tirsdag 17. juni 2014

Ungarn

A map of Hungary class=

Ungarn er ein rett gamal kulturnasjon mellom vest og aust-Europa. I mange hundre år var Ungarn saman med Austerriket i det store habsburgske riket, som forresten også omfatta Spania. Det bur knappe 10 millionar menneske i landet, og 90% referer seg til kristendomen. 282000 tilhøyrer protestantiske/evangeliske kyrkjer.  resten er romersk katolske. Når det gjeld den åndelege situasjonen, er den i stor grad prega av sekularisering, og det er strenge restriksjonar på offentleg forkynning og vitneteneste.Kyrkja sin påverknad på samfunnet er heller liten. Kyrkjelydane er marginaliserte, og apati og verdslegdom pregar dei truande. Landet var under eit strengt kommunistisk/ateistisk regime frå den andre verdskrigen og fram til 1990. Eit opprør i 1955 vart brutalt slått ned av sovjetiske soldatar og tanks. Dette skapte ei stor ungarsk flyktningebølgje over Europa.

Bøn:
Gode Gud! Me ber om ein ny dag for kyrkja i Ungarn og for det ungarske folket, ein dag der Jesus får skina som ei sol for alle som bur i landet. Må din kjærleik i Jesus Kristus blåsa som ein varm vind over ungararane til åndeleg liv for dei. Vekk folket opp for evige verdiar, og skap i dei ein hunger og tørst etter deg, vår Gud. Gje dei truande einskap, set mot i dei og hjelp dei å seia nei til verdslege lyster og følgja Jesus villig og med glede. Fyll dine barn med Anden slik at dei forkynner og vitnar om Jesus med kraft, iver og overtyding. Må det bli planta nye kyrkjelydar i byar og landsbyar, kyrkjelydar med reproduskjon og spreiing av evangeliet som sin einaste agenda. Gje landet gode og kloke leiarar som har forstand til å søka hjelp hos deg i stort og smått. Må vald, korrupsjon og alle former for uærlegdom bli borte. Velsign ungararane økonomisk og vern landet mot store katastrofar, i Jesu namn. Amen! 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...