mandag 23. mars 2009

Mexico

Lat oss be for Mexico der kriminelle narkotikakartell er i ferd med å overta styringa av landet. Be om at Gud skal knusa desse kartella og ausa Anden sin ut over landet til personleg frelse for folk slik at dei lærer seg å tena Gud og nesten. Be om at mexicanarane skal venda seg bort frå avgudsdyrking (Mariadyrking) og okkulte seansar, og læra Gud å kjenna gjennom Jesus Kristus.

Tromsø

Lat oss be for Tromsø som har vore råka av 2 forferdelege affektdrapssaker den siste tida.
Be om Guds nærvær og vern over byen. Og be om at kommuneleiinga gjev opp fiendskapen sin mot Israel.

Dosadh, India

Dosadhfolket tel nesten 5 millionar menneske, og dei bur i nord-India, i den folkerike Gangesdalen. Dette området av India vert rekna for å vera ein av verdas minst evangeliserte. Her rår det sterke mørke åndelege krefter. Dosadh er hinduar og dei snakkar hindi.

Kjelde: Joshuaproject.net

Bøn: "Herre Jesus Kristus, verdas ljos som opplyser kvart menneske: Gje Dosadhfolket del i din nåde og kjærleik. Kom til dei med di kraft og løys dei frå djevelens lenker. Driv han og demonane hans bort frå dei i ditt eige sterke namn, og gjer Dosadhane til Guds barn ved trua på deg. Send tenarane dine til dei, og gje dei nåde og kraft til å grunnlaggja ei sterk kristen kyrkje i og mellom dosadhfolket, eit fellesskap som kan vera eit fyrtårn for alle som bur i Gangesdalen. Amen!"

fredag 20. mars 2009

Alvorleg sjukdom

Be om lækjedom for ein flyktning som er blitt alvorleg psykisk sjuk. Be om at Guds kraft skal koma over han og gje han fred og balanse i sinnet. Be også om at saka hans skal bli tilgodesett av norske utlendingsstyresmakter.

Yadavafolket i India

55 millionar menneske som lever spreidd ut over heile India. Dei som bur i sør snakkar dravidiske språk, medan dei som bur i nord snakkar indo-europeiske (ariske) språk. Dei er vaskeekte hinduar som tek religionen sin alvorleg. Dei praktiserer i stor utstrekning astrologi. Barnearbeid er utbreidd mellom dei, og eit stort sosialt problem. Skulegang og utdanning er i hovudsak for gutar.

Kjelde: Joshuaproject.net/India Missions Association

Bøn:
"Gode Jesus! Frelsa tilhøyrer deg åleine, og du gjev frelse til folkeslaga som ei gåve! Me ber: Lat frelsa di bli yadavafolket til del. Send tenarane dine til dei for å bu mellom dei, syna dei din kjærleik og dela evangeliet med dei. Lat det finnast ei open dør for Ordet hos yadavafolket. Send din Ande over dei, og hjelp dei å ta eit kraftig oppgjer med barnearbeid og all annan urett som dei lever i. Lat jentene få same menneskeverd som gutane, og dei same sjansane til skulegang og utdanning. Løys dei i ditt mektige namn frå alle bindingar til magi, astrologi og spådomskunst. Gje dette folket fridom, barnekår hos Gud og evig liv, og lat dei vera berarar av ditt ljos til andre folkegrupper i India. Amen!"

tirsdag 10. mars 2009

Tenåring med store problem

Be for ein tenåring som møtte veggen i dag. Han har gjennom mange år hatt det tøft, og no har det toppa seg. Han treng lækjedom for djupe sjelesorg, og det vil vera viktig for han å få nye vener. Han trur på Jesus, men er av ulike grunnar ikkje aktiv i kristent miljø.

Nord-Irland

For mange år sidan bad Herren oss om å be om vern for Belfast. Ikkje lenge etter eksploderte ei kraftig bombe i ei bustadblokk i Omagh. Dette førte i neste omgang til fredsavtale mellom IRA og protestantane.

No er det tid å be enno ein gong. Gud har verka sterkt i denne byen dei siste åra, men meir står att. Be om at byen skal bli døypt i Guds kjærleik, og om at tanken på blodhemn vert broten i Nord-Irland.

Badhai i India

Badhaifolket i India tel 517 000 menneske. Eigentleg er dei ein eigen kaste som bur i delstaten Maharashtra, vest i det sentrale India. Dei er muslimar og snakka urdu. Det er ingen kjende kristne i denne folkegruppa.
Bøn: "Herre Jesus, du som er ein frelsar for alle folk og folkeslag, rekk di sterke hand til frelse for Badhaifolket i India. Vekk kyrkja di i India til innsats og dåd for dette folket. Løys dei frå islam og frå dei sterke tradisjonane som bind dei til lygn og mørkre. Du som kallar det verdas ljos: lys for Badhaifolket slik at dei kjem til tru og blir Guds barn og borgarar av ditt gode rike for tid og æva. Amen!"

mandag 2. mars 2009

Tukulor frå Senegal

Tukulorane tel omlag 1,1 millionar menneske og lever i dalen langs Senegalelva. Det utgjer fleire stammer som snakkar kvart sitt språk. Men arabisk er også utbreidd mellom dei. Tukulorane er delt inn i 4 ulike klassar, som på si side er delt inn i 12 kastar. Det sosiale livet deira er ein miks av urgamle tradisjonar og muslimsk skikk.
Dei vart islamiserte på 1100-talet, og er ganske dogmatiske muslimar. Omskjæring av jenter er vanleg. Polygami også.
Dei dyrkar jorda og driv med kveg. Folkeauken dei siste åra har gjort livsvilkåra stramare for dei. Neddemming av Senegalelva resulterer i at mange må flytta, og det er blitt mangel på tilgang til reint vatn. Det er ein stor trong for kristne helsearbeidarar som kan leva mellom dei og praktisera Kristi kjærleik mellom dei.

Bøn: "God far! Eg legg i dag tukulorane fram for deg. Du skapte dei for at dei rettferdige og utan otte skulle kunna tena deg, frelst og fri frå synd og skuld. Fri dei frå den store makta som islam har over sinn og tanke, og frå alle djevelen sine lygner. Gjer Jesus kjent for dei gjennom syner og openberringar, og gjennom Ordet og kyrkja. Lat det bli etablert eit fellesskap av frelste tukulorar som kan vinna stammefrendane sine for Jesus. Lat det skje under og teikn mellom dei når dei ber til deg i Jesu namn. Lat riket ditt koma og viljen din skje i dette folket. Herre, miskunna deg. Amen!"



Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...