onsdag 26. juni 2019

Brahminarar i Bangladesh

Bangbladesh er eit muslimsk land, og det er ikkje beint fram å vera brahminer, ein hinduprest, der. Dei fleste driv då ikkje heller på med rituelle handlingar, dei er å finna i diverse leiande posisjonar i næringslivet. Det er 603 000 brahminarar i Bangladesh. Ingen av dei er kristne. Det er grunn til å tru at skulle nokre av dei koma til tru, ville det ha stor betydning for mange andre også.

Herre Jesus! Me ber om det i ditt eige namn, at nokre av desse høgkastefolka skal koma til tru og bli sanne, dedikerte og åndsfylte kristne. Send åndsfylte apostlar til dei som kan tala ordet ditt til dei på ein overtydande måte, og ver du med dei og stadfest ditt ord med under og teikn som du let tenarane dine gjera i ditt store namn. Amen!

Map of Brahmin in Bangladesh

India 9. Kerala

Kart over Kerala

Folketal: 37 mill. fordelt på 408 folkegrupper. 65,2% hinduar. 24,7% muslimar. 20% kristne. Hovudstad: Trivandrum

Kerala er etter det tradisjonen fortel den plassen der apostelen Tomas kom for å forkynna evangeliet. I alle fall, den kristne kyrkja i Kerala har gamle røter, og dei syriskortodokse kallar seg likefram for Tomaskristne. Dei fleste i denne kyrkja lever introvert, og er vorten ein akseptert del av det hinduistiske kastesystemet. Dei har tilpassa seg. Nokre få av dei bryt ut for å forkynna evangeliet på tvers av grupper og kastar. I tillegg har det dei siste åra vakse fram mange uavhengige evangeliske kyrkjer som ivrar for misjon og evangelisering (det er forresten  djup mistru og spenning mellom dei gamle kyrkjene og dei nye). Sidan det kristne innslaget i Kerala er så sterkt, det er snakk om over 19% av befolkninga, er dei 36 millionane som bur der velutdanna. 90% kan lesa og skriva.  Kerala er ein framgangsrik stat i India. Dei siste åra har store mengder kastelause, dalitar, strøymt til Kristus. Likeverd-idealet i pinsekyrkjene dreg dei gjerne dit. Når dei vert frelst går dei frå å vera mindre verd enn hundar, til å bli Guds kongsbarn og arvingar til himmelriket. Det er litt av eit sprang i status.
Trass i framgang for evangeliet, er det mange avgudar å sjå i Kerala, og trykket frå demontilbeding er massivt. Her trengst det også bøn.  


  • Be om gjennombrot for evangeliet mellom dei kastelause, og at dei skal bli løfta opp på alle livsområder.
  • Be om at dei kristne skal venda om frå diskriminerande tankegong, og at kyrkja  skal bli reinsa for hinduistisk påverknad.
  • Be om at Jesus skal bli stor for dei kristne, og at kjærleiken til Han skal definera liva deira.
  • Be om at dei skal bli ekstroverte og misjonerande i sin livsstil
  • Be om at dei skal elska kvarandre og kjenna på ein djup brorskap
  • Be om at dei skal ta oppgjer med all religiøsitet og ritualisme


tirsdag 25. juni 2019

India 8. Jharkhand

75000 km2. 32 mill innbyggjarar fordelt på 415 folkegrupper. Offisielle språk: Hindi, santal, bengali, oriya, khota.
68% er hinduar, 14% muslimar, 13% animistar, 4-6% kristne.
Hovudstad: Ranchi

"Landet med skogar og åsar" er ein av Indias yngste delstatar. 80% av innbyggjarane er fattige bønder. Det er store uutnytta naturressursar i Jharkhand, men utdanningsnivået er svært lågt, og føresetnadane med tanke på alternativ næringsdrift er små.

Det har alltid vore mykje uro i Jharkhand. Folk står mot folk, og stamme mot stamme. Maoistane er sterke i området og har som program å påføra samfunnet skade.

Det er mange som driv misjon i Jharkhand, m.a. OM, AoG og den tyske Gossnermisjonen. I fleire av folkegruppene er opp mot 50% av innbyggjarane kristne.
Men det er mykje motstand, og støtt og stadig hissar nasjonalistiske hinduar opp stemningen mot dei kristne, og då bryt det ut forfølging.

Fleire folkegrupper med over 1 million menneske er heilt uberørte av evangeliet, m.a det muslimske folket shaikh som tel 3 mill.


  • Takk for alt godt som skjer i Jharkhand. Be om at nye truande skal bli grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og Guds kyrkje, og rikt utrusta til all god gjerning.
  • Be om at dei truande må ha ryggrad til å tola forfølging på ein strålande måte.
  • Be om at det skal etablerast nye skular i delstaten slik at alle kan læra seg å lesa og skriva
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle levande språk, og spreidd utover til alle heimar
  • Be om at dei unådde skal få full fokus frå misjonane og kyrkjene.
  • Be om at freden skal seinka seg over folk i denne delstaten
  • Be om at maoistane skal leggja ned sine våpen
  • Be om at dei kristne skal gå i spissen for å heva utdanningsnivået blant vanlege folk



India 7. Karnataka

Areal: 74061 km2. Folketal: 61 131 000 fordelt på 744 folkegrupper.  Delstaten er i stor grad sett saman av dravidiske stammer som 2000-1500 f.Kr vart fordrevne sørover av indoeuropearane frå Sentral-Asia. Det blir snakka 19 språk i Karnataka. 65% snakkar kannada, 10% urdu, 8%  telugu og 5% tamil.
Hovudstad: Bangalore 7,2 millionar. Bangalore er den leiande IT byen i India, og dermed i resten av verda.

Religion: Hinduisme 84%, islam 12,2%, kristendom 2%.

Kernataka er den fattigaste av statane i sør. Dei kristne er passive, sjølvopptekne og isolerte. Dei verkar motlause, og ekstreme hindugrupper jobbar hektisk for å få vedteke antikonverteringslover. Dei går ofte til åtak på kristne, det er snakk om over 1000 anslag per år i gjennomsnitt.

Det har vore gjennombrot for evangeliet i folkegruppa lingayat, som er nådd utelukkande gjennom innsatsen til lingayatkristne.

Sårbare grupper: Banjara (sigøynarar). Devadasijenter. Desse ver ofte blir selde til tempelprostitusjon (det er snakk om så mange som 50000 per år). Dei 70000 gatebarna i Bangalore.

Det er 79 andre heilt unådde folkegrupper i Karnataka.


  • Takk Gud for det som skjer i lingayatfolket, og be om at nye truande skal bli grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og Guds kyrkje.
  • Be om at denne vekkinga skal bli permanent, og at rørsla skal spreia seg over heile delstaten
  • Be om at dei kristne i delstaten skal reisa seg, bli fornya ved Den Heilage Ande og modig forkynna Guds ord til høg og låg i samfunnet.
  • Be om at Gud skal stadfesta vitnemålet deira med sine undergjerningar
  • Be om at dei kristne skal stå fram som leiarar i samfunnet og fjerna prostitusjon, finna gode heimar for gatebarn, og få opp og gå alle dei funksjonane som er naudsynt om eit samfunn skal fungera godt. 
  • Be om at Gud skal tukta hindugruppene som stadig går til åtak på kristne

mandag 24. juni 2019

Bihari, Bangladesh

I samband med at India vart splitta opp i to nasjonar i 1947, flykta mange muslimar som budde i Bihar til Aust-Pakistan, det som i dag er Bangladesh. Under borgarkrigen kjempa dei mot brutalt hinduane. Etter krigen vart dei utsette for fælslege hemnaksjonar, og måtte flykta austover.  Der bur no 942 000 av dei i flyktningeleirar som har utvikla seg til slumområder der sanitærtilhøva er katastrofale og smittsame sjukdomar florerer. Bangladesh gjer ingenting for å integrera biharifolket, og dei får ikkje statsborgarskap. Det er trasig, for desse menneska er dyktige og hardt arbeidande og kunne vore ein skikkeleg ressurs for eitt av verdas fattigaste land. Dei snakkar urdu, og dermed kan dei lesa Bibelen, i alle fall dei som KAN lesa.

Herre Jesus! Du som betalte den ultimate prisen for vår frelse, me ber om at du skal ta deg av biharifolket i Bangladesh og løfta dei opp åndeleg, sosialt, økonomisk, moralsk og politisk. Bryt djevelens makt over liva deira, og gje dei del i ditt rike og ditt rikes enorme velsigningar. Amen!

Bøn for statsminstervalet i Storbritannia

Det konservative partiet i Storbritannia skal den 20. juli velja ny statsminister etter Theresa May. Det er viktig for oss alle at det blir rett person som inntek Downings Street 10.

Be om at det blir ein som kjenner Gud, ein som har god sjølvkontroll, orden på familielivet sitt, ein god og analytisk hjerne og eit varmt hjarta, ein som har autoritet nok til å samla folk som helst vil gå i mange ulike retningar, ein person som både er modig og bestemt, og ein som har visjonar for landet.

For meg ut som om Jeremy Hunt, Michael Grove og Rory Stewart kan vera gode kandidatar.  Boris Johnson er populær, men fell gjennom i forhold til tru, sjølvkontroll og familieliv. Sajid Javid har muslimsk bakgrunn, men er ikkje-praktiserande. Han har ei kristen kone, nyt høg respekt og har gode verdiar.

Går det bra med Storbritannia, går det bra også med mange andre.

Det er forresten ufatteleg kjekt at tre av fem personar er definerte og tydeleg kristne. Akkurat DEN er litt uslåeleg i dagens Europa.
Sajid Javid
Michael Grove

Jeremy Hunt












Rory Stewart
Boris Johnson

søndag 23. juni 2019

India 6. Gujarat

Gujarat ligg på vestkysten av India, og grensar til Pakistan. Det var denne delstaten Mahatma Gandhi kom frå, og det var her han gjennomførte den vidgjetne Saltmarsjen som ein del av sin kamp mot den engelske kolonimakta. Staten har eit flatemål på 196000 km2, og folketalet er på litt over 60 millionar fordelt på 631 ulike folkegrupper. Hovudstaden er Gandhinagar med kun 230000 innbyggjarar. Den største byen er Amenhabad med rundt 6 mill.

89,1% er hinduar, 9,1% muslimar, 1% jainistar, 0,6% (usikkert tal) er kristne.

Gujarat er eit senter for religiøs spenning og forfølging. Hinduekstremistar har, saman med politi, politisk leiing og administrativ leiing lagt opp ein plan for å skremma, baktale og harsellera med kastelause muslimar og kristne. Anitkonverteringslover vart vedtekne i 2003. Desse lovene gjorde det omtrent umogeleg for kristne å evangelisera og driva med kyrkjeplanting. Desse lovene gjeld sjølvsagt ikkje for hinduar som prøver å omvenda muslimar og kristne.


  • Dei fleste kristne er katolikkar og metodistar. Men nokre sjølvstendige kyrkjelydar med rein indisk identitet har også slått røter dei siste åra.  Be om at alle kristne skal oppleva personleg fornying, og at kyrkjene skal bli vitaliserte, utrusta og sameinte, og at Den Heilage Ande skal gjera eit kraftfullt verk i folket sitt i Gujarat. 
  • Det er signifikant kyrkjevekt i tre distrikt som eit resultat av framstøytar frå indiske misjonar, men delvis også av god drift i eksisterande kyrkjer. Be om at vekkinga i desse samanhengane skal spreia seg, at Anden skal jobba på djupet med folk og smått og senn løysa folk frå hinduismens mektige åndskrefter og føra dei fram til tru på Jesus og barnekår hos Gud. 
  • Det er mange heilt unådde folkegrupper i Gujarat, og 20 av dei har over 100 000 representantar. Be om at Gud sender apostlar inn i desse gruppene, folk med rett utrustning som kan demonstrera Guds kraft og godleik, vinna menneske for Kristus, grunnleggja nye kyrkjelydar, disippelgjera dei truande og utrusta dei til teneste for Jesus.
  • Det er mange frå Gujarat som har emigrert til Afrika og Storbritannia, men lite vert gjort der for å vinna dei for Jesus. Be om at dette må endra seg, at nokre krisnte må fatta kjærleik til dei og begynna med systematisk arbeid for å nå dei med evangeliet, og be om at dei skal lukkast.   


lørdag 22. juni 2019

India 5. Goa

Goa vart den første europeiske kolonien i India då portugisarane kom til landet på 1600-talet. Det bur berre 1,7 millionar menneske der. 26% av dei er kristne, omtrent alle katolikkar.


  • Turistnæringa er stor i Goa, og med turismen kjem det narkotikatrafikk og barneprostitusjon.  Be om at styresmaktene må få ein slutt på dette vondet. 
  • Be om nytt åndeleg liv i den katolske kyrkja. 
  • Be for dei få evangeliske kristne i området at dei lever som åndsfylte og velutrusta disiplar  med misjonale intensjonar.
  • Be om at dei skal leva i sterke og varme kristne fellesskap

India 4. Dehli


22 millionar menneske fordelt på 589 folkegrupper. 82% hinduar 11% muslimar, 4% sihkar, 1% kristne. Mange kristne kyrkjesamfunn og misjonar har hovudkontora sine i Dehli.

  • Det vil ha stor betydning for heile India om Guds ord får framgang i denne byen. Be om det. 
  • Dehli har enorme problem knytta opp til tilflytting. Byen esar ut, og millionar av menneske bur utan framtid i slumområder utan reint vatn, kloakk eller annan infrastruktur. Be om Guds intervensjon. 
  • Be om at det skal plantast kyrkjer i slummen som er i stand til å setja inn tiltak i høve til helse og skule. Det er 3000 kyrkjer i Dehli som kan bety ein forskjell her. 
  • Be også om inititativ over dei mange etniske minoritetane i byen. 

fredag 21. juni 2019

India 3. Chhattisgard

I denne delstaten bur det vel 25 millionar menneske fordelt på 450 ulike folkegrupper som snakkar 98 ulike språk. Hovudstad er Raipur med 1 million innbyggjarar. 94,7% er hinduar. 2% er muslimar og 1,9% er kristne,

Chhattisgarh er politisk sett ein ung stat med mange konfliktlinjer. I staten er det rike mineralførekomstar og store skogar og fruktbare sletter. Men folket der manglar utdanning. 20% er analfabetar, og staten manglar infrastruktur, investorar og kompetanse. 

Politisk er det kraftig spenning mellom marxistar som gøymer seg i skogane, og hinduaktivistar. Den siste gruppa reagerer gjerne med vald mot folk som konverterer til kristendomen, og mot evangelistar og misjonærar. Men folk kjem til tru, og det veks fram nye huskyrkjer i akuande fart. Pga analfabetsime og fattigdom, er holistisk teneste, evangeliske filmar og personleg evangelisering dei viktigaste og mest effektive arbeidsmetodane.

Chhattisgarh blir omtala som stammefolka sitt heimland, og mange av desse folka tilhøyrer dei kastelause. Hinduistpartiet BJP neglisjerar dei kastelause fullstendig heilt til dei blir kristne. Då blir dei utsette for stygge åtak.


  • Be om at dei truande i Chhattisgarh skal styrkast ved Den Heilage Ande, bli grunnfesta i trua, sterke i nåden og frimodige i sitt kristne vitnemål.
  • Be om misjonærar som kan gjennomføra effektive og omfattande alfabetiseringprogram mellom dei kristne.
  • Be om at dei truande skal halda saman i nærande fellesskap. 
  • Be om at kyrkjelydane skal bli verna mot åtak, at dei truande skal leva utan frykt.
  • Be om at under og teikn skal skje i kyrkjelydane, og at dei kristne kan evangelisera i Andens kraft, og at Gud er med og stadfestar Ordet med dei medfølgjande teikn, at sjuke vert lækte, demoniserte sette fri, at døde står opp osv. 



India 2. Bihar


Bihar ligg på Gangessletta og har over 100 millionar menneske fordelt på 377 ulike folkegrupper som snakkar 21 ulike språk. Dei fleste er bønder (leilendingar). Hovudstaden er Patna med sine 2,3 mill innbyggjarar. 83,2% er hinduar, 16% muslimar, 0,1 % kristne.  Bihar er Indias fattigaste delstat, og namnet står som eit symbol for elendigheit. Bihar har ei fortid å vera stolt av, men staten blir i dag leia av inkompetente menneske som ikkje har anna horisont enn å slost for seg sjølv og sine næraste. Resultatet er ekstrem korrupsjon, djupe spenningar og indre strid i befolkninga.

Bihar er herostratisk kjent for å vera ein "gravplass for misjonstiltak". Det åndelege trykker er enormt, fattigdomen ekstrem, analfabetsimen utbreidd, tilgang på skriftlege ressursar mangelfull. Det er sterk motstand frå hinduar som ikkje ønskjer kyrkja velkomen, og forfølgingar bryt lett ut. Stemningen er lite gjestfri, og malaria er eit konstant trugsmål mot misjonærane sine liv.

Det er idag inga kristen stemme i det offentlege livet i Bihar.

Likevel er det 4000 indiske misjonærar som jobbar her i det stille, ein innsats som no begynner å kasta av seg i form av nye kristne.

Det er lite samarbeid mellom ulike kristne arbeidslag og kyrkjer. Her er det mykje å henta.

  • Be om at Gud skal møta innbyggjarane i denne staten med ein enorm kjærleik som han overraskande berre auser ut over dei.
  • Be om at dei få nye som no kjem til tru blir grunnfesta kristne som står støtt i stormane og som ber frukt for Kristus. 
  • Be om auka samarbeid og einskap mellom kyrkjer og misjonar. 
  • Be om at kyrkja skal utrustast og istandsetjast til å møte dei enorme menneskelege behova som er i denne delstaten.
  • Be om at Gud skal velsigna Bihar med leiarar av eit langt høgare format enn dei me ser i dag. 

torsdag 20. juni 2019

India 1


India er eit kontinent på 3 166 000 km2. Folketalet var i 2018  1 300 000 000. Det er rundt 420 per km2. Landet er delt inn i 28 statar og 7 regionar. Hovudstaden er New Dehli med 23 millionar menneske. Andre store byar: Mumbai: 20 mill+, Kalikot (Calcutta) 14 mill+. India har 45 byar med meir enn 1 million menneske. Fertitliteten er 2,3. 31% av befolkninga er under 15 år.
72% av er av indoeuropeisk avstamming. 25% tilhøyrer dravidane, Indias gamle urfolk. 3% har mongolsk opphav.

India har den største etniske diversiteten av alle land i heile verda. Her finn me over 2500 distinktivt ulike folkegrupper, og me kan trygt seia at landet representerer den største av alle misjonsutfordringar i verda i dag. Dei alle, aller fleste unådde folkeslag i verda er å finna i India.

Dei indoeuropeiske språka dominerer. Hindi er nasjonalspråk, og blir snakka av 40% av befolkninga . 21,6% snakkar dravidske språk (det er 84 slike , og dei skil seg meir frå hindi enn hindi frå norsk). Totalt blir det snakka 456 språk.

Det sosiale livet i India er gjennomsyra av det hierakiske kastesystemet. Brahminarane (prestane) er på pyramidetoppen (dei har jo laga dette systemet), så kjem krigarane, handverkarane og nederst tenarane. Dei kastelause, dei såkalla dalitane (som oftast er dravidar) er på botn og har få og ingen rettar. Her finn me dei fleste kristne. Når ein dalit overgjev seg til Kristus, går han frå å vera det lågaste og minst verdfulle menneske på jord til å bli Guds kongsbarn som skal arva himmelriket. Trass i denne erkjenninga, er er også store deler av kyrkja prega av kastesystemet.

Det er forbode med diskriminering ut frå kaste, men det skjer heile tida. Kastesystemet er India og hinduismens sjel. Det er mange ulike kastar innafor dei store kastegruppene som eg nemnde, og totalt er folk inndelt i 4700 kastar og 25000 underkastar. Det må vera litt av ein jobb å halda styr på alt dette.

Det er på landsbygda kastesystemet har størst betydning. I byane er gjerne utdanningsnivået høgare, og det har sveikka denne gamle samfunnsordenen.

India er eit jordbruksland, men etter overgangen til marknadsøkonomi i 1991 har landet blitt ei tekonologisk stormakt i verda. Dette har skapt nye rike grupper.

Likevel lever 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense. Avstanden mellom fattig og rik er formidabel i dette landet. Men pga av kastesystemet og karmatenkinga, tek ikkje dei rike det inn over seg i nemneverdig grad. Her i dette landet får alle som fortent.

Av dei 400 millionar barn i landet, er 35 millionar foreldrelause, 11 mill kasta ut av familiane sine (90% jentar), 3 mill er gatebarn. Mange foreldre sel barna sine til slaveri for å kunna betala gjelda si. 1 million barn lever i prostitusjon, dei fleste er nepalesiske eller barn frå Bangladesh. 2/3 av barna opplever fysiske overgrep og trakassering, halvparten vert misbrukte seksuelt.

Det er stort underskot på kvinner. Mange jentebarn vert aborterte, og mange vert drepne etter fødselen. Jenter vert sett på som ein økonomisk belastning. Pga mangel på kvinner er massevaldtekter eit vanleg fenomen.

India er kalla verdas største demokrati, og vart sjølvstendig frå engelsk overherredøme i 1947. Kongresspartiet sikra lenge trusfridom, men etter at Hindutvapartiet kom til makta for nokre år attende, har kristne og muslimar opplevd både diskriminering og direkte forfølging. I dag er India det 10. verste landet i verda når det gjeld forfølging av kristne.

74% er hinduar, 14% er muslimar, 6% er kristne i følgje Operation World. CIA factbook operer med 2,3% kristne, men dette talet er nok kraftig underestimert.


  • Etter 1960 har kristen misjon eksplodert i India, og kyrkjeveksten har vore enorm. I 1973 var det 420 internmisjonærar i India. I 2010 var talet 100 000, i dag truleg langt fleire. Nye menneske kjem til tru i hopetal, og mange nye kyrkjer vert planta kvar dag. Takk Gud for dette. 
  • I særleg grad har dalitane kome til tru. Her er det snakk om masseomvendingar. Takk Gud for denne vekkinga. Men mange erfarer alvorleg forfølging. Be om at dei i skal erfara Guds vern, truskap og omsorg, og at India skal respektera menneskerettane.   
  • Be om at dei kristne skal venda seg bort frå kastasystemet,  og læra seg å sjå på sine medtruande som søsken og alle menneske som likeverdige. 
  • Be om at alle dei nye kyrkjelydane skal få gode leiarar som kan gjeta flokkane.
  • Be om at det skal gjennomførast leseopplæringsprogram for analfabetar, og at Bibelen skal bli oversett til alle levande språk 
  • Be om at den overveldande korrupsjonen som eksisterer mellom alle ledd i samfunnet skal ta slutt. 
  • Be om at Gud, gjennom si kyrkje, skal møta alle dei enorme menneskelege behova som er i dette landet. 
  • 40% av barna er underernærte. Be om samfunnsleiarane skal bryta ut av karmatenkinga og  læra seg å ta ansvar for landets smårollingar.
  • Be om at folk skal ha tilgang på reint vatn og rein luft. Forureinsinga er formidabel over alt. 
  • Be om heim og skulegang for alle dei 35 millionar foreldrelause barna. 
  • Be om at at himmelens Gud må reisa seg og verna kvinner og barn i India, og straffa alle som utøver overgrep mot dei.
  • Be mot hinduismen, at han skal smuldra vekk og missa makta si over folks liv og tanke.
  • Be om einskap mellom dei mange ulike kyrkjesamfunna i India.
  • Be om at evangeliet skal nå fram til alle dei mange unådde folkeslaga i landet  
  • Be særleg om at brahminarane og andre høgkastefolk skal bli nådde. Det vil vera umåteleg viktig for alle indarar.
  • Be om at Indias 15 millionar blinde og 50 millionar svaksynte skal få tilgang til Guds ord
  • Be om frelse for dei  140 millionar muslimane og dei 23 millionar sikhane i landet.
  • Be om at alle indarar skal kjenna til Bibelen, og ha tilgang til å lesa han. 
  • Be om interesse for og spreiing av god kristen litteratur.
  • Be om interesse for og spreiing av kristne korrsepondansekurs
  • Be om interesse for kristne filmar, radio og TV-program.
  • Be om frelse for dei 30 millionar indarane som lever i diaspora.







tirsdag 18. juni 2019

Dagens unådde: Pattani i Thailand


Pattanifolket lever sør i Thailand. Dei er muslimar, og hamnar ofte på kollisjonskurs med styresmaktene, og ofta i væpna konfliktar. Thailand er jo buddhistisk, og pattanifolket ønskjer helst å styra seg sjølv. Dei er bønder og fiskarar.

Pattanifolket tel over 1 millionar menneske, og er ein betydeleg maktfaktor der i sør.

Kjære Jesus! Miskunna deg over pattanifolket, og lat dei få høyra bodskapen om at det finst ein frelsar som har bore deira synder og oppfylt deira forpilktelsar, ein frelsar som vil vera nær dei og hjelpa dei med stort og smått i livet. Gje dei Den Heilage Ande, og overbevis dei om synd, rett og dom, og gje dei ditt lys slik at dei ser at dei er elska og at du er den som tok domen. Amen!


Island


På Island bur det godt over 300 000 menneske. Folket snakkar islandsk, eit språk som er over tusen år gamalt, og som dei tek godt vare på. Hovudstaden er Reykjavik. Dei fleste menneska bur i og nær hovudstaden.

Landet har ein spektakulær natur, forma av tallause utbrot frå vulkanar som framleis lever i beste velgåande. Med jamne mellomrom spyr dei ut lava, oske og store mengder vassdamp. Island ligg midt på den veldige Altlanterhavsryggen, og Vest-Island bevegar seg mot Amerika, Aust -Island mot Noreg. Skilje mellom desse to sonane går som ei sprekk gjennom landet, slik som her ved Thingvellir der dei to dalsidene langsamt fjernar seg frå kvarandre.

Thingvellir
 Dei største isbreane i Europa er å finna på Island, og den største er Vatnajøkull. Under denne er det eit stort magnakammer som når som helst kan eksplodera i eit øydeleggjande vulkanutbrot.

Landet har store naturressursar i form av vasskraft og fisk, og turismen er også ei stor og viktig næring. Elles driv folk på med sauer forutan handel og vandel og offentlege tenester, skule og helse osv.

Islands historie går attende til Eirik Raude som kom til Island for omlag 1100 år sidan. Dei vart tidleg eit skrivande folk, og forfattaren av Noregs kongesoger, Snorre Sturlason, var islending. Frå denne tida har landet også ein uvanleg rik litterær skatt i dei såkalla ættesogene. Av desse har eg sjølv lese Njålssoga, eit verk frå den tida då kristendomen gjorde seg gjeldande i landet og vart ein nasjonal og religion.

Island vert rekna som eitt av verdas eldste demokrati. Alle store spørsmål vart alt for tusen år sidan avgjorde på det årlege Alltinget der lover vart vedtekne, avtalar signerte og straffer bestemt.

Under finanskrisa 2008 gjekk bankane konkurs pga ville spekulasjonar gjennomført av finansfolk med stor tillit som investerte i luftslott med pengar lånt i Nederland og England. Bankar gjekk over ende, og så vidt eg hugsar var det tilfelle der vanlege folk mista både hus og heim.

Island har ei luthersk statskyrkje som 65% av befolkninga er med i. Nesten 8 prosent er med i ulike frikyrkjer. 4% er romersk katolske. 1,25% sverger til den gamle norønne åsatrua. 

Det har aldri vore ein gjennomgripande og transformerande vekking på Island. Det ber folket preg av. Her er det mykje rusmisbruk, normløyse, ytre religiøsitet og eit mørkt åndeleg drag over folk. Det har vore mykje fatal vald mellom folk i dette landet. 

  • Be om at kyrkja på Island skal bli gjesta av Den Heilage Ande, at dei truande skal bli heilt inntatt av Jesus og fylte av himmelens kraft og nærvær. 
  • Be om at kyrkja på Island skal ha varme, myndige, kunnskapsrike og modige leiarar.
  • Be om at vanlege folk skal bli råka av Guds heilage standard, venda om frå sine synder, ta si tilflukt til Jesus og bli forvandla av han. 
  • Be om at landet skal ha politiske leiarar som fryktar Gud, elskar hans lov, hatar urett vinning og som har den klokskap som krevst for si gjerning. 
  • Be om at folk for alltid skal vera løyst frå gamle religiøse og okkulte straumdrag.
  • Be om at islendingane skal bli eit venleg folk fylt av lys og glede. 

mandag 10. juni 2019

Dagens unådde: Jambi i Indonesia

Kjelde: joshuaproject.net.
Jambifolket lever på Sumatra, i eit område prega av regnskog og store elvesystem. Dei tel omlag 1 million menneske og er av royalt malayisk opphav, noko dei er svært medvitne om og stolte over. Språk: Malayisk og jambi. Religion: Islam, godt blanda med shamanisme og andre ting som tilhøyrer naturreligionane.

Kjære Herre Jesus! Me ber om frelse for jambifolket i Indonesia. Du sona syndene deira for å kunna tilgje dei og setja dei i fridom til å æra og tena deg i all æva. Gode frelsar! Du som betalte så dyrt for deira frelsa, må dei bli nådde med evangeliet. Gje dei Den Heilage Ande slik at dei kan tru på deg og få fred med Gud og evig liv. Fri dei frå islams mange løgner og frå demonane som alltid er så aktive i shamanismen, og gjer dei så audmjuke at dei kan ta imot din nåde. Velsign og beskytt dette folket i ditt eige namn, du som er deira rette konge. 

onsdag 5. juni 2019

Dagens unådde: Mandar i Indonesia

p13488.jpg

Folketal: 533000. Religion: Islam. Språk: Mandar. Deler av Bibelen er tilgjengeleg både skriftleg og munnleg. 
Mandar lever på Sulawesi.
Samfunnet er delt i tre klassar: Adelen, middelklassen og slaveklassen. 
Folket er lokalt styrt av ein konge. 
Folket er muslimsk, men det er mykje animisme, shamanisme og folketru i kvardagslivet deira. 

Kjære  Herre Jesus! I dag ber me om at du skal frelsa Mandarfolket i Indonesia frå synd og skuld, og frå djevelens lenker og øydeleggjande makt. Kom til dei med håp og glede i Den Heilage Ande. Send vitnene dine til dei, gjer Bibelen kjent for dei og lat orda i boka di bli levande for dei.  Amen!


m13488_id.png




lørdag 1. juni 2019

Tyskland dag 2


Sidan 1989 har Tyskland teke imot millionvis av flyktningar, asylsøkjarar, gjestearbeidarar og studentar. Nokre flyktningar er kristne, men dei alle fleste er muslimar som ikkje har nokon reell kjennskap til Jesus.
Studentane er i stor grad sekulære mennesker med postmodernistisk syn på livet.


  • Be om at kyrkjelydane skal ta imot desse menneska, oppsøka dei, famna dei og dela Jesus med dei. 
  • Be om at mange, mange av dei skal koma til tru, noko som også skjer.
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar mellom desse menneska, noko som i nokon grad også skjer
  • Be om at Gud skal verna dei mot alle former for hatkriminalitet og diskriminering.
  • Be om at Gud skal kvela alle tendensar til ny oppblomstring av nazismen i Tyskland.
  • Be om eit kraftfullt kristent studentarbeid på alle universitet og høgskular slik at Guds lys også kan nå framtidas samfunnsleiarar.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...