mandag 24. desember 2018

Pakistan: To kristne brør dømt til døden for blasfemi.


Det ser ikkje ut til at frikjenninga av Asia Bibi i pakistansk høgsterett har gjort stort inntrykk på dei lågare rettsinstansane i landet. Dødsdomen mot Qaiser og Amoon Ayub vart forkynt for 2 og ei halv veke sidan, og ber preg av manglande etterforskningsgrunnlag. Den er overfladisk og lettvindt. 

Brørne vart arresterte i 2014 etter at Qaiser skal ha posta såkalla respektlaust materiale på nettsida si.

Det me veit er at alt kan sporast attende til ein krangel mellom han og nokre vener på kontoret hans i 2010 der han vart truga på livet, og han og broren valde flykta utanlands. 

I 2012 kom dei attende, og i 2014 altså arresterte og klaga for blasfemi.

Qaiser administrerte ei nettside fram til 2009. Då stengte han henne ned. Men ein eller annan hadde klart å hacka seg inn og lagt til religiøst støtande materiale som var veleigna som utgangspunkt for eit blasfemiklagemål. Slik er brørne blitt eit lett offer for det justismordet som no er i ferd med å skje.

Dei har appellert domen, men som me har sett i Asia Bibi si sak, kan det ta år før saka kan handsamast av høgsterett.

Begge brørne er gifte. Qaiser har tre barn. Det som har skjedd har gått alvorleg ut over den mentale helsa til sonen hans som er 14.

Men det er lyspunkt også i Pakistan. For det første frikjenninga av Asia Bibi, dernest at kristne arbeidarar får auka lønene sine og at det ligg på trappene ein vesentleg revisjon av lovverket som skal ivareta kristnes rettar på ein betre måte.

Herre Jesus Kristus! Du kjenner denne saka, og be ber i dag om at du skal koma Qaiser og Amoon og familiane deira til unnsetning. Dei treng di hjelp, og me ropar til deg på deira vegne. Må alle falske klagemål fråfallast i ditt namn, og mennene få fridomen sin attende. Takk for tendensar til positiv utvikling i Pakistan, og me ber om at kristne og andre minoritetar skal få sine grunnleggjande rettar oppfylte i dette landet. Amen!

mandag 17. desember 2018

Venezuela


Flatemål: 912 050 km2. Folketal: 31 700 000. Hovudstad: Caracas.
Sjølv om Venezuela er verdas fjerde største oljeprodusent, er landet lutfattig og på randa av totalt samanbrot. Dette har sine grunnar. Landet tålte ikkje finanskrisa i 2008 og oljeprisfallet som følgde. Venezuela er i stor grad er avhengig av oljeproduksjonen og høg oljepris. 

Vidare har den sosialistiske presidenten Nikolas Maduro (som styrer diktatorisk) nasjonalisert næringslivet, ekspropiert næringseigedomar. Folk med kunnskap og kompetanse er blitt erstatta med inkompetente menneske. Resultatet er produksjonssvikt og mangel på forbruksvarer og medisiner. 

Den djupe fattigdomen har utløyst ein flaum av alvorleg kriminalitet som gjer fattigdomen enno djupare. 

Dessutan er korrupsjonen naturlegvis skyhøg. Landet er insolvent og i praksis konkurs. Politisk har Maduro erstatta den demokratisk valde nasajonalforsamlinga med ei handplukka forsamling på 545 personar som styrer ved hjelp av dekreter. Forsamlinga er i direkte ansvarlege overfor presidenten, og dei har som oppgåve å gje landet ei ny grunnlov som overfører makta i landet til Maduro. 

I dag er situasjonen den at denne mannen utelukkande kjempar for seg og familien sin, og det siste er at han har opna landet for Vladimir Putin og russisk militært nærvær (som Cuba gjorde det i 1962), og i sist veke landa bombefly med mogeleg atombombelass i Caracas. Det kan føra til ein farleg konfrontasjon med USA både i Karibia og i Asovhavet der Ukraina i si naud ber om at Nato må koma med marinen sin og gje dei hjelp mot Russland som har stengt innlaupet til Asovhavet for Ukraina.  

I Venezuela er 84% kristne, av desse 3,2% evangelikale.  Resten er romersk katolske. Synkretismen er dominerande, og folk blandar kristendom med islam, hekseri, voodo og spiritisme. Resultatet er som alltid: åndsbesettelse. 

30 indianske folkegrupper må reknast som unådde. Styresmaktene hindrar aktivt dei som vil driva misjon desse. Både antropologane og venstresida i politikken ser på kristen misjon retta mot urbefolkningsgrupper som skadeleg aktivitet.

Gode Far! Me ber i Jesu namn om at regimet til Nikolas Maduro og hans medsamansvorne skal bryta saman, at makta igjen skal overførast til nasjonalforsamlinga, og at landet skal få ein rettsindig, kunnskapsrik og klok president med demokratisk sinnelag. Må den venezuelanske befolkninga venda kollektivt om til deg, sanna syndene sine og ropa til deg om nåde og hjelp, og må du bønhøyra dei frå himmelen. Stopp i Jesu namn djevelens gjerningar i Venezuela. Me ber også for dei nådde folkegruppene i landet, at du skal opna dørar slik at evangeliet om Jesus kan nå inn til dei, og me ber i hans namn om at di kyrkje skal plantast i alle desse gruppene, kyrkjer fulle av lys, kjærleik og kraft. Amen!



søndag 16. desember 2018


INDIA: Sterk kyrkjevekst i Uttarpradesh. Styresmaktene svarar med å intensivera åtak på kyrkjer
Kjelde: VOM Australia


 

Kristne i fengsel i Uttarpradesh. Foto: VOM, Australia
Det er hinduistiske nasjonalistleiarar som står bak denne nye kampanjen mot kristne i delstaten. I følgje leiaren for eit kyrkjeplantingsnettverk, blir fire til fem kyrkjer utsette for åtak kvar dag, og talet på kristne som blir arresterte er ukjent.

Grunnen til åtaka er den veldige kyrkjeveksten i delstaten, og talet på kristne er mykje høgare enn styresmaktene tidlegare har forstått. «Kyrkja er alt for stor til å bli oversett,» seier kyrkjeleiaren.

Kjære Herre Jesus! Me takkar for alle nye kristne i Uttarpradesh, for kyrkjevekst og alle nye kyrkjelydar som blir planta. Lat evangeliet gå fram i delstaten, og vekkinga breia seg som ein skogbrann som aukar i kraft og omfang time for time. Styrk alle som er utsette for forfølging slik at dei ikkje fell frå trua og fornektar deg, men berre blir sterkare som kristne,  står fast og går frå kraft til kraft, inntil dei ser deg som du er. Fordriv åndsmaktene som vil hindra evangeliet, gje dei truande eld i hjarto, og lat di kraft strøyma gjennom dei slik at under og teikn og mektige gjerningar skjer når dei ber. Me ber i ditt namn.| Amen!

torsdag 6. desember 2018

114 kristne arrestert i Iran sist veke

Ebrahim Firouzi

World Watch Monitor melde i går at 114 kristne er blitt arresterte i Iran sist veke. 140 den siste månaden. Dette er enno eit tiltak for å skremma dei truande frå å vitna om Jesus for muslimar.'

Dei fleste er sett fri att, men alle har fått mobiltelefonane sine konfiskerte med tanke på nærare undersøkingar. Alle måtte skriva om sine kristne aktivitetar, og dei fekk sterke åtvaringar mot å halda fram som aktive kristne.

Dei arresterte med kristent leiaransvar vert framleis haldne i fangenskap.
Denne arrestasjonsbølgja kom parallelt med at mor til Ebrahim Firouzi, som har site i fengsel sidan 2013, døydde av kreft. Mora og sonen ville så gjerne møta kvarandre medan mora framleis var i live, men fekk ikkje lov til det. 

Slike ting som no skjer er vanleg oppunder jul i Iran. Dette er styresmaktene sin julepresang til den kristne minoriteten i landet. Men dei let seg ikkje knekka. Den iranske evangelikale kyrkje er den mest vitale i heile verda.

Kjære gode Far! Me ber om at du trøystar og styrker Ebrahim Firouzi i sorga over mora, at lindrar hans smerte og lettar hans liding. Takk at du kan setja han fri når det måtte passa deg, og det ber om at du skal gjera snarleg. Og så må du i Jesu namn gje dei som no er komen i politiets søkelys stor standhaftighet slik at dei ikkje let seg skremma, men står faste i trua og i tensta for evangeliet. Amen!

Bindfolket i India


Bindfolket i India tel nesten ein million menneske. Dei er fiskarar og korgbindarar med liten interesse for utdanning. Bindfolket er hinduar og tilber lokale gudar som Hanu-man, Hatti og Sodhi Devta. Det er svært vanskeleg for polyteistar å forstå at dei må snu ryggen til gudane sine og tilbe og tena dei eine sanne Gud som har skapt himmel og jord. Bindfolket snakkar eit språk som blir kalla bhojpur, og det føreligg ei omsetjing av Det nye testamentet som er tilgjengeleg for dei. Men analfabetismen er stor, så her må det satsast på audiopresentasjon av evangeliet.

Herre Jesus Kristus! Du som gav ditt blod til soning for all verdas synd, må krafta i ordet om krossen løysa bindfolket ut av hinduismens mange løgner og djevelens veldige kraft. Må dei få sjå syndene sine, og forstå i djupet av hjarta at ingenting anna enn ditt dyrebare blod kan fjerna den skulda dei ber på. Løft dette folket opp og vekk i dei lyst til å læra seg lesekunsten, slik at dei kan søkja ny kunnskap, særleg om deg og dine ting, du som elska dei og gav deg sjølv for dei. Må det bli etablert ei sterk bindkyrkje i India, full av nåde og kraft, eit fyrtårn for heile folket og mange andre folk i dette veldige landet. Amen!

m16457.png

mandag 3. desember 2018

Nederland: Kyrkje i Haag feirar kontinuerleg gudsteneste for å beskytta ein armensk flyktningefamilie frå å bli sendt ut av landet.



 
Kjelde for denne saka er Joel News International

I følgje nederlandsk lov kan ikkje politiet gå inn i ei kyrkje og arrestera nokon så lenge det blir forretta gudsteneste der. Den armenske familien har fått avslag på asylsøknaden, men har søkt tilflukt i kyrkja, og prestar og pastorar frå mange ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn har gått saman om å halda gudsteneste i kyrkja 24/7 for å beskytta denne familien mot utsending.

Theo Hetterna som er leiar for Generalkonsilet for protestantisk kyrkjer i Nederland, seier at dei vil halda på så lenge det er naudsynt, og at dette er ein fin måte å praktisera bodet om å elska nesten som seg sjølv.

Tamrazyanfamilien, inkludert dei tre barna Hayarpi, Wahrdui og Seyran, flykta frå Armenia og har budd i Nederland sina april 2010. No, etter åtte år, har dei fått endeleg avslag og beskjed om å forlata landet.
Ideen om døgnkontinuerleg gudsteneste var det Axel Wicke som kom på. Dei har laga ei tjukk bok full av liturgi som dei les og syng time etter time etter time. Dette er flott pastoralt dugnadsarbeid.
Familien håpar no at styresmaktene skal gripa inn. I Nederland er det ei lov som seier at barn som har vore i landet i meir enn fem år skal få fullt amnesti.



Tamrazyanbarna, foto: PKN

Styresmaktene vil ikkje kommentera det som skjer i denne kyrkja i Haag, men det skal vera forhandlingar på bakrommet mellom dei og dei som har teke ansvar for familien. Dei håpar på eit positivt svar før jul. Det ville vore høveleg med tanke på innhaldet i denne høgtida.

Gode Jesus! Me ber om at du skal ta godt vare på denne familien og at styresmaktene i Nederland skal gje seg sjølve ein sjanse til å omgjera utsendingsvedtaket. Du er ein Gud som gjev framtid og håp, og me ber om ei trygg framtid for Tamrazyanfamilien, og at du skal halda dei oppe med di rettferds høgre hand. Amen!  




Dei sameinte arabiske emiratane

Dette landet har eit areal på vel 77 000 km2. Folketal omlag 5 millionar. Hovudstad: Abu Dhabi. Om lag 8 % av befolkninga er kristne, 1,2% evangeliske. Resten er muslimar. Dei fleste kristne er utanlandske arbeidarar. Det er tåleg greitt å vera kristen i Emiratane, men blir ein for ivrig og direkte i evangeliseringsarbeidet, risikerer ein forfølging. Likevel opplever kyrkja ein mirakuløs vekst. Mange arabarar møter Jesus på ein svært personleg måte gjennom draumar og syner.

Emiratane er ein steinrik moderne oljenasjon.

Takk gode Gud for det du gjer i Emiratane for tida. Og me ber om meir. Må innbyggjarane oppleva islam som ein tom religion, og at dei kun kan bli heile og sanne ved å ta imot frelsa i Jesus Kristus. Me ber om at ordet ditt skal bli tilgjengeleg for alle i landet, at kyrkja di skal vera full av ihuge for deg og di sak, og at dei truande skal leva misjonale liv. Må din kjærleik forvandla nasjonen frå innsida, og må alle innbyggjarane der bli djupt råka av din kjærleik. Du har velsigne denne nasjonen økonomisk, og me ber om at milliardane deira skal stillast til disposisjon for evangeliet. Amen! 


Dagens unådde: Ergongfolket i Kina


Ergongfolket tel 63 000 menneske og lever i Sichuanprovinsen vest i Kina. Dei er tibestanske buddhistar, og har som eit mål i livet å kunna besøka ein heilag buddhistisk lokalitet i Tibet. Status: Heilt unådde. Få kristne har høyrt om dei, og ingen har prøvd å nå dei. Språket deira er kallast horpa, og det føreligg ingen bibeldeler eller annan kristen litteratur på dette språket.

Lat oss be!
Kjære Herre Jesus! Du gav livet ditt i døden for ergongfolket, som du gjorde det for oss. Me ber om at hankinesiske kristne, på sin veg attende til Jerusalem, skal bringa evangeliet også til ergongfolket. Me ber om at denne gruppa ikkje skal bli oversett når du no byggjer di kyrkje i Kina, men at du skal koma til dei, slik du kom til oss, at Bibelen skal bli oversett og gjort tilgjengeleg på språket deira, at dei skal bli lesekyndige, at din Ande skal bli aust ut over dei og at den nye dagen skal renna over denne delen av Kina. Amen!

søndag 2. desember 2018

Kristen stammeleiar drepen i Nigeria



 

Release international melder om stor uro i Kadunaprovinsen i Nigeria. Tusenvis av kristne er dei siste åra vorte drepne i dette området, og i oktober tørna kristne og muslimske ungdomar saman i regulære kampar, med det resultat at 55 vart drepne.
Den kristne stammeleiaren Dr. Raphael Maiwada Galadima vart fortvila over situasjonen, og reiste for å besøka området. Då han skulle reisa attende, gjekk ei gruppe menn til åtak på følgjet hans. Fire sikkerheotsvakter vart drepne og Dr Raphael kidnappa. Det vart betalt ut løysepengar for han, men den 26.oktober drap dei han likevel. Han er den andre kristne samfunnsleiaren som har blitt drepen på denne måten i Kaduna dette året.
I gravferda hans kalla erkebiskop Matthew Man-Oso Ndagoso folk til å søkja fred. Han sa at dei kristne ikkje er i krig med muslimane, men mot fanatikarar, kidnapparar, terroristar og opportunistar som er kriminelle i eikvar tyding av ordet. Seks mistenkte er no arresterte i samband med denne saka, og minst ein av dei er medlem av islamistgruppa Boko Haram.

Lat oss be!
Kjære gode Gud og Far! Me ber for dei kristne i Kadunaprovinsen som lever i konstant fare for liva sine. Styrk dei mektig med din Ande, og hjelp dei å halda hovudet kaldt og hjarta varmt, og ikkje omvendt, som det ofte har så lett for å bli i vanskelege tider. Trøyst dei som no sit att i sorg etter Dr. Raphaels død, og også pårørande til dei som vart drepne i gatekampar. Så ber me om at du skal lamma Boko Haram og andre islamistar slik at dei ikkje lenger kan utøva vald mot di kyrkje og dine barn, og me ber om stor framgang for ditt rike i Kadunaprovinsen. Amen!

lørdag 1. desember 2018

Eritrea: Twen Theodros betaler ein høg pris for sitt kristne vitnemål


Twen Theodros - Photo: VOM U.S.
Voice of the Martyrs (VOM) melder: 

Twen Theodros har tilbragt 13 år bak fengselsmurane i Eritrea. Grunnen til dette er at ho er pinseven, og at ho har vore eit tydeleg vitne om Jesus Kristus som den einaste vegen til Gud.

Trass i at ho er blitt behandla ille, blir denne unge kvinna omtala som ein dyrebar og kjærleg kristen som alltid meir oppteken av at andre skal ha det bra enn av sin eigen situasjon.

Ei tid sat ho innesperra i ein skipskonteiner, mellom anna saman med ei kvinne som heiter Helene Berhane. Helene var i dårleg forfatning, og Twen tok vare på henne og stelte med henne, vaska såra hennar, gav henne mat og tok slaga hennar når det var noko ho skulle straffast for. Helene kalla Twen berre for «Ester».

Organisasjonen Release International har no lukkast å få kontakt med Twen i det fengslet ho oppheld seg i. Dei ville gjerne at ho skulle dela nokre bøneemner med dei som dei kunne formidla vidare. Då sa ho: Det einaste eg vil at folk skal be om er at Gud skal bli herleggjord i Eritrea.

Twen er no i 30-åra, og me skal be:

Far i himmelen! Me ber, på Twen si oppfordring, om at du skal bli elska og æra av alle som bur i Eritrea, av høg og låg, av mektige og avmektige, rike og fattige. Me ber for Twen og alle andre som som sit fengsla, og alle som på andre måtar blir forfølgde for trua si. Styrk dei mektig med din Ande, og gje dei alt dei treng for liva sine. Me ber om nye tider for Eritrea, at det regimet som no sit ved makta skal falla og bli erstatta med leiarar som er rettferdige og humane. Me ber i Jesu namn, amen!

Du må gjerne ha Twen med deg i bønene dine framover.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...