tirsdag 24. februar 2009

Tibetanarane i Tibet

I Tibet bur det kun 157 000 menneske, dei fleste i aust og søraust der landet går ned til ei gjennomsnittshøgd på 35oo meter. Dei snakkar eit språk som dei kalla "choni". Bibelen er ikkje tilgjengeleg på choni. Mestedelen av Himalaya ligg i Tibet, og dette området er kalla "verdas tak". Tibet vart okkupert av Kina i 1950 og omgjort til ein kinesisk provins i 1951. I 1965 fekk dei eit slags sjølvstyre. Tibetanarane tilhøyrer den spesielle buddhistiske retninga som vert kalla lamaismen, og leiaren deira er nobelprisvinnar Dalai Lama, som leier ei eksilregjering frå nord-India. Dei trur sterkt på reinkarnasjonen, og er eitt av dei få folka i verda som praktiserer polyandri (ei kone har fleire ektemenn). 0,5% er kristne, 0,2% evangeliske. Kjelde: Bethany World Prayercenter

Bøn: "Herre Jesus! Eg takkar deg for den kjærleiken du har for Tibet og tibetanarane. Du har skapt dette hardføre folket for at dei i fridom og utan otte skal prisa ditt namn. Løys dei frå djevelens lenker og for den frykt som dei kjenner for ånder og gudar. Gje di kyrkje hjarta for desse menneska og send dine apostlar til dei for å bu saman med dei, elska dei og demonstrera di kraft for dei. Tenn ljoset ditt i Tibet. Grunnlegg kyrkja di i dette landet. Gje, frelse, Herre. Lat det lukkast. Amen"

mandag 23. februar 2009

Tuaregane i Algerie


133 000 menneske. Språk: Arabisk. Religion: Islam.

Evangelisk kristne: 0.01%.


Tuaregane i Algerie tilhøyrer urbefolkninga i landet som vart undertrykte av arabarane på 600-talet e.Kr. Dei er nomadar og lever under klimatisk strenge kår. Namnet "tuareg" er truleg ei avleiing av eit arabisk ord som tyder "forlaten av Gud". Sjølv kallar dei seg difor gjerne "imohuar" som tyder "dei frie". Dei har mange førislamske element i tru og levemåte. M.a. er det mennene her som må dekka til hovudet, og slektskapssystemet er delvis matriarkalsk, står det å lesa på Wikipedia.


Bøn: "Herre Jesus! Du er er Gud og frelsar for alle nasjonar, folk og tungemål. Kom tuaregane i Algerie i møte med din kjærleik, og lat dei ikkje lenger vera oppfatta som eit gudsforlete folk, men eit folk som nyt din fridom i Jesus Kristus. Send arbeidarar ut til din haust mellom tuaregane, og gjer dei opne for evangeliet. Aus Anden din ut over dei, og gjer heile folket til dine læresveinar. Gje dette folket ei djup forståing for evangeliet, og gjer dei til menneske som lovsyng og tilber Jesus, og som spreier Jesu kjærleik og nåde til heile den karrige Sahararegionen. Amen!"





onsdag 18. februar 2009

"Vi har all lykksalighet i deg". Bønn av mor Theresa


Kjære Herre Jesus!

Vi takker deg for den uutsigelse nåde at vi får lov til å elske deg og fordi du elsker oss! Hvem får vel lov til noe slikt? Hvor mange mennesker er det ikke som leter etter kjærlighet og lykke og ikke finner den. Men vi har all lykksalighet i deg fordi alt dette er innebefattet i deg, vår Herre Jesus. Vi får lov til å drikke av din kjærlighets kilde, vi elskes av alle Herrers Herre og er aldri alene. Vi får lov til å gjøre alt sammen med deg, får alltid være ved din side og gå den dagen i møte da vi forenes med deg for all evighet.

Hvordan skal vi kunne få takket deg for at du viser deg for oss mennesker som den himmelske brudgom? Du er jo Kongenes Konge og hele verdens og alle englehærers Herre! Og likevel har du utkåret oss syndere og kommer til oss med din kjærlighet.

Du slutter en pakt med oss og gir deg til kjenne som brudgom i det du helt og holdent lever og ånder for oss, ja, elsker oss med en uutsigelig kjærlighet. Nå tilhører alt ditt oss også. Hvem kan vel forstå en slik lykke og rikdom? Vi tilber deg! Amen.

tirsdag 17. februar 2009

Shixingfolket i Kina

Shixinfolket tel kun 3300 menneske som bur heilt sørvest i Sichuanprovinsen på grensa mot Yunnan som er naboprovinsen til Burma. Sjå kart.

Dei lever på smale flate striper nedover bratte dalsider der dei dyrkar ris og mais.

Folket har, i følgje John Hattaway, ein rik forhistorie knytta til store gullfunn i elvane.

Dei er alle tibetanske buddhistar, og dei lever i eitt av dei områda i verda som kristne aldri har synt interesse for.

Bøn: "Gode Far! Du har skapt Shixingfolket for at dei skal vera dine frie barn. Send arbeidarar ut til din haust i dette folket, og lat dei få høyra om Jesus på sitt eige språk, og hjelp dei å ta einkvar tanke om deg til fange under lydnaden mot Kristus. Å Herre, gje frelse, lat det lukkast. Lat di kyrkje slå røter i dette folket og vera eit fyrtårn også for dei omkringliggande folka i dette området. Amen!"

mandag 16. februar 2009

Punjabane i Canada


Dei fleste punjabane bur i India og Pakistan. Men mange har emigrert til Vesten. I Canada bur det 837 000 av dei, og majoriteten av desse att er sikhar, som mannen du ser på bilete.
Punjabane i utlendighet har vore vanskelege å nå med evangeliet. Dei fleste er grodd fast anten i hinduisme, islam eller sikhreligionen (som er ein monoteisme med sterke hinduistiske innslag).
Bøn: "Herre, du gjer mektige og uhøyrte ting mellom oss. Rekk ut armen din til frelse for punjabifolket som bur i Canada. Utrust kristne i Canada til å kommunisera med punjabane på ein truverdig måte. Lat det veksa fram vitale og åndsfylte kyrkjelydar mellom punjabane som er prega av eit sterkt Kristusnærvær. Bryt ned den tillit dei i dag har til dei religiøse forestillingane og systema som i dag knyter dei til Satan. Send ei vekkjing inn i dette miljøet som blir til velsigning for heile Canada. Jesus, du Guds lam som bar bort verdas synd, lat punjabane i Canada gjennom trua på deg bli forsont med Far. Amen!"

mandag 9. februar 2009

Regibat frå Vest-Sahara

Denne folkegruppa i Vest Afrika tel 65000 menneske. Det er ikkje registrert kristne mellom dei.
Dei snakkar eit språk som kallast Hassaniyya, og er muslimar.
Vest Sahara er okkupert av Marokko. Når muslim slik står mot muslim, kan dette vera ei kjelde for menneska i dette landet til å mistru islam.

Bøn: " Herre du har skapt regibatane for at dei skal tilbe og æra deg med liva sine. Jesus, du som sonte for syndene deira, lat dei bli kjent med deg gjennom evangeliet og attreis du ditt bilete i dei. Bryt ned deira tillit til islam og koranen. Løys dei frå dødens og djevelens makt. Fjerna alt i di kyrkje som hindrar oss i nå fram til regibatfolket med ditt ord. Sjå i nåde til oss og til dei. Herre, miskunna deg, amen!"



Eg tilber deg av heile mitt liv

Eg vil lova deg med heile mitt liv, lyda deg med all mi kraft, prisa deg med all min styrke og æra deg med alle mine ord.

Eg vil elska deg med heile mitt hjarta, tilbe deg med heile min forstand, gje meg til deg av heile mitt hjarta.

Eg gjev deg mi sjel, du den høgste og heilage Gud.

Lova vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, tre i ein.

Alexander Carmichael (1900)

Be for Bjørn Olav Hansen

Dette har eg klipt frå bloggen hans:

Som jeg tidligere har skrevet har det vært planen at jeg skulle innlegges på Feringklinikken førstkommende onsdag. Det ser nå ut til at dette kan bli endret, med mindre det skjer en endring av min nåværende helsetilstand i løpet av dagen eller morgendagen. De tre siste dagene har jeg begynt å kaste opp blod. Årsaken er sannsynligvis på grunn av noen medisiner jeg tar, som jeg ikke tåler. Etter råd fra behandlende lege har jeg nå sluttet å ta disse medisinene, uten at det har gitt den effekten jeg hadde håpet på. I går satte også feberen inn. Legene vil ikke gjøre noe operativt inngrep før jeg slutter å blø. Utsettes det operative inngrepet kan det ta en stund før jeg får en ny mulighet. Dette er svært kjedelig, og jeg kjenner at det går inn på meg. Dessuten blir jeg veldig sliten. Jeg har nå kastet opp de siste 14 dagene, enkelte ganger flere ganger om dagen. Kunne du tenke deg å være med å be for meg? Aller helst at Herren helbreder meg, så jeg slipper noe operativt inngrep. Dette ville ha blitt fjerde gangen. Det er mange ting som ligger foran oss av planer i Guds vingård, og jeg skulle så gjerne hatt mere krefter til å gjøre det.

fredag 6. februar 2009

Finanskrisa

Be om at Gud skal gje oss som er hans barn profetisk innsikt i det som skjer i verda no. Be også om at dei politiske leiarane skal sjå samanhengen mellom økonomien, trua og moralen. Be spesielt for dei fattige nasjonane som allereide er tungt råka av det som skjer, og be om at verdsøkonomien skal landa i eit sunt spor.

Mwanifolket i Mosambik

På 1100-talet kom arabiske kjøpmenn og bandittar til det som i dag er Mosambik for å skaffa seg slavar. Mwanifolket hadde ingen sjanse til å nedkjempa dei, og for å unngå ein sosial katastrofe valde dei å bli muslimar, for det er utillateleg for ein muslim å selje ein annan muslim som slave. Slik berga dei seg frå slaveriet. I dag tel Mwani 97 000 menneske, og islam har blitt ein integrert del av liva deira, sjølv om dei skjønar lite av religionen.

Mwaniane er fiskarar og sjøfolk og lever langs kysten og på øyane utanfor. Dei snakkar sitt eige språk, mwani. Så langt eg skjønar er ikkje noko av Bibelen omsett til dette språket. Mwanifolket ventar framleis på sin rett.

Bøn: "Herre Jesus! Du som bringer retten ut til heidningefolka, og som har sagt at øyane og strendene skal få høyra di lære: send ordet ditt til Mwanifolket i Mosambik, og skap nytt liv i dei gjennom evangeliet. Send dine apostlar til dette folket for å gje dei den nåden og det livet det dei har rett på. Du som har elska desse menneska til døden, sjå i nåde til dei og gje dei del i det livet som er i deg. Løys dei frå løgnene i islam, frå all otte og frå synda sine lenker. Eg ser med glede fram til den dagen då det blir etablert ei livskraftig, vinnande og sunn kristen mwanikyrkje. Amen!"

torsdag 5. februar 2009

Kristen 51-åring arrestert i Rawalpindi, Pakistan

Natt til 27. januar vart Hector Aleem arrestert i heimen sin i Rawalpindi i Pakistan under mistanke om blasfemi, eller for oppmuntring til blasfemi. Dette skal ha føregått via ein mobiltelefon. Men den eigentlege grunnen for arrestasjonen er nok den at Hector Aleem jobbar for kristne i spørsmål om tomtar til kyrkjer. Han har nok blitt for vanskeleg for nokre, og under rettsforhandlingane som førte til fengsling sto det 100 mennesker og ropte at dei ville drepa han om han ikkje vart straffa. Dommaren frikjende han for blasfemi, men oppheldt klagemålet om oppmuntring til blasfemi, og Aleem sit framleis i fengsel.

Be om at han må bli lauslaten. Be om den nødvendige hjelp og støtte til kone og barn. Be om at han heldt motet og trua oppe.

onsdag 4. februar 2009

Kristne i Egypt dømde til 3 års fengsel


Voice of the Martyrs melder i dag at seks egyptiske brør den 22 januar vart dømde til tre års fengsel med hardt straffearbeid, etter at dei var klaga for å opna ein kafè i Port Said under ramadan, muslimane sin fastemånad. No er det ingenting som skulle tilsei at det er ulovleg å opna kafear under ramadan. Inga lov forbyd det. Så denne domen er rein og uforfalska kristenforfølging. Det er urovekkande å vera vitne til utviklinga i Egypt. Her er islamismen på kraftig frammarsj, noko som den kristne koptiske delen av folkesetnaden stadig må betala ein høgare pris for.

Bøn: "Herre Jesus Kristus! Du som har invitert oss til eit liv i offer og sjølvfornekting, styrk dei seks brørne i deira martyrium. Hjelp dei å halda seg nær til deg og til å bevara hjarto sine reine og varme midt i trengslene. Sjå i nåde til Egypt og driv islamismen på retur i dette landet som du sjølv ein gong var flyktning i. Oppfyll lovnadane dine frå Jesaja 19 om å gjera Egypt til ditt eige folk. Amen!"

Minangkabau på Sumatra, Indonesia

Denne folkegruppa tel mellom 5 og 6 millionar menneske, og snakkar minangkabau. Dei bur vestsida av Sumatra, og er den fjerde største folkegruppa i Indonesia. Dei er svært stolte over kulturen og tradisjonen sin, og tek vel vare på den. Dei er i noko mun matriarkalske, og slektstavla fylgjer linja frå mor til dotter, men det er bror til mora som merkeleg nok sit med det øvste ansvaret for familien. "Å vera ein minagkabu er å vera ein muslim," seir dei. Dersom nokon konverterer til ein annan religion, vert dei ekskluderte frå familien. Dei er enno underutvikla, men dei har hatt større suksess i industri og handel enn andre indonesiske folk.
Bøn: "Gode Gud og Far! Du har skapt minangkabaufolket for at dei skal leva som dine barn, og for at dei skal æra deg med liva sine. Løys dei frå alle falske religiøse førestellingar og tradisjonar, og set dei fri frå islams lenker og djevelens makt. Aus din Ande over dei, tal til dei gjennom draumar og visjonar og lat under og tegn skje mellom dei. Send dine tenarar til dei for å å forkynna Kristus for dei på deira eige språk, lat dei få sjå sin fortapte tilstand og driv dei til Jesu Kristi kors. Lat det veksa fram ei levedyktig og vital kyrkje i dette folket som kan føra frendane sine inn i din familie. Amen!"

mandag 2. februar 2009

Khengfolket i Butan


Khengfolket tel 59 000 og snakkar khenga. Dei er buddhistar, og i praksis heit unådde. Meir er det ikkje å finna om dei.


Bøn: "Herre Jesus! Du som kom for å oppsøka dei fortapte for å frelsa dei, driv arbeidsfolk ut til din haust mellom khengfolket. Aus Anden din over dette folket og riv ned alle sosiale strukturar og alle religiøse førestellingar som stenger for din nåde og kjærleik. Bryt buddhismen si makt over khengfolket, og lat riket ditt koma til dei med fridom og lækjedom. Utrust og send nokre av tenarane til dei, og lat dei få føra sentrale Khengleiarar til deg, og lat det bli etablert ei levande, sterkt og ekspansiv kyrkje i dette folket, ei kyrkje der ditt ljos skin sterkt og der din kjærleik og di kraft er tydelege for alle i folket. Lat Khengfolket bli eit ljos for resten av butanesarane og bruk dei til frelse for heile nasjonen. Amen!"

søndag 1. februar 2009

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...