torsdag 30. juni 2016

Indisk Punjab


Indisk Punjab er den eine delen av regionen Punjab som ligg både i India og Pakistan. Punjab er eit rikt jordbruksområde, eitt av dei mest grøderike i verda. Staten er 50400 km2 i utstrekning, og det bur godt og vel 28 millionar menneske der. Hovudstaden er Chandigarh, som dei deler med Haryana. I Punjab lever det 407 folkegrupper. Den største av dei er Jat-folket (38%).

Religion: Sikisme 60%, Hinduisme 37%. Kristne 1,2% (2,2%), Muslimar 1,6%.

Punjab er sikane sitt heimland. Sentrum for trua deira er "det gylne templet" i Amritsar. Eit opprør for sjølvstende på 80-talet førte til at 100 000 sikar vart drepne. Under konflikten vart statsminister Indira Gandhi myrda. Heile greia førte til kraftig økonomisk nedgang for Punjab. Etter fredsavtalen i 1992, har imidlertid staten vakna til liv, og har etter det hatt oppsiktsvekkande sterk økonomisk vekst.

Sikane har tradisjonelt vore vanskeleg tilgjengeleg for kristen forkynning, og kristne har synt liten interesse for dei. Men dette endrar seg no, og det veks fram sterke kristne leiarar frå sik-samfunnet som aktivt proklamerer evangeliet både i heime og ute, og det gror fram kyrkjelydar og bibelskular mange stader i Punjab.

Dei kristne frå siksamfunnet jobbar målretta mot å planta nye kyrkjelydar i alle landsbyar og i bynære strok i Punjab. Det er ein stor og flott visjon som fortener støtte og forbøn.
Kjelde: Operation World 2010

  • Be om at vekkinga mellom sikane i Punjab også skal spreia seg til hinduane i delstaten.
  • Be om at dei kristne skal lukkast med kyrkjeplantingsvisjonen sin.
  • Be om at bibelskulane skal fyllast med folk som tørstar etter Gud og Guds rikes framgang.
  • Det er 14 folkegrupper som er heilt unådde. Be om at desse også skal få høyra evangeliet om Jesus
  • Be spesielt for distrikta Mansa og Sangrur der prosentdelen kristne er mindre enn 0,1. 
  • Ludhiana Christian Medical College and Hospital er ein kristen insitusjon som er kjent over heile verda for å presentera eit tydeleg kristent vitnemål, og gje hjelp og omsorg av uvanleg høg kvalitet til pasientar. Be om at dette framleis må få vera slik også i åra som kjem. 
Det gylne tempel i Amritsar



onsdag 29. juni 2016

Andra Pradesh, India

Andra Pradesh ligg sør-aust i India. Det er ein stor delstat med eit flatemål på 277000 km2 og eit folketal på 88 millionar. Hovudstaden er Hyderabad med 4 mill innbyggjarar. 88,5% snakkar telugu, 8,2% urdu (muslimane). Berre 0,1% hindi. (I den seinare tida er staten delt i to med Telangana i nord, men Hyderabad er hovudstad i begge statar)
89% er hinduar, 9,2% muslimar og 1,6% (offisielt, men det reelle talet er nok langt høgare, kanskje 9%) kristne. Grunnen til dei usikre tala vedrørande kristne, er at dei som blir evangelisert stort sett er dalitar (kastelause). Desse er etter indisk tradisjon "undermennesker" som ikkje blir telt. Dalitane blir grovt trakka på, og når dei blir kristne, er det ikkje uvanleg at hinduar skremmer dei attende til hinduismen. Då forstår me at det er vanskeleg å finna pålitelege tal her.

Hyderabad er ein moderne by som veks fort, og han er ein nøkkelby for kristen misjon i India. Nærare 200 kristne organisasjonar har base her. Men også deccamuslimane i sør- India har hovudsete sitt her. 40% av byen er islamsk. Dei mange kristne i byen gjer svært lite for å nå muslimane med evangeliet om Jesus.

  • Be om at dei kastelause som kjem til tru på Jesus må bli rotfesta og stabilisert i trua.
  • Be om at dei skal bli alfabetisert slik at dei kan lesa Bibelen sjølve, og leggja eit fundament for å skaffa seg ny kunnskap og utdanning.
  • Be om skular for dei barna deira. 
  • Be om at Jesus må bli kjent, trudd og elska mellom hinduane, og at det falske kastesystemet skal smuldra bort
  • Be om at dei mange innvandrarane og pilgrimaen som kjem til Hyderabad må bli møtt med evangeliet om Jesus Kristus
  • Be om at Gud skal utrusta og senda kristne til den store muslimske befolkninga i byen, og at muslimane skal bli vunne gjennom eit møte med Jesu allmakt. 
Hindutemper i Andra Pradesh




Dagens unådde: Belitungfolket i Indonesia

Belitungfolket lever litt utilgjengeleg til på Belitungøya aust for Sumatra. Dei tel 108000 menneske. Dei knytte seg til islam i det 17.hundreåret, men som mange andre i Indonesia er dei svært moderate, og praktiserer "folkeislam", dvs ei samanblanding av islam og animisme. Det er registrert ei handfull kristne belitungar. Kjelde: www.joshuaproject.no

Kjære gode Gud og frelsar!
Me les om dine gjerningar på mange av dei indonesiske øyane. Tusen på tusen kjem til tru på Jesus og erfarer den nye fødsel. No ber me om at nokre av desse skal ta turen til belitungfolket og dela Jesus med dei. Må du i din nåde ausa Anden din utover belitungfolket slik at dei forstår at du har døydd for deira synder og stått opp til deira rettferd og evige frelse. 



torsdag 23. juni 2016

Gujarat

Gujarat ligg heilt nordvest i India. På  grensa til Pakistan er det ørkenlandskap. I sørvest er det grøderikt. Gujarat er heimstaten til Mahatma Ghandi. Det var her han starta den rørsla som løyste India frå Storbritannia.

Staten har over 60 millionar innbyggjarar fordelt på 631 folkegrupper som snakkar 17 ulike språk. Gujarati er størst og blir snakka av 90% av befolkninga.

89% av befolkninga er hinduar, 9% muslimar og berre 0,5-1,2% kristne.
Staten har vedteke strenge lover mot å konvertera frå ein religion til ein annan. Dette har gjort det vanskeleg å driva misjon og kyrkjeplanting på lovleg vis. Kristne vert trakasserte, og mange som har vendt om til Jesus, tvinga til å rekonvertera til hinduismen. Likevel har Guds rike stor framgang i fem distrikt,.særleg mellom dei kastelause og dei ikkje-indoeuropeiske stammefolka (Indias urbefolkning). I desse områda står Metodistkyrkja og Frelsesarmeen etter måten sterkt.

I ni distrikt og 128 kommunar er det mindre enn 0,1 % kristne. Dette er det me må sjå på som komplett unådde områder. Kjelde: Jason Mandryk: Operation World 2010.

Kjære gode Gud! Me ber i dag om frelse for Gujarats store befolkning. Lat ditt sterke lys fløyma over menneska der. Bryt den makta hinduismen og islam har over folks sinn. Må Guds ord bli kjent og din Ande aust utover menneska slik at dei forstår at sanninga om deg er å finna i Jesus Kristus, og berre der. Gjer synda så syndig og ubehageleg for dei at dei kastar henne frå seg og søkjer rettferd i Jesus åleina, han som elskar dei og gav seg sjølv for dei. Amen!




mandag 20. juni 2016

Livsteikn frå bortført sveitsisk nonne i Mali

Den katolske sveitsiske malimisjonæren Beatrice Stockly vart bortført av Al-Quaida  i januar i år. For å setja henne fri krev Al-Quaida at styresmaktene set fri ein av deira menn som sit i fengsel for terrorisme. Det har lenge vore usikkert kva som har skjedd med henne, men no har kidnapparane offentleggjort ein video av henne der ho takkar alle som jobbar for henne for innsatsen dei gjer for å få henne fri.

* Be om at Gud vernar Beatrice mot alle typar overgrep, og at han snarleg skal sørga for at ho blir sett fri frå fangenskap

India

Folketal: 1,2 milliardar. Kristne: 70 millionar. Evangeliske: 26 millionar. Religion: Hinduisme,(80%), Islam (14%), kristendom (5%) Men kristendomen veks snøggast. Dei evangeliske har ein årleg framgang på 4%.  Språk: 438. 22 er offisielle.Engelsk er utbreidd og blir snakka av mange og brukt som administrasjonsspråk. Hindi er størst. Bibelen:  70 språk har heile Bibelen, 120 NT, 80 enkelte bibeldelar og 136 språk er under omsetting.

India er verdas største demokrati. Landet har full religionsfridom. Men dei siste tiåra har det vore mykje motstand mot kyrkja frå radikale hinduistiske rørsler, og tidvis har lokale kristenforfølgingar flamma opp og opptil 500 kristne er vorten drepne på få dagar.

Men evangeliet går fram med sjumilssteg i India, og mange evangeliske kyrkjer driv eit imponerande misjonsarbeid. Og behovet er enormt. Den folkerike Gangesdalen blir rekna for det mørkaste åndelege området på jorda der innslaget av kristne for det meste er fråverande, og avgudsdyrkinga ekstrem. Hinduismen har 3 millionar gudar, og folka som tilber dei er basta og bundne til djevlen, og det er ingen ende på umoralske gjerningar og haldningar mellom dei.

* Be om at Guds mektige lys skal fløyma innover nasjonen og fordriva mørkers makter i alle regionar.

India er ei økonomisk stormakt i verda.  Særleg har dei hatt enorm suksess innafor IT. Der er dei heilt i tet. Men rikdomen er svært ulikt fordelt. 40% av befolkninga lever under den absolutte fattigdomsgrensa. Denne skeivfordelinga er nært knytt til kastesystemet og den hinduistiske idèen om personleg karma.

* Be om at Jesus skal bryta åndsmakta i hinduismen, og om at evangeliet skal få makt over indiske sinn, og at indarane skal forstå at dei har moralsk ansvar for kvarandre, og i særleg grad for dei fattige.

 Forfølging av kristne har i hovudsak føregått i Gujarat, Karnatake og Orissa.

* Be Gud om å beskytta dei truande i desse områda, gjera dei kloke som slangar og godtruande som duer Be om at dei ikkje misser motet, men held ein høg profil sjølv når redsla snører seg til rundt dei, at dei uansett er lys og salt i samfunnet.

Over 1000 organisasjonar sender no ut evangeliske misjonærar over heile landet, og over alt opnar forlk hjarto sine for Jesus, inkludert folk frå høgare samfunnslag.

* Be om at vekkjinga berre skal ta skikkeleg av, og at nye kristne skal bli godt disippelgjort.

Korrupsjonen i landet er berre heilt enorm, og pregar også mange kyrkjer. 40% av befolkninga er underernært eller alvorleg feilernært.

* Be om at kristne tek eit radikalt oppgjer med korrupsjon og bedrageri, og at folk flest skal få tilgang til nok næringsrik mat. Slakting av kyr ville ha vore eit godt bidrag.

Barnearbeid er vidt utbreidd, likeeins drap av nyfødde jenter og AIDS-epedemien tek dagleg mange, mange liv.

* Be om at alle barn må få gå på skule, læra seg nyttig kunnskap, at foreldra skal læra seg å stola på Guds omsorg, at indarane skal forstå samanhengen mellom AIDS og promiskuitet, og at dei skal halda seg til ektefellane sine.

Det nye India er prega av unge, kunnskapsrike menneske som legg meir vekt på materiell framgang enn på gamle religiøse "sanningar." Desse er opne for evangeliet, og ei strategisk viktig gruppe sett frå ein misjonal synsvinkel.

* Be om at kyrkjene skal sjå si besøkingstid og satsa knallhardt på å nå morgongdagens leiarar med evangeliet.

Reint vatn er ei stor mangelvare i India. Kvart år døyr 900 000 menneske av ureint drikkevatn eller av luftureining.

* Be om at indarane skal læra seg å reinsa drikkevatnet, og at dei skal finna nyedrikkevasskjelder som er reine.






mandag 13. juni 2016

Ramadan veke 2. Mandag: Shine, Salme 67.

Me er i andre veka av muslimane sin fastemånad. Mange kristne i verda ber om at dei i denne tida skal få møta Jesus som sin frelsar og Herre. Gud er Gud for alle nasjonar. Det slår Salme 67 i Bibelen uttrykkjeleg fast. Ver med og be denne salma i dag til denne nydelege melodien.

Haiti, det fattigaste landet på den vestlege halvkule.

Staten Haiti utgjer den vestre delen av øya Haiti. I aust ligg Den dominikanske republikken. Haitit er beskriven i Operation World som "den fattigaste nasjonen på den vestlege halvkule". Avskoging (berre 2% att den opphavelege skogen), erosjon, ureining og orkanar utarmar landet, og det fælslege jordskjelvet i 2010, øydela mykje av det som var av økonomisk infrastruktur. Landet vil vera heilt avhengig av hjelp utanfrå i lang tid framover.

Etter eit slaveopprør i 1804, vart Haiti fri frå den franske kolonimakta som hadde styrt landet i lang tid. Den nyfødde nasjonen måtte imidlertid betala høg erstatning til Frankrike, og attpå til vart han utsett for økonomisk boikott og blokade av USA og Europa. Haiti fekk ein dårleg start, og kom seg eigentleg aldri ovanpå.

Landet ligg heilt i øvre skikt når det gjeld korrupsjon og kriminalitet, og 25% av politiet er involvert i mafiaverksemd.

Nesten alle haitianarar kallar seg kristne. Den romerks katolske kyrkja står sterkt. Men kristendomen på Haiti er gjennomsyra av voodoo, spiritisme og hekseri. Det vert sagt om landet at det er "90% katolsk og 100% voodoo."

  • Jordskjelvet i 2010 vart av mange sett på som eit kall frå Gud til omvending frå synd. Presidenten lyste ut 3 dagar med bøn og faste over heile nasjonen, og 1 million menneske tok del. Dette året vart det ingen karnevalparade i Port au Prince. Be om at haitianarane kastar djevelen og alt hans ut av liva sine, slik at landet kan bli reinsa for vonde åndsmakter som bryt ned alle deler av samfunnslivet. 
  • Den evangeliske rørsla har i lang tid hatt stor framgang i Haiti. Guds rike går fram gjennom intens bøn, gode gjerningar og kraftfull forkynning. I dag utgjer dei evangeliske 16% av befolkninga, som er på omlag 11 millionar. Be om at vekkjinga skal berøra alle menneske i landet, og av evangeliet skal reinsa ut all religiøsitet hos majoriteten, og erstatta denne med enkel tillit til Jesus. 
  • Be om at Gud skal trøysta familiane til dei 230 000 menneska som omkom i jordskjelvet.
  • Be om at alle som vart kvesta skal få den hjelpa dei treng, og at Guds under skal skje i liva deira.
  • Be om at gjenoppbygginga av Haiti ikkje berre skal vera materiell, men også åndeleg, sosial, kulturell og politisk.
  • Be om at Guds rike skal bryta gjennom også i politikken slik at politikarane legg trua på Gud og Bibelen til grunn for både liva sine og politikken sin. 
  • Be om at politikorpset skal bli reinsa for kriminalitet.
  • Be om at skulevesenet skal koma opp og gå på alle nivå, og at befolkninga skal bli utrusta med den kunnskapen som skal til for at dei skal kunna byggja opp produktive arbeidsplassar som er ei føresetnad for økonomisk vekst og utvikling. 
  • Be om at folk skal ta avstand frå bruk av all type rus. 
  • Be om at den åndsmakta som ligg bak voodooismen skal bindast i Jesu namn. 
  • Den gamle frykten som i si tid vart skapt av spanske og franske slavedrivarar har aldri sluppe taket i haitianarane. Be om at dei skal bli overaust av Guds kjærleik, den kjærleiken som driv frykten ut.
  • Mange har framleis ein slaveidentitet. Be om at denne må bytast ut med ein Guds barn-identitet. 
  • Be om at landet skal få gudfryktige leiarar på alle nivå. Dei har hatt nok at det motsette. 
  • Be om gode utdanningsinstitusjonar for nye kristne leiarar. 
  • Be om nye åndsfylte pastorar som forkynner Jesus og Ordet, og ikkje seg sjølv.
  • Be om at dei kristne skal vera Jesu etterfølgjarar og ikkje hans tilhengjarar.

fredag 10. juni 2016

Maryam Nagash Zargaran mellombels sett fri for legebehandling

Maryam Naghash Zargaran har sete i Evinfengslet i Teheran i tre år. Ho er ein tryggleiksrisiko for den islamske Iranske staten. Det er ho fordi ho har gjeve livet sitt til Jesus Kristus, og vore med og drive ein kristen barneheim. For det fekk ho ein dom på fire år i fengsel. Ho har lenge lidd av ein hjartesjukdom, men er blitt nekta legetilsyn og behandling. Den 27.mai starta ho ein sveltestreik. Det har fungert. No er ho sett fri for ei tid for å få den naudsynte behandlinga. Men ho skal attende. Ho har lenge vore svært deprimert, noko som forverra seg kraftig etter at ho for eit par månader sidane vart utsett for seksuelle overgrep av tilsette i fengslet. Be om at den vonde tida må vera over for Maryam, at ho vert benåda i samband med sjukdomspermisjonen.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...