torsdag 31. mars 2022

Dagens unådde folkelag: Runga i Den sentralafrikanske republikk

 


Rungafolket i Den sentralafrikanske republikk tel 30000 menneske. Dei er muslimar, og lever av å dyrka jorda. Rungafolket har sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket, og rungafolket er då også eit unådd folkeslag. Rungafolket praktiserer polygami, og ein mann kan ha fire koner. Dei praktiserer "folkeislam", og trua deira er blanda saman med tradisjonelle afrikanske religionar. Nokre er sufistar. Sufismen er ein mystisk retning innan islam.  Kjelde, bilete og kart: joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Du som gjennom Kristus har forsont heile verda med deg sjølv, må Kristus bli gjort kjent for rungafolket i Den sentralafrikanske republikk slik at dei kan bli forsont med deg gjennom han. Send dine tenarar ut med det oppdraget å disippelgjera dette folket. Me ber om at dei skal bli informert, på sitt eige språk, om at Jesus på krossen fullførte alt som skulle til for deira frelse og evige lukke, og løys dei ut frå islams løgner, frå synd og skuld og skam og frå alle dei bindingane som ligg i afrikansk okkultisme og magi. Amen! 



Den sentralafrikanske republikk

 

CIA world factbook

Den sentralafrikanske republikk var fransk koloni fram til 1960. Landet har eit areal på 622884 km2, og eit folketal på 5,4 millionar. Klimaet er tropisk.  Landet er ekstremt rikt på naturressursar, men folket lever i djup fattigdom. Dette har sin årsak i vanstyre og eit utal med militærkupp dei siste 30 åra. Det er litt sånn "alle mot alle", og folk er kua av væpna grupper som susar rundt og terroriserer utan at regjeringa får kontroll på dei. Hundretusenvis av mennesker har pga alle dei væpna konfliktane, måtta flykta frå heimane sine. 

Landet er sett saman av 9 store folkegrupper. Fransk er nasjonalspråket, medan sango vert nytta som handelsspråk. I tillegg blir det til dagleg snakka 91 ulike stammespråk. Bibeloversetting er ei utfordring.  89% tilhøyrer kristendomen, 9% islam og 1% er animistar. Kristendomen har hatt vind i segla, men nye kristne får slett opplæring, og der som mange andre stadar i Afrika, er synkretisme eit stort problem.  

Gode Gud! Me ber om at Den sentralafrikanske republikk skal få eit sterkt, rettvist og stabilt sivilt  styresett som klarar å kua alle dei væpna gruppene som skaper uro og frykt i landet. 
Styrk og velsign kyrkja di i landet, og lat det gå ei mektig velsigning av liv og frelse ut frå henne. Reis opp åndelege leiarar som kjenner deg og ditt ord, og som er i stand til å disippelgjera nye kristne. 
Må heile landet ein dag finna seg bada i ditt ransakande og lækjande lys. 

Kjelder: CIA World factbook og operationworld.org

onsdag 30. mars 2022

Kapp Verde og Caymanøyane

 Kapp Verde


Vulkanøyane Kapp Verde har noko over 500 000 innbyggjarar. Landet har vore portugalsk koloni, og portugisisk er offisielt språk. Dei fleste tilhøyrer den katolske kyrkja. Folk flest kjenner likevel ikkje Kristus, og blandar saman kristendomen med afrikansk fetisjisme. 

Herre Jesus! Du elskar alle som bur på Kapp Verde, og me ber i ditt namn om at du skal løysa dei frå åndsmakter som hindrar dei i å få samfunn med Gud og nå fram til himmelens hamn. Kom me vekking til desse øyane. Må ditt ord få makt i liva til dei som bur der, og at dei skal læra seg å elska og æra einastte deg, det ber me om i ditt eige namn, amen! 

Caymanøyane


Caymanøyane ligg i Karibia. Det bur vel 66000 menneske der. Alle snakkar engelsk. 77,1% er kristne. 21% tilhøyrer den evangeliske familien. Likevel er samfunnet prega av materialisme og hedonisme. 

Herre! Me ber om at ditt rike ikkje berre skal vera synleg i flagget og lovverket, men også i hjarto og liva til dei som bur på Caymanøyane. Me ver i ditt dyrebare namn om det. Amen! 


tirsdag 29. mars 2022

Kanada

 


Kanada er verdas nest største land i flatemål, over 9 millionar km2. Det bur vel 38 millionar menneske der, dei fleste på austkysten. Offisielle språk er engelsk og fransk. 72,1% refererer seg til kristendomen. Dei fleste er katolikkar, 7% er evangelisk kristne (25% i år 1900). 50 folkegrupper er i liten grad nådde med evangeliet. Landet har tradisjonelt vore ope for flyktningar, og mange har funne ein trygg heim og ny framtid i Kanada. 

Dei siste åra har det koma fram mange år med stygge overgrep retta mot urbefolkninga i landet, og dei verste tilfella handlar om barn som gjekk på internatskular drivne av den katolske kyrkja der mange av barna vart borte. No det er funne levningar etter dei nedgravne på skuleområdet. Ein himmelropande urett. 

Elles er Kanada eit "foregangsland" når det gjeld LHBTQ+ rettar, og dei går langt i å straffa folk som ytrar seg mot ideen om seksuelt mangfald. Dei blir dømde for å ha brote diskrimineringslova. 

Det er 1,4 millionar kinesarar i landet, mange innvandrarar frå andre land i Asia, både hinduar, sikhar og muslimar. 

Herre Jesus! Me ber om ein ny åndeleg vår for Kanada. Me ber om at all den urett som er gjort gjennom historia i høve til urinnvånarane skal reparerast, at sår skal gro og relasjonar lækjast. Me ber om at du skal reisa opp att kyrkja di i landet og gjera henne varm, sann og tydeleg. Me ber om at dei truande kristne skal leva som dine sanne disiplar, vitna om deg, gjera godt, lækja sjuke og setja fri dei som er bundne av vonde ånder. Me ber om at trusfridomen og ytringsfridomen skal bli klårare definerte, og at det framleis skal vera lov å forkynna Bibelens ord til kanadiarane. Me takkar deg for den gjestfridomen som landet har synt andsynes flyktningar og innvandrarar, og me ber deg om å velsigna landet for det.  Me ber om at alle unådde eller lite nådde folkegrupper skal blir overstrålte av lyset frå evangeliet, og at alle som tilber framande gudar skal læra deg, den einaste sanne Gud å kjenna. Amen! 

Kjelde: Operation World




fredag 25. mars 2022

Dagens unådde folkeslag: Cham i Kambodsja

 


Chamfolket i Kambodsja tel 256000 menneske. Dei er muslimar. Under Raude Khmer-regimet som varte frå 1976 til 1979 vart 100000 av dei drepne. Chamfolket er ekstremt fattige, 0,01% av dei er kristne. 

Gode Gud. Du er Gud også for chamfolket i Kambodsja. Me ber i Jesu namn om at ditt rike skal koma til dei gjennom kristne som elskar dei, og som er kalla og utrusta av deg for å hausta dei inn. Velsign dette fattige folket, og gje dei gode idear om korleis dei kan betra livssituasjonen sin. Sjå i nåde til chamfolket i Jesu namn. Amen! 









Kambodsja

 

Kart: CIA world fact book

I Kambodsja bur det omlag 17 millionar menneske fordelt på 42 folkegrupper som snakkar 25 ulike språk. Konstituasjon: kongedøme med parlamentarisme. Religion: buddhisme. 3,1% er kristne. Det er stor religionsfridom i landet no. Kyrkja veks fort, og kyrkjene er misjonale. Dei plantar nye kyrkjelydar heile tida. Visjonen er å etablera kyrkjer i alle landsbyar. Enno er det 11000 landsbyar som ikkje har det. Herren lækjer landet som heldt på å gå til grunne under Pol Pot sitt kommunistiske skrekkregime som varte frå 1976 til 1979. 
Dei siste åra har IMI-kirken i Stavanger jobba mykje med å implementera Agenda 1 i kambodsjanske kyrkjer, og har lukkast godt med det. Agenda 1 er eit program som skal stimulera til vekst, misjonale liv og kyrkjeplanting. 

Far i himmelen! Me takkar det for alle som kvar dag kjem til tru i Kambodsja, og for at riket ditt ekspanderer i dette landet. Må alle nye kristne slå djupe røter i deg, og få solid opplæring i korleis dei skal leva kristenliva sine. Me ber om gode kristne leiarar som kan vera førebilete for dei kristne, ta vare på flokkane, gå framfor og syna veg. Velsign Kambodsja, og lat alle landsbyar bli nådde med evangeliet, og alle folkeslag i landet bli disippelgjort. Amen! 



Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...