Arain er flittige og flinke folk som har kome høgt opp på
samfunnsstigen når det gjeld velstand, utdanning og politisk makt.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Arain er flittige og flinke folk som har kome høgt opp på
samfunnsstigen når det gjeld velstand, utdanning og politisk makt.
Ein
nyleg rapport syner at 44 kristne er blitt arresterte i Eritrea så langt dette
året. Det er snakk om 39 kvinner og fem menn. Dei vert haldne i Mai
Serwa-fengselet utanfor Asmara.
Det er pinsevenene som i hovudsak er utsette for religiøst
motivert forfølging i Eritrea, men i den siste tida har den katolske kyrkja
også opplevd arrestasjonar av biskopar og prestar. Tre av dei vart nyleg sette
fri, m.a. fader Gebremariam i den katolske katedralen i Asmara.
Herre Jesus! Styrk alle kristne i Eritrea som
er utsette for forfølging og trakassering. Gjer dei sterke i deg, og lat dei
stå faste i stormen. Forsørg dine barn i Eritrea på forunderleg vis, hald dei i
handa og verna dei mot alt vondt anten dei er frie eller sit i fangenskap. Takk
for din truskap. Amen!
Kjelde: Voice of the Martyrs, Kanada
Å Herre! Ei stor sorg har råka Tyrkia og Syria. Me ser ikkje heile bilete. Det gjer berre du, og ingen kjenner på denne sorga som du. Mange vil sikkert føre klagemål mot deg. Fleire er det som ropar til deg. Me er mellom dei. Men først vil me takka for alle som er blitt funne og redda ut av ruinane, for dei lyspunkta som trass alt kjem. Så veit du om alle dei som enno ligg under massar av betong og framleis lever, og me ber om nye mirakler, om englehjelp og utfriing. Me ber om vern for redningsmenn og kvinner, for alle som grev etter sine kjære med skrøpelege reidsakapar. Sjå i nåde til dei alle, og når alt kjem til alt: Lat dette forferdelege som har skjedd føra både tyrkarar og syrarar nærare ditt rike. I mange år har dei gjort livet trongt for di kyrkje og for dine barn. Tilgje dei dette. Må desse ulukkene motivera dei til å søka vern hos deg, du som er den einaste sikre borga som finst.
Klokka 2 i natt vart Syria og Tyrkia råka eit jordskjelv med styrke 7,8. Episenteret var i nærleiken av den tyrkiske byen Gaziantep i grenseområda mellom dei to landa, og kunne merkast i store delar i Midt-Austen. Skadane er enorme, og talet på omkomne ganske sikkert fleire tusen. Me som tilhøyrer Kristkyrkja på Stord har medlemmer frå Afrin-regionen nær episenteret, og er naturlegvis spente på korleis det går med familiane til våre folk.
Sjå i nåde til alle som er råka av jordskjelvet i Syria og Tyrkia. Me ber om at søk og redning må koma raskt i gong over heile området, at skadde skal bli funne, at liv skal bli berga, at mat, medisiner og varme klede skal nå fram til alle som treng det. Herre, miskunna deg over alle som er råka av denne katastrofen. Amen!
O Herre, din dom er så forferdelig. Den gjelder jo ikke bare meg eller ett eller annet tilfeldig menneske, den gjelder alle. Du har kunngjo...