesus! Me ber om at du tek deg av alle i anufofolket som kallar seg kristne. Send Anden over dei og fornya dei i kjærleiken til deg og til kvarandre. Hjelp dei å forstå at utan deg er både dei og frendane deira evig fortapte, og legg ned i dei ein lovsong til vår Gud, og eit krystallklårt vitnemål om vegen til frelse, og me ber om at anufofolket skal bli løyst frå islams lenker og få oppleva fridomen i deg som elska dei og gav deg sjølv for dei.  Amen!




mandag 6. juli 2015

Biafada frå Guinea Bissau

Av dei 54000 biafadaane er det eit fåtal truande kristne.Fleirtalet er muslimar. Språket er biafada, og det føreligg ingenting skriftleg på dette språket. Biafadafolket er bønder og kvegfolk. Folket er ope for å høyra Guds ord, men det er mange ting som hindrar dei i å ta imot, og då snakkar me særleg om den sterke tilknytninga til og beundringa dei har for islam. Difor vert dei som konverterer gjerne forfølgde på ulikt vis. Dei kan t.d. bli nekta husly og mat.

Herre! Me ber om ein sterk misjonsvisjon blandt dei kristne i Guinea Bissau og ein iver hos dei til å dela evangeliet også med biafadafolket. Styrk dei få truande i dette folket med din Heilage ande, hjelp dei å stå tett saman og vitna om deg med den kraft og visdom som Anden gjev. Må lyset ditt fløyma over dei og avsløra løgna i islam for dei, syna dei Jesus som vegen, sanninga og livet og driva dei til han. Må nokon bli kalla til å gjera biafada om til eit skriftspråk, og omsetja Bibelen til dette språket, og gje biafadafolket ein sterk trong etter å læra seg lesekunsten, og ein hunger etter å lesa ditt levande og dyrebare ord.  Amen! 

 Biafada, Biafar in Guinea-Bissau

Indonesia









 Indonesia er med sine vel 240 millionar innbyggjarar den mest folkerike muslimske nasjonen i verda. 80% av befolkninga er muslimar, 16% er kristne og 1% tilhøyrer hinduismen (Bali).
Indonesia er eit enormt øyrike (17000 øyar) med mange ulike folkeslag. Det vert snakka 722 ulike språk der, mange av dei på Ny Guinea, eller Irian Jaja som den indonesiske delen av denne store tropiske øya vert kalla.
På 1960-talet vart deler av Indonesia vitja av Gud med ei vekkjing utan sidestykke sidan apostlane sine dagar. Denne intervensjonen av den levande Gud har Kurt Koch levande fortalt om i boka "Vekkelsen i Indonesia" som kom ut på Ansgar forlag i 1973.
Men enno flammar vekkjinga opp med jamne mellomrom, og stadig kjem titusenvis av menneske til tru kvart år. Ja, dette er så trugande for islam at styresmaktene har finansiert eit eigen animasjonsfilm som åtvarar dei unge mot kristendomen og oppmuntrar folk til å engasjera seg i kampen for å attreisa tilliten til islam mellom dei unge i landet. Filmen heiter "Save Marjam" og ligg på YouTube. Han er underleg nok meir misjonerande enn filmmakarane heilt har forstått. I filmen vert det sagt at så mange som 2 millionar menneske blir kristne per år, men det er nok ei overdriving.

På 1600-talet vart Indonesia kolonialisert av Portugal. Seinare kom nedelendarane og engelskmennene og tok sine deler. Under andre verdskrigen var landet okkupert av Japan, men fekk sjølvstende då krigen enda i 1945. I 1965 gjennomførte general Suharto eit kommunistisk kupp. Det førte til økonomisk oppgang dei første åra. Men det enda med kollaps i 1997, og Suharto måtte gje frå seg makta. I 1999 vart dei første demokratiske vala haldne. Økonomien er no i betring.

Trass i høg toleranse i samfunnet, opplever kristne i Indonesia stadig forfølging på ulike nivå. Dette har ført kristne saman, og einskapen i Guds kyrkje er uvanleg sterk. Dette har ført til aukande evangelisering og misjon. Når kristne ikkje brukar energien sin på indre strid, kan dei retta alt sitt engasjement mot å realisera misjonsoppdraget.

  • Be om at nye bibbeloversettingsprosjekt skal setjast i gong, og at nye oversetjarar skal melda seg. 
  • Be om fred og vern for dei truande midt i den aukande tendensen til å tvinga islam på folk
  • Be om at kristne frimodig proklamerer evangeliet om nåde og frelse gjennom Jesus Kristus åleine.
  • Be om tilstrekkeleg med kunnskapsrike, kraftfulle, dugande og varme pastorar og bibellærarar som kan gje dei nye kristne god opplæring.
  • Be om at alle nye kristne skal bli disippelgjort og utrusta til sjølve å læra opp andre.
  • Be om at radikal islam ikkje skal få innpass i Indonesia.

c

søndag 5. juli 2015

Anifolket i Kina

Anifolket i Kina tel ikkje meir enn 5000 menneske, men totalt i verda er det i følgje joshuaproject.net 104 000. Dei snakkar axi. Det føreligg nokre innlesingar i lydformat av Bibelen på axi, men inga skriftleg omsetting. Det er ingen kjente kristne aniar.
Dette folket vert i dag raskt assimilierte inn i den dominante hankinesiske befolkninga, både språkleg og kulturelt. Sjølv om dei fleste ignorerar Gud, trur dei fleste anikinesarane at det er Han som har skapt himmel og jord, men som høggudar flest er han utilgjengeleg, og dei held seg difor til tradisjonell fedredyrking og trur på ånder som kan påføra sjukdom dersom dei ikkje gjennomfører dei naudsynte rituala og seremoniane. All misjonsinnsats mellom dei før 1949 var heilt nyttelaus.

Gode Gud! I dag minnar me deg om anifolket i Kina. Slik som Kristus ein gong vart menneske fødd av Maria møy, ber me om at han skal koma til anifolket som ein ani, ein som forstår dei og som kan tala til hjarto deira og løysa dei frå synd og løgn og forsona dei med deg, som dei trur er langt borte og utilgjengeleg for dei. Kom nær til dei ved ditt ord og din Ande og gjer deg tilgjengeleg for dei. Må di kraft koma og i dei over dei og overraska dei. Gje dei ei djup forståing for at du med Jesu blod har betalt alt som skal til for deira evige lukke, og at dei med glede kan overgje seg til deg og bli dine barn av nåde. Amen!

lørdag 4. juli 2015

Moorfolket på Sri Lanka

Moorfolket på Sri Lanka tel over 1,8 mill menneske, og er den trdje største folkegruppa i landet. Dei er muslimar, og det er ingen kjende kristne mellom dei. Opphavet er omdiskutabelt. Anten er dei tamilar som er blitt muslimar, eller dei er etterkomarar etter arabiske kjøpmenn som farta i området for mange hundre år sidan, og som har lært seg tamil. Kulturen deira er unik med ei blanding av muslimsk tru og tradisjon med innslag av tamilsk levemåte.

Kjære Herre Jesus! Må Moorfolket læra å kjenna deg som sann Gud og sant menneske, og som den einaste mellommannen mellom Gud og menneske. Må Guds dom over deira synder bli så rystande for dei at dei ikkje ser anna råd enn å klynga seg til din kross, og setja all si von til deg for si frelse. Aus Anden over dei. Må dei bli bada i ditt lys og omslutta av din nåde slik at dei gjev opp all sjølvrettferd og stolar på di rettferd åleine. Skap i dei ein hunger etter ditt ord, og samla dei til ei sterk og varm kyrkje som er som eit redningsfartøy og eit hospitalskip for alle på Sri Lanka. Amen!

Sri Lankan Moor in Sri Lanka

fredag 3. juli 2015

Gonjafolket i Ghana

Gonjafolket held til nord i Ghana, er bønder og tilhøyrer det fattige segmentet i den ghanesiske befolkninga. For å få endane til å møtast, føler dei seg tvungne til å halda barna sine heime frå skulen slik at dei kan hjelpa til med arbeidet på markene. Dette er ein vond sirkel. Utan utdanning, ingen framgang for nokon. Fattigdomen nord i Ghana er endemisk der folk opplever formidable utfordringar knytt til vassforsyning, mat og sysselsetting. 95% av dei 300 000 gonjaane er analfabetar. Dette inneber at evangeliet i første omgang må presenterast for dei munnleg. Det er nokre få truande kristne i folket. Desse treng å bli disippelgjort. Folket har sitt eige språk, og NT er tilgjengeleg på gonja, likeeins Jesusfilmen og NT i lydformat.

Kjære gode Gud. Velsign dette hardt prøvde og tungtarbeidande folket. Å Herre, gje dei del i din kjærleik i Jesus Kristus, og må Andens livgjevande elv nå fram til dei og skapa liv og glede i hjarto deira. Må Jesuslyset stråla over dei slika at liva deira vert nye og fulle av håp. Og så treng dei vatn, Gud, for at avlingane skal bli gode. Motiver dei til å prioritera skulegang og utdanning for barna sine slik at dei på sikt også kan læra seg meir effektive dyrkingsmetodar. Så ber me om eit sterkt fellesskap mellom dei truande i dette folket, og må kyrkja di bli grunnfesta og verkeleg skina for alle i folket og formidla frelse og lækjedom frå himmelen til dei. Amen!



Yat Michael og Peter Yen kan bli dømde til døden i Sudan

Pastorane Yat Michael og Peter Yen kan bli dømde til døden i Sudan. Dei vart arresterte tidlegar i vår klaga for undergraving av grunnlova og for spionasje. Pastorane har vore gjennom fem rettshøyringar. Den siste 2.juli. Då bestemte dommaren at det var grunnlag for å gå vidare med saka, sjølv om forsavarsadvokaten deira meiner at det ikkje finst det minste fnugg av prov mot dei to kristne leiarane. Neste rettshøyring vert 14.juli. Dei to sit no innesperra i eit høgtryggleiksfengsel i Khartoum. Dette melder Morning Stars News.

Be om
  • vern for Yat Michael og Peter Yens liv.
  • at Guds kraft skal vera over dei og Guds fred i dei.
  • at alle løgner mot dei skal bli avslørte under rettsforhandlingane
  • styrke og underhadl for familiane deira
  • visdom til forsvarsadvokaten deira
  • stor nåde over Khartoum Bahri Evangelical Church
I Sudan er det 2,6 millionar kristne av ein befolkning på 35,7 mill. 1,9 mill av dei kristne er evangelikale.  Landet er strengt muslimsk, og forfølginga av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det som skjer med desse to pastorane må sjåast i lys av dette.

torsdag 2. juli 2015

Dagens unådde: Kurdarar i Iran

I Iran er det 3,6 millionar kurdarar. Dei lever i grenseområda mot Irak, i provinase Kermanshah og Luristan. Som iranaranan elles er det av indo-europeisk opphav. Det at dei er shiamuslimar skaper stor spenning til kurdarane i Irak som er sunni.
Kurdararne i Iran snakkar sør-kurdisk, som skil seg mykje frå andre kurdiske dialektar. Berre deler at Bibelen er tilgjengeleg på sør-kurdisk.

(Personleg har eg hatt gleda av å døypa 6 personar frå denne folkegruppa).

Gjennom det 19. og 20. hundreåret har dei gjort fleire opprør mot styresmaktene i Teheran, opprør som er blitt brutalt slått ned. Dei har lide mykje, og gjer det framleis.

Dei lever stort sett av jordbruk.

Kjære Herre Jesus Kristus! Må din gode Ande og ditt sterke lys fløyma over kurdarane i sør-Iran. Framfor alt treng dei frelse for sine sjeler. Send dine bodbringarar til dei med ditt opplysande og frelsande ord. Etabler di kyrkje mellom dei, ei kyrkje full av Kristi kjærleik, di sanning og av Andens kraft og makt. Løys dei frå islams mørke makt og djevelens religiøse bedrag, og frels dei inn i ditt fullkomne rike. Løft dei opp moralsk, og hjelp dei fram til større kulturell og politisk fridom.Gode Gud, lat det gå dei vel, vern dei mot overmakt og overgrep. Jesus, du er fredsfyrsten, kom til dei med din fred, og lat den gjera seg gjeldande også sosialt og politisk. Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...