mandag 30. juni 2014

India. Rajasthan

Kart over Rajasthan
Rajasthan er større enn Noreg i flatemål. Folketal:  68,5 mill menneske. Berre 0,4% er kristne, men omtrent alle er komne til tru etter år 2000. Dette skjer etter enorm satsing frå 165 misjonsorganisasjonar. Alle nye kristne er anten dalitar eller stammefolk. Indarar frå høgare kastar er lite berørt, i alle fall ikkje på annan vis enn at dei  forfølgjer dei nye kristne. Akkurat DET har vore ganske heftig.

Bøn:
Herre Jesus! Takk for alle nye truande i Rajasthan. Dei treng ditt veldige vern. Pass godt på dei, og lat dei veksa i nåde og kjennskap til deg. Styrk det innbyrdes fellesskapet mellom dei, og må den søskenkjærleiken stråla for alle som kjem nær dei, og bidra til at mange nye kjem til tru. Må evangeliets lys bli tydeleg for alle i Rajasthan, og verka som ein surdeig som stadig raskare breier seg utover i befolkninga. Me ber om nytt liv, frelse og forsoning for store og små i Rajasthan, og at den makta avgudane har over sinna deira skal brytast i ditt namn. Amen!

 
Hinduistiske guruar i Rajasthan

India. Punjab



Punjab er heimstaten til alle sikhar på jorda. For desse er det gylne templet i Amritsar ein sentralheilagdom.  Av eit folketal på 28,2 millionar er det 60% sikhar. Under eit sikhopprør på 80-talet vart 100 000 menneske drepne, og i 1984 vart statsminister Indira Gandhi myrda av ein sikhnasjonalist. Dette opprøret sette staten alvorleg tilbake i utvikling. Det er 2,2% kristne i Punjab. Dei siste 20 åra har det vore satsa målretta på kyrkjeplanting, og det har gjeve store og gode resultat. Kyrkjebesøket har tredobla seg, og det er blitt etablert to teologiske seminar og over eit dusin bibelskular.

Bøn:
Me takkar deg Gud for vekst og framgang for dii rike og di kyrkje i Punjab. Må alle nye kristne bli godt fundamentert i nåden, Ordet og fellesskapet og utrusta med Andens gåver og kraft slik at dei blir effektive vitner om deg og di frelse til både sikhar, hinduar og muslimar. Gje kyrkjelydane einskap, og fyll dei med guddommeleg kjærleik slik at folk forstår at Jesus er Guds Son og verdas frelsar. Amen!

Det gylne tempel i Amritsar


søndag 29. juni 2014

India. Orissa

Location of Odisha in India
Orissa er den staten i India der forfølging av kristne har vore mest alvorleg dei siste åra. I 2008 vart 120 drepne i på få dagar, og 52000 kristne måtte flykta og gøyma seg i jungelen i lenger tid. Grunnen til denne store motstanden er å finna i den enorme framgangen til den kristne kyrkja, særleg blant kastelause. Offisielt er det 2,4% kristne der, men nokre opererer med heile  28%. Det er nok ei overdriving, men likevel nærare sanninga enn 2,4. Men trass i denne framgangen er 709 folkegrupper av 799 totalt unådde, og det kan me også seia om dei høgare kastane.
Orissa har 42,3 millionar innbyggjarar. 83% av dei bur på bondelandet.   Les meir i Operation World 2011 side 436-437.

Bøn:
Mektige Frelsar! Takk for di kyrkje i Orissa. Takk for iver, pågangsmot, visjonar og framgang. Takk for nye kristne og nye kyrkjelydar. Set mot i alle kristne som enno har vonde minner etter utbrot av forfølging. Må dei lata seg styra av deg åleine og ikkje av frykt. Gjer deg sterkt gjeldande i samfunnet. Utrust dei kristne med gåver som blir til velsigning for alle. Bryt hinduismens makt over dei menneska som bur i denne staten. Må nasjonalisme og religiøs stoltheit bli bytta ut med din kjærleik og forsoning. Må himmelen koma ned i denne staten og forvandla livet for folk. Ta ut døde steinhjarter gje dei i staden hjarto av kjøt. Heilag Ande, me kallar på deg og proklamerar ditt livgjevande nærvær over alle menneske i Orissa. Amen!

Veldige tempelkompleks og massiv avgudsdyrking er å finna i Orissa




India. Nagaland

Location of Nagaland (marked in red) in IndiaNagaland er i kristen samanheng eit heilt eksepsjonelt område. 93,1% av innbyggjarane er kristne, og staten kan stå som ein representant også for nabostatane Meghalaya og Mizoram som begge har eit stort fleirtal av kristne. Dette er eit resultat av mange års misjonsinnsats, særleg frå baptistane si side, men presbyterianarar og karismatiske katolikkar har også vore i sving. Nagaland vart gjesta av Gud med djuotgripande vekkingar i 1956, 1966 og i 1972. Under èin av desse vekkingane kvilte det ein stor kross på himmelen over Nagaland i lenger tid. Det skapte stor undring og ein intens hunger etter fred med Gud. I dag er det tusenvis av misjonærar frå Nagaland som gjer tenesta for Herren i andre områder av India. Likevel: Stammefeidar og splitting mellom kristne er vanlege problem. Likeeins ser me at namnekristendomen sakte men sikkert spreier seg i kyrkjene. I Nagaland er det 19 teologiske seminar, og det eksisterer ein visjon om å senda ut 10 000 misjonærar frå delstaten. Les meir i Operation World side 435-436.

Bøn:
Takk Gud for ditt store verk i Nagaland, Meghalaya og Mizoram, og for alle nagamisjonærane som er reist ut for å tenna ditt lys hos landsmennene sine. Me ber om at kvar ny generasjon som veks opp i dette området skal koma inn i genuin vekking slik at trua deira ikkje er basert på foreldrene sine erfaringar, men på Guds ord og den personlege erfaringa av krafta i Kristi kross. Må dei forstå i djupet av sine sjeler av fiendskap er djevelskap, slik at dei vender seg bort frå vondskap og søker fellesskap med alle kristne søsken. Amen!

Dåp i Nagaland


lørdag 28. juni 2014

Ramadan 1. Tuaregane i Nord-Afrika

Den muslimske fastemånaden ramadan startar i dag.
Over heile verda ber kristne for muslimane denne månaden.
Gjennom denne fastetida hender det at Jesus kjem til dei openberrar seg for dei.
Lat oss også vera med på denne bønereisa.
Denne første dagen ber me for tuaregane som er eit urfolk i Nord-Afrika. Dei lever som nomadar, held seg med slavar og er ganske krigerske av seg og ikkje lette å nå. Då vikingane reiste og herja langs Afrikakysten, traff dei på tuaregar som dei kalla for "blåmenn".

Be 
  • om at fleire kristne misjonærar skal knyta kontaktar med tuaregane, særleg når dei oppsøker vatningsplassane i ørkenområda.
  • for slavane dei held. Dei lid forferdeleg og er utsette for mykje og utenkjeleg misbruk. Be om fysisk og åndeleg fridom for desse.
  • om at heile Bibelen skal bli omsett til morsmålet deira, tamasheq, at bibelen skal vekka interesse, eta seg inn i tankane deira og ikkje sleppa taket i dei.


India. Manipur







Manipur ligg heilt i nordaust-India. Dei som bur i desse litt avlukka statane er ikkje etniske indarar, og  her har evangeliet hatt eit heilt anna gjennomslag enn elles i landet. Av ei befolkning på 2,8 millionar menneske i Manipur, er heile 34% kristne. Men langt frå alt er på stell. Namnekristendomen er utbreidd, væpna konfliktar mellom folkegrupper (også kristne) likeeins. Arbeidsløysa er på 30%. Det er utstrekt narkohandel i området (Det gylne triangel), menneskehandel og HIV/AIDS-problematikk.

Bøn:
Herre! Du kan ikkje vedkjenna deg alle som seier herre, herre, berre dei som gjer det Far i himmelen vil. Send ei ny bølgje av genuin vekking inn i di kyrkje i Manipur, slik at alle som rosar seg av namnet ditt blir sanne kristne som tek avstand frå synd og vondskap og vender seg til deg for å bli reine og heile att. Bryt den makta djevelen utøver gjennom narkotika og menneskehandel, syn deg stor og mektig for alle slik at stridande folkegrupper, i frykt for deg, legg ned våpena og søkja fred med deg og kvarandre. Bygg kyrkja di på nytt i Manipur, og bygg ein ny dag for heile delstaten rundt menneske som elskar deg. Amen!

Laiharaoba Festival of manipur
Under Laiharaobafestivalen tilber kvinner gudar, gudinner og forfedre, og dei dansar framfor gudebilete. Manipur er kjent for dei mange religiøse festivalane sine. Bilete: www.thegreenpastures.com

India. Maharasjstra

Maharasjtra tyder "stort område", og er geografisk sett den største av delstatane i India. Hovudsstaden er Mumbai, og i denne byen blir alt i India som handlar om modernitet og nye trendar innafor politkk, økonimi, kultur og mote bestemt. Indarar i hopetal flyttar til Mumbay i håp om ei betre framtid, men hamnar fort i eitt av dei enorme slumområda der vonløysa rår. I denne byen er det 200 000 sex-slavar, 100 000 gatebarn og 300 000 aidssjuke. Av ei befolkning på 113 ,4 millionar menneske i Maharasjtra  fordelt på 735 folkegrupper, er 2% kristne. Sidan 1980 har det vore ei massiv satsing på planting av nye huskyrkjer i delstaten, også i slummen i Mumbai. Målet for Love Maharasjtra, Operasjon Mobilisering og India Evangelical Mission, for nemna nokre få organisasjonar,  er å nå ut til alle dei 40 000 landsbyane i delstaten som i dag ikkje har eitt einaste kristent vitne. Å satsa på huskyrkjer er ein nøkkel i India, som andre plassar, og resultata så langt er gode, men med veksten har det også kome auka forfølging frå folk som støttar det mektige nasjonalistiske hindutvapartiet.

Bøn:

Gode Far! Sjå i nåde til alle i Maharasjtra som lever i djup fattigdom, til sex-slavane, gatebarna og dei AIDS-sjuke. Kom til dei med framtid og von. Send arbeidsfolk ut til din haust mellom desse djupt ulukkelege. Gje verdigheit, frelse og lækjedom. Utrust kyrkja di til å tena desse menneska som er så viktige for deg at du sende Sonen din for å døy for dei. Må hans kjærleik bli kjent for dei, aust ut over dei og gje dei del i det eivge livet som berre er i han. Må alle som arbeider aktivt og målretta med å planta kyrkjelydar som fyrtårn på mørke plassar, lukkast i sitt arbeid. Blås også nytt liv i tradisjonelle kyrkjer som i dag har stivna i ritualisme, namnekristendom og konfliktar. Må alle truande i Maharasasjtra vera eitt, slik at menneska forstår at Jesus er din Son og verdas einaste frelsar. Amen!

Maharasjtra har ein rik natur og staten tildreg seg mange turistar frå heile verda

fredag 27. juni 2014

India. Madhya Pradesh

Madhya Pradesh ligg i hjarta av India. Her er det ein befolkning på 73,5 mill (2011) fordelt på 660 folkegrupper. Over 90% er hinduar. 2,2% er kristne, dei fleste uregistrerte. Denne delstaten var den siste som vart open for kristen misjon. Men det er strenge restriksjonar på i kor stor grad kristne kan påverka andre med tanke på at folk skal venda om til Jesus. Det har vore ein kraftig vekst i dei uregistrerte huskyrkjene dei siste åra (det er etablert meir enn 4000), og her, som elles, er det dei kastelause og utstøytte som kjem til Kristus. Sosial stoltheit er ein alvorleg hindring med tanke på å bli frelst. Slik har det alltid vore. Det krevst mykje bøn for å bryta ned motstanden mot Kristus mellom folk i høgare kastar.
Madhya Pradesh Network har ein klår visjon om å etablera huskyrkjer nær til alle og einkvar i delstaten. Talet på ikkje-hiduistiske folkegrupper er stort, og i nokre av dei er no alle truande kristne. Dei fleste av desse gruppene praktiserer imidlertid ein hinduinspirert animisme med mykje trolldom, saktisme (tilbeding av kvinnleg energi) og Shivatilbeding, og Madhya Pradesh er kjent for erotisk religionsutøving med store tempel fulle av pornografiske skulpturar. Her er det STORE utfordringar.
Hovudsstaden, Bohpal, opplevde i 1984 den største industrikatastrofen som nokon gong har råka eit område. Giftig gass (methyl isocyanat) tok livet av 25000 menneske, og øydela mykje jordsmonn for generasjonar. Kristne har utøvd mykje godleik mellom dei som vart skadelidande etter Union Carbide katastrofen, og det har gjeve dei legitimitet. Les mei i Operation World 2011, side 431.

Bøn:
Herre Jesus Kristus, du som kom for å ta bort verdas synd, må evangeliet få slik makt i Madhya Pradesh av folket snur seg bort frå syndene sine og vender om til deg av heile sitt hjarta. Må kyrkja di veksa inn i alle samfunnslag og bringa lyset frå himmelen til alle slekter, høge som låge. Reis opp ein hær av folk som ber for Madhya Pradesh og for India slik at løgnene i hinduismen blir avslørte og sanninga i Jesus motteken. Må alle dei nye truande la lyset sitt skina for menneska, slik at folk kan sjå dei gode gjerningane deira, og for deira skuld ein dag prisa Far i himmelen. Utrust kyrkja di med gåver til å lækja, slik at det blir tydeleg for einkvar at Guds rike er nær der Guds barn lever. Amen!

torsdag 26. juni 2014

India. Kerala

Kart over KeralaKerala er etter det tradisjonen fortel den plassen der apostelen Tomas kom for å forkynna evangeliet. I alle fall, den kristne kyrkja i Kerala har gamle røter, og dei syriskortodokse kallar seg likefram for Tomaskristne. Dei fleste i denne kyrkja lever introvert, og er vorten ein akseptert del av det hinduistiske kastesystemet. Dei har tilpassa seg. Nokre få av dei bryt ut for å forkynna evangeliet på tvers av grupper og kastar. I tillegg har det dei siste åra vakse fram mange uavhengige evangeliske kyrkjer som ivrar for misjon og evangelisering (det er forresten  djup mistru og spenning mellom dei gamle kyrkjene og dei nye). Sidan det kristne innslaget i Kerala er så sterkt, det er snakk om over 19% av befolkninga, er dei 36 millionane som bur der velutdanna. 90% kan lesa og skriva.  Kerala er ein framgangsrik stat i India. Dei siste åra har store mengder kastelause, dalitar, strøymt til Kristus. Likeverd-idealet i pinsekyrkjene dreg dei gjerne dit. Når dei vert frelst går dei frå å vera mindre verd enn hundar, til å bli Guds kongsbarn og arvingar til himmelriket. Det er litt av eit sprang i status.
Trass i framgang for evangeliet, er det mange avgudar å sjå i Kerala, og trykket frå demontilbeding er massivt. Her trengst det også bøn. 

Bøn:
Takk Herre Jesus for at du bøyer deg ned og tek deg av dalitane i Kerala. Du løftar dei opp og gjev dei sete mellom stormenn. Me elskar deg Jesus, og din kjærleik gjev oss den høgaste status av alle: Guds barn av nåde. Må alle i Kerala forstå dette, slik at dei gjev slepp på alt dei i dag synest er stort og viktig, for å vinna det som langt større er: ei evig rettferd og barnekår hos Gud.  Så ber me om vekking og fornying mellom dei Tomaskristne, og einskap og sann brorskjærleik mellom alle kristne i Kerala. Må dei stå saman i kampen for evangeliet både i heimstaten og i resten av India. Må alle kristne i Kerala få oppleva Andens kraft i liva sine, slik at dei brenn for Jesus og sjelers frelse, og går ut som èin hær for å vinna menneska for Jesus og fordriva djevelen frå liva deira. Amen!
Kerala har vakre strender og ein frodig og storarta natur. Skogar, høgder og dalar

India. Karnataka

Karnatake er den delstaten i sør-India med dei største åndelege behova. 2-4 % av befolkninga er kristne, men dei fleste er sovande, introverte og kulturelt isolerte. I hovudstaden Bangalore finn me administrasjonssentera til ikkje mindre enn 800 kristne misjonar og teologiske institusjonar, og her har kyrkja framgang, spesielt mellom dei kastelause. 8% av dei som bur i byen er kristne. Det bur 61 millionar menneske i Karnataka fordelt på 744 folkegrupper. Dei aller, aller fleste er heilt unådde. Forutan dei kristne er 84% er hinduar, 12,2 % er muslimar. Det er trass alt verd å merka seg at i nord har Herren bevega seg kraftig i høgkastegruppa Lingayats. Mange tusen er blitt vunne for Jesus, og dei har etablert mange hundre kristne fellesskap. Dette er ei vekking som har starta heilt internt utan påverknad frå misjonærar, ved at kristne lingyatar vitnar for kvarandre. Det har også vore fin respons mellom sigøynarane.
Det er 50000 kastelause jenter, devadasi,  i Karnataka som er tvungne inn i tempelprostitusjon, og i berre i Bangalore er det 70000 gatebarn. Me kan berre vagt førestilla oss den menneskelege og åndelege nauda desse unge lever i. Dei vert ikkje gamle.
Også i Karnataka har det vore mange tillaup til forfølging overfor kristne med frimotet i orden, og det vert no jobba politisk med å gje delstaten ei lov som forbyr kristne å påverka hinduar til å byta tru, ei såkalla anti-omvendingslov.

Bøn:
Gode Gud og frelsar. Du har sigra over synda, døden og djevlens mørke krefter, også dei som herjar med barn og unge i Bangalore. Rekk ut handa di berg dei ut av fornedring og undergang, både med tanke på dette livet og på det som kjem. Reis opp kyrkja di i Karnataka slik at ho brenn av kjærleik til Jesus og folket, og ikkje let seg skremma til å teia stille om det dei har sett og høyrt. Fyll dei truande med Andens kraft, slik at under og teikn skjer når dei ber, og vonde ånder blir avslørte og må vika i Jesu namn. Gje dine barn ei djup naud for dei fotapte slik at dei ivrig går ut for å leita dei opp og føra dei inn i din store familie. Me ber om at Anden skal bli aust ut over alle menneske i denne staten slik at dei frigjer seg frå syndene sine og den makta som dei vonde åndene har over liva deira. Takk for alt godt som alt skjer mellom lingayatfolket og sigøynarane. Må det gode sprenga alle grenser som dei ulike kyrkjelydane set for seg sjølv. Driv dei ut til din haust.  Amen!

onsdag 25. juni 2014

ISIL går fram med djevelsk brutalitet

ISIL står for hundrevis av vilkårlege avrettingar der dei går fram.
Den Islamske Stat i Irak og Levanten (ISIL) erobrar by etter by i Irak, og stadig sluttar nye sunnimuslimar seg til denne gruppa som er så brutale i si framferd at til og med Al Qaida tek avstand frå dei. No krev ISIL at alle ugifte kvinner i mellom 18 og 25 i områda som dei kontrollerer melder seg som sex-slavar for soldatane. Det vert no meldt at ei kvinne tok sitt eige liv etter å ha blitt valdteken av soldatar. Dei kvinnene som prøver å koma seg unna, får ein ublid lagnad. Sjølv om dei fleste kristne har flykta frå situasjonen, er det enno kristne att i området. Deira liv er i den ytterste fare. Å vera kristen er god nok grunn til å bli avretta.

Bøn:
Herre Jesus, du ser all den lidinga som ISIL skaper. Du ser det alt og tek det i dine hender. Me ber: Send dine mektige englar ut for å stoppa dei i ditt mektige namn. Hovdingen over Herrens hær, send styrkane dine ut for å kjempa for ditt folk og for alle mennske med gode hensikter som vert eksponert for denne vondskapen. Amen!

India. Jharkhand

I "Fossane og åsane sitt land" er folk flest SVÆRT fattige og lid under mangel på skulegang og med det dei basiskunnskapanesom må til for å klara seg i eit moderne samfunn. Slik er det trass i at Jharkhand er både grøderikt og vakkert.
80% av befolkninga er leilendingar, som dei fleste bøndene i India er. Delstaten er prega av konfliktar mellom folkegrupper, og i dei djupe skogane har også den maoistiske geriljaen tilhald som har sørga for at mykje blod er blitt aust ut til inga nytte. Jharkhand er santalane sin heimstat, og Normisjon (tidlegare Santalmisjonen) har drive misjon her i over 100 år. Men dei er ikkje åleine. Den tyske Gossnermisjonen, Operasjon Mobilisering og Assemblies of God (pinsevener) er også der, for å nemna nokon. I dag er 4-6% av ei befolkning på totalt 32 millionar, kristne. I nokre grupper er prosenten kristne så stor som 30, medan me i andre ikkje finn nokon kristne i det heile. 68,5% er hinduar, 13,8% muslimar og 13% har ei eller anna folketru.
Også i denne delstaten bryt det jamt og trutt ut forfølging av dei som frimodig forkynner Kristus som einaste Gud og frelsar. 

Bøn:
Far i himmelen! Du er den rette Far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord. Du har skapt oss alle til å leva i samfunn med deg som dine høgt elska barn,: Me ber for alle i Jharkhand at du skal ta dei inn i dette samfunnet gjennom Sonen din Jesus Kristus, vår Herre. Må kyrkja di utstråla din godleik og herlegdom og vera prega av Den heilage andens veldige kraft. Me ber om rettferd for dei fattige bøndene, at dei skal få sin rettkomne del av inntektene dei genererer, og at dei skal få sjansen til å læra seg å lesa og skriva og skaffa seg god og nyttig kunnskap. Løys menneska i Jharkhand frå all tyoe undertrykking, lær dei å elska kvarandre og gjer slutt på alle konfliktar som tappar dei for krefter og ressursar. Du Jesus er Fredsfyrsten, og me ber om at du skal involvera deg for alvor i denne statens liv. 
Jharkhand er svært grøderikt. Her ser me kvinner som plantar ris.

India. Jammu og Kashmir





Jammu og Kashmir har vore, og er, eit stridens eple. Både India og Pakistan gjer krav på denne staten, og det har vore utkjempa mange krigar mellom dei (40000 drepne og 800000 fordrivne) , og stadig er det skotveksling. Fleirtalet (67%) er muslimar, og desse ønskjer seg til Pakistan. Men eit vesentleg mindretal (30%) er hinduar, og dei ønskjer å vera under India. Muslimane bur primært i Kashmirdalen, medan hinduane i det vesentlege bur i Jammuregionen.
Prosenten kristne er svært låg, av 13,1 millionar mennese er 0,2-0,3% kristne, maks 40 000 menneske. Men kyrkja er i vekst. I 1990 var det berre 12000 kristne i området. Denne positive utviklinga er der, som elles i India, møtt med forfølging og diskrimisering av dei truande. Topografisk er Kashmir og Jammu eit mektig fjelland med fleire toppar over 7000 meter.Les meir i Operation World 2011 side 427-428
Bøn:
Me takkar deg, Gud for den vekst du har gjeve kyrkja di i Kashmir og Jammu. Hald henne i di hand og gje dei truande vern mot dei vonde kreftene som trenger seg på. Ditt rike er globalt. Det kjenner ingen grenser, heile menneskeætta tilhøyrer deg, og for deg skal kvart kne bøya seg og sanna, til di ære, at Jesus Kristsus er Herre, slik også i Kashmir og Jammu. Jesus Kristus, du er Fredsfyrsten. Kom med ditt lys, og etabler sann fred i hjarto til dei styrande i India og Pakistan, slik at dei også kan finna fram til varig fred med kvarandre. Amen!









Jammu og Kashmir er dei lilla områda nord for India. SOm du ser er store deler av det totale Kashmir under både Pakistan og Kina.






Meryam Ibrahimi pågripen eitt døgn etter at ho slapp ut av fengsel



Den sudaneisiske kristne kvinna Meryam Ibrahimi som vart dømt til døden for å ha konvertert til kristendomen (ho har forresten vore kristen frå barnsbein), vart sett fri frå fengsel i forgårs, og rearrestert i går på ein flyplass då ho saman med mann og barn prøvde å reisa ut frå Sudan. Kva som no vil skje med henne er uklårt. Det høyrer med til historia at det minste barnet hennar er to månader gamalt.


Bøn: Gode Herre! Sjå i nåde til Meryam og familien hennar. Må du som er Vegen, bana veg for Meryam ut av fengsel og for familien ut av Sudan. Så ber me om at det brutale regimet i Sudan skal falla i grus, og at Jesus og retten skal sigra i dette utpinte landet. Amen!

tirsdag 24. juni 2014

India.Himachal Pradesh

Himachal Pradesh grensar opp mot Tibet, og er m.a. heimstaden for Dalai Lama og hans eksilregjering, forutan 100 000 andre tibetanske flyktningar. Himalayafjella strekker seg inn i denne staten, og alle fjelltoppar har sitt eige gudenamn. Hinduane kalla Himachal Pradesh for "gudane sitt land", og avgudsdyrkinga er massiv. Tradisjonelt var dette området av India sett på som det mest utilgjengelege og minst evangeliserte i landet, men slik er det ikkje lenger. Indiske misjonsorganisasjonar som Operation Agape og North India Community Outreach har sett inn mange "haustarbeidarar", og i dag er det 600 forsamlingar og eit vrimmel av huskyrkjer der truande menneske møtest for å tilbe Jesus.
Men kyrkja er lita, utgjer berre 0,1-0,2% av dei 7 millionar innbyggjarane. 95,4% er hinduar, 2% muslimar og 1,3% buddhistar. Det er 385 folkegrupper i delstaten, og det blir snakka 35 språk.

Bøn:
Gode Gud! Du seier at kunnskapen om din herlegdom ein dag skal dekka heile jorda . Må alle som bur i Himachal Pradesh få oppleva at denne Hoseaprofetien går i oppfylling. Å kjenne deg og Jesus, Sonen din, er det evige livet. Må alle hinduar, muslimar og buddhistar i denne delstaten forstå at dei tilber ei løgn, slik at dei kan venda om og kjenna deg som er Sanninga. Må dei truande i Himachal Pradesh leva i pinsekrafta slik at dei går ut og forkynner frimodig om Jesus, og må du retta ut di hand slik at teikn og under og mektige gjernningar skjer i din tenar Herren Jesu Kristi  namn. Me ønskjer å sjå eile delstaten  i brann for Jesus. Amen!
Mektige fjell i Himachal Pradesh


India. Haryana

Haryana ligg mellom Dehli og Punjab. Folketalet er over 25 millionar fordelt på 375 folkegrupper. Dei fleste snakkar haryanvi og hindi. Men mange også urdu og punjabi. 88,2% er hinduar. 5,5% tilhøyrer sikh-trua (der mennene går med turban) og så er det 5,8% muslimar der. Mellom 0,1 og 0,3% er kristne.  Haryana er eitt av dei områda i India som i dag opplever økonomisk framgang. Delstaten er også fødeplassen for den gamle vedareligionen som i dag blir kalla for hinduismen.

Haryana er ein av dei minst evangeliserte statane i India. Berree 32000 identifiserer seg sjølve som kristne. Kyrkja er svak, liten og heile tida truga av det store hinduisitiske fleirtalet. 6000 landsbyar har aldri hatt besøk av eit kristent vitne. I dag tek indiske misjonsrørsler utfordringa frå Haryana på alvor, og satsar, og det er i dag 15 kristne treningssenter i staten, og sikhbefolkninga ser ut til å opna seg for evangeliet.

Bøn:
Herre Jesus! Du som elskar oss og fridde oss frå våre synder med ditt eige blod, må frukta av din forsonande død og di oppstode bli befolkninga i Haryana til del. Gje frelse, Herre, lat det lukkast. Må dei som no tek imot ordet ditt bli åndsfylte, glade menneske som ikkje berre høyrer ordet, men som også praktiserer det og deler det med andre. Ta bort all frykt frå hjarto deira og led dei kvar dag ved Den heilage ande slik at dei alltid trør rett. Må dei halda saman i tette fellesskap, og trufast halda fast ved di lære, bønene, brødsbrytinga og søskenfellesskapet, og saman bli heilt uimotståelege, ein hær som nedkjempar djevelens hegemoni folks liv. Amen!

Bøn av kyrkjefar Origenes


"Herre Jesus, legg hendene dine på augo våre, slik at med blir merksame, ikkje berre på det me ser, men også på det me ikkje ser. Hjelp oss å sjå lenger enn til  alt som skjer rundt oss, til  den store røyndomen som ein dag skal koma, det som ventar på  oss, slik at augo våre kan avspegla Gud." 

Henta frå Anders Frostenson:  "De første kristnes bønenr", 

mandag 23. juni 2014

India. Gujarat

Gujarat grensar opp mot Pakistan. Her bur det 60 millionar menneske. 89% er hinduar, 9% muslimar og 0,6-1,2% kristne. Det rår djupe fiendtlege haldningar til kristne og muslimar i denne staten, og det bryt stadig ut forfølgingar. Dei kristne er i hovudsak dalitar (kastelause), og desse har i utgangspunktet få rettar her i livet. I 2003 vart det vedteke ei antikonverteringslov som gjer evangelisering og kyrkjeplanting svært vanskeleg.
Dei kristne er i hovudsak katolikkar og metodistar, og trykket frå regjeringa har i stor grad skremt dei kristne til taushet, og kyrkja har for fredens skuld søkt kompromissar med hinduane. Men NOKRE PLASSAR har forfølginga resultert i fornying og vekking. Dette har skjedd hovudsakleg mellom folkkegrupper i fem distrikt, og der er kyrkjeveksten så sterk at kristendomen totalt sett også har ein svak vekst i Gujarat. Det er mange unådde folkegrupper i staten, men her nemner eg berre dei 4,5 millionar perserane som dyrkar den gamle persiske Sarathustrareligionen. Det er berre eit dusin kristne mellom desse.

Bøn:
Kjære gode Gud! Vern dine truande i Gujarat mot forfølging og trakassering. Hjelp dei å halda motet oppe og ikkje la seg kua av djevelens list og brøl. Takk for meldingar om vekking. Må dei nye truande bli grunnfesta i nåden, Ordet og den kristne fellesskapen. Gje dei ein rikdom av åndeleg kraft og erfaring, og gjer dei til truande menneske som dagleg går fram på sigersferd. Må dei vera lys og salt i dette samfunnet slik at evangeliet sakte men sikkert brer seg frå person til person, frå familie til familie i heile delstaten. Amen!


India. Goa

Goa, portugisisk koloni frå 1510-1961, er ein rik og vakker stat som årleg dreg mange turistar frå India og heile verda. Men med tursimen kjem narkotika og barneprostitusjon, synder som nærast er sett i system og lite påtala. Det er heile 26,7% kristne i Goa, men dei fleste er etterkomarar av portugisarane, formelle katolikkar som blandar mange element frå hinuismen inn i trua si. Likevel er det ei ganske sterk karismatisk rørsle i den katolske kyrkja i Goa, og det er jo ei viss von knytta opp til denne. Det er kun 1300 protestantar i delstaten, utan at eg veit noko om kvaliteten på deira tru.

Bøn:
Herre! Må ditt sterke lys fløyma over kyrkja i Goa slik at dei kristne sannar syndene sine, reinsar og helga seg for deg. Fyll dei så med Andens kraft og send dei ut for å kalla folk til omvending, forkynna evangeliet, lækja dei sjuke, setta besatte i fridom og syna kristen kjærleik i praktisk handling. Ta deg av alle barn som blir misbrukte av forderva vaksne. Send ut rettferdige menneske som frir dei frå sex-slaveriet, og hjelper dei til indre lækjedom og rehabilitering. Herre, me ber mot alle menneske som misbruker og øydelegg barn, hallikar og sex-turistar, må slike menneske bli arresterte, tiltalte og straffa på rett vis. Amen.

Morgonbøn II


Kjære gode Gud, Far, Son og Heilag Ande!

Eg kjem fram for deg denne morgonen i Jesu namn,  fordi du kallar på meg, elskar meg,  ønskjer å ha fellesskap med meg, fordi du har skapt meg,  frelst meg,  kjøpt meg og døypt meg, fordi du  vil velsigna meg, løfta meg opp, gleda meg, fylla meg, utrusta meg, styrka meg og bruka meg, fordi du er min Gud og eg er ditt barn.

Frå sola står opp til ho går ned vil eg prisa namnet ditt, løfta deg opp og berømma deg. Du er ein god Gud, og di miskunn varer til evig tid. Store og mektige er dine gjerningar. Ingen kan måla seg med deg, og du sjølv er heilt utan mål, allmektig, allvitande og nær over alt. Du fyller himmel og jord, og englane og alle dei heilage jublar for deg,  du Den sannferdige og truverdige.

Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min sti. Eg vil gøyma det i hjarta mitt slik at eg ikkje syndar mot deg, eg vil grunda på det og tala om det når eg står opp, når eg går på vegen, når eg sit ved bordet og når eg legg meg om kvelden, og eg vil vitna om deg og di frelse for alle du fører i min veg.

Herre Jesus!  Lat meg få vandra med deg idag,  og sjå at du gjer dine under mellom oss, at folk blir frelst frå sine synder, lækt frå sine sjukdomar og fri frå demoniske makter som bind dei og  held dei fanga i synd, ureinskap, vantru og veikskap. 

Bruk meg denne dagen. Må din kjærleik og di kraft strøyma inn i meg og ut frå meg til evig liv for menneska. Må dei få møta deg i meg slik at dei kan smaka deg, erfara din godleik og evig lovsynga deg, du den einaste sanne Gud, Herre over alt og alle.

søndag 22. juni 2014

Dagen unådde: Java Osing, Banyuwangi i Indonesia




Denne folkegruppa på 379000 menneske bur heilt aust på Java, mot Bali. Dei er veldig nøyen med å ta vare på familiane sine. Slektsband der svært viktige. Dei er gjestfrie menneske med gode manerar. Dei er muslimar som set si ære i å leva etter "den gylne regel" i avgrensa form.  Om lag 2% er kristne.Dei snakkar osing. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.

Be om at det skal setjast i gong bibelomsetting til osing.
Be om at dei skal bli løyste frå islam.

Be om at dei skal forstå at dei store verdiane som dei har i kulturen sin skriv seg frå Jesus og kristendomen. 
Be om at dei skal læra seg å tru på og elska Jesus over alle ting. 
Be om at det skal bli etablert ei kristen kyrkje i folket som blir eit fyrtårn også for andre folk i området.


India, Dehli

New Dehli er Indias hovudstad. Folketalet er 22 150 000, og det inneber 11059 per kv.km. Byen er senteret for makt, velstand og industri i India. Her blir trendar skapte og retningar bestemte. 82% er hinduar. 11,7% er muslimar. 4% er sikhar. 1,1% jainittar og 1-2 % kristne. Alle folkegrupper i dette store landet er representerte i Dehli. Det er ein straum av mennesker som stadig flyttar til byen, og dei hamnar som illegale, uregistrerte innbyggjararn i svære forureinsa slumoråder utan elektrisitet, infrastruktur, skular, helsestell eller renovasjon, områder meir eller mindre styrt av kriminelle bandar. Det er kanskje så mange som 400 000 kristne i byen fordelt på 3000 kyrkjer.

Bøn:
Gode Far! Du er Far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord, og me veit at hjarta ditt bankar og slår for kvart einaste menneske i Dehli. Må du fornya og utrusta kyrkja di til å nå ut til alle dei fattige i slumoråda. fri dei frå åndsmakter, frelsa dei frå synd og løfta dei opp moralsk, økonomisk og sosialt. Må evangeliet også få fotfeste mellom alle dei rike og velståande i hovudstaden slik at dei frelst og glad går ut og tek ansvar for dei underprivilgerte. Må Jesusvekkinga koma til Dehli, bli verande der og slik spreia seg utover til heile India. Amen!

India, Chattistgarh

Location of Chhattisgarh (marked in red) in IndiaChhattisgarh er i følgje Operation World, ein ung delstat med mange ressursar, og mange konfliktar. Staten har eit folketal på over 25 millionar med 450 ulike folkegrupper som snakkar 98 språk og dialektar, dei fleste i slekt med aust-hindi. 95% er hinduar, 2% muslimar og  1,9-2,5% kristne. Staten er rik på naturressursar med tanke på jordbruk, skogsdfrift, bergverksdrift, men med 80% analfabetisme manglar folk utdanning og kunnskap.Hinduistpartiet står sterkt, men i skogane trugar maoistiske geriljasoldatar. Den kristne kyrkja har alltid vore lita her, men dei siste åra har kristne starta nye huskyrkjer, og dette har resultert i ny vekst.

Bøn:
Gode Gud! Menneska i Chhattigarh har desperat bruk for frelse. Dei fleste sit bom fast i avgudsdyrking, og dei lever utan Gud og utan håp i verda. Men du Jesus kom for å setja fangar i fridom, og ved din død og oppstode tok du bort all verdas synd. Aus etter ditt løfte i profeten Joel, Anden din ut over alle menneske i Chhattisgarh slik at dei kan bli fri frå syndene sine og dei demoniske maktene som blindar dei og fører dei mot den evige fortapinga. Gje frelse, Herre, lat det lukkast. Må dine under følgja dine vener, slik at folk forstår at det er ingen Gud utan deg, og at det kun er eitt namn under himmelen, Jesus Kristus, som dei kan bli frelst ved. Amen!

Ei morgonbøn

"Herre Jesus, du døydde for alle, for at dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for deg som døydde og stod opp for dei. Difor vil eg i dag leva for deg åleine, tena deg, æra deg og prisa deg med alt eg er og har.  Hjelp meg å sjå deg i alle dei eg møter i dag, familien min, naboane mine og alle dei kristne venene som eg skal feira gudsteneste saman med. Må ditt nærvær følgja meg, må hjarta mitt vera fullt av tru og glede, må din kjærleik vera aust ut i hjarta mitt ved Den heilage ande som du har gjeve meg. Må di kraft fylla meg og strøyma gjennom meg til frelse, velsigning og hjelp for alle som eg møter. Send meg og bruk meg, for ditt namn skuld. Amen!"

lørdag 21. juni 2014

India, Bihar

Bihar ligg på Gangessletta, er 94000 kvkm stor og hyser svimlande 100 mill menneske. Det er 377 ulike folkegrupper der som snakkar 21 forskjellige språk. 83,2% er hinduar. 16% muslimar. 0,1-0,3 % kristne.  Bihar er den FATTIGASTE staten i India, og namnet Bihar er einsbetydande med rein elendighet. Staten er utsett for eit utstrekt vanstyre med inkompetente og korrupte leiarar. Fleirtalet av menneska er analfabetar og lite er skrive på Bihari, som er morsmålet for dei fleste. Trist for ein stat som har ein rik poltisk og kulturell historie.
Bihar var lenge berykte i kristne krinsar som "gravplass for misjonane". Her er kristne blitt forfølgt, og blir det enno. Den hinduistiske nasjonalismen står sterkt i staten. I tillegg er florerer tropiske sjukdomar som misjonærane er svake for å pådra seg. Likevel :TALET PÅ MENNESKE SOM KJEM TIL JESUS ER AUKANDE. Her er det ting på gang :)

Bøn:
Herre Jesus! Takk for godt nytt frå Bihar. Me ber no om at evangeliet skal spreia seg som ein surdeig i denne indiske staten, eta seg inn i familiar, på arbeidsplassar, mellom politikarar, på skular og transformera dette samfunnet. Løft Bihar opp frå den åndelege, moralske og økonomiske hengemyra, og gjer han til ein mønsterstat. Reins staten for avgudsdyrking og fordriv alle djevelske makter som i dag har makta og som øydelegg folk og samfunn. Kong Jesus, me proklamerer deg som Herre i Bihar. Amen!

India, Assam



Location of Assam (marked in red) in IndiaAssam ligg i det det nord-austlege India og grensar til Bangla Desh. I denne delstaten bur det 32 millionar menneske på 78400 kv.km. Det er tett. 65% er hinduar. 31% muslimar. 3,7 % kristne. I Assam er det 357 ulike folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Det har ført til djupe konfliktar. Delstaten har mange immigrantar frå Bangla Desh og andre deler av India. Nokre grupper kjempar for å lausriva Assam frå India.
Det har vore drive misjon i Assam i over hundre år, likvel er kyrkja splitta og svak. Dei kristne er lunka og manglar visjonar for det samfunnet dei bur i. Misjonsarbeidet har vore retta mot stammefolka i området, men det er ikkje blitt gjort noko for å nå dei store folkegruppene av hinduar og muslimar.

Bøn:
Kjære Herre Jesus! I dag ber me for Assam. I over hundre år har ordet ditt blitt forkynt i dette området, men fruktene står ikkje i høve til innsatsen. No ber me om at DU skal intervenera i Assam og gjera DINE gjerningar på DITT vis. Må din Andes veldig kraft koma over dine barn i denne delstaten, fylla dei og utrusta dei med himmelsk kapasitet, slik at kva gong dei opnar munnen for å tala, så tenner dei ein eld i dei som lyttar. Gje dei truande visjonar, pågangsmot og tru. Vekk dei opp slik at dei ikkje på nokon måte er fornøgde med status quo. Kall dei til bøn for seg sjølv og for den verda dei lever i, og må menneskers frelse og vel, og ditt namns ære bli drivkrafta i liva deira. Amen!


Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...