Det er 50000 kastelause jenter, devadasi, i Karnataka som er tvungne inn i tempelprostitusjon, og i berre i Bangalore er det 70000 gatebarn. Me kan berre vagt førestilla oss den menneskelege og åndelege nauda desse unge lever i. Dei vert ikkje gamle.
Også i Karnataka har det vore mange tillaup til forfølging overfor kristne med frimotet i orden, og det vert no jobba politisk med å gje delstaten ei lov som forbyr kristne å påverka hinduar til å byta tru, ei såkalla anti-omvendingslov.
Bøn:
Gode Gud og frelsar. Du har sigra over synda, døden og djevlens mørke krefter, også dei som herjar med barn og unge i Bangalore. Rekk ut handa di berg dei ut av fornedring og undergang, både med tanke på dette livet og på det som kjem. Reis opp kyrkja di i Karnataka slik at ho brenn av kjærleik til Jesus og folket, og ikkje let seg skremma til å teia stille om det dei har sett og høyrt. Fyll dei truande med Andens kraft, slik at under og teikn skjer når dei ber, og vonde ånder blir avslørte og må vika i Jesu namn. Gje dine barn ei djup naud for dei fotapte slik at dei ivrig går ut for å leita dei opp og føra dei inn i din store familie. Me ber om at Anden skal bli aust ut over alle menneske i denne staten slik at dei frigjer seg frå syndene sine og den makta som dei vonde åndene har over liva deira. Takk for alt godt som alt skjer mellom lingayatfolket og sigøynarane. Må det gode sprenga alle grenser som dei ulike kyrkjelydane set for seg sjølv. Driv dei ut til din haust. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar