Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 26. juni 2009
Brå død
"Vi bærer dem frem i ditt lys", bønn for forfulgte kristne av Mary O. Benedict
"Åpne våre hjerter mot menn og kvinner som sitter i fengsel fordi de fortalte om sin tro på deg.
Gjør oss lydhøre for ropene fra dem som er i nød fordi de bærer navnet "kristen".
Hjelp oss å reagere når ungdommer nektes utdannelse fordi de våger å nevne ditt navn.
Trofaste Gud, gjør oss oppmerksomme på alle som betaler dyrt når de kaller seg dine disipler i en verden der det å være kristen betyr forfølgelse.
Vi bærer dem frem i ditt lys
Du som er over alle tider, hjelp oss
å knele sammen med dem i bønn
og stå sammen med dem i solidaritet
La dem få vite at tross avstanden og bak stillheten
så ber vi for dem
slik også du gjør, Herre.
La dem forstå at de ikke er glemt
La dem få kjenne kraften av ditt folks bønner
Vis oss hvordan våre liv kan bety en forskjell for dem
Vend våre hjerter til deres rop
når vi våkner
når vi spiser
når vi ber
når vi arbeider
og når vi går til ro
Å Gud, bevar dem i våre tanke
og la oss bære dem fram til dei i bønn
Alltid
Dagens unådde folkeslag frå Joshuaproject.net: Ungarske jødar
Bøn: "Gode Far! Sjå i nåde til den delen av paktsfolket ditt som bur og lever i Ungarn. Verna dei mot menneske som vil dei vondt. Læk dei for alle sår som holocoust påførte dei. Tal til dei gjennom Skriftene, og hjelp dei å sjå og godkjenna Jesus som Messias og som Guds einborne Son. Lat ljoset ditt stråla inn i hjarto deira slik at dei forstår at dei ikkje kan bli rettferdig for deg ved lovgjerningar og ritualer, men berre ved å stola på Jesus. Aus Anden din ut over dei i samsvar med dine lovnadar, og fød dei på nytt ved ditt vidunderlege ord. Send dine betrudde og åndsfylte vitner til dei som kan demonstrera din godleik for dei gjennom undervisning, bøn og gode gjerningar. Amen!"
torsdag 25. juni 2009
Dagens folkeslag frå Joshua project.net: Zaza Dimli, Tyrkia
Zaza Dimli tel over ein millionar menneske, dei snakkar sin eigen kurdiske dialekt, og lever i det grøderike område der Eufrat og Tigris har sine utspring. Der dyrkar dei korn og grønsaker og held husdyr.
Som alle andre kurdarar er dei undertrykte både politisk, språkleg og kulturelt. Kan nemna at for å halda folket nede sørger styresmaktene for at dei ikkje ein gong får gå på skule for å læra seg å lesa, skriva og rekna. Dette er den mest effektive form for politisk kontroll av folkegrupper som finst. Men det mest alvorlege likevel er at dei ikkje kjenner Jesus og den frelse og fridom som berre han kan gje oss menneske. Kunnskapen til frelse er det berre Guds kyrkje som kan gje dei, og me har så langt ikkje funne nokon grunn til å anstrenga oss i så måte.
Religionen deira er ei blanding av islam og den gamle persiske trua som vart forkynt av Zaratustra. Difor vert dei ikkje godkjende av vanlege muslimar.
Bøn: "Å Herre, du som kjenner og elskar alle folk. Sjå i nåde til Zaza-Dimlikurdarane, og send dine vitner inn i deira områder for å dela evangeliet om Jesus med dei. Hjelp oss som trur på deg til å dra omsorg også for denne folkegruppa, og for heile det kurdiske folket. Å Gud, opna vegar for oss, og gjer oss viljuge til å gå dei. Me ber om frelse og fridom for desse menneska. Amen!"
onsdag 24. juni 2009
Jebala-arabarar i Marokko
Folketal: vel 1 million
Jebala-arabarane er muslimar og er rekna som unådde med tanke på evangeliet.
Herre, eg ber om at du skal opna dørene for evangeliet i Marokko, at gode evangeliske verktøy skal bli omsett og gjort tilgjengeleg på Jebala -arabisk og at du viser deg for Jebala-arabarane som Vegen, Sanninga og Livet. Mjuk opp hjarto til desse menneska og skap lengsel etter frelse i dei, og særleg ber eg om at nokre av dei respekterte leiarane deira skal bli frelst. Løys Jebalaane frå åndsmakter som har halde dei bundne i mange generasjonar, og eg ber om at di kyrkje skal etablerast som eit bruhovud for ditt rike i dette folket. Amen
Compass Direct melde 23.juni frå Lahore, Pakistan at Arshad Masih (37) den 20.juni vart overført frå sjukehus i Lahore til fengslet i Sialkot (på grensa mot India). Masih vart arrestert i desember 08 i heimbyen Gujranwala for eit ran som han i fylgje lokale advokatar umogeleg kan ha vore med på. Dette byggjer dei mellom anna på det faktum at dei som melde ranet har avkrefta at Arshad Masih tok del i dette her. Under ”avhøyr” brakk imidlertid politiet ryggen på Masih, og han har difor har vore på sjukehus i Lahore det siste halve året. Han vart utskriven frå sjukehuset 20.juni og tilbakeført til det ugjestmilde fengslet. No skal saka opp for retten. Politiet i Sialkot har no truga med å drepa Arshad Masih dersom han fortel retten om torturen.
Arshad Masih er kristen, og bakgrunnen for at han vart arrestert og tiltalt for ran, er i følgje Community Development Initiativ (CDI), at far hans, Iqbal Masih, aktivt forkynner Kristus i Sialkot. No ser det ut til at styresmaktene vil tvinga han til taushet ved å forgripa seg på familien. Kristne i Pakistan får det stadig vanskelegare etter kvart som islamismen breier seg i dette landet.
Be om vern for dei kristne i Pakistan.
Be om at Arshad Masih vert frikjent i retten, og at Gud må lækja ryggen hans.
Be for Iqbal Masih, at han ikkje let seg styra av frykt, men modig forkynner evangeliet trass i at Satan raser.
Be om at Gud auser Anden sin mektig over sine barn i Pakistan, utrustar dei og hjelper dei å lysa klårt for Kristus i eit samfunn der 95% av menneska er muslimar.
Be om at Gud skal hindra talibans frammarsj i landet.
Be om at Gud skal gå fram, og at landet skal bli gjesta med vekkjing.
mandag 22. juni 2009
Iran i ein skjebnetime
Lat oss be for Iran som no ser ut til å vera inne i skjebnetunge
døgn
Be om:
1) Guds nødvendige vern for alle iranarar som no demonstrerer mot regimet i landet,
2) at det som no skjer skal tena Guds verk i Iran,
3) fred og stabilitet for land og folk,
4) eit nytt regime som respektere religionsfridomen og menneskerettane,
5) at mange skal søka frelse og hjelp hos Jesus desse dagane
6) styrke for alle som kjem til Kristus trass i høg risiko
Må Guds ljos, fred og nærvær vera over deg når du ber, og må han gje deg den trua som verkar under.
Susanne framleis kritisk skadd
Kurdarane i nord-Tyrkia
Det er over 8 millionar kurdarar i nord-Tyrkia. Dei er i all hovudsak fattige bønder. Som alle andre kurdarar er dei politisk og kulturelt undertrykte, og dei er utsette for rasisme. Helsetenesta blant desse menneska er svært skral, og dei lir ofte av malaria, og mange har tuberkulose og trakoma (kronisk augebetennelse). Kurdarane er, som me har nemnt før, eit folk utan land. Dei tel meir enn 30 millionar menneske, og er spreidde over eit stort område i Irak, Tyrkia, Syria og Iran.
Bøn: "Herre Jesus Kristus! Me veit at dei kurdiske folka ligg deg så tungt på hjarta. Dei vert undertrykte av Satan og av mennesker. Eg ber om ditt ord skal nå fram til dei, frelsa dei og setja dei i fridom frå synd, skuld og skam. Kall kristne legar til å reisa til dei kurdiske områda i Tyrkia for å gje menneska der god medisinsk hjelp samstundes som dei deler evangeliet om Jesus med dei. Styrk dei få kristne kurdarane som trass alt er der. Fyll dei med Anden og gje nåde og kraft til å dela evangeliet med frendane sine, og til å etablera gode og vitale kyrkjelydar mellom dei."
Må Guds ljos, fred og nærvær vera over deg når du ber, og må han gje deg den trua som verkar under.
Evangelist drepen i Uganda medan han forkynte Guds ord
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
Det er 6 151 000 tyrkisktalande kurdarar i Tyrkia. Dei er eigentleg tospråkelege, og meistrar både tyrkisk og kurdisk (kurmanji). Kurdaran...